Kjølsdalen, 28.2.01

Slektsprosjektet i Kjølsdalen

 

 

Historikk:

Kjølsdalen  Dataklubb starta opp for mange år sidan.

Som eit av prosjekta var å samle slektsforskarar i distriktet i ein klubb.

Klubben kjøpte inn eit slektsprogram – ”Slekt og Gard” , og fekk avtaler om vidareformidling av linsensar til dette.

Utviklinga av programmet stagnerte – utviklarane greidde ikkje  følgje med i det internasjonale tempoet, og Windows-versjonen kom ikkje på lufta i tide.

 

Fleire av medlemane i klubben har seinare prøvd ut andre slektsprogram, men det er usikkert kva resultatet er blitt. Dataklubben vart nedlagt og det vart ikkje lenger den same kontakta mellom medlemane.

 

Etter som IT-prosjekta i KKUL tok form og viste resultat, såg ein igjen nytten av å arabeide vidare med slektsprogramma.

Som eit delprosjekt kom ideen om å samle alle slektene i Kjølsdalen i ein base:

 

Grunn-ide:

Kjølsdalen Krins Utviklingslag (KKUL) hadde greidd å få produsert eit digitalt kart over krinsen. I samband med dette arbeidet kom ideen om å digitalisere også andre opplysningar og linke desse mot referansar i kartet (stadnamn, bygningar, vegar, elvar, fjell, osv.)

 

Tenk om ein kunne samle alle mulege opplysningar om folk, slekter, gardar, historier, bilde, film, lydkutt, museumsgjenstandar osv. i ein base slik at dei som ville kunne ta ut dei opplysningane dei hadde bruk for, for å lage sine eigne slektsbøker – eller dersom nokon ville lage ei digital bygdebok over heil krinsen, der alle desse opplysningane vart samla – og så samtidig linke desse til vårt eige kart – eller mot fylkesarkviet sine digitale kart?.

 

Dermed starta jakta på eit program som kunne hjelpe oss med dette.

Ingen eksisterande slektsprogram kan greie alt dette i dag.

 

Prosessen vidare.

På eitt eller anna stadium i prosessen kom vi i kontakt med EMBLA og Stein Inge Haaland.

Han utviklar i dag ein norsk slektsprogram, og syntes at ideen var svært interessant.

Det vart og teke kontakt med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

 

Eit møte mellom KKUL og EMBLA resulterte i ei skisse til samarbeid.

EMBLA kunne vere interesserte i å vere med å utvikle modular som kunne greie å handtere alle desse komplekse opplysningane.

Bygdefolket i Kjølsdalen skullen få vere med å prøve ut desse modulane. På den måten ville vi få førstehands kjennskap til nyutviklinga, og samtidig vere med å legge premissans for korleis programmet skulle virke.

EMBLA sette som ein klar føresetnad at dei skulle ha eigarrettane til modulane, for å kunne tilpasse desse til programmet sitt og selge dette vidare.

Som prøveordning ville EMBLA kunne stille  ”x” antall lisensar til disposisjon for bygdefolket.

Det ligg og inne i skissa at KKUL må sette opp ei finansieringsplan som kan vere med å dekke utgifter i samband med utvikling av modulane.

EMBLA har nettopp slept ein ny versjon av programmet, men har hatt ein del problem med å få denne til å fungere 100%. Det har difor ikkje vore noko kontakt med dei om utvikling av modulane no. Haaland har likevel sagt at så snart dei får denne versjonen til å fungere, vil vi kunne få tildelt ein del lisensar for å prøve ut programmet – dette for å finne ut om det er denne leverandøren vi vil satse på  i prosjektet vårt.

 

Ein viktig føresetnad for KKUL  sitt arbeid vidare er at dei offentlege instansane som arbeider med liknande databasar, kan bistå med sin kompetanse og dei midlar dei måtte ha.

 

Her er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ein  viktig samarbeidspart.

 

Gunnar Urtegaard ved Farkiv SogFj er svært interessert i prosjektet.

Det har vore fleire møter med han der ein har diskutert kva dei kan hjelpe til med.

Dette er uanhengig av framdrifta i EMBLA-programmet.

KKUL arbeider med prosjekt for å samle inn dei opplysningane som seinare kan registerast inn i EMBLA eller i Farkiv sitt system.

 

Som ein start på dette har bygda fått kopiar av ein serie flyfoto som i  1957 vart teke av Telemarkfoto. Farkiv set på rettane til desse bilda, og vi vil no systematisere desse bilda og registrere desse inn i ein database som Farkiv har utvikla og etter deira kravspesifiksajonar.

Ei gruppe pensjonistar har teke på seg oppgåva å skrive ned opplysningar om detaljane på bilda.

I neste omgang vil ein systematisere alle stadnamn i distriktet og finne fram til gjenstandar, bilde osv.

Nyleg har Kjølsdalen Bondekvinnelag gjort eit svært omfattande arbeid med å samle inn og skrive om sæterdrifta i Kjølsdalen. Resultat er blitt ei bok på 100 sider med mykje tekst og mange gamle og nye bilde.

 

Som eit ledd i denne prosessen har det vore ei stor kompetanseutvikling i krinsen.

Fleire personar har vore på kurs i produksjon av heimesider, scanning av bilde (med fotoansvarleg ved Farkiv som forelesar), kurs i bildebehandling (Photoshop).

 

Fylkesarkivet ser det som svært interessant dersom ein kan greie å starte med EIN gard, gjerne ein gard som var stor i gammal tid , og der det kan finnast mange opplysningar.

Ein vil då prøve å gjere ei totalt registrering av alt som kan finnast på denne garden.

Dette vil igjen kunne gje oss svar på korleis ein slik database vil kunne fungere.

I Kjølsdalen finnst det i dag ein slik gard, som vi gjerne vil starte arbeidet med. Prosessen er i gang, men det må gjerast ein del fleire samtalar med eigarane for å få ideen om dette best mogleg fram.

           

KKUL arbeider no med å lage søknader for finansiering av prosjektet. Det er svært viktig at dette vert presentert for mange offentlege instansar. for vi har tru å at dette arbeidet er banebrytande og vil kunne vere nyttig både for kommunar, fylkeskommunar, historiegranskarar m.m.

 

 

Jan Sæthre

koordinator for prosjektet