Side 127 i boka til Peder O. Kjøllesdal står ei historie som eg personleg las med interesse sidan eg så godt som har vakse opp på Tistam og har høyrt mange historier om jektefarten der mine forfedre var med på både Tistamjekta og Frøysetjekta:

Fjordajekt

Aar 1860 vart her af landmålar upsett ein Vare af stein paa Kjølsdalneset. Ei Jekt fraa Tistam i Nordfjord kom fraa Bergen og daa det var ulagelegt ver kasta den Anker for Kjølsdalneset. Jektekarane trudde der var ankergrun daa der var upset Varde. Der er so braadjupt at Jekta rok i land. Eg og ein annen gut gjek da up i bygda med bod fraa jektekarane um å faa berging. Der vart daa manna ut ein Femkeiping so at med go mannehjelp vart jekta landrodt på fjoren, og jektekarane var svært takksame for at dei vart berga med folkehjelp. Eit anker hek fast nede i fjellet og ein færing som Steffa Orheim åtte lagde dei fast i ankerlina daa dei ikkje fek ankeret up. Ankeret byrgja rulle ned i fjellet og sok ankeret og færingen ned og der ligg båe.

 

På s. 127 står også ei anna historie som er om sildefiske:

Mykjen Sild

Aaar 1875 um sumaren kom Notlaget Berg & Boald fraa Nordfjordeidet innyver fjoren fraa Rugsund. Komne til Gjeldhamarneset trefte dei frammi ein stor stim feitsild. Myllom Gjelhamarneset og Bygse satte dei full ei stor not med den store feitsilda, dei fik øirå i land og alt var vel og bra so at det daa tok seg drammar. So fann basen paa at spele nota nærare land, der var då steinut grun so at nota gjekk sund og silda for heim igjen. 30 aar seinare fikk Anders Utigard up ein jerndregg som notakarane sleit vek, Anders fiska Dreggen i eit Trolgarn.

Eg har lyst å gje uttrykk for at det er kjekt å få god tilbakemelding/svar på dei spørsmåla eg har stilt i det som er skrive. Håpar mange tek seg tid å lese sjølv om det er litt vanskeleg språk for oss i dag. Neste gong vil eg starte å skrive om merkedagar og så fortsetje på årstal for ymse hendingar. 3.10.99 - Rønnaug