
6776 Kjølsdalen
Leiar:
Eldar Lien, tlf. privat: 57 86 32
58
Telefon bygdekontoret: 57
86 18 70
Telefaks:
57 86 18 71
E-post:
kkul@westweb.no
Internet:
http://www.westweb.no/kkul/
28.12.99
Til stades:
SND
Halvor Flatland
FMLA
Egil Nestande, Siw Heggedal Longvastøl
Eid kommune
Kristen Hundeide, Marit Botn Lefdal, Per Kristian Storevik, Elin Leikanger
KKUL
Eldar Lien, Jostein Gilleshammer, Jan Eide, Rønnaug Leite
Stiftinga
Kirsebærhagen Jorunn
Breiteig
Næring
Bjørn Aardal
Ole Morten Erviksæter
Anna og Jens Jensen
Rønnaug Leite helsa velkomen til
møtet og las opp telefax til møtet frå Kjell Opseth.
Eldar Lien presenterte KKUL.
Kjølsdalen krins står overfor fleire
store løft i næraste framtid:
Omsorgsbustadar:
Stiftinga Kirsebærhagen
har gått ein lang og tung veg for å realisere 4 omsorgsbustadar i sentrum av
Kjølsdalen. Dei har no fått avslag på lån
i Husbanken.
Vegkrysset:
Statens Vegvesen går inn med 1 mill. i
prosjektet som er kostnadsrekna til 2,5 mill.
Reguleringsplanen er i arbeid, men på
grunn av dårleg kommuneøkonomi er fullfinansiering vanskeleg i år 2000. Eid kommune må ta dette opp med Statens Vegvesen
slik at medfinansiering ikkje fell bort.
Bygdebutikk:
Bjørn Aardal avviklar butikken i år 2000.
KKUL vil medverke til at det vert butikk i krinsen også i framtida!
Det trengs gode råd, finansiering og mogelege tilskot.
Attåtnæring i landbruket :
I dag står det to store
nærings-/industribygg tome i Kjølsdalen, samtidig som det er fleire konkrete planar om
nyetableringar. Utfordringane er korleis vi
kan klare å få realisert desse etableringane og samtidig få aktivitet i dei tome bygga.
Vi ser for oss;
-
ny
organisering basert på fellesskapstanke, eksisterande kompetanse, lokale ressursar og
ledige lokaler
-
småskala
næringsverksemd som gradvis kan utviklast til bedrifter
Aktuelle etableringar innanfor;
-
Landbruksverkstad
-
Heimeslakting/Mobilt
slakteri/Kjøl/Kjøtskjæring/Vidareforedling/Avfallshandtering
(hjort er ein ressurs som kan utnyttast
betre)
-
Lauvskog/Lafting
Anna (kjellarlokaler)
Kva har
vi?
Eldsjeler/Lokale ressursar/Fagfolk
Eigenkapital/Næringsbygg/Kompetanse?
(Vi kan ikkje klare alt på dugnad -
dette vil krevje ein del for å lukkast!)
Forprosjekt
KKUL ser behov for ei utgreiing av
småskala næringsverksemd i Kjølsdalen krins som omfattar organisering, ledige lokaler
og finansiering.
Møtet såg det som interessant å
gje tilskot til eit forprosjekt.
Pr. i dag er det nærast umogeleg å
få finansiering på bygg.
KKUL har eit ynskje om å få til ei
prøveordning om gratis lokaler i 5 år i Skofabrikken og Pølsefabrikken for å prøve ut
næringsideeane til den generasjon som no tek over gardsbruka/dei som har mista arbeidet
på grunn av konkursen på verftet og innskrenking på VS.
Korleis kan vi gå fram for å få
dette til?
Vedlegg fax frå Kjell Opseth!
Kjølsdalen, 28.12.99