MYKLEBUST/MYKLEBOSTAD/MIKLABOSTAD – "DEN STORE GARDEN"

Det er berre knapt eit år sidan eg fekk nyss i at gardane "uttai" Kjølsdalselva hadde vore ein storgard med namnet Myklebust. Vi har høyrt om Myklebustgarden og Myklebustfunna på Nordfjordeid, men det var spennande å oppdage at også i vår bygd/krins har vore ein storgard og at det også her har vore gjort gravfunn.

I Ålandsboka frå 1939 står at namn som endar på stad, som Myklebustad, er frå vikingtida(850 – 1050). Jakob Aaland skriv at Myklebustad og Berstad truleg var ein storgard som vart delt i to i vikingtida. Bjørgvins Kalveskinn, jordbok skriven 1305 – 1350, nemner garden "Miklabostadr i Kjølesdalr". Ein annan stad står at garden var ein av dei eldste i Davik og størst i Davik-soknet. Det var tre gardar i skipsreida med dette namnet; Ålfoten, Rimstaddalen/Bryggja og Kjølsdalen.

Det skulle vere lensmann Peder Gregoriusson (d. 1852) som fekk endra gardsnamnet Myklebustad til bygdenamnet; Kjøllesdal.

mykleb.jpg (119228 bytes)

1. Olatunet 4. Lukkustunet 8. Monstunet
2. Kristafortunet 5. Nojetunet 9. Nortunet
3. Hansetunet 6. Halstentunet 10. Gamle-mostestova
7. Pertunet

P. O. Myklebostad skriv i avisartikkelen "Gamalt fraa Kjøllsdalen": "Det er forvitneleg aa tenkja att på dei gamle tuni, tettbygde med gamle mosegrodde hus, det er liksom ein saknad for oss gamle no daa me bur meir einskilde, det var fyrr meir granneumgong og samkjensle, men det kunde og vera noko av kvart som kløyvde, men tilhøvi var daa soleis at det oftast maatte svene der det svall". Vidare: "Myklebostadtuni vaks seg litt um senn upp til ein stor gard med yver 60 hus. Der var merkeleg nok regelmessige gator og vegar gjennom tuni, men der var og tronge smott og krims-krokar, so leidarar og skreppehandlarar tok ofte i miss og kom inn i same stova att i yrket sitt".

Vidare: "Her er ikkje soko slags segn um at her paa garden nokor tid hev vore lauseld. Um sjukdom er segni at her var sott i tvo hus ein gong i tidi, i 1870-aari var her og sott i eit hus, men utan dødsfall". Vidare: "I det største Myklebostadtunet laag ein i umfær 4 alne lang steinbenk langs med ein husram. Framanfor den var ein noko utvida plass. Benken kalla dei "Sladrebenken". Paa denne sat oftast dei gamle um helgedagane og fortalde gamle sogor". Han skriv om fleire personar som har site på denne benken sjølve og fortalt om store bragder i krig og liknande, men det får eg skrive om seinare, kanskje i neste "Tavla".

Han skriv s.2 og innleiingsvis i boka: "Um garden Myklebostad hev eg den fyrste soga etter Jakkob Aaland. Det fyrste han kunne granska i den leid var at her var ein brukar i Utigard hette Peder Olsen og tvo brukara i storetunet hette Herlof Jonsen og Rasmus Herlofsen".

"Ymse um gardane i Kjølsdalen og kring um der"

"Som lærar Jakob Aaland hev granska var det som han hev nemt 1 bruk i Utigard og 2 bruk i Heimigard på Myklebostad. Paa Utigard vart garden byt mellom 2 sysken ein gut og ei gjente, Olabruket og Kristaforbruket.

Ein gut frå Birkelid – no Hole, Bryggja, Rimstaddalen – vart gift til Kristaforbruket i Utigard, um det var Anders eller Kristafor guten heitte er ikkje vist. Det var eingong saumfare merkelinjen og eit slags skifte fremmet myllom Utigard og Heimigard so det vart usemje i det at Utigardbruki fik for mykje jor og for at det ikkje skulle verte uppatskift fik Heimigardsbruki seg tillagt eit firkantet markstykke nede ved storelven noko nedenfor Rovomnen, der skulle daa væra slagsmaal um dette; men so samdes ??? um stridsspurgsmålet men parsellen heiter Olemoseluten. Etterkvart som bruke Heimigard vart updela fek kvart jorlodd eit stykke av denne Olemoseluten som teigane no daa her vart Utskiftning var cirka 5 meter breide paa kvart bruk. Olemoseluten heiter det den dag i dag. Korleis det hev vore utbyt Heimigard frammatønom tidi er uvisst, noko veit me daa. Hansebruket utdelte Lukkusbruket. Perandersbruket og Halsteinbruket skal ha vore eit bruk. Korleis det er at Nortunbruket som det største er utbyt veit eg ikkje anna enn det vare ein Ola Kremmar som budde nede ved søen og handla øl og annaslags varer; dei kalla honom og Byola.

Eg minnast stovetufti has, ho var der vegen er no myllom Hammaren og Kristafornaustet. Ein stor flat stein som var kalla dravsteinen laag tett attmed paa den steinen turka Kremmarola malt og drav. Det er muligt at Kremmarola havde noko hopehav med Nortunsbruket daa han boede paa Nortuns nedsleteig ved søen og havde ein stor teig paa Jeddalen i Nortunsætra som den dag i dag heitar Kremmarkvia. Nojebruket og Monsbruket hev vore eit bruk og desse 2 mann kaldtest Kristimendene fyst eg minnast, og det skulde være eit kvindfolk som havde det samlede bruk og ho heitte Kristi, deretter Kristimennene. På Jeddalsætra hadde kvar mann sin hjell til brenne kjære i. Ola Utigar og Nojeola havde hjellen nær kvarandre og vart eingong uvene um noko so at dei kransast eingrand. Ola Utigards hund beit daa Nojeola i leggen og for det maatte Utigardsmannen betale i bot 5 Dale. Nortun havde og teig paa Dalsætren og ???. Berstad vart etter segni bustad for ein gut og ei gjente som tjente paa Myklebostad og fik Berstad af Myklebust-mennene til eige daa dei giftet sg. Hatlejere fik i same høve og same forhold (eit par) som tjente paa Myklebostad. Eikaas var 2 bruk, men so vart det 3 bruk då Mattis og Monsbruket gjekk ut fraa eit bruk. I Eikaas haugen var ein plasseman Rasmus Jonsen. Bujere var eit bruk og nedenfor garen eller vegen no var utmark og beite for dreftedyr som vart drevne over Duva. Sundal veit me ikkje anna det hev vore 3 bruk. Plassemann Jo i Steinaa og plasseman Knut i ???? havde plassebruk i Sundal.

Horn veit eg ikkje noko soge um. Humborstad er no eit stykke i mange bruk, men segni seie at det uphaveleg var 2 mann på den garden. Reksnes Ytre veit eg ikkje nokon soge um. Reksnes indre var 2 bruk. Jørn og Larsbruket var eit bruk. Aardal veit eg ikkje noko um. Tømmerstøl var uplagsplass for tember som vart køirt dertil fraa Heidi og deretter namnet Tembrestøilen. Gjelhamar var eit bruk til umkring 1820 daa vart det 2 bruk.

Jo i Steinaa som var plasseman paa Sundal kjøpte Nojegaren paa Horn umkring 1870 aari.

I Erviki var ein Plasseman i Jupegjere (Murtekraana). Paa Haus var plassemennene Ola Hushamn som slo seg i hæl i Vindfylla. Iva med sjyn, Ola Langevollen og Jo Langevollen, Arnebruket og Andersbruket (Simabruket) gjekk i 1880 aari i hop til eit bruk (Arnebruket no). Ole Manset kjøpte ein parsel ved søen kring 1900 av Hans Haus. I Aardalviken var ein plasseman (Jørn i vika) og i Kvennebakken var ein plassemann Rasmus Bjønnastigen. Tuvene i Kjølsdalen ved søen (no Hilmarsbruket) er utgaat af mange bruk i Humborstad".

 

Dette er rein avskrift av boka og gjev eit bilete av talemåten tidlegare, men det er kanskje ikkje så lett å lese for alle. Eg veit heller ikkje om alt har like stor interesse å formidle, men eg synest det er litt vanskeleg å vite kva eg skal la være å ta med. De får ta imot det som det er og sjå historisk på det. Skrifta i boka er av og til vanskeleg å tyde så det kan vere eg tyder noko feil, men det er ikkje med vond vilje, og eg vonar de då seier frå!

28.12.98 Rønnaug