Siste veka i juli i sommar var det bygdedagar i Kjølsdalen. Temaet for bygdedagane var røter, og det blei vinkla mot røter på forskjelleg vis alle dagane. Kyrkja var også med. Søndag 22. juli fekk vi kome til Davik kyrkje. Kjølsdalen høyrde til Davik sokn heilt fram til kommunesamanslåinga med Eid i 1965. I 1940 fekk Kjølsdalen kyrkje sjølve, men før den tid var det Davik kyrkje som var kyrkja vår.
Solveig Lågeide har skrive om korleis ho minnast tida då dei måtte over fjorden for å gå til kyrkje, og fortalde om det under kyrkjekaffien i Davik kyrkje. Her kan kyrkjebladslesarane våre få del i minna:

Nokre
minne frå min barndom om helg og kyrkjeferd.
Den tid eg vaks opp, var ”Davikja” kommunesenter for oss. Der var prest og lensmann og ellers dei
kommunale tenester som fanst den gongen, og vi sokna til Davik kyrkje. Dermed så var det å ro eller sigle over fjorden.
Kvar preikesøndag møtte dei som ville til kyrkje opp ved
nausta, og kyrkjebåten vart sett på sjøen.
Tiljer og tofter vart lagt til rettes.
Mast og segl måtte og vere på plass om vi fekk seglvind på heimturen.
Kvinnfolka hadde nisteskrin og klebyte med.
Dei ville ikkje ha sjøskvett på kyrkjekleda, somme hadde skobyte med
og. Dei var redde for kleda sine. Vi hadde søndagskle, men kyrkjekle vart
berre brukt til kyrkje eller andre langferder.
Om vi såg nokon som gjekk så fint kledd ein vanleg kvardag, då visste vi
dei skulle langt.
Når så alle var komne i båten fann roarane sine plassar. Kvinnfolk og ungar fann sine plassar. Om det var kaldt, eller det kom ein
regnskur, så hadde vi ”storplagg” (pledd) som vi tok kring oss. Det var ikkje noko som heitte regntøy. Karane hadde sjøtrøyer av tjukt heimeveve
uttstoff. Praten gjekk som oftast
livleg. No kom også båtane frå
Kjølsdalen, Haus, Midthjell og Lefdal.
Vi var alle ute i god tid, og når vi var omtrent ved ”Daven” så ringde
kyrkjeklokka. Det var høgtideleg når
alle båtane stemnde inn på vika til klangen frå kyrkjeklokka. No var også båtane frå Dombestein og Endal
komne til. Vi la til ved Hauenausta, og
no skulle det skriftast kle og sko.
Salmebok og lommeduk vart leita fram frå skrina. Dei som hadde lang veg til fjorden, og hadde
fare heimanfrå tidleg, tok gjerne ein bit av nista. Praten kom i gang med folk frå dei andre båtlaga medan dei gjekk
oppover.

Kvar hadde sine faste benkar i kyrkja.
Eg trur det var etter gardsnummer og skyld, men er ikkje sikker. Karane sat på høgre sida, kvinnfolka på
venstre, og kyrkja var jamnast fullsett.
Etter gudstenesta tok det lang tid ute på kyrkjebakken med prat om alt
som hadde hendt sidan sist dei var her.
Somme hadde slektningar dei måtte som snarast innom. Bestemor hadde ei god venninne og nabojente som
hadde gifta seg til Davik, og om bestemor ikkje fekk snakke med henne, ja så
var no på lag heile kyrkjeferda bortkasta, og slik var det nok med fleire. Det var dette som var møtestaden.
Men smått om senn så samlast vi ved nausta att. No skulle det etast niste, pratast med dei
andre båtlaga, og ventast på etternølarane.
Alle hadde god tid. Men det var
ein dei alltid måtte vente på . Han
hadde alltid med seg ein koffert med bøker som han skulle byte på biblioteket,
og det tok tid. Eg har ofte lurt på om
eg tok feil, men eg tykte eg mintest at biblioteket var i kyrkja, noko eg no
har fått stadfest at det var, - i sakrestiet.
Når vi endeleg såg han kom med bokkofferten i eine handa, og dei bøkene
han ikkje hadde fått plass til, men som han måtte ha, under den andre armen, då
gjorde karane klart til å få ut båten, få skrin og ”storeplagg” på plass. Når han var komen i båten, kunne heimferda
ta til. Som oftast var det seglvind om
ettermiddagen. Det var eit flott syn
når segla vart heiste på alle båtane, og vinden la seg i.

Søndagen.
Eg vil og gjerne ta med nokre ord om søndagen slik eg minnest den frå min
barndom. Då var søndagen ein kjærkomen
og velfortent dag til kvile etter ei slitsam veke. Ein dag då dei med godt samvit kunne ta seg fri. Karane bytte ut ”busseronen” med kvit
skjorte og svart vest. Kvinnfolka hadde
søndagsstakk og rutete eller stripete blåtøysforkle, og gjekk gjerne innom
nabokona og prata ei stund. Karane
gjekk ellers kring på garden og såg på arbeidet som var gjort i veka. Om våren, særleg når dei hadde fått rydda
ein ny åkerlapp, ei ny ”attlegd” så gjekk dei langsmed og såg om det spirte som
det skulle for å få ei god avling, om frukttrea, som dei planta forrige året,
blømde som venta, slo av ein prat med grannen og hadde god tid! Og bad om god vokster!
Men ein ting ser eg på som eit særs godt søndagsminne frå den tida, som eg ofte tenkjer på. Det er songen til ein av grannane våre, Anders Bjørkelo. Han hadde ei songstemme ein sjeldan høyrer maken til, ei djup og berande røyst. Dei søndagane det ikkje var gudsteneste på Davik, var det han som med songen sin gav oss eit varig minne. På vinterstid let han opp stoveglaset og så stod han der og song alle dei gamle samlane i preiketida. Tenk dykk ein stille vintersøndag med snø og høg, klår himmel, og der stod han som på ei scene og song. Vår og sommarsøndagane sat han alltid på ein stein i bakken utanom huset og song. Steinen ligg er dennå, men songen og songaren er borte, og gleda over søndagen og gleda over synet av velgjort areid ein hadde slite med i veka, kver er den?

22.07.2001 – Solveig Lågeide