| Ulv og Bjørn og Hjort Frå side 87 i boka til Peder O. Kjøllesdal I gamle dagar var her mykje Hjort etter det dei fortalde dei gamle. Dei trudde daa at Hjortedyra var buskap til dei underjordiske (haugefolket). Naar nokon veida et hjortedyr so var det oftast noko so stod i samhøyre med haugefolket, entan var det storuksen dei underjordiske leita etter naar ein hjort vart veida og som dei dulgde ikkje kunne finne att naar skyttaren hadde staalagt dyret, eller var det eit ele anna namn som vart ropt fraa haug til haug paa det dyret som veidaren havde sve---. Ingebrigt Aardal skaut eingong i tidi ein hjort i Kvandalen, det var seint paa dag so han flaadde halve dyret og la seg inn under hudi med byrsa hjaa seg, der vart daa ein svær leiting etter Storuksen men daa der var staal paa den saag dei den ikkje. Som nemnt var det tett med hjort her i gamle dage men so kom det ein tidebolk med tilgong af Graabein (Ulv), denne utrydde hjorten heilt paa denne halvøia som var til myllom Sunnmørs-fjorane og innfjoren i Nordfjord. Ulven kom ikkje sørum Norfjorfjorden. Sørsida so som Ålfoten Hyen og andre Bygder umkring var fri den Ulveplaga. Ulven kvarv burt og no er hjorten aat aa veks til att her. Bjørnen og var leid aa drepe før daa her var mykje af den. Folk maatte passe og jete krøtera sine baae seint og tidleg. Eg minnast at Ulven sette veg etter seg i snøven; men eg hev ikkje set dyret i vill tilstande. Den siste Ulv som det synte far etter i snøven her var umkring 1863. Hjorten tok som nemt til aa formeira seg her no, i fjor 1930 var her skotne 4 Dyr og i haust saag me ymse smaflokkar her og der i markene. Ulven drap og aat up ei mengd Honda so den tok baae seint og tileg naar den kunne kome til. Ein dag i høivinna låg Monsfolket paa Myklebostad og kvilte middag nede ved bølada ein goversdag, hunden laag og aa sov, ein Graabein lista seg inn paa hunden, beit den ihæl, slengde den yver halsen sin og bar afsta før folk fek sukk fyr seg. Folket i Ervik saag ulven i utmarki myllom Ervik og Erviksætra paa veg til ungane sine i bølet sit i Vendfyllefjellet. Knut Lefdalnes som gutt tjente hjaa bestefar som jetar. Ulven kneip fraa haanom ei gjeit ein gong. Knut som var snar og nær staen kneip i føtene aat Gjeiti og baae Ulven og Knuten streta kvar paa sin maate, Ulven slepte gjeiti til slut, luska burt paa ein liten haug der den sette seg paa bakenden og jeispa. Gjeiti hadde ikkje faat noko helsemein af Ulvegapet. Um hausten vart den slakta og Knut fik skinnet af Gjeiti for at den vart berga af haanaa da Graabeinen var svolten. Marte Andersdatter Ravnefjeld tente hjaa Bestefar i 15 aar, den jengse løn var daa 4 ort men Marte var so flink at bestefar gav ho 6 ort. Daa ho slutta tjene hadde ho spara seg upp sopas penge at ho kjøpte seg ei lita stove og 1 tunne byg, stova vart bygd at med Myklebostadtunet og ho var i den til ho vart so daarleg at ho fek studnad. Marte (gamlemarte var det gjengse namn) banka eingong ein Bjørn med ein sople daa den var inn i Utigaardsfjøsen paa Jeddalen ei nat. Bjørnen grylte daa noke og synte tenner, men den fek ikkje jere nokon skade paa krøtera af di den vart dengd af ho Gamlemarte som og synte bjørnen skjinnbroka si. Det var ei gamal raadbot i sleke høve aa syne udyret skjinnet sit baae framme og bak, og so gjorde dei udyret naame med Klumsebøna som var lesa daa. 21.3.99 Rønnaug |