Frå s. 122 og 123 i boka til Peder O. Kjøllesdal

Ymse fra gamle segner og alnakkenamn.

For kvar tid i aaret var det ymse merknadar som no vert meir og meir gløimt, difor tekna eg up sumt som eg trur er intressant og lesa um ei tid heretter.

I gamle alnakkar er sleke namn og merke.

3. Februar, Blaasmysdag.
Den dagen fek alt krek so hev lege i dvale, rørligt liv i seg igjen.

Februar, Feitetysdag.

Februar, Askeonsdag.
Det høve soleis at det er Tysdag og Onsdag etter Fastelavsundag desse dagane er ment.
Tysdag var det Rømegraut og Onsdag var det at sitte i sek og oske for sine synder.
En del seier at Askonsdag skulle ein eta Rømask (rømekoll).

22. Februar, Per Varmstein.
Peter set paa ein stol af Stein.
22. Februar, Peder Stol.
Det var ein merkedag, var det gover den dagen vart det so i 3 veke og ein god vaar.

25. Marts, Marimysdag.
Var det godver då so vart det ein go vår.

14. April, Sumarmaal.
Fortidi for smalen utløper.

3. Mai.
Den dagen slepte dei ut krøtera paa beite og for-tida var daa ute.
Dei sa at April - Maai maa ha eit lass høy,
og har dei ikkje eit lass so maa dei ha ei bør
og hev dei ikkje ei bør so maa dei hava ei saate
og hev dei ikkje ei saate, so lyt budeia graate.
April kalte dei Einar og sa - Einar skal gro i reina.

16. Mai, Gaukmesse.
Fystegongen gauken gjæl det aaret.

22. Mai, Bjørnesok.
Bjørnen kjem or hide sit.

30. Juni, Persok.
Paulus og Peters minne.

8. Juli, Suneva.
Menast då St. Suneva landgjek i Selja.

10. Juli, Knut med Ljaaen.
Byrjar å slaa.

14. Juli, Midtsumar.

15. Juli, Maria himelfart.

23. Juli, Hundedagane.
Halvdelen avfdesse dagane mente dei (og det saag so ut og) at det var gover og ruskver, var det ruskver fyste halva vart det gover siste halva og umvent. Hundedagane varde i 3 veke.

25. Juli, Jakob Vaathatt.
Ruskver.

27. Juli, Dei sju sovara.
Det var 7 man som var dømde (uskuld) og skulle drepast. Dei kom seg iveg til ein hellar i fjellet og der kraup dei inn, holet vart mest attlete af eit lite jorras so dei sag det ikkje utefraa.
Derinne somna dei 7 og da dei vakna svalt dei so at ein af deim skulle afsta til ein bakar etter brød, inngangen til Helleren var so liten at han maate grave vek noko jor for aa koma ut. Då han kom til byen var alt so framandt og ukjende tykte han, men han fann daa fram til ein bakar og fek brød da han skull til at betale brøda var pengane som han havde forgamle og gagnlause og det kom då til røknad at pengane var gangbare for 7 hundrede aaar sidan men no var det andreslags penge, det vart no etterøkt at dei havde sove i hundredevis af aar inne i den helleren som dei maate gjøime seg i for religiøs forfyljing.

15. August, Marimysse um Hausten.

24. August, Barsok (Bartomdus).
Hundedagane gjeng ut.

29. August, Johannes Halshugget.

30. August, Enkjekasse 1775.
Maria Fødsel.

9. September, Gregorsmesse.
Ein merkedag.

12. September, Fingergulsmesse.
Kristi blod og bod til Nidaros 1165.

29. September, Mekjelsmysse.
St. Mikal.

1. November, Helgemysse.
Alle heilage dropne minnast.

21. Desember, Tomas bryggjer øl.


Eg har ein kalendar over alle gamle norske merkedagar, og eg ser at nokre ikkje stemmer overeins. Er det kanskje lokale variantar frå gammalt? Korleis vart dagane markert?
Er det nokon i krinsen som kjenner til fleire vanlege merkedagar og kva dei stod for så er eg interessert i å lage til ei fullstendig oversikt. 07.11.99 - Rønnaug