forts. s. 35 b i boka til Peder O. Kjøllesdal

 

Gamal ovtru

Naar eit barn var kome til vera matte dei som vitkja barnet før det var kristna gaa burt til gruva taka ei glo
og bera den 3 gonge retsoles kring seg før dei gjekk attaat vogga. Dette jorde dei fordi at ikkje noko vont
skulle fylgja dei, eg hev eingong set sovore.

Det var paa avsides stadar so naudturvaleg aa berga seg for at nyføt barn vart forfylgt af dei underjordiske
før barnet var kristna og soleis verta byting som raadbot havde dei for dette at den stova som barn skulle
fødast i vart kringset af grannarne og desse gjek retsoles (med sole) kring um med glo og eld, og naar den
nyfødte var komne paa straa som dei sa so vart det heimedøpt og all fare for byting var daa øve.

Mot sjøverk bøtte dei kristnabarn paa denne maaten. Yngste fadderen tok høgre styreaara og stak den i
sjøen snudde ho i veret saa 3 dropa sjø fall ned i munnen paa barnet. Det var naar ein maate i baat til kyrkja
at denne raadbot var brukt.

Naar dei reiv ned gamle hus maatte dei hogge med ei øks 3 hogg i dørstokken og rope, er her nokon som
bur her maa dei have seg ut, no riv vi huset.

Naar eit dyr var kjøpt ein sta og kjøparen kom paa heime grun med det vart det leida 3 gonge retsoles kring
ein jorfast stein for at det skulle trivast og fylja buskapen. Det var og brukt at skava nokre spøne af bjølla og
hava i eit grønemne (eit deigemne) og faa dette inn i det nye dyret for at det skulle fylja buskapen. Det var i
same høve og brukt aa bære eit grønemne i handhola so det drog til seg svette og so faa det i beistet for at
det skulle fylgja buskapen.

Steinlaup

Naar det var det sokalla steinlaup paa melki som bestod i at der i Melkeringene samlast vatn myllom rømen
og melka, so tok dei ei skjeid røme og melk, la det paa dørgaata og hogg med ei øks et x i melka og havde
det so i omnen og brende detupp dette trude dei var god raadbot.

Naar einkvan var laake fek dei nokon til aa skriva namnet sit bak paa altertavla useddt. Det var halde for
ei og raadbot.

Mot andre sjukdomar havde dei ymse raader, soles for utslet i hudi, dei bles daa med smiebelgen paa den
nakne kroppen; men dei maate fyst blaase med belgen paa eit brødstykkje og so æte det. Det var og godt
aa vaske seg med herdslevatn i herdslebryjaa i smia når det var nokon sjukdom i hudi.

Nar ein fek mot, - Mot var svimmel og upkast, dei trudde at mot fek dei af at dei vart kjyssa af ein kjær afdød
– so snudde dei eit klæde plag paa seg, eller dei drak vatn af ei skaal med arvesylv i eller dei jorde kors i
munnen med staal, og mange andre raader.

Mot verk her og der skulle dei gneka den sjuke staen paa ein jorfast stein.

3.6.99 Rønnaug