|
KLAS FRIMAN forts. s. 35 a i boka til Peder O. Kjøllesdal var fyst Prest sidan Prost her i Davik, han var diktar: Eg hev høirt ymse soge um honom og eg skal freiste aa nemne dei her so godt eg minnast. Det var vist Friman som flytte korssen til prestegardstunet i Davik, sjaa side 34. Han var redd sjøormen og havde alltid Bæverjeld med seg paa reiser til aneksene. Det var fast tru fyr i tidi at Bæverjeld ber go for mest alt mogeleg. Ein Søndag han var paa reis til Rugsundkyrkja saag dei noko valt i sjømaalet ute paa Endalbukti og Klas trudde det var sjøormen, opp med Bæverjelden ropte han, Gamleklokkar Hans sa daa, den Gud vil bevare han er uden fare, Klas skulle daa seigje, det er skam faa meg ikkje aa lite paa det, opp med Bæverjelden!! Naar nokon kom og skulle betale afgift for jora si hjaa Klas Friman so kunne dei bede honom aa bruke sanvetet. Han hadde daa til ordtøkje, Sanvetet, det skal me skamfaa meg hengje paa ein spikar atum døra no. Det seiast at Klas hade 99 laup Joregods som han fek afgift eller landskyld af. Det var og snakk um at han vilde ikkje have meir joregods for aa ikkje kome upp i baronstanden for daa vart det større skatt paa haanaa, hadde han 100 laup jord kom han upp i den standen, sa dei. Saanen til Klas Friman studerte paa Universitetet i Kjøbenhavn; men dompa, daa han kom heimat havde Klas Friman laga sovore rim daa han tok mot sonen sin i støda ved søen. Bleiv ingen ting, saa blir du ikke mindre saa jør du ingen men, og ingen er til hinder. Ja soleis er segna. 7.5.99 Rønnaug |