KJØLSDALEN
STRANDSTAD - FRÅ HUNDREÅRSSKIFTET FRAM MOT 1950-TALET Kjøllesdal handelsforening stod nede ved sjøen på Kristian Kvien si nausttomt. Johan H. Kjøllesdal sin landhandel stod oppe ved kommunevegen. Her var og bakeri. Johan H. Kjøllesdal kjøpte og dyrka opp det som i dag er Tuane. Han bygde hus på garden og bygde og kvernhus nede ved elva, der dei stampa tøy og mol korn. Seinare sette han og opp sag der. Han hadde og ei sjøbud i Måløy, der dei stelte og salta fisk. Johan døydde berre 47 år gammal. Kona Søgni, som kom frå Berstad, hadde han gifta seg med i 1878. Ho sat no att som enkje med 8 born. 20 år gammal hadde ho reist til Bergen for å utdanne seg til jordmor. 21 år gammal kom ho utlærd attende, og vart tilsett som jordmor i Davik kommune. Den stillinga hadde ho i 46 år. I den tida tok ho imot 1001 nye verdsborgarar. Det var ikkje alltid enkelt å kome fram til dei som trong hjelp på den tida. Kjølsdalen høyrde då til Davik kommune. Kommunikasjonane i Davik var ikkje dei beste, mildt sagt. Ofte vart ho henta med båt, og det i allslags ver, men det gjekk godt. Etter henne kom Thora Marie Kvamme frå Selje som jordmor til bygda. Ho gifte seg med Reinhart Leite, og dei bygde seg hus på Abelgarden. Søgni fekk eit stort ansvar som tidleg enkje, men ho kunne hjelpe dei evnerike borna sine til ei god utdanning. To vart lærarar, to studerte til prestar, og den yngste vart sivilingeniør. Hilmar som var eldst, måtte 18 år gammal slutte på skule på Nordfjordeid for å overta heime. I begynnelsen av hundreåret var det ikkje kai i bygda. Hilmar bygde då kai og bud, og vart dampskipsekspeditør. Han vart og postopnar. Postkontoret som først var på kaia, vart seinare flytta opp i Tuane. Det vart ei travel tid for Hilmar og kona, Karoline, som kom frå Framigard. I 1911 leigde dei ut butikken og bakeriet til ein sogning, Hans B. Thune. I 1916 bygde Hilmar nytt hus ved sjøen ved sida av det gamle. Etter Thune tok Rasmus J. Sundal over drifta av butikken som då blei flytta til det nye huset. Rasmus hadde gifta seg med Signe, syster til Hilmar. Ho var lærar og hadde til då praktisert på Bergenskanten. Rasmus dreiv og drosjetrafikk. Særleg i turisttida var det mykje å gjere. Rasmus var og ein flink fiolinist, og saman med dottera Bjørg, som spela piano, gleda dei mange med musikken sin. Signe dreiv og i mange år barneforening i bygda. Begge desse familiane var opptekne av avhaldssaka og av kristent arbeid. Hilmar hadde avhaldslaget og søndagsskulen i mange år. I Tuane var det og ope hus for forkynnarar som reiste for dei forskjellige kristne organisasjonane. Mange hugsar nok dei fine juletrefestane som avhaldslaget kvart år skipa til på Bedehuset 3. juledag. Då var det trangt i ringane rundt juletreet. I 1905 kjøpte Peder Mathias Johnsen, som kom frå Haus, Kjøllesdals handelsforening. Han hadde hittil drive skomakarverkstad i leigde rom hos Ole N. Kjøllesdal (Nogane), der han og hadde læregutar. I 1906 overtok han og telefonstasjonen. Både den og butikken vart seinare flytta opp om vegen innanfor brua. I 1911 hadde P.M. Johnsen kjøpt ein parsell, "Solvoll", på vestsida av elva ovanfor Nogane. Denne dyrka han opp og bygde seinare hus på "Stykket", som det vart kalla. I 1895 hadde han og bygd hus nede ved sjøen. Der bodde han saman med kona, Rasmina, som kom frå Horn. Dette huset står framleis, og er no overteke av Solveig H. Kjøllesdal. I 1927 leigde han ut dette huset til dottera Aslaug, som då hadde gifta seg med John Kjøllesdal, som kom frå Hallsteinhuset. Dei overtok også butikken, og Aslaug vart telefonstyrar. Telefonstasjonen vart då flytta inn i bustadhuset. P.M .Johnsen flytta opp til Solvoll. Han livnærte seg med skomakararbeid ved sida av det han kunne få ut av garden. Peder hadde i sin ungdom, i samband med militærtenesta, fått opplæring i sjukepleie. Som sanitetskorporal vart han send til Trondheim. Seinare vart han, saman med 16 andre frå dei andre bataljonane i landet, send til Garnisjonssjukehuset i Oslo, der dei fekk vidare opplæring. Kvar onsdag fekk dei oververe operasjonar og obduksjonar på Rikshospitalet. Seinare tente han 5 år som sanitetssersjant på "eksisen" på Nordfjordeid. Det kan nemnast at bygdefolk som hadde skada seg, ofte kom til han for hjelp. Han sydde sår, og han trekte tenner. Dottera Aslaug fortalde at ho ofte måtte halde hovudet til "pasientane" under tanntrekkinga. Ho fortalde elles at ho aldri hadde høyrt at det hadde sett seg ilt i såra etterpå. Den tredje huslyden som på denne tida budde nede ved sjøen, var Oliverane. Serina og Oliver Lund hadde 6 born. Oliver var smed, og han reparerte og klokker. Han var ein flink handverkar, og var ein nyttig mann for bygda. Det same kan ein seia om sonen, John, som overtok som smed etter faren. Han dreiv og som røyrleggjar. Kona hans, Kristofa, sydde for folk. Nokre år under og etter krigen dreiv Esther og Reinhart Humborstad butikk i lokale som var bygd på ei nausttomt som høyrde til Humborstadgarden. Reinhart dreiv og med elektrisitetsinstallasjon. Han var og slaktar. Først i 50-åra bygde dei to gjenverande handelsmennene nye hus med butikkar i første etasje. Desse butikkane vart seinare moderniserte etter tida sine krav til sjølvbeteningsbutikkar. Sundal sin butikk er nedlagt, og Kjøllesdal sin butikk, som dei siste åra vart driven av Jostein Kjøllesdal, vart etter hans død overteken av Bjørn Aardal, som framleis driv den. No, i 1997, er det såleis berre ein butikk att i Kjølsdalen. FOLKELIV I STRANDA Når bybåtane og lokalbåtane kom, var det stort frammøte på kaia. På flyttedagane, 14. april og 14. oktober, møtte alle ungkarane i bygda opp. Då kom dei nye tenestejentene til bygda. Mange av dei vart verande for godt. Når posten var komen i land, var det for oss ungane å kome fortast mogleg opp i Tuane for å innta ein best mogleg posisjon nærast kontordøra. Der stod vi då i ein fullpakka gang til posten var sortert. På den tida var det Bergen som var vår by. For oss ungane, som høyrde til på butikkane, var det spennande når agentane for dei store varehusa i Bergen kom på besøk. Stor stas var det når Kløverhuset, Sundt, Wallendahl og Berstad hadde utpakking. Der var det mykje gildt å sjå for oss landsens ungar. Fredagen var den dagen i veka det var mest å gjere på butikkane. Då kom bøndene med smøret dei hadde samla i veka. Heilt frå Dombestein kom dei roande over fjorden med smørambrane sine. Dei la som regel til i Inigardsstøa. På den tida var det ikkje så mykje pengar blant folk, så berre det mest nødvendige til hushaldet vart kjøpt, så som mjøl, sukker, salt og sirup. Elles var det ting ein trong til reparasjonar på ein gard, så som enkle tøyvarer. Såle-ler, spikar, tresko og hestesko høyrde og til utvalet. Ikkje å forgløyme skråtobakk, snus og sigarettar. Laurdagskveldane om sommaren når unggutane skulle på besøk til "setrejentene", gjekk det i snop og sigarettar, av det siste ikkje ei heil øskje, men 3 - 4 Teddy heldt. Opningstida på butikken var fleksibel. Gamlekarane i bygda kunne sitje og diskutere til langt på kveld. Spyttebakken stod i ei krå, og det var ikkje alle som var like treffsikre. Aslaug hadde telefonstasjonen til ut i slutten på 1960-talet. Då vart han automatisert. I tidlege år, før krigen, var det ikkje så mange som hadde telefon. Det var difor ikkje sjeldan ein måtte gå med bod til folk. For det vart det betalt kr. 0,50 pr. km. Det var som regel vi ungane som måtte gå. Det var ikkje særleg populært, slett ikkje om vinteren. Då kunne det vere bitande kaldt opp Abelbakken. Endå mindre populært var når vi måtte gå rundt bygda ein gong for månaden for å krevje inn for telefonrekningane. Dei som ikkje hadde telefon, kom på stasjonen for å ringje. På den tida kunne det ta timar før ein fekk samtalene, så stova kunne ofte vere reine venterommet. Det hende nok av og til at enkelte tok seg ein lur på divanen. Det kunne vere uroleg både dag og natt med ein telefonstasjon i huset. Særleg var det tilfellet under krigen. Tyskarane kunne kome på døra både dag og natt, og det gjekk ikkje alltid stilt føre seg. Ein gong det var blitt feil på ei linje som tyskarane disponerte mellom Måløy og Nordfjordeid, fann dei feilen i stasjonen her. Det var mistanke om sabotasje. Heldigvis gjekk det bra med hjelp av ein tyskar som var stasjonert her i bygda og som kunne litt norsk. Det var ikkje så mange fritidstilbod på den tida. VI borna gjekk på skule annankvar dag. Skulen var todelt, småskule og storskule. Om vinteren kunnne det vere strabasiøst opp Abelbakken og Bakkegota. Var det føre til det, hadde vi med spark eller kjelke. Då gjekk det fort heimatt. Når det var is på Rabbetjønna, hadde vi skøyter med. Dit gjekk vi ofte om kveldane. På andre tider av året dreiv vi med leikar som i dag: ballspel, hoppa paradis, nuppa kuler, slo vipp osv. Sommarstida gjekk vi inn i "Sanden", der vi bada. Oppveksttida mi var i 30-40-åra (f.1928). Trass i krig og uro i 1940-åra, har eg gode minne frå denne tida. Kjelder: Nedteikningar av bestefar min, P.M. Johnsen. Opplysningar eg
har fått i Tuane av Solveig M. Kjøllesdal, både skriftlege og munnlege. Eigne minne. |