Kyrkja i Kjølsdalen.

Av Reidun Kjøllesdal

Frå Mellomalderen av var det i Davik kommune 3 kyrkjesokn, Davik, Rugsund og Ålfoten. Kjølsdalen og bygdene på nordsida av fjorden, frå Lefdal til Reksnes, høyrde til Davik sokn.

Den kyrkja som står på Davik i dag, vart vigsla i 1886. Under planlegginga av denne kyrkja, kom det fram ynskje om at den måtte byggjast på Haus, på nordsida av fjorden. Grunngjevinga for dette var at nordsida hadde det største folketalet, og Haus var sentrum. Dei kyrkjelege autoritetane gjekk ikkje med på dette, Davik var ei stor og fin bygd med ein fin prestegard. Folket på nordsida gav likevel ikkje opp vona om si eiga kyrkje. Det vitnar dette diktet om som stod prenta i Kyrkjebladet for Davik i september 1930.

 

Draumkvede i 1909

Om kyrkja i Kjølsdal.

1.
Kyrkja kjem ein gong i dalen,
Tårn skal peike høgt mot sky.
Her vert kvild i heimehagen
Til det nye morgongry.
Folket her hev lenge vona
At den dagen koma må,
Då den breide fjorden hindrar
Den som vil til kyrkje nå.

3.
Stongi uppå høge tårnet
Viser vegen som Han for,
Hovdingen, Guds son einborne,
Han, vår frelsar, god og stor.
I vår sjel og hug må brenna
Lengsel til den same veg. Kyrkjetårn, peik du mot stjerna
Som oss upp til himlen dreg!

2.
Gamle klokka då skal ljoma,
vakna opp frå kvila lang,
Spela opp dei gamle tonar,
So det høyrest yver vang.
Ho er frå eldgamle dagar,
Fyre svartedaudens tid,
Mang ein trøytt ho heim hev kalla
Til si kvild frå livsens strid.

4.
Fjortan hundrad år attende
Syner her no fedrars grav,
Kvilestaden som dei gøymde, Som deim fedrajordi gav.
Vi må hava same hugen,
Leva i vår heimebygd.
Fyrst arbeida, stød og trugen,
Og so sova her i trygd.

 

Peder O. Myklebostad
1858-1940.
Trykt i Kyrkjebladet for sept. 1930.

 

Det var tungvint for folket på nordsida å kome seg til Davikkyrkja. Dei måtte ha båtskyss, det vanlegaste var robåtar. Veret var ikkje alltid godt. Når barn skulle berast til dåpen og budepar vigjast, kunne veret hindre at ein kom seg over fjorden. Dette førde til at folket på nordsida ofte nytta grannekyrkjene ved slike høgtider, fyrst og fremst Stårheimskyrkja.. Ved gravferder måtte ein likevel i båt for å kome seg til kyrkjegarden i Davik. Folket på nordsida fekk nytte naust i Davik, slik at dei kunne kle seg om før dei gjekk inn i kyrkja. Dei var nok våte etter båtturen. Sjølv om kyrkjevegen kunne vere farleg, kjenner ein ikkje til at det har skjedd alvorlege ulukker; men det hende nok at turen over igjen måtte utsetjast, kanskje måtte dei ein sjelfen gang overnatte når veret var blitt for dårleg.

Det kunne vere så mange som 18 båtar berre frå Kjølsdalen som la i veg over fjorden ein kyrkjesundag. Klokka halv ti måtte dei legge frå land for å kome fram i tide. Det kan nemnast at i samband med 1000-årsjubileet for den norske kyrkja i 1995, kom ideen om å arrangere ei kyrkjeferd, på gamalt vis, til Davik kyrkja. Den vakre 2.pinsdagen dette året la så 14 store og små robåtar ut på kyrkjeferd over fjorden. Dei som ikkje hadde båt, kom seg over fjorden på meir tidsmessig fartøy. På Davik vart alle helsa velkomne i den vakre kyrkja. Davikpresten Ivar Austrheim forretta gudstenesta, og prost Rolf Schanke Eikum frå Eid preika.
Etter gudstenesta var det samling i "Davang". Kyrkjefolket hadde med seg ferdaskrin med mykje god mat. Det var underhaldning av song- og musikkalekrefter både frå nordsida og frå Davik. Prologar og historiske attersyn vart framførde. Tidlegare vennskap og kjennskap vart fornya, og nye bånd vart knytte. Det vart ein dag ein med glede kan sjå attende på.

Embla på veg til jubileumsfeiring på Davik. Prost Rolf Schanke Eikum og kona Åshild sit ved fremste åreparet.

 

Gravstad i 1928

I ein søknad dagsett 9. juli 1917, ber folket på nordsida om løyve til å skipe ein gravstad i Kjøldalen. Søknaden vart imøtekomen, og gravstaden stod ferdig til bruk i 1928. Det var ikkje alltid prest tilstades i gravferdene på den tida. Det kunne gå lenge mellom kvar gong presten var i bygda. Når han fyrst hadde eit ærend, utførte han samstundes jordpåkasting av dei sist gravlagde.

 

 

Gravplassen med klokkehus/støpul før kyrkja vart bygd. Biletet er frå 1929.

 

Innsamling av midlar

Den 24.oktober 1928 samlast interesserte i Kjølsdalen for å drøfte bygging av kyrkje. På dette møtet vart det valt ein komite som skulle førebu innsamling av midlar og utarbeide statuttar for arbeidet. Etter den tid var eit vel organisert innsamlingsarbeid i gang heilt til reising av kyrkjebygget tok til.

Desse vart valde inn i komiteen:
Knut Horn, Berge Humborstad, Elisa Horn, Karoline Berstad, Helene Eikås, Inga Kjøllesdal, Amalie (Molla) Kjøllesdal, Lina Pedersen.

Den 28. oktober valde komiteen "En Bestyrelse", som var slik samansett:
Knut Horn, Berge Humborstad, Mathias B. Eikås og Kristen Leite. Sivert Bugjerde avløyste etter nokre år Kristen P. Leite.

Den første basaren til inntekt for ny kyrkje, vart halden i Kjølsdalen skule alt 4.juledag 1929. Sidan var det årleg ein og to basarar i Kjølsdalen. Etter kvart kom og dei omkringliggjande bygdene, Lefdal, Haus og Reksnes, med eigne innsamlingar. Dei store innkomene på kvar tilstelling vart det nok ikkje, trange økonomiske kår som det var i mellomkrigsåra. 200 – 300 kroner vart beste resultatet i byrjinga, men summane auka på etter kvart.

I 1930 kom så ideen om å skipe til kyrkjestemne på Kjølsdalssetra. Første stemnet vart halde den same sommaren , og tiltaket vekte så stor interesse, og gav så stor innkome, at slike stemne vart mest årvisse seinare. Eit stort arbeid vart nedlagt kvart år for desse stemna. Det meste arbeidet fall på tilskiparane, men kvinnene som sytte for servering av mat på stemna, tok på seg eit like stort ansvar. Rømegraut, rømekolle, kaffi og brød var fast kost kvart år.
Stemna tok til med friluftsgudsteneste. Oftast var det sokneprest Slåttelid som forretta. Var han forhindra, kom granneprestane Løvoll eller Nybø i hans stad.
Ofte var det og foredrag av tilreisande. Stortingsmann Jacob Lothe tala om "Opplysningsarbeidet og den verdi som kristendomen har for det norske folk." Kr. Sunde frå Måløy om: "Eldre dagars kyrkjeskikkar og kyrkjesøknad." Prost Nybø om "Kyrkja sitt opphav", og "Om kyrkja og prestane frå eldre dagar i Davik prestegjeld".
Kjølsdalen og Davik hornmusikk og songkora med sine dirigentar, gjorde ein stor og verdfull innsats som sikkert og var medverkande til den store oppslutnaden om stemna. På det meste samlast rundt 1000 menneske til kyrkjestemne på Kjølsdalssetra. Men mykje pengar trongst, så endå den tradisjonelle innsamlinga gjekk som før, tok ein og listeinnsamling i bruk. Ein del pengegåver som kom inn etter kvart, vart til god hjelp.

Den 10.august 1935 heldt prost Nybø og ordførar L.P.Lefdal møte med soknestyret og kyrkjekomiteen. Der vart det vedteke å få det formelle ved bygginga i orden snarast. På dette møtet vart også teikningane til den tidlegare oppførte Hildrestrand kyrkje lagt fram. Den 7.februar 1936 vart det vedteke å nytte desse teikningane, med mindre endringar, til Kjølsdalen kyrkje. I 1938 vart det kjøpt tilleggsareal til kyrkje ved gravstaden, og mot slutten same året tok grunnarbeidet til.

Utsnitt av den vakre kyrkjemuren.

Steinen til den vakre grunnmuren vart henta frå Lundastranda. Ole J. Sundal leia murarbeidet. Både grunnarbeidet og muringa vart utført som gratisarbeid.
Bygget, måla og ferdig til bruk, vart så lyst ut for tilbod. Mellom dei 6 tilbodsgjevarane fekk firmaet Tennøe og Skaar frå Brattvåg tilslaget. Dei tok til med bygginga i juni 1939. Den 13.september same året stod kyrkja ferdig og vart overteken av Davik sokn. Byggeansvarlege fekk ros for godt arbeid og bruk av gode materialar. Berre måling og innvendig inventar mangla, men dette arbeidet vart sluttført våren og sommaren 1940.

Bygningsfolk, frå venstre:Petter Hamre, Ola Eiksund, Jon Hamre (sjef) og Alf Hamre

Målarmeister Jørgen Stene frå Haram stod for målararbeidet. Veggane i kyrkja er måla i ein lys gulfarge. Benkar, dører, preikestol og døypefont er grønmåla. På preikestolen og døypefonten er det og brukt ein del sølvfarge. Piperekkjene på galleriet er gullfarga.

Altertavla som og er måla av Jørgen Stene har form som eit landskap. Framfor altartavla står eit krusifiks. Dette stod før i støpulen, og kom truleg frå den gamle kyrkja i Davik. Hovudinntrykket er ei enkel og stilfull kyrkje. Den gir plass til om lag 370 menneskje.

Dei samla kostnadene til reising av kyrkja i Kjølsdalen utgjorde kr.34.000,- Alt i alt var det samla inn om lag kr. 20.000,-

 

"Dette er dagen som Herren har gjort"

var ordet soknepresten i Davik, Rasmus Slåttelid, helsa dei vel 500 frammøtte med ved vigslinga av Kjølsdalen kyrkje 13.september 1940. Slik kjende vel dei fleste det. Dei hadde nådd målet som dei hadde sett fram mot gjennom generasjonar med lang og til dels hard kyrkjeveg, gjennom offer og innsats det siste tiåret, og som dei åleine ikkje hadde makta å nå.

Biskopen i Bjørgvin, Andreas Fleischer, vigsla kyrkja. Til stades var dei fleste prestane i Nordfjord, dessutan sokneprestane Nybø frå Vanylven og Skram frå Hjørundfjorden.

Veret på vigslingsdagen var pent, og folk samlast i god tid. Kyrkjeklokka ringde, og presis kl.11.00 kom biskopen, prosten og prestane i prosesjon. Dei bar med seg altarsølvet som dei sette på altaret. Prost Slåttelid innleia, og minte om 4.juledag 1928 då den første basaren til inntekt for kyrkja vart halden. Kyrkja stod no ferdig. Han sende takk til Gud for hans velsigning over byggverket. Han bad om at Herrens velsigning alltid måtte bli verande over kyrkja og folket frå slekt til slekt. Så vart salmen "Kirken den er et gammelt hus" sungen. Mellom kvart vers vart det ei kort opplesing frå Bibelen av dei prestane som deltok. Bryggja songkor under leiing av lærar Hausle var og med under høgtida.

Biskopen gjekk så på stolen. Han gav uttrykk for si glede over å få vere med på denne vigslinga. I talen kom han inn på dei vanskelege tidene vi no var inne i. Likevel merkar vi Guds kjærlege styring gjennom alt. Gud vil sikkert bevare si kyrkje mot dei vonde maktene som forfølgjer oss. Til slutt ønskte han folket til lukke med det nye Gudshuset.

Då vigslinga var slutt, kom formannen i byggjenemnda, L.P.Lefdal, fram i koret og gjorde greie for dei viktigaste hendingane og vedtaka som var gjorde., og trekte fram søknaden som var send til styresmaktene om løyve til byggjing av kyrkja. Han retta si takk til alle som hadde støtta arbeidet. Han overleverte så kyrkjenøklane, som var festa til ei fin sløyfe med dei reine norske fargane, til prost Slåttelid, formann i Davik sokneråd. Han heldt ei vakker tale og ønskte at kyrkja måtte bli det den var tenkt til, til velsigning for folket og Gud til ære.

Etter gudstenesta var det festmiddag for biskop, prost, prestane og andre innbedne gjestar. Under middagen i skulehuset vart det halde fleire taler. L.P.Lefdal talte om det arbeidet kvinnene hadde utført. Med sitt slit og strev hadde dei gjort den største innsatsen ved basarar og festar til innsamling av midlar. "Ja, utan deira strev ville ikkje kyrkja ha stått i Kjølsdalen, men dei er ikkje blant oss her i dag."

 

Utstyr til kyrkja

Alt i byggeperioden byrja innsamling til kjøp av ny kyrkjeklokke. Ho vart innkjøpt i 1951. Klokka som var nytta til då, kom frå den gamle kyrkja i Davik.
Mykje av altarsølvet i kyrkja innviingsdagen, var gåver. Haus og Lefdal krinsar gav lysestakane på altaret. Olav Haus gav dåpsfatet. Agnes Eide gav kalk, disk, vinkanne og oblatøskje, alt i sølv. Dette vart til minne om fosterfar sin, Ingvald Eide, som hadde vore sokneprest og prost i Davik i tidsrommet 1898-1923.

Materialet til den første altarduken vart innkjøpt av innsamla midlar og sydd av nokre unge jenter frå Kjølsdalen. I 1985 fekk kyrkja ny altarduk. Duken hadde det same mønsteret som den gamle, og var ei gåve frå Kjølsdalen Bondekvinnelag. Det kan nemnast at altarduken som var i støpulen, no ligg på bordet i bårerommet. Duken var gjeven av Martinus H. Aardal, som var ektemannen til den første som vart gravlagd på kyrkjagarden, Elisabeth E. Aardal.

I 1945 vart eit større, brukt harmonium innkjøpt. Dette vart i 1958 utbytt med eit nytt elektrisk kyrkjeharmonium frå Vestre orgelfabrikk. Også desse innkjøpa vart gjorde av innsamla midlar. I 1998 vart eit brukt, men nyrestaurert Davies-orgel innkjøpt frå England. Det har tre piperekkjer, totalt 231 piper. Prisen var kr.246.000,-. Ved utloddingar, ofring og listeinnsamling hadde kyrkjelyden fått inn kr. 220.000,-. Resten vart ytt over budsjettet til Eid kyrkjelege fellesråd.
I 1991 vart det installert høgtalaranlegg i kyrkja. Dette vart til stor hjelp og glede for dei med nedsett høyrsel.

 

Utviding av kyrkjeområdet

I dei siste åra har kyrkja og kyrkjeområdet vorte ein del utvida. Alt i byrjinga av 1960-åra var så mykje av gravplassen nytta at ein såg det naudsynt å skaffe tilleggsareal. I tillegg kom så at parkeringstilhøva ved kyrkja var svært mangelfulle. Arbeid vart sett i gang for å rette på dette. Først i 1973 låg det føre plan for utviding av kyrkjeområdet.

Detaljplanane vart utarbeidde av landskapsarkitekt Kari Kvam. Det nye området på 4,5 dekar vart overteke av Eid kommune og opparbeidd etter nemnde planar med både gravplass og parkeringsplass. Roger Grodås utførte opparbeidinga av det nye feltet som stod ferdig våren 1980.

 

Utviding av kyrkja

Sanitær- og bårerom hadde ikkje kyrkja frå fyrst av. Etter kvart såg ein på det som manglar. I 1976 tok soknerådet dette opp til handsaming, og det vart vedteke å utvide kyrkjebygget. Arkitektfirmaet Vårdal-Lunde utarbeidde teikningar og kostnadsoverslag for tilbygga. Desse vart godkjende med mindre endringar.
I 1978 kunne Mathias Nes ta til med arbeidet, og i 1979 stod tilbygga ferdige.

 

Orkannatta 1. januar 1992

Natt til 1.nyttårsdag 1992 for det eit ofseleg uvær over heile Nord-Vestlandet. Torfinn Myklebust som då var kyrkjeverje i Eid fortel:
I Eid kommune gjorde orkanen stor skade både på bustader, fjøs og kyrkjer. Det var eit sørgjeleg syn å sjå Kjølsdals kyrkja då det lysna av dag.
Lukene i tårnet var blesne opp. Nokre av dei hang og slang, andre var smadra til pinneved. Og ein fann restar av dei utover heile kyrkjegarden.
På kyrkjetaket var ein heil del takheller borte. Nokre hadde falle ned ved kyrkja, medan andre var kasta fleire hundre meter avgarde.

Kyrkja etter orkanen 01.01.1992.

Men det værste var at heile kyrkja var skeiv. Veggane var ikkje stive nok til å stå imot presset av orkanen. Øvste del av langveggen stod i boge. Midt på langveggen var veggen over 20 cm ut av lodd. Både nordveggen og sørveggen halla nordover. Innvendig var veggane sprukne, det var og sprekker i skorstein og brannmur. Dei første dagane etter orkanen vart nytta til å sikre kyrkja slik at den ikkje skulle ta meir skade. 2.nyårsdag skulle ein legge ut pressenning på deler av kyrkjetaket for å hindre lekkasjer. Kyrkjegardsarbeidar Lars Bjørkedal kraup ut på mønet til kyrkja. Medan han sat på mønet kom det ei vindrose som tok tak i lua han hadde på hovudet. Lua for til værs og vart sidan aldri meir sett. Nordplan AS vart engasjert for å planlegge reparasjonsarbeidet,og for å planlegge tiltak som skulle gje kyrkja betre avstiving. Reparasjonsarbeidet vart sendt ut på tilbod. Murmester Aake Nord, Nordfjordeid fekk tilbodet, og stod for utføring av arbeidet. Først fjerna ein innvendig panel i kyrkja for å avdekke om dei bærande konstruksjonane hadde teke skade. Deretter monterte ein to ståldragarar, ein innvendig langs toppsvill på sørveggen, og ein utvendig langs toppsvill på nordveggen. Frå dragarane gjekk det vaierar gjennom kyrkja og ut veggen på sørsida. På kyrkjegarden hadde ein plassert ein stor hjullastar. Ved hjelp av vaierane drog hjullastaren kyrkjeveggen tilbake på plass. Avstivinga av kyrkja gjorde ein med rundstål og stålvaierar på kryss og tvers, over himlinga i kyrkjeskipet. Innvendig vart det sett opp ny panel, denne vart måla i samme farge som resten av kyrkja.Pipa som og vart skada vart fornya med nytt røykrør. I samband med reparasjonsarbeidet valde ein å etterisolere kyrkja. Ytterveggane vart fylt med isolasjon, det vart og lagt ut isolasjon på loftet. Ut frå dette kan ein sei at kyrkja vart i betre stand etter orkanen enn før. I samband med takst/utbetaling av erstatning ville forsikringsselskapet redusere erstatningen med 10% som følgje av svak konstruksjon. Dette måtte dei gå tilbake på, og ein fekk til slutt dekka alle kostnadane i samband med vølinga. Medan kyrkja vart reparert nytta ein bedehuset til gudstenester.

 

Kjølsdalen vert eige kyrkjesokn

At folket som soknar til kyrkja, har sett pris på Gudshuset sitt, har ein fått merke i rikt mål gjennom åra. Gåver av ymse slag, til dels svært kostesame, har vore gjevne av lag og einskildpersonar, noko som i høg grad har hjelpt til med å halde kyrkja i tidsmessig stand. I ei tid etter at kyrkja var teken i bruk, var nordsideområdet enno ein del av Davik kyrkjesokn. Først i 1954 vart det kapellsokn med sokneråd. Ved kommunereguleringa i 1965 vart Kjølsdalen sokneråd så lagt til Eid prestegjeld som kapellsokn under Stårheim kyrkjesokn, men framleis med eige sokneråd. Som følgje av ny kyrkjelov skulle kapellsokna avviklast. Etter vedtak søkte då Kjølsdalen sokneråd om at kapellsoknet vart gjort om til kyrkjesokn. Dette vart godkjent, og gjort gjeldande frå 1.januar 1997. Ei stor og viktig sak fekk dei kjempe gjennom som fekk kyrkja reist. Dei 60 åra som er gått sidan, har synt at det var offeret verd: Eit vakkert Gudshus står i vår midte i glede og sorg, og kallar oss til tru, offer og teneste.

Kjelder:
Kyrkjebladet for Davik 1940-1945.
Protokoll for innsamling av midlar til bygging av kyrkje i Kjølsdalen
Minneskrift for Kjølsdalen kyrkje 1940-90.
Møtebok for Kjølsdalen sokneråd.

 

Ved kyrkjevigsla i Kjølsdal.

Av Ragnvald Føleide.

 

1.
Ny ein dag no opp har runne.
Vi har stridt og siger vunne.
All den hjartans offerbrand
Som var tent i kjærleiks ande,
Smelta isen, løyste bandet
Og la solskin over strand.

5.
Fjord det er her mellom frendar,
Og diverre tidt det hender
At han set for store krav.
Stormen susar, sjøen frodar,
Båra bryt og rundt ein sjodar,
Under er så våt ei grav.

9.
Så skal gamle kyrkjeklokka
Lokka med sin væne klang,
Og så kjem i store flokkar
Bygdefolk til kyrkjevang,
Folk frå denne væne dalen
Og frå strand ved fagre fjord,
Dei vil høyra presten tale
om den store trøyst på jord.

2.
Kjærleiks-sola aldri dalar
Når Guds kyrkja rår og talar.
Gud vil verja heim og lyd.
Blidt som solsprett høgt i lider
Kjem hans kjærleiksmakt omsider
Til hans born med himmelsk fryd.

6.
Kyrkja der på andre sida,
Kjær og elska heile tida,
Ofte ingen kunne nå.
Om ho låg oss sterkt på hjarte
Med dei mange minne bjarte,
Fjorden stengde vill og brå.

10.
Så vi sessa sit der inne
I det vigsla Herrens hus.
Bygdemann og bygdekvinne
Syng til fager orgelbrus.
Kjende salmar kling for øyra,
Tankar går til himlen inn,
Glade bodskap får vi høyra
Som kan lækje såre sinn.

3.
Kyrkja fekk vi ljos og fager,
Sjå kor allting vel seg lagar
For vår kjære fødebygd.
Midt i alt vårt ståk her nede
Skal ho guddomsskatten frede,
Vera livsens beste trygd.

7.
No er ingen fjord til stengsel,
Vi kan stilla all vår lengsel
Etter Guds ord, song og kor.
No vi har det, jublar alle,
Her skal klokka mange kalle
Inn til Herrens rike bord.

11.
Så i dag vi takkar Gud
For det vigsla Herrens hus.
Der all naud kan berast fram,
Og lækjedom vi ausa kan.
Då skal alle våre dagar bli
Som ei fager sumartid.

4.
Ljosheim skal vår kyrkje vera,
Fram i nåde solskin bera.
Dei som sit i skuggekrå,
Gud vil ha dei, så er kallet,
Han er fader til oss alle,
Eldre, yngre, store, små.

8.
Ingen kyrkjeveg i fåre,
Ingen frykt for fjord og båre
No skal stengja for Guds hus.
Over kvardagsstrev og vyrke
Ser vi tårnet på vår kyrkje,Høyrer englesongens brus

 

 

.