TJEREBRENNING I NORDFJORD PÅ 1500- OG 1600 TALET
av Hjørdis Otneim

 

Fjordenes Tidende 29. desember 2000

 

Utdrag:

 

Gjennom tingbøkene får ein vite at når Nordfjordingane på 1600-talet ikkje hadde pengar å betale med, så kunne dei betale i naturalia, og då ofte med tjere levert i tønner.

 

Eit døme på dette finn ein frå ei tingsamling på Taklo i juni i 1656 der det vart rekna opp alle dei frå Eid skipreide som sto i gjeld til fogden.  Det var bortimot 60 bønder som blei bedne om å gjere opp for seg.  Nokre skulle betale i pengar, nokre i saueskrottar, andre i fisk eller smør.  Om lag halvparten blei bedne om å betale i tjere – ei til tre tønner på kvar – alt etter kor mykje dei sto i gjeld til fogden.  Så det var tydeleg at tjere var noko som blei utvunne i stor stil så pass langt ute i fjorden.

 

Sommaren 1655 hadde to grannar i Kjølsdalen kome opp i ein krangel.  Denne krangelen tok fogden opp på eit ting som blei halde i mars året etter på Myklebust i Ålfoten.  Det som er interessant i denne samanhengen, er at slagsmålet fann stad ved ein tjerejell.  Slik vert det fortalt av sorenskrivaren:

 

Fogden Jens Pedersen hauffuer vdj Rette steffnit Gunder Gregorissen Kyllissdall fordj hand vdj forleden sommer kom op till sin grande som hand stod och arbeide paa en tiere Jeld och tog disken och korset aff Jelden, och tog siden en Øxe i Handen, och wilde slaa sin grande Noe den met och wel mueligt giort skade met Øxen haffde be Noe icke hafft en Riue vdj handen, och møtte for sig met, thil met hauffer be Gunder holdet Noe meden hand lod sin hund bide hannem vdj Benen …

 

Slik får vi vite at også i Kjølsdalen dreiv dei på med å tilverke tjere.