"GAMLE MINDER OG SOGAR"

 

frå s. 30 og framover i boka til Peder O. Kjøllesdal

 

 

"Bestefar Peder Olsen fortalde:

I gamle dagar kjøpte Vanylvskarar timber til husebygnad i Aalfoten eller Gulen, flota dette til Kjølsdalen og kjørte dette naar vinterveg til Jeddalen var broten i snøen, up til under Kleppen og naar det vart afraunge um ettervinteren gjorde dei dugnad og kjaure timberet yver fjellet til Vanylvsdalen. Bestefar sa at han havde køirt mange lass yver fjellet paa den maaten".

Duva

Før vegen vart bygd over Maurstadeidet var her allfarveg over fjellet myllom Kjølsdal og Vanylvdalen. Vanylvsdalens folk bar sine varer til Bergen over Duva til Kjølsdal, fylgde so med vingebaatar her fra til Bergen. Paa same maat barst det attende med dei varer som dei kjøpte i Bergen.

Paa Duva seier soga at der uppe ved Duvevatnet er nedgraven ein konge og han fik med seg Norges skat i 7 års tid til gravfylgje. Den Kongen som soga seie ligg der slokna deruppe da kongen fraa Møre og kongen fraa Nordfjord heldt slag deruppe.

I gamle dagar slog Kjølsdalingane høi uppe i Dueeggen og Navestøleggen bar høiet ned paa setrane for so få køire det heim paa vinterføre.

I Navestøleggen er einstad som heiter Næpejære. Vonleg hev der i gamle dagar vore næpe-aakra.

I Ljaadalen aust for Navestøylen var i gamle dagar ein Ljaasmed boande, vonleg brende han det kol han trong, likeso utvann han vonleg sjølv det jarn han trong til ljaaene.

Fraa krigsaari i gamle dagar er i minne ymse namn på gamle solatara, soleis hev eg høirt jete Hansejo som var i Holstein i hærferd han var skotfri, um kveldane etter at dei havde slegest riste han kulene fra fienden utor klædi sine, dei heler haanom for noko af kvart so han var ikkje go aa koma utfor.

So var det ein Abel Berstad, Johans Hatlejera, Noje Ola og fleire som var ute i Kri. Ein fraa Storesetra var og nemd, han trefte ein svenske hestrytter i eit tvervek, Storesætren sette byrsa med bagnetten paa med kolben i jora og bagnetten mot den svenske hestebringa so at hesten spidda seg og svensken for paa nasa og vart drepen. Abel Berstad fik den eine armen skada af ei kule.

So var det Halstein som var med Tordenskjold i Dynerkilen han var lenge ute til søs i herteneste. Og so var det Jørgen Rasmusson Humborstad han var og med i siste slaget med svenskane, ved Matrandbrui der han nærpaa havde vorten drepen, men han berga seg med aa hogge seg igjønom svenskeflokken.

Han var serskjesant og var vist med i mange trefningar før og. Han vart ein gamal man, han var samtidig med bestefar. Som gut minnast eg at naar me var med Davikkyrkja og stod att med gravi til Serseanten prata me smaagutane um den svære og uredde karen som var skotfri i kringen.

Segni hev vore at Humborstadkarane og Sundalskarane vart uvene um eit markstykke på Hauane og ein af dei vart daa ihelslegen.

 

Eit fjellhol i Husdalen (Kjølsdals gard skogmark), heitar Husdalkyrkja. Namet tyedar paa at denne helleren hev eingong i tida vore brukt til kyrkjeleg teneste, ellest kunne den heit Husdalhelleren og ikkje Husdalkyrkja.

Fruhelleren er ei hole i fjellet myllom Ervik og Kjølsdal. Segni seie at i denne hellaren var der i gamle dagar ein røvarheim. Det var og heimen for forbrytaren Fredrik Ervik daa han skulle aflivast fordi han have lege med sin tremenning Jertrud Jupegjera og fordi han havde rymt fraa Lens-mannsgaren i Indredavik og fordi han havde taget 2 kanne korn paa aakeren til bror sin til mat da han laa i Fruhelleren og fordi han havde slege bror sin med ein støvel og truga haanom på livet og fordi han laag med ein stor kniv i sengen sin a for alt dette dømde Futen med mange lagretmen haanom livlaus. Denne dom vart siden brigda til at han skulle ryme utav futerikje som han og jorde (etter Jakob Aaland i Fjordabladet).

I Vindfylla stod eit digert Eiketred. Ein svenske som vart tekjen til fange i Krigen og vart værande her i bygdi etter at det vart fred, han heitte Anders og vart fastbuande mann paa Storesætra, han Anders aatte den teigen i vindfylla som Eiki vaks i . Han funderte paa korleis han skulle faa det Eiktreet hogge og berga for det vaks fram paa kanten af fjellet. Anders fann daa paa at feste eit tog i toppen af Eiki, sage henne nerpaa af og so settte raudemerri si fast i toget for at ho skulle trekkje den upp paa marki. Daa eiki byrja sviva og skulle falle gav merri etter og heile smyrgja barst utfor fjellet. Daa Anders saag korleis marajoret klinte seg paa fjellufsane sputta han ei tubakklyse utfor fjellet og sa til drengen sin, ja fik ho noka som jammen san ga ho noke og.

I Reksnes er elvi i eit kaldsleg og for krøtera faarlegt loje, soga seie at ein bjørn var eingong etter ei fremmeleg kaane, ho kasta fraa seg klædeplag som den reiv i og hefte den noko so ho kom seg ned i elvi ved Kvannabakken, ho vada daa heim elvi til Reksnes, for bjørnen kunne ikkje nase vegen hennes i vatn, daa ho kom heim til fælaste stupet i elvabarden vart bjørnen var ho nede i elvi og sette utfor stupet og slo seg ihæl, Stupet heiter den dag i dag Bjønna-stigen.

Korsen i Korstrandi

I strandi myllom Mitjeld og Lefdal stod i gamle dagar eit steinkors. Bestefar fortalde at ein prest paa Davik flytte krossen til prestegardstunet. Det vart daa so fælt med spøkjing i preste-garen at presten lot drengene sine føre krossen attende til den staen der det høirde til, drengene velte krossen or baaten uppe i fjæra og gjek den eine armen at det. Staen det var i heiter den dag i dag Korsstramda. Krossen er no paa Bergen Museum.

Tjueholmenligg yst i Rugsundstraumen. Der retta dei i gamle dagar forbrotsfolk. Segni fortel at den siste forbrytar som var retta der var ei gjente fraa havkanten som tente i Utigar i Kjølsdalen og havde født i dulgd. Hodet hennar vart set paa ein stake og haaret flagra i vinden sa ferdamen so for framum Tjuveholmen.

Daa den første Kyrkja vart bygd i Davik vilde folkje baae i Kjølsdal og Daviki hava den kvar i sin bygd. Det vart daa til det at syllarne var knipte i Kjølsdal ein dag, men um Natti vart heile greida paa ein duld maate flytta over fjorden til Davik. Daa folk trudde at dette var ein høgare makt som var med i spelet vart det ikkje gjort noko motburd so at kyrkja vart i Daviki.

Kyrkjejora heitte ein aakre som låg til garden Kvien Humborstad, det heng soleis i hop det namnet. Det var 2 barn fraa Kvien som datt gjønom isen paa kjønna og druknet. Folke i Kvia lovde daa eit stykke aakre til Kyrkja dersom dei fann liki, um vaaren flotna liki up og den aakren heiter den dag i dag Kyrkjejora.

6.2.98 Rønnaug