"DU OG BYGDA DI – VI OG KRINSEN VÅR"

I Kjølsdalen fins ei handskriva bok, som for oss i dag kan betegnast som ein lokalhistorisk skatt. Eigar Aslaug Heggheim gav meg lov til å kopiere boka og skrive utdrag:

"Upteknengar af Gamalt og Nyt i Kjølsdalen" av Peder Olai Olsen Kjøllesdal,

Myklebostad – Utigard, Umskrevet aar 1931 efter Originalen av 1890.

Peder O. Kjøllesdal var Aslaug sin bestefar. Han har i boka nemd det hans bestefar igjen fortalde så dette er den eldste Kjølsdalshistorie eg har fått kjennskap til. Det kan sjå ut som denne boka har vore ei av kjeldene til det som står i Ålandsboka. Skrifta kan vere litt vanskeleg å forstå, men målet må vere å få gjort avskrift av boka.

Bak i boka er lima inn eit avisutklipp som har tittelen "Ein bygdemeldar" med foto av Peder O. Kjøllesdal (P. Utigard), eller P. O. Myklebostad. "Han var fødd på Myklebust – Utigard 7. desember 1858. "Foreldrene var gardmannsfolk. Ferdig med folkeskulen lærde han seg

snikkarfaget og har sidan drive bygningsarbeide, samstundes med gardsdrift og fiske. – Straks han tok over farsgarden i 1888 – vart det utskiftning og han laut flytte ut. Han laut soleis byggja nye hus på garden, som han elles har arbeidt upp, veita, bygde vegar og planta. Han har elles vore med i bygdestyringi. Sat som medlem av Davik kommunestyre i 23 aar.

Har vore likningsmann, domsmann, utskiftningsmann og skylddelingsmann. Har vore lagrettesmann og har møtt som sodan 3 gonger i Bergen." Peder O. Kjøllesdal har skrive i fleire blad (aviser). "Det er serleg gamle hendingar og dyresoger han likar best aa skriva um og han har skrive mange slike. Elles har han i snart dei 50 aar skrive dagbok um sitt arbeid, ymse hendingar, veret og mykje anna. Ei bok som for ettertida vil faa mykje verd".


Side 90:

"Kanonkuler"

hev det vore funnet mykje af i aakrane nedenfor det gamle Myklebustadtunet (iflg. Aslaug vart det sagt Myklebust-tunet og vi vil skrive om det neste gong). Det var vist 4 stykkje. Korleis dei er komne der er ikkje godt aa vite, men det er mogeleg at ein illsinna Hærmann hev i dei gamle Krigsåri vore inn fjorden og daa freista skyte dette tunet sund, men til all lukke hev kulene dotte å aakrane".

"Oldfunn"

Pinseafta 1906 fann sønene mine Olaf og Jørgen og Kristian Pedersen Kjølledsdal i ein gravhaug på Holen eit sverd, eit spyd og ymse andre småting som ei rar krukke med oske og kol i, ein merkjeleg dåse som eg trur var av gull fann dei og. sakene vart sendt til Bergens Museum og der fekk vi høyre at sakene var 1400 år gamle. Den merkelege dåse kom på ein mystisk måte bort då sakene vart sendt til museet. Konservator Lange var her i 1909 og etterrøkte nokre gravrøyser i Humborstadstranda og i Jeiliviken fann vi i ei røys nokre perle og noko jarn som var utkrota, dette har vore beslag på eit smykkeskrin. Det var ei kvinnegrav frå vikingtida. På Hundshaugneset fann vi ei hellegrav som er synber litt nedanfor vegen.

På Ytre Reksnes er ei stor gravrøys, Lange sa at denne var den nest største røys i Norge som han visste om. På Lund vart funne ei øks i ein haug. Eg var med Lange og grov i røysene. På Vellekviene er mange gravhaugar. Vi grov i ei av dei, men fann berre ei mengd kol og oske og nokre molar av ei krukke. Ved vegarbeidet på storevegen ved sjøen fann dei eit kjerald av kleberstein og nokre fiskesøkkje av kleberstein. 1929 fann Sevrin Aardal (Kjølsdal) ein pilodd ned ved bølada si. På Reksnes er funne ei lita steinøks. I Ervik er og funne kjerald av kleberstein. På den nemde grava på Holen reiste eg og konservator Lange den bautastein med innhogd årstal m.m. Mellom Haus og Ervik er no funne hellerisning i noko stein 1930."

05.12.98

Rønnaug