
Kjølsdalen Krins Utviklingslag
6776 Kjølsdalen
Leiar:
Eldar Lien, tlf. privat: 57 86 32
58
Telefon bygdekontoret: 57
86 18 70
Telefaks:
57 86 18 71
E-post:
kkul@westweb.no
Internet: http://www.westweb.no/kkul/
Bankkonto:
3790.10.78166
Org.nummer:
979 582 110
15.2.2000
SND-styret
Postboks 17
6801
FØRDE
SØKNAD OM STØTTE TIL FORPROSJEKT
VEDR. NÆRING OG NYSKAPING I
KJØLSDALEN KRINS
REF. MØTE I KJØLSDALEN 10.12.1999
Kjølsdalen Krins Utviklingslag
(KKUL) vart skipa i 1995.
Kjølsdalen krins kom med i
Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane i 1996.
KKUL vart del av Levande Bygder i
Nordfjord frå 1998.
Vi viser for øvrig til Kjølsdalen
krins på internett: http://www.westweb.no/kkul/.
Bakgrunn
Nordfjord-regionen opplever no ei sterk sentralisering som følgje av
globalisering og EU-tilpasning, spesielt fordi Nordfjord ikkje har bygd opp eit sterkt
senter i regionen.
Eid kommune har tapt godt over 200
arbeidsplassar dei siste åra. Skipsverftet
er lagd ned, Vestlandske Salslag er sterkt redusert, Frislid Konfeksjon er over halvert,
Tine Meieri arbeider med planar om nedlegging og fleire faresignal er varsla.
Kjølsdalen krins har som følgje av
dette særdeles godt kvalifiserte fagarbeidarar som
må sjå seg om etter anna arbeid.
Det står også etterkvart mange tome
næringsbygg i Eid kommune som ikkje representer verdiskaping.
I Kjølsdalen vart "Skofabrikken" lyst ut for sal i 1999 til ein minstepris på 2 mill. Dette bygget har fleire leilegheiter og lokaler som høver til kontor.
"Pølsefabrikken" er no til sals for same sum. Begge bygga ligg sentralt til i Kjølsdalen sentrum.
Butikken i Kjølsdalen står overfor
eit eigarskifte i desse dagar. Dersom ingen
vil drive den privat, vil krinsen gå saman om å skipe Bygdebutikk.
Kjølsdalen Sanitetsforening vil
starte byggjing av 4 omsorgsbustadar i
Kjølsdalen sentrum i år.
Ide
KKUL har som oppgåve å tenkje heilskap og langsiktig planlegging for å oppretthalde
busetnad og næringsgrunnlag.
Landbruket opplever i dag
overproduksjon. Verkemiddela vert retta mot
omstilling til anna næringsgrunnlag for dei mindre bruka.
Målet må vere å oppretthalde jordbruket i bygdene enten ved å auke innteksgrunnlaget gjennom småskala nisjeproduksjon eller redusere kostnader gjennom samarbeid og rasjonalisering.
Krinsen er inne i eit
generasjonsskifte i landbruket der dei som tek over bruka er motivert for omstilling og
nyskaping. "Pølsefabrikken" eignar
seg svært godt til dei tankar som er komne frå landbruksnæring sjølv: Slakting, foredling, frys/kjøl, bygdeverkstad for
landbruket og lauvskog/lafting, sjå notat frå møte i Kjølsdalen 10.12.1999.
KKUL har satsa på IT som verktøy i Bygdeutvikling og Livslang Læring (BU-modell).
IT-bedrifter er etablert i krinsen,
og KKUL er fadder for ei nystarta Ung Entreprenørskapsbedrift innan data og web. "Skofabrikken" eignar seg godt til dette
formål. Det er dessutan stor mangel på
gjennomgangsbustadar i krinsen slik at leiligheitene ville bli ein ressurs for å halde
på dei unge i bygda. Dersom husværa skulle
stå tome i ein periode, ville det vere mogeleg å leige ut med tanke på grøn
turisme/omsorg. Dette kom også fram under
møtet i Kjølsdalen.
Iflg. Jørgen Amdam er det viktig å bli best
innanfor eit lokaltilpassa konsept!
Framtidsutsikter
Kjølsdalen krins har ein sjangse til å bestå i framtida fordi bygdene ligg
sentalt i Nordfjord langs RV15 mellom Nordfjordeid og Måløy. Innbyggjarane kan ha arbeid både i Måløy,
Selje, Åheim, Nordfjordeid og Stryn.
Dessutan ligg verdas største olivin-gruve i Lefdalsbygda. Det må vere eit mål at slike hjørnesteinsbedrifter engasjerer seg i lokalsamfunnsutviklinga.
Bygdene ligg ved Nordfjorden som også burde bli ein ressurs i framtidig næringsutvikling.
Men det hastar med å gjere noko for
å ta fjorden i bruk både som ferdselsåre og som næringsgrunnlag. Det er her snakk om store pengar over tid, men
arbeidet må starte no.
Kjølsdalen krins har eit fortrinn
som IT-bygd i fylket.
Gjennom målretta satsing på kompetanse og livslang læring, vil folket ha
god forutsetnad for å føljge med trendar i tida, liggje i forkant ved raske
samfunnsendringar osv.
Bygdebutikkane bør utviklast til å vere annaleis enn kjedebutikkane i tettstadane.
Dei skal vere distribusjonskanalar
for tradisjonsmat, lokalt husflid og handverk. IT
bør nyttast som fortrinn for utkantbutikkar t.d. varebestilling, gode tilbod osv. osv. Bygdebutikken vil vere eit av fleire naturlege
kommunikasjonssenter for tenester knytt opp mot Internett.
Dersom bygdene skal bestå, må bygdene få ha sine spesialitetar som kan få dei
kundar som skal ha noko spesielt til helga til å besøkje desse butikkane. Overskot i desse butikkane burde kunne nyttast
til bygdeutviklingsarbeid.
Kjølsdalen krins har pr. i dag det
viktigaste på plass; dei menneskelege ressursane som er fagfolk på dei aktuelle område.
Det er likevel ein del kritiske
faktorar som vi treng hjelp til for å kome oss vidare.
Det bur vel 500 innbyggjarar i
krinsen. Det betyr at tilgangen på kapital er begrensa.
Vi treng difor hjelp til å få hand
om næringsbygga og få bruke dei i 5 år gratis for å sjå kva som er mogeleg å få
til. Bygdefolk har ikkje tradisjon for å
satse utradisjonelt og på det som er usikkert, så det er viktig å kunne starte i det
små for å sjå kva som er mogeleg å få til.
Vi treng ein kompetent medarbeidar i
heil stilling som kan arbeide med næring og nyskaping.
Dette er avgjerande for å få til
varige resultat. Vår erfaring er at det er umogeleg å få godt kvalifiserte personar til deltidsstillingar. Dugnad er tradisjon, men ikkje alt kan gjerast på
dugnad i dagens samfunn som set store krav.
Det bør allereie no startast arbeid
med å "dyrke" Nordfjorden for å få tilbake fiskegrunnlaget i fjorden, med
tanke på framtidig vekst i turistnæringa. Dette
er eit prosjekt for heile Nordfjord-regionen.
Utfordring
Det er viktig å fokusere på dei gode livskvalitetar ved val av bygda som
buplass.
KKUL ynskjer å leggje vekt på
følgjande i det vidare nærings- og nyskapingsarbeidet:
Samspel mellom landbruk og nye
næringar
Det er viktig å halde fast ved eit aktivt jordbruk i distrikta. Det er også viktig for busetnaden at det bur folk i husa. Det bør kunne utviklast næringar knytt opp mot landbruksproduksjon som vidareforedling og Norsk Gardsmat. Økologisk drift og urteproduksjon er i gang i krinsen.
Grøne omsorgsheimar er også etablert. Tenesteyting trengs også på landsbygda.
Utvikling av lokale ressursar
Kjølsdalen krins er ei av dei
største hjortebygdene.
Det er interesse for å foredle ein
del av kjøtet blant grunneigarane.
Heimeslakting og foredling er aktuelt
fordi vi har ledige fagfolk på området og eigna lokaler.
Fagfolk frå verftsindustrien vil
kunne utføre etterspurt verkstadsarbeid.
Lafting kan utviklast til lønsam
nisjeproduksjon, og lauvskog gjennom Verdiskapingsprogrammet.
Kunnskapsbasert næringsutvikling
IT-baserte tenester trengs dersom
distrikta skal følgje med utviklinga i samfunnet. Det
er viktig å finne ut korleis bygdene kan utvikle data som eit fortrinn. KKUL har lagt grunnlaget for dette gjennom
IT-prosjektet, men vi treng å arbeide vidare med dette ved å løyse konkrete behov
i næringane. Livslang læring vil bli
vidareført gjennom Levande Bygder i Nordfjord.
Mobilisering
Det er svært viktig å liggje så godt i forkant av utviklinga som råd. KKUL har også her lagt eit grunnlag, men det vil vere nødvendig å etablere stillingar som kan arbeide med oppgåver på grasrotplan i samarbeid med det offentlege. Dersom området for den enkelte stilling blir for stort, blir det vanskeleg å arbeide målretta og få resultat. Krinsnivå vil vere eit godt utgangspunkt, samstundes som ein byggjer opp nettverk av utviklingslag innanfor bygdeutvikling som også har til føremål å styrke næringsgrunnlaget.
Kvinneperspektivet
Bygging av Omsorgsbustadar i Kjølsdalen krins, Julemesse, Husflidsutsal på Nærbutikken er tiltak der kvinner står sentralt. Sosialt fellesskap og trivsel legg eit godt grunnlag for satsing av og for kvinner. Kvinner har ein sentral plass innanfor det generelle bygdeutviklingsarbeid.
Ungdomsperspektivet
Elevbedrifter, Ung Entreprenørskap er ei av satsingane til KKUL. 4H-fondet er også nytta.
Bygdekontor med datautstyr legg
grunnlaget for læring og næring.
Styrking av landbruksnæringa, det å
gå nye vegar, vil vere motiverande for den unge generasjon til å overta arven.
Miljøperspektivet
Lokal Agenda 21 vil kunne bidra til fokusering på omstrukturering av næringslivet.
Markedstilpasning
IT bør kunne nyttast til
marknadsføring av det gode liv i bygdene, tomtar, lokaler, nisjeprodukt, turisme osv. Nye distribusjonskanalar bør kunne utviklast. Bygdebutikk-konseptet vil kunne ha stort
potensiale. Det er viktig at ny form for
marknadsføring skjer parallet med oppstart av produksjon, ikkje i etterkant.
KKUL vil hevde at at vår satsing
høver godt innunder satsinga i planverket i Eid kommune og kjem inn under intensjonane
for utviklingsprogram
-
næringsutvikling i
tilknyting til landbruk
-
lokalsamfunn råka
av sentralisering
-
kobling mot
kunnskap og kompetanse
Vi treng i første omgang ei heil prosjektstilling som kan greie ut nærare
dei ulike tiltak som er skissert.
Samstundes må Den norske Stat leggje
til rette for at bygg vert stilt disponibelt for nyskaping om omorganisering av
eksisterande næringsliv.
Nordfjorden som framtidig ressurs i
næringsutvikling må greiast ut.
Det er klart at omstilling til utstrakt småskala nisjeproduksjon treng store
midlar over lang tid for å få effekt. Lovverk,
salgsapparat og marknadsføring er ikkje på plass. KKUL
meiner å kunne bidra til modellar på området, men det trengs ressursar av ein slik
storleik at arbeidet ikkje blir halvgjort. Det
må satsast skikkeleg no dersom ein meiner noko med levande bygder i framtida!
Medarbeidar i full stilling i eit år
280.000
Feriepengar og arbeidsgjevaravgift
58.240
Leige av kontor og utstyr
25.000
Kjøp av tenester
20.000
Telefon og kontorrekvisita
15.000
Møter og deltaking frå
næringslivet
30.000
Studiereiser og konferansar
20.000
Uforutsett
31.760
Tilsaman
480.000
KKUL
50.000
Tilsaman
480.000
KKUL takkar for den velvilje som er vist så langt ang. næring og nyskaping
i Kjølsdalen krins og imøteser snarleg og positivt svar.
KKUL
Rønnaug Leite
r.leite@online.no