Min bestefar (farfar) var plassmann. Han var fødd 1811 på farsgarden, hovudbruk 1, Midthjell i Davik, Sogn og Fjordane fylke. Av åtte syskin — 5 gutar og 3 gjenter — var han den fjerde i rekkja. I ungdomen var han mykje ute og tente, millom andre stader på Frimannslund i Davik. Der vart han kjend med bestemor som tente på same garden.
Då faren fann ut at han hadde meir jord enn han sjølv kunne rydja og dyrka, baud han bestefar eit felt dei kalla Hauen, og som låg noko avsides ned mot sjøen, til bruk åt seg. Det var ikkje oppsett noko slag festepapir. Han betalte korkje festepengar eller festeavgift, men hadde nokre dagar pliktarbeid i onnetidene.
Han rudde plassen frå nyo og hyste opp alle husa. Terrenget er mykje kupert og inni millom er større fjelknausar. Der var 5 små hus: stove, bud, eldhus, fjøs og lade i eitt og so ein liten sauefjøs. Sume var tekte med steinheller og sume med vanleg nevertak. Av bygdefolket var han alltid kalla: Jøsop i Haua.
Han fødde år om anna: 2-3 kyr og nokre sauer og hadde som oftast gris. Mesteparten av fôret slo han på utmarkskvier og i avsidesliggjande slåtteteigar i utmarka, til dømes i Espet og Stigane millom Midthjell og Haus. Frå desse sistnemnde slettene sløgde[1] eller meiste han då høyet til sjøen og førde det på færingen heim fleire kilometer til båtstøa si. Der frå bar han det i byrder på ryggen til gards og hesja eller vollturka det etter som det høyde med veret. Ei slik utslåttkvie hadde han rudt seg og gjerdt inne i utmarka millom Midthjell og Lefsdalsbygda. Den vart kalla Jøsopkvia. Ho er for fleire år sidan lagd under fefot.
På heimemarka hadde han brote seg opp fleire små potetreiter og ein noko stor kornåker. Akrane spadde han om før han sådde eller sette poteter. Kornet mylde han ned i molda med «mylderiva». Potetene sette han stundom med spaden, men mest med grevet. Han sådde også litt grønsaker som kålrot og neper. Han hadde også laga seg ein liten frukt- og bærhage. Kring den hadde han til gjerde lagt opp tjukk, høg steinmur for å få plass til den steinen som han fann i og kringom hagen under jordbrytinga. I hagen stod: 2 pære tre, Keiserinnetre poda i Asal —, 10 eple tre, 3 plometre og ein stor alm. Kring gjerdet stod mange bærbusker, mest mørke, små stikkelsbær. Når bæra var mata, leigde han dei største borna på heile garden til å hjelpa seg med plukkinga. Bæra samla han i kister og skrin. Når alt var plukka, tok han bidna [2]i båten sin og reiste ut til havkanten til Rugsund- og Fåfjordbygdene og selde dei i smått. Prisen var 1 sk. peilen og 3 sk. potta.
Plukkarane fekk maten med honom under arbeidet, Og når han kom heim att, fekk dei den avtala løna, men eg hugsar ikkje kor stor ho var. Den sumaren 1885 eg var i 6 års alderen, hugsar eg særs godt. Det var om etter middagen ein laurdag. Mor var ferdig med golvvaskinga til helga, så det var reint og koseleg i stova. Då han hadde fått seg mat, og mor hadde teke av bordet, gjekk han bort til senga si og tok opp or eit lité raudt handskrin — han sette frå seg det då han kom inn i stova — ein liten pakke og la bort på bordet. Sjølv sette han seg på benken att med. So bad han meg koma bort til seg. Eg gjekk og sette meg på benken ved venstre sida hans. Då fekk eg pakken! Det var ei ABC-bok. På fyrste bladsida stod ei lita høne inne i ein stor A, og på siste bladside ein stor hane. Så fortalde han litt om kva dei store bokstavane heitte. Det var min fyrste skuletime.
Attåt gardsbruket dreiv han mykje heim fiske og litt vinterfiske. Fisk og sild var til alle tider noko av dci viktigaste matemne i kvardagskosten. Han hadde eit lite naust, men ein heller stor færing med mast og segl til. Fiskevegn hadde han fleire slag av: torske garn (lyregarn), trollgarn (franskegarn), som mersildgarn og vårsildgarn (kvalsildgarn). Av liner: djupnaliner og småliner, fleire slag fiskesnører og dorger, potartroder[3] og morteglip[4]. Silda og fisken bar han til tuns, rund, i korger på armen eller i kipe på ryggen og stelte den til heime. Det han ikkje brukte til dagen, salta han i trau eller tunner, eller hengde det opp til turking. Turrfisken brukte han til lutefisk når han ikkje hadde annan fersk eller salta fisk. Turrsilda var enten flekt og røykt (røykesild) eller spengsla (kubbe sild).
Hugsar særs godt saltfisktrauet og grise trauet. Dei var uthogde i heil ved. Grisetrauet, det han salta grisen i, var så stort at det bar ein av oss smågutane. Vi lurde oss av og til bort i «Storehølen» med det og brukte det til båt, men det kvelvde ofte og vi gjekk i vat net, men «Storehølen» var ikkje djupare enn at vi kom oss på land. Då klædde vi av oss og la klædå på steinane og sat nakne og sola oss medan klædå tonnte. Vi torde ikkje kome heimatt silande våte!
Mesteparten av fiskevegna laga han sjølv, mest som kveldsetearbeide og med kolelys.Han spann og tvinna både hamp og hår og røytte og tvinna bast. Av desse emna «la» han hampetau, hårtau og bastetau, mest til eige bruk. Han hadde 2 taukjegler som han «la» tauet med. Kjeglene tykte vi smågutane det var svært gildt å sveive på, då det ramla godt i malmhjula og malmtressene. Fiskelevra nytta han godt ut. Den sette han i gamle gryter eller trebuttar der ho stod til ho lyste seg. Lysen fløytte han då etter kvart av og hadde på glas, buttiar. Når levra ikkje lyste seg meir på den måten, kokte han ut resten. Men det var det stygg lukt av! Levergruten brukte han til å smyrja på båtlunnane, steinmerra og trillebårhjulet so det skulde gli lettare. På linene fekk han av og til ein fisk dci kalla «Blankefisk». Lysen av den levra var han svært redd for. Det hadde han på små glas. Det var i sume høve brukt som medisin, for auge- og øyresjukdomar. Det kom ofte folk og fekk av det. Den andre lysen brukte han på kola og til skosmurning.
Kvardagsmaten var for det meste: flatbrød, lefse, poteter, litt neper, kålrot, graut — mjøl graut og potetgraut —, klubb, fisk, sild, kamseball[5], soppesuppe [6]— mjølsuppe og vassuppe —, smør, litt flesk, mjølk og sur myse. I helga var det til frukost og nonsmat noko meir ut valde rettar som: snekalefser smurde med smør og med litt gumbe eller saupgraut på, potetkaker, vaffelkaker og sveler [7]. Til middag var det fersk fisk eller kjøtsuppe, koka av vatn med kjøt, pølse eller flesk, erter eller gryn, poteter, neper, kålrot og lauk, — alt sa-
man koka i same gryta. Smør, kjøt og flesk var alltid etla, sameleis flatbrødet og soppe mjølka. Maten vart sett på bordet for det meste i trefat, treskåler, eller lagd på tre tallerkar — borskar. Graut og suppe laut så mange som med skeia si kunne nå det, ete av same fatet. Skeiene var heimlaga hornskeier, knivane var ôg heimlaga. Kaffi-koppar hadde dei ikkje, men i staden hadde dei små, brune kruser.
Klærne var heimlaga av ull og strie. Han hadde både helgaklær og kvardagsklær. Gang- klærne var av vadmål og einskjeft. Det siste var mest brukt til kvinnfolkklær og mannfolk skjorter i staden for strie. Kvardagsbuksa var utapå på baken frå sokkebandstaden og eit stykke opp over låra på framsida fora med skinn. Ho var alltid oppbunda nedan for kneet so ho såg ut som ei knebrok. Underbukse brukte han ikkje. Heller ikkje bukseselar, men i staden eit lærbelte med eit stor massing spenne i. Han hadde 2 handspøta ulltrøyer med kvit grunn og svarte rosemønster. Noko slag frakkar hadde han ikkje, men ei større trøye (sjøtrøya) som han brukte i staden når han var på sjøen. Av våtsklær hadde han: skinntrøye, skinnbukse og skinnhatt. Dei var av geiteskinn og handsauma med lerreimar. Og so støvlar — røysertar. Til kvardags brukte han for det meste sjølviaga tresko. I helga var det lersko.
Sengklærne var ogso av rein ull. Det var kvittlar, napparyer, vovne i fleire fine mønster og leta med plantefargar. Haudputevaret, kod den, var særs mykje føreseggjort soleis. Det var samansauma av 2 stykke. Den sida som snudde ned, var av strie, og hi — med alle dei fine mønster — av ullgarn. Kodden fyllte dei med beste sort havrehalm. I senga brukte dei ogso havrehalm til å liggja på.
Besten var ein for si tid allsidig arbeidar. Forutan å vere fiskar, gardbrukar, stein- og bygningsarbeidar, dreiv han mykje med ymse anna arbeid. Av snikkar-verkty hadde han til dømes: høvlebenk, fleire slag høvlar, sager, økser (storebila og lisjebila), fleire slag navrar, bankekrakk[8], bandekniv, bandebuntform tre skojarn, skavi, laggejarn, naglelod, spikarlod, båtkiemmer, skruvstikke, rettholtar og vinklar. Av anna verktøy til dømes: fleire slag hamrar — steinhamar, steinslegge, feislar, spett, mineborar og kruttstoppar.
Han brende trekol og kvesste mineborane sine sjølv. Han laga alle slag trekjerald til husbruk. Hadde 2 rokkar, hespetre, vevstol, rennebomm og fleire vevskeier. Jamvel ei flintebørse med kruthorn og haglepose til; men eg såg honom ikkjé skyte med henne. Rullefjøl med ein fin hest på til handtak. I eit lite mørkleta skrin ca. 12 X 18 X 25 cm hadde han ståande på ei kråhylle i stova eidtyet sitt:
flintstykket, stålet, knusken og tonderøskja. Når mor vart lens for fyrstikker, slo han eld åt henne.
Han kunne mjølke ogso, og bytte stundom for mor med å gå i marka. Til krøtera sine hadde han fri beiterett saman med hovud bruket, so vel vår og haust i stranda ved sjøen som om sumaren på sætra. Han hadde og fritt brennefang av små skog og fri hesved. Under pliktarbeid hadde han fri kost, men eg veit ikkje korleis det var med arbeidsbeinad då. Verktyet i slåtteteigen var: stuttorvet, stein brynet, høyriva og børatauet. På korn- og potetåkeren var det sigden, spaden, grevet, potetkipa og grisepotetbytta. I håballen var det ei heil vinne med å binde oppatt hesjane. Kornhesjane tok dei innatt om hausten, men høyhesjane stod ute heile året og laut då vølast til slåtten kom. Alle hesjar var då av tre vyrke. Til å binde opp hesjetrodene med, brukte dei hesjebånd anten av bjørkesnår eller flekt småeine, helst det siste då det varde lengst. Einebånd brukte han til å binde opp skigardgjerdet med ogso. Desse høyhesjane kunne likevel bli nokso gamle. Ei dame, Søgni Kvien, no 90 år gamal, fortel at ho i sin ungdom heime på Midthjell hadde hesja på ei flathogga trode som det stod innskore på med pene tall -1701.
1876—77 var det utskifting av inn millom dei to hovudbruka. Etter det folket på hovudbruk i flytte frå gamle- og ned til Myrkleiva lenger ned til Besten miste då plassen Hauen, men fekk i staden Kviene ein god kilometer lenger oppe i dalen, ovanom hine. Det var og plassen far min fekk bygsle. Storleiken var kring 25 mål. Det hadde vore utslåttkvier til hovudbruket før. Terrenget var nokso bratt, kupert og steinet, men med djup, aurholdig jord. Der stod ei mindre høylade. Den fekk folket mitt låne til vi fekk ny lade. Då vart den flytt ned i Kleiva. Mor brukte ladetufta i fleire år til kålrotsenger. Ein stor stein som låg i eine hyrnet, kalla vi Kålejernsteinen.
Dei ymse felta i Kviene hadde desse namna:
Lisjekvia, Røbakken, Bakkane, Storefiata, Lisjeflata, Gjølet, Hauen, Storurdbakken, Gardfjøsbakken og Heggeflata. På Heggeflata voks ein stor hegg med svært store og gode bær. Vi gutane var flittige å plukke på dei. Ein gong datt eg ned og slo meg medvetlaus. Då eg vakna att, låg eg heime i mor si seng. I Bakkane stod ein 4 meter høg, tjukk eine for seg sjølv. I tunet stod ein ovstor rogn. Nede i Haua stod det ein ovstor alm som tuntre.
Då far min ikkje hadde helse til det, tok besten straks på med stein- og jordbryting i Kviene ogso, nær på 70 år gamal, og heldt flittig fram med det til helsa sa stopp. Steinen braut han fram med spett og våg. Av og til minte han litt. Vinterstida drog han den på plass under snøføret på ein liten steinslède. Elles rulla han den eller førde den på steinmerra. Det var lange skåter smurde med levregrut så steinen skulle gli lettare. Våga var ei 3 til 4 alner skåte, tynna og flathoggd i tjukkenden, der det på eine sida var påsett ein utgådd hestesko so ho ikkje skulle gli på steinen. I klenenden var det festa ein 3 til 4 alner lang tauende til å dra i når han ikkje rakk opp med hendene.
Den steinen han ikkje la opp til hus eller forstøttningsmurar, la han opp i store steinrøyser. Veiter slapp han å ta. Terrenget var nemleg so bratt at alt vatn gjekk som overflatevatn til elva. Han la, for det meste åleine, opp både stove- og fjøsmurane. Til tettings fyll i murane brukte han raudaur. Til å tette med kring dør- og glaskarmar i fjøs og kjellar brukte han stampa blåleire blanda med grisehår.
Av husa i Hauen vart stova, buda og saue fjøsen revne, flytte og oppattsette i Kviene som dei var, men ikkje eldhuset og fjøshusa. Rivinga, transporten og oppattbygginga var for det meste dugnadsarbeid. Hugsar godt den dagen lada vart tekt. Det var på føresumaren og fint ver. Taket var never og torv. Det var so mange både av mann- og kvinnfolk som hjelpte til, at dei gjorde det på ein dag. Det var fisk og rjomegraut til middag, men dei fekk ikkje middagen før taket var tekt. Under stova var to kjellarar. Den største under sjølve stova laut vi fyrste året bruke til kufjøs. Då vart ei av kyrne, Kjøndeli, med svarte kinner, men heilt kvit elles, sjuk i føtene so ho ikkje kunne stå. Då gjekk det bod til alle i bygda om å leita fram so mange kvite sniglar som mogeleg til medisin. Men resultatet vart negativt.
Storkjellaren vart sidan brukt til det han skulle — til potet, grønsaker og fisk. Lisjekjellaren var mest brukt i staden for eldhus, men der var ikkje noko slag grue eller røyk pipe. Røyken laut gå ut gjenom døropninga. Kovegolvet som låg beint over, var so gissent at når vi gjorde opp eld, kom det ofte so mykje røyk opp gjenom det at den fylte både koven og stova. Eg fekk mang ein gong tårer i augo når eg skulde byte for mor med steikearbeid i lisjekjellaren. Besten rakk berre å få leggje opp halv eldhusmur, og med det vart det ståande sidan. Då han var ferdig med alle husmurane i Kviene, meisla han inn i ein stein i stovemuren: J.C.S. NU ER JEG 72 ÅR 1883, med fine latinske bokstaver og måla inni steinkoltjøre, so dei merkte seg godt ut. Etter utskiftinga hadde han bruksrett på hagen i Hauen i 10 år. Han flytte då fleire av bærbuskene og frukttrea opp i Kviene og laga hage der og. Då vi gutungane kom so langt, flytte vi fleire av bærbuskene opp.
Bestefar skreiv godt med penn og blekk, les godt, song mykje i Kingo-boka og reiste flittig til kyrkje. Då han låg på sitt siste, var det nok ofte for lite ro for honom. Når foreldra våre var ute, ståka nok eg og andre bror min stundom for mykje på stovegolvet. Under senga hans stod det små, raude handskrinet, i det hadde han slagkniven, hornskeia si og ein pose med «strøsukker». Skeia var på eine sida skeivslita so bladet framme var skapa meir som ein odd. Når han so tykte det vart for mykje av ståket vårt, bad han oss bort åt og tok oss i håret og lugga oss litt. Det mest ut over meg som var eldst. Ei tid etter kunne han lokke oss bort att og då tok han opp på skeidodden med sukker frå posen i skrinet og stakk i munnen på oss. Kan ikkje minniast at han nokon gong klaga oss når far eller mor kom inn att.
Han hadde sjølv sytt for likkisteved, so den var på plass i budaskotet då to mann av grannegardane dagen etter han døde, kom for å gjere likkista. Alt vedkomande gravferda kosta han sjølv, og hadde elles sett kr. 10.00 på bankbok til kvar av oss 3 gutane som då var fødde. Han døydde 13. juli 1885. Han var då 74 år gamal og ligg gravlagd på Davik kyrkjegard.
Ein gong på ørneveiding var han ille ute. I nærleiken av eit ørnestøde hadde han laga seg ei lita barhytte. Dit gjekk han ein morgon tidleg føre dag. Nokre dagar før hadde han i høveleg skotmål lagt ut ein daud hund til åte. Om morgonen skaut han ei ørn med flintbørsa si. Den slengde han på ryggen og tok på heimvegeri. Men om ei stund livna ørna til att og sette nebb og klør gjenom klærne og inn i skinn og kjøt so fast at han fekk henne ikkje av seg. Han var då heldigvis komen so langt på heimvegen at dei heime høyrde honom rope om hjelp. Dei kom og avliva ørna, men han vart sengeliggjande i fleire dagar etterpå.
Om farmor veit eg mindre. Ho var plassemannsdotter og kom i ung alder som terne til Davik. Dei var 5 sysken, 1 bror og 4 systre. Gjentene kom alle til Davik som tenestgjenter og vart gifte der. Ein gong ei av dei 3 systrene som då var gifte, spurde bestemor om ikkje ho ogso skulle få seg ein davikar sa ho: «Det måtte no bli ein god Jøsop det». Og so vart det tilfeldigvis Jøsop. Dei hadde to born. Det var far og systra hans, Alida.
Morfar var også plassemann. Han heitte Abel Dombestein, Davik, og hadde plassen sin på Dombestein, men døydde ganske ung. Kona, mormor, heitte Else. Dei hadde 6 bom: 3 søner og 3 døtre. Dei laut som unge bom ut og syte for seg sjølve, og mormor kom på kassa. Då mormor kom på kassa, var ho i mange år hos oss i Kviene, og far hadde 40 kroner året for henne. Ho hadde på ein eller annan måte fått skade i den eine foten, so når ho skulle gå, måtte ho til alle tider anten halde seg til noko eller bruke krokstav. Krokstaven kom ogso ofte vel med til å jage oss gutungane bort frå rokken, når vi vart for nærsøkne mot han. Ho var sers flink til å spinne og spann både hamp og ulltråd. Av og til tok ho ogso imot leigearbeid og fekk seg då nokre skilling for seg sjølv. Dei kom vel med til tobakk. Ho hadde nemleg i si tid fått den lækjarråda for «hugbet» at ho skulle ta til å røykje pipe. Korvidt det hjeipte, veit eg ikkje, men kritpipa brukte ho til sin død. Når ho av og til kvilde frå arbeidet sitt, tok ho seg ein liten røyk. Ho var svært flink til å syngje. Når ho spann eller spøta, song ho lange stunder utanav, både viser og salmar. Elles heldt ho seg med sin song og lesnad til Kingo-salme boka. Då far min vart sjuk, laut morbror min, Simon, ta henne til seg. Og der døydde ho i april 1901, 90 år gamal.
Min far heitte Peder Josefson Midtjell og var fødd i 1849. Mi mor heitte Eline Katrine Abelsdotter Dombestein, fødd i 1852. Far var også plassemann. I tolvårsalderen var han sa- man med systra og foreldra på vitjing i Indre Davik hos morsystra. Jonsokaftan var han ute og leika i lag med andre barn og fekk då skade i høgre kneet — kiksa det, sa han. Det vart ikkje søkt lækjarhjelp so kneet stivna, og foten krokna og vart nedan for kneet ein god del kortare og spinklare enn den venstre. Han vart frå den dag noko av ein krøpling og laut lære seg til å bruke ei stavkrykkje til hjelp å gå med. Krykkjestaven sette han under venstre handhola og heldt den på plass med høgre handa på same tid som han med den handa og nedste luten av høgre foten førde den fram for seg når han skulde gå. Det var reint utruleg kor flink han på den måten var til å koma seg fram både i fjell og fjøre.
I sine unge år gjekk han i 4 år i skomakarlære i Bergen. Han fortalde at i læretida var det svært knapt med mat for læregutane og inga løn. Passte han ikkje på å vere på plass og gå til bords saman med hine når maten kom, so åt dei opp alt i hop. Jamvel kvelds grauten som fleire åt av same fatet, var det so lite av at dei småslost om det siste i fatet.
Då vi flytte opp i Kviene, fekk han bygsle den plassen på levetid for seg og for mor. Eg såg bygslesetelen. Den var ikkje tinglesen. Det skulde betalast ei lita festeavgift ein gong for alle, men eg hugsar ikkje kor stor ho var, og ei lita årleg bygselleige med noko pliktarbeid både for far og mor i onnetidene. Dei skulle ha fritt brennefang etter tilvising og fri beite rett for dei krøter dei fødde på plassen, men ikkje til leigekrøter av noko slag.
Bortsett frå fjøshusa var husa dei same som stod i Hauen. Det var besten sine hus. Dei stod soleis at det vart ein avlang firkant til tunplass. Stova var ei vanleg lita røykstove om lag 6 X 7 alner og til endes med den ein liten kove 4 X 4 alner og ein liten gang 2 X 4 alner. Frå gangen var der ei dør ut på tunet, ei til sjølve stova og ei til koven. I gangen var ikkje glas. På dei to sidene av gangen var det berre enkel bordklædning. Dei andre romma var av tjukt tømmer. I gangen stod ein liten stige opp til kovelemmen, ei noko høg skåp med dører for og ei stor mjøltunne. På betane bort under rafta låg flintebørsa til bestefar og munnladningsbørsa til far. Bak utgongsdøra var nokre trenabbar sette inn i raftallen til å hengja klær på. Det var ikkje lem eller loft over gangen. I sjølve stova var det heller ikkje lem. Der var to glas, eit større i søre langveggen og eit mindre i vestre tverr veggen. Det var tolv små glasruter i det store og ni i det små, men ikkje hengsler i kone. Det var ikkje måling på dei. Når det av og til vart knust ei rute, var det å stappe eit klæsplagg atti holet, og det kunne då gå mange veker før der kom ny i staden. Den vart då som oftast festa utvendig med stift utan kitting, so når det var vind og regn, stod vassdrevet ofte like inn på golvet.
Midt i taket var ljoreholet. Over det låg det stundom eit treskjol på oversida klædt med ei sinkplate og stundom ein glasskjå. Til dei var det festa ei stong, skjåstonga, til å flytte dei av holet med når det vart for mykje røyk eller onnor usunn lukt i stova til dømes av koking, steiking eller slakting. Når ein då på same tid sette stovedøra på glytt, fôr både røyken og lukta snart i skyene. Tvert over stova var ein solid bete. I den var ein spikar som vi feste nedste enden av skjåstonga i med ein snørestubb. På veggen over største glaset var koleveiva festa. Hugsar særs godt då far hengde opp fyrste rundbrennarlampa og kveikte ho. Men det hende nok ofte seinare at kola kom på plassen sin når petroleums flaska og lampekrukka var tome. Å «børte» [9]kola var ein jobb vi gutungane likte godt! I skuletida lærde eg utanboksleksene mine helst tidleg om morgonen før eg stod opp. Vinters tida laut eg då bruke kolelyset då det fall billegare enn lampelyset. Kola stakk eg då fast i ei veggreve over senga og låg på magen med boka på kodden og les.
I dei to krærne ved den nordre langveggen stod ei seng i kvar krå som vi ungane, so mange som rømte der, låg i. Elles var det i stova eit om lag 1,5 X 2 alner stort klaffebord, 3 benkar, i armstol, 2 krakkar, i kisteomn med 2 kokehol, 2 gryter med bk og ringar til, i lita flågryte som vi brukte til å koke rjomegraut og finare småbarnsgraut i, i steike panne og i heimesmidd kaffikjel. Av andre matgogner hadde vi: i mjølkebytte, 1 stavkirne med kirneturi til, 2 flatbrødkjevler, i potet kvern, i kaffimorter, i smørfat, i tvore, i ause, 1 visp og ein sil med silhår til. Omnen stod på to eggsette gråsteinar, på langs fram over golvet frå austre tverrveggen millom kovedøra og sørveggen. På tverrveggen bak omnen var festa ei fin steinhelle til brandmur. Frå omnen gjekk det malmrøyr opp på «tarren»[10], derifrå og opp på taket gjekk ei lita gråsteinspipe tetta med stampa leire. Det tok stundom eld inni den, som brann til det slokna av seg sjølv.
På nordre langveggen millom dei to sengene hekk pendelklokka. Under klokka stod det, vinterstida vissa, ein hoggestabbe som det var festa ei skruestikke til. Når det bles opp med landsynnings-storm, og det gjorde det ofte, tok den so hardt der stova stod, at skjolet eller skjåen stundom vart hivde av taket og ned på marki og knuste der. Då vi gutongane kom so langt at vi ante at det var fåre på ferde, var vi natt som dag snare til å dra stabben fram på golvet under ljoreholet, løyse skjå stongsnøret i beten og setje det fast i skrue stikka. Då heldt stabben det heile på plass og vi la oss trygge til å sove att.
I klaffebordet var ei større dragskuffe. Der hadde vi skaffetyet vårt, men knivar var det ofte so lite av at vi måtte bruke fingrane attåt til å renske poteter med. I austre tverrveggen var der dør til koven. Over koven var fast, enkel lem. I koven var ei seng der far og mor låg, ei vogge, ein liten omn med eit kokehol, og ei lita bordplate festa til søre veggen, der det ogso var eit større glas som i stova. På sør sida av tverrveggen mot stova var det fullsett til lemmen med hyller. Der hadde mor mjølkeaskane, ymse slag matvarer og steintyet sitt ståande. Det var no etterkvart slutt med tre- fat og treskåler. På bordplata stod rjome ambaren.
Ingen ting var måla korkje i stova eller koven. Det var heller ingen gardiner eller blomar i glasa. Då eg kom so langt at eg fekk vet på det, laga eg meg ein liten blomehage ute av stauder eg fekk med faster. Den gjerde eg inne med einestikker og hadde der ein liten steinbenk so lenge eg var heime. På golva var ikkje noko slag tepper. Utvendig var stova på søre og vestre veggane bordklædd, med lauv til fyll millom veggen og bordklædninga. Men det var ikkje lister kring glasa. Langs øvre stoveveggen var det reist steinheller som rakk omlag midt opp i veggen. Stovetaket var sjølv sagt never og torv med steinheller på ramkantane ovan på torva so landsynningen reiv aldri, kor kvass han var.
Inngangsdøra til gangen var på nordsida. Om lag 2 alner frå nordveggen — mot bakken, var det planert og lagt forstøtningsmur av gråstein. Millom muren og veggen var det lagt ujamt samanfelte steinheller til stovetun-platting. Det var bestefar sitt verk. Frå stovetunet til fjøshusa hadde han ogso lagt små, men finare heller å gå på, sameleis til vedskylet og buda. Om det då kunne koma ein mold- eller møkklatt av folk eller fe på hellene, var det lett å gjere dei reine att med ein bjørkesoplime og nokre vassbytter. Langs med austre kjellarmuren og ned til lisjekjellaren var ei gråsteinstropp. På austsida av troppa var ei djup jordhole. Der hadde vi sorpdungen, der vi laga den finaste biodynamiske fullgjødsel ein kan få.
Fjøs og lade var under same tekkja. I fjøsen var 3 kubåsar, 3 sauegardar, 1 grisegarde og 1 kalvegarde. Der var ei dør og eit lite glas og so ei stor vasstunne. Golvet var halvdelen av steinheller og hi halva tregolv. Til kuband brukte vi treklavar og bjørkevidjer. Bjørkevidjene var feste i trekrokar drevne inn millom steinane i muren. Fjøsmuren var av grå stein, utan noko slag sement eller onnor tetting, der var litt blåleire kring dørkarmane og glaskarmane. Lada var vanleg reisverk av lauvved. Alt saman felt eller samansett med trenaglar som farfar hadde laga med loda og og tolikniven vinterkveldane. Det var to løbrutar, ein større høybrut på den eine sida av låven og ein mindre på hi sida til kornstålet og småhøyet. Over minste bruten var det staurlem, der hadde vi halm, turrhå og potet gras. I mønet midt over låven var det festa ein tretalje. Den brukte vi til å heise høy opp når høystålet var so høgt vi ikkje klarte å hive det opp. Når vi ikkje brukte taljen so brukte vi neipa.[11] Ut på hausten stod vi ut på låven og banka kornet or halmen med tusta, og finpussa halmen sia med kornskeia. Til å drøfte med var det drøftetroget.
Buda stod austafor stova og snudde med ramen mot bakken. Rett ovanfor stova stod grisefjøsen. Vestafor stod løda so det vart lik som ein firkanta tunplass millom husa. Buda var ei timbra stove 6 X 7 alner med ytre gang til av bordklædning med eit skot utan dør på austre sida. I gavlen mot sør var det eit glas med 12 små ruter. På sume av dei rutene var det måla namn og rim med svarte, «sirlige» bokstavar. Ei rute var grønfarga — den hadde ein stor kul på midten. Både over buda og gangen var det lem, taket var det vanlege, never og torv. I ramane på budalemmen var to opne glugghol med sildegarnfiller for, so fuglane ikkje skulle koma seg inn. Det var lik som stabburet vårt. Der hadde vi turrfisken, spekeflesket, spekekjøtet, flatbrødet, turrsilda, ull, bork, lær og snikkarverktyet etter bestefar. Frå gangen til lemmen var det solid tretropp. I buda var det ei seng, tri kister, eit strykkje, [12]ein strokk av rognebork med ull i, og dei seng- og gangklær vi ikkje brukte til kvardags. I gangen stod det forutan budalems troppa, ei skåp med dører for, ei stor korn tunne, vevgogna og rennebommen. I budasko tet hadde vi taukjeglene til bestefar, høvle benken, likkisteveden og ymse andre slag tre vyrke. Under buda var det steinmur på tri sider, men heilt ope på den fjerde. Under buda hadde vi veden vår, men det fauk ofte snø inn på den.
Grisefjøsen var av tjukt tømmer. Den stod på gråsteinsmur med steinfyll og gråsteins heller til golv. Dei 10 åra bestefar hadde bruksrett på hagen sin i Hauen, brukte han den til høyløde. Då den kom til Kviene, fekk grisen den til sumarresidens. I vestre gavlen var det glas, i austre dør. Der var lem, og der hadde vi lauvkjerv, hå, potetgras og dei rognebærå vi gutane brukte utover hau sten til lokkemat i trastesnarene våre. Austre ramen var heilt open so der tok vi inn og ut det vi ville, anten det var grisar eller ikkje i fjøsen. No er både husa og det som vi elles gledde oss til i Kviene, for lenge sidan borte, men minna dei lever. Då mor døydde i 1904, gjekk plassen attende til hovudbruket, men vart i 1932 oppattteken med tillegg av meir dyrkingsjord og ein skogteig.
Ja, mat var det, vissa i barneåra, svært ofte i minste laget av. Då skomakaryrket og gards drifta ikkje ga nok utkome til livberging av den aukande barneflokken, laut far til alle tider sjå seg om etter andre innkomer attåt. Det vart då i fyrste rekke sjøbruk. Men frå Kviene var det etter måten noko lang og dertil bratt og tung sjøveg, vissa for ein vanfør som far. Frå sjøen og oppatt laut han difor ofte setje seg ned og kvile seg. Til det hadde han, visse stader, steinar han sat på. Båt- og fiskevegn var til å byrja med av same slag og delvis det same som det bestefar hadde hatt. Då eg kom so langt at eg klarte å ro med ei år, laut eg vere mykje med og hjelpe honom.
Då var det anten å greide dei ymse slag garn, setje dei, egne liner og setje dei, eller sitje på styretofta og halde i seisnøret, lyredorga eller potartrodene. Det tok mest på å setje ut og inn båten. Det siste var Jensine i Hauen svært gild til å hjelpe oss med. Som påskyning fekk ho ofte kokefisk til gryta si.
Ein dag midt på sumaren vi låg ein heil flokk båtar midt bort i fjorden og rodde etter seien, kom det ein stor, kvit engelsk turistbåt og la seg midt i båtklynga og vart liggjande der ei heil stund og sjå på. Seien beit svært godt so vi hadde full hyre med å ta inn fis ken. Turistbåten vart liggjande, folka ombord veifta, ropte, song og klappa i hendene og tykte visst det var fine greier.
Far sat på midttofta i båten vår og rodde og heldt seisnøret i venstre handa. Men eg var so liten at eg klarte ikkje å drage inn snøret når det beit fisk på. Då laut far sleppe årane og setje sitt snøre fast medan han drog inn mitt. Kom det på same tid fisk på begge snørå, laut eg stå og tvihalde mitt til far hadde fått inn sitt, so drog han mitt. Eg hadde då mi fulle hyre med å halde balansen kvar gong fisken rykte til, men eg tykte likevel at det var svært kjekt! Då vi rodde heimatt, hadde vi nesten lasta båten med fin-fin stor sei. Det var den dagen, men det var ikkje alltid so. Mang ein gong gret eg av di eg var våt, svolten og fraus på sjøen saman med far. Noko slag oljeklær eller anna slag våtsklær var det ikkje tale om, og nista var det ogso lite eller inkje av. Og mang ein gong laut vi fara heim att med inkje-lunne [13]— som dei sa. Og likevel var det på’an att neste dag om lukka då kunne bli betre.
Far rodde ogso i fleire vintrar torske- og vårsildfiske. Det var open båt — fem kjeiping — frå fiskeveret Vågsvåg. På havet var han mykje sjuk av sjøverk og hadde of tast lite eller ingen mat med seg. Då eg var 16 år, skulle eg få vere med på havet for å prøve om eg hadde sjøverk. Då vi tok ut om morgonen var det svartestille so vi laut ro heile vegen til fiskefeltet. Det var noko dønning sidan det hadde vore ruskever i 3 døgn. Då dei tok til å drage linene, var det for den skuld ein god del fisk som det lukta vondt av, og som dei kasta utatt. Medan sume drog og sorterte fisken, sat andre og surra snøret oppatt på fotsteinane. Det var no vorte eit lite vindgrel so eg skulle sitje på framtofta saman med ein vaksen og andøve. Dei som arbeidde i fiskeromet, tok om kort tid til å «spy», og millom dei var far. Då skulle eg gå i fiskeromet og byte for honom med å surre snøre på fotsteinen. Det gjekk heldigvis godt. Eg kjende ingen sjøverk, men vart tvert imot svolten. Far hadde teke med 4 små rugkavringar med smør på til «sjømat» åt oss. Dei fekk eg ha åleine, og dei gjekk ned på høgkant ganske fort. Men det var ikkje lenge so var eg svolten att. Dei andre karane hadde teke noko meir «sjømat» åt seg, men då dei heller ikkje hadde matlyst, so fekk eg etter kvart deira og og åt opp rubb og stubb til Stor moro for heile båtlaget. Eg stod soleis prøven med glans og har ikkje kjent sjøverk korkje på sjø eller land sidan heller.
Dei to hovudbruka hadde lakseverpe saman. Det leigde dei i mange år bort til ein stril. Mesteparten av den tida leigde han far til å hjelpe seg. Fisketida varde i 10 veker — frå midt i mai til ut juli. Då var det å sitje i «gilja» under open himmel frå klokka 7 om morgonen til klokka 9 om kvelden i alt slag ver, på eigen kost og 4 kroner veka i løn. Dei hadde eit lite steinskyle i bakken ovanfor verpet. Her hadde dei ein liten eldstad til å koke kaffien sin på til frukost og non. I styggver sat dei her skiftevis og åt, elles var det ute. Strilen budde i nærleiken av verpet hos den andre husmannen i Hauen og gjekk heimatt til middag. Men til far laut vi bere middags maten. I det skylet sat far stundom yktevis etter løyve av strilen og lappa skorne våre. Seinare fekk far tilbod om same slag jobb hos eit partlag i Rugsund. Han skulle liksom vere sjef åt dei. Den jobben hadde han i 4 sumrar. Tredje sumaren tente han godt 400 kroner og betalte seg dermed skuldfri. Men då gjekk helsa ogso, men han sterra likevel ut fjerde sumaren. Den sumaren, 1894, eg les for presten, hadde eg jobben hos strilen og fekk heile 10 kroner i løn! Då fekk eg noko skade, betennelse i augo mine av manetgift som eg har vore plaga med all min dag sia.
Av farbroren sin lærde far seg til å vøle små båtar. Det var helst vår- og haustarbeid og for det meste under open himmel. Då eg kom so langt, måtte eg vere med og «halde føre». Ein av siste haustane han levde, fekk han eit større vølingsarbeid av ein båt til handelsmannen. Vi gledde oss mykje til å verte ferdige med det, so det kunne bli nokon kroner til mjøl, som det til alle tider kneip mest for. Dagen før den skulle leverast, sette vi den ut på naustvollen. Om natta rauk det opp med storstorm og springflo. Då vi om morgonen kom til sjøs, låg båten smadra millom nausta. Det gjekk hardt inn på far. Då sette han seg på ein stein og hikstegret lenge.
Når det ikkje var båtvøling, dreiv han inn i millom med garnbøting og seising av glass kuler åt Lefdals fiskeriselskap, Måløy. Han fekk 3 øre pr. kule for seisinga, men selskapet heldt seisegarnet. Garnbøtinga var meir på skjønn etter arbeidet. Far var ogso noko av ein mekanikar — altmuligmann. Han kunne soleis hjelpe folk med å vøle separatorar, sy maskiner, truskemaskiner, klokker, regnhattar og meir, lage strenghekter og krokar til klær, støype tinnknappar og -spennar, sveise nysølv, lodde kopar- og blekkvarer. Han laga fin- fine matskeier av kuhorn og sjølvsagt alle slag naudsynlege trekjerald til eige husbruk. Greidde jamvel å få sving på stogga damp maskiner.
Eldste son til bonde Johan Lefdal, der far i sin ungdom hadde mykje omgjengje og arbeid, hadde sett i gong med fiskehandel — millom anna med laks. Til å fare kring fjorden med og hente laksen, hadde han i Bergen kjøpt ein liten open dampbåt. På vegen heim frå Bergen sokk den om natta ned i Florøy. Ombord var ikkje liggeplass so dei to karane som førde båten, låg trygt og godt i land. Med god mannshjelp fekk dei han på flot att og kom seg til Lefdal. Då møtte det fram mann av huse for å bisne. Far fekk særs oppmoding til å møte opp til prøveturen som konsulent for den nye reidaren. Etter prøveturen reiste maskinisten som fylgde med frå Bergen, tilbake, og far laut då vere med ei tid for å lære opp ein yngre bror til reidaren til maskinmann. I fyrste tida gjekk det mindre bra for den nye maskinisten. Kvar gong maskina stogga og han ikkje fekk den i gong att, kunne det stå om livet for dei to ombord. Då var det å hente far anten det var natt eller dag for å få den i sving att. Men so ei haustnatt etter at laksetida var ute, gjekk den atter ned til krabben heime på hamna rett ut for sjøbuddøra deira. Der vart den liggjande i fleire veker før dei fekk honom opp att. Då han endeleg kom opp att, laut «Kvieperen» i elden. Han streva ei heil tid då med å skrue sundt og pusse, men ihopatt kom ho, og gjekk gjorde ho som før. Kva han fekk som betaling for slike jobbar, skal vi snakke mindre om. Det gjekk mest på litt mat og anna til husbruk.
På trass av vanskane med å gå, tok han seg likevel ofte turar til høgfjellet på rupejakt og til skogen på orrejakt. Ho Søgni Kvien som no er nitti år, fortel at ho som gjentunge ofte var med honom til fjells og plukka rupor etter kvart som han skaut. Då eg kom so langt at eg kunne vere med, gjekk han ikkje til høg fjellet, men dreiv litt orrejakt, og eg laut då bere børsa. Det meste av levemåten fekk vi likevel av gardsbruket. Av krøter hadde vi som oftast 3 mjølkekyr, 6—7 smalar og gris. Kyrne kunne vi av og til ha vanlukke med (kalvekasting). Men som regel gjekk det bra. Mjølk og smør hadde vi det tolleg bra med heile mi barndomstid. Det fall ikkje alltid so at vi hadde haustbæreku. Då kunne det haus tes tider bli smalhans med mjølka og smøret ogso. Å kjøpe var ikkje tale om. Det hadde vi ikkje pengar til. Men folka på dei to hovudbruka, særleg på bruk 1, var flinke til å gje oss skummamjølk og skjør. Det strakk på langt nær ikkje til turva. Innimillom laut vi difor nøye oss med syreblande eller sirupsvatn til grautasul. Noko i staden for smør var det verre med. Det vi produserte av det slaget før på året, laut vi selje for å kjøpe andre ting til levemåten. Det verste var å finne surrogat på skulematen. Vi var ofte 4 born som gjekk same dag på skulen. Men var det smått med smør og mjølk haustes tider, so var det betre med anna feitt av kjøtmat då. I staden for smør, brukte vi mykje sirup. Beste sort kosta då 17 øre flaska.
Sauene hadde vi alltid god lukke med. So om hausten kunne vi slakte 6—7 beist. Då sende vi ein 3—4 skrottar til Johs. Rosenlund, Bergen, mot byte i matmjøl. Resten hadde vi sjølve. Alt avfall og innmat vart godt utnytta til morpølser. Haud og føter vart avsmidde kvar sen og kjøtflis som fanst. Av innmaten vart lunge, hjarte og lever teke med. Magesekken og tjukkaste tarmane vart «forvelte» og brukt i lag med. Det heile vart saksa med lisjebila i ei treblokk. Alt feitt på innmaten vart fint avplukka og, saman med nekkja [14]og anna feitt, utkokt og støypt saman i formar og brukt i staden for smør. Når det so leid fram under jul, og kyrne tok til å kalva att, vart det gode dagar, tykte vi. Då fekk vi keilost, kalvedans, dravle og gumbe. Når vi hadde gris, vart den ogso oftast slakta til jul. Då vart det «griseilåt»[15], sylteflesk og syltelabbar.
Matvarene og matstellet var i far si tid mykje det same som i bestefar si tid til kvar dagsbruk. Til helga var det noko meir skifte. Av og til ein stomp attåt potetkaker, sveler, lefser, vaffelkaker og «hjertekaker». Til høgtidene som jul, kunne det so langt råda rakk, bli kjøpt: 1 langebrød, 1 sirupskake, for 25 øre i rugkavringar, og like mykje i vasskringler, 1 mork strøsukker, eit par merker risen gryn, 1 liter erter, 1 mork ubrend kaffi som far brende i flågryta (elles var det malt kaffi), 1 mork sikta kveitemjol til & sneke julelefsene med, litt umelen kanelbork og anis og, i beste høve, kvar si flettakringle som jule gåve til oss borna i fyrste tida. Men dei kosta 5 øre pr. stykk so det var just ikkje kvar jul vi fekk julegåve. Var det noko til julegåve elles, so kunne det bli eit eller anna heimelaga klæsplagg.
Av korn sådde vi litt havre til flatbrød. Kornet turka vi i storegryta og mol det gratis på hovudbruket si kvern. Men det vart jamt for lite. Attåt laut vi då, som før nemnt, kjøpe anten småbygg og male, eller rug, eller kjøpe ruggris til flatbrod og potetkaker. Til matmjøl elles var det mest grynmjøl og byggmjøl. Til sine tider kunne det knipe hardt med mjølet. Det var ikkje berre pengeskort det stod på. Det kunne ofte vere ver og vind ogso som stengde sjøvegen so vi ikkje kom oss til han delsmannen, og det var ikkje betre.
Vi laut då finne oss i å gå til sengs med ein tunn vassvelling med eit par skjørskeier i til kveldsmat.
Poteter brukte vi heller mykje av, dei voks godt, men det hende likevel at det fram på sumaren vart for lite av dei og. Ein gong i åtteårsalderen eg var eit anna ærend til Lefdalsbygda, gav ei kone der meg ein liten koddepose med poteter i. Då eg kom heim att, sette eg kodden frå meg på stovegolvet og sette meg på ein benkende. Ei lita stund etter tok eg bak på halsen med eine handa og skulle kleie meg. Det såg mor og kom med ein gong og ville sjå. Då fann ho ei stor grålus. Det var fyrste lusa eg såg! Um laurdagskvelden brukte mor oftast å kokeklubb til kveldsmat. Det gledde vi borna oss til, for då fekk vi ete oss godt mette. Vi passa då ogso på å løyve eit stykke som vi la att på borsken vår på bordet til å godte oss med sundags morgonen før mor stod opp. Bortsett frå sild, fisk, pote ter, graut og suppe, var all mat meir eller mindre rasjonert. Saft eller syltety hadde vi aldri, då sukkeret kosta pengar.
Gangklær hadde vi det i det store og heile bra med. Dei var for det meste heimeverka av vår eiga ull. Den tid bestemor var hos oss, spann ho mesteparten av det garnet som treng dest både til spøtgarn og til vevgarn. Då ho drog, laut vi sende ulla til spinneriet. Mor spøta det ho vann, og vov alt som skulde ve vast sjølv. Arn-Ola Haus stampa, og fargar Sørensen på Nordfjordeid eller Antonson på Stårheim farga og persa. Jensine i Hauen var vissaste skreddaren vår. Som skikk og bruk var den tida, kom ho på huset og sat og sydde. Største vansken var då å kunne skaffe det som trengdest av forsaker, knappar og tråd. Det var alltid stor spaning om kor mange klæsplagg veven rakk til åt kvar av oss. Før bestemor drog, spøta ho det meste vi trengde av sokkar og undertrøyer. Underbukser var det ringare med i barneåra, det hadde ikkje mor heller. Far hadde likevel både underklær og andre klær, til søndagsbruk som til kvardags bruk, men det var dessverre ringare med det for mor. Ho hadde ofte ikkje so mykje klæbyte at ho kunne gå til grannen. Skjortene våre var bomullsskjorter eller av ubleika lerret.
Korkje far eller mor hadde noko slag maskiner å hjelpe seg med. Det var sine eigne hender å lite på. Far sydde alt som kunne syast på skorne med hand. Når mor var i stør ste knipa for ei skjorte, var det å ta seg lik som fri ei ykt og springe gå hadde ho ikkje tid til — til stova på hovudbruket og låne symaskina deira, og det tok just ikkje lang stunda før skjorta låg ferdig. Frå snøen gjekk om våren til han kom att om hausten, gjekk vi borna for det meste, helg som yrke, berr føtte for å spare på skofotet. Mor gjekk ogso mykje berrføtt, jamvel når ho gjekk og mjølka. Men spør om vi vart forkjølte! Nei, vi var for godt herda til det. Det verste var å få oss skamlause med sko og klæ på skulen. Av og til kunne vi få eit meir eller mindre brukt klæsplagg hos skyldfolk og kjenningar som då oftast laut omattsyast. Sko fekk vi aldri med andre. Vi brukte mykje trelappar som far gjorde av trebotn og utbrukte lærsko. Sengklær var det mindre med. Ikkje eit sengåklæ, ikkje eit laken, ikkje ei bommullsplate eller vattplate og ikkje noko slag madrassar. Det vesle vi hadde i sengene, var heimelaga kvitlar og napparyer, alt av rein ull. Når det leid til jul og jonsok, og det vart storvask av heile stova med senger og sengklær, og høyet eller halmen som vi låg på, vart utboren, laut vi borna stundom liggje «runde» på berre sengetelet med stortrøyer eller sekker over oss til sengklærrie vart turre. Men gjet om vi var reine: Jau takk, det sytte vår velsigna mor for. Og ære vere henne for det. Det hende nok av og til at vi kunne få lus på oss i sku len, men so snart ho merka det, barst det i storegryta i tur og orden, både med oss og klærne og ei vasking, kjembing og koking til utyet var borte. Som regel vaska vi oss og bytte skjorte kvar laurdagskveld.
Ganske ung laut eg ta til å byte med mor og vaske stovegolvet, men då tolde eg ikkje mange reikarar inn i stova. Kom dei, so fekk dei gratis skyss ut att i ein fart. Til høgtidene og ymse helgar elles strødde vi grøn, frisk eine på stovegolvet. Einebuskene banka vi fyrst reine for gamle nåler på budamuren, og 50 saksa vi den små og strødde den på det nyvaska golvet etter at det var turt. Det låg då med helga før det vart utsopt, og gav frisk fin aroma i stova på same tid som det gjorde tenest som golvteppe. Golvteppe av anna slag hadde vi ikkje. I gangen hadde vi av og til kråkefotmatter eller briskegreiner til å turke av skorne på. Til pinshelga og jonsok pynta vi attåt stova med heggeviser og rogneviser. Laurdags- og søndagskvelden las far som regel kveldsbøna or Landstads salmebok med Fader Vår og song fleire salmevers til. I Adventa og Fasta las han som regel kveldsbøna alle dagar i veka. Kovedøra stod oftast opa. Og juledagsmorgonen før vi stod opp, sat han i kovesenga si og song oppatt 3 gonger: «Et lidet barn så lystelig . . .» og les deretter morgonbøna med Fader Vår og song fleire salme vers til. Medan hadde mor kokt kjelen, og då fekk alle andre enn ho julemat på senga. I helgane laut vi borna alltid lese til maten når alle var sette til bords.
Andre og tredje kvar sundag var det preike. Var far heime og det var ver til det, f6r han alltid til kyrkje. Det var over fjorden til Davik. Alle kyrkjefolka på garden var då i lag på same båten. Til og frå kyrkja vart det ofte kapproing med kyrkjebåten frå Lefdalsbygda, og då gjekk det rett som det var fleire årar i vasken. Far var svært lesehuga og lånte alltid bøker heim frå kyrkjebiblioteket. Han hadde ikkje råd til å halde noko slag blad. Men når han kom lausreipa frå sjøen, stakk han på heimvegen ofte innom på hovudbruket og les «Bjørgvin». Sjøvegen vår gjekk langs med husa deira. Medan han, heimattkomen frå kyr kja, åt middagen, fortalde han oss kyrkjenytt: Kven det var lyst for (datt ut for preikestolen), kor mange kristnaborn, kor mange blæje[16] altarsfolk, kor mange jordpåkastingar, kva som var opplese av auksjonar og anna nytt frå kyrkjebakken. Hadde også med helsingar frå slekt og kjenningar til mor. Når det høvde seg so at vi hadde sko og klær, fekk eitt eller fleire av oss borna vere med til kyrkje sumarsdagen. Det var noko med det kjekkaste vi visste. Dei helgane han var heime, les han alltid «tekstren» og sat attmed bordet der vi og laut sitje. Det var Landstads salmebok og Møllers tekstbok han brukte. Vi ungane likte berre so måteleg å sitje murande stille medan det stod på. Var far ikkje heime, gjorde mor det. Då eg kom so langt, laut eg lese i hennar stad, men ho styrde synginga.
Skulegonga for far og mor var mykje lik den eg hadde då eg voks opp. Det var samla skule, som regel ni veker for året. Skulen gjekk på omgang i leigde stovor og i turar 2 til 3 veker om gongen. Skulestova var ofte so låg at landkunnekartet nådde ned til golvet. På same måten var det i mi skuletid ogso. Vi hadde nokre store pultar 2,5 til 3 alner lange so vi sat 3—4 med kvar pult, og skubba ofte kvarandre når det var skriving. Då klaga vi stygt. Pultane var svartmåla. Til å rekne på, og delvis ogso til å skrive på elles, brukte vi steintavle og griffel. Far og mor les og skreiv godt. Det var ofte lærarskifte, då det var ein tungvint lærarpost med 3 krinsar. Når skuleturen var slutt, tok skysskarane læraren og alt skuleinventaret i båten for å føre det sjøvegen til neste krins, men det hende at dei for storm og styggever ikkje kom fram på rette dagen.
Det var i mi skuletid ikkje gjort nokon slag skilnad på skuleungane korkje i eller utanfor skulestova, anten dei ver frå husmannsheim eller sjølveigarheim. Sko og klær var i det store og heile likt hos alle borna, likeeins skulematen. Det hende tid og onnor at heile klassa fekk middagsgjestebod med skulestoveverten. Det tykte vi var høgtidsstunder. Læraren førde då som elles flokken so alt gjekk pent og pynteleg for seg.
Vinterstida når det var snøballføre, kunne det millom oss storegutane på Midthjell og storegutane fra Lefdalsbygda av og til bli litt småslåsting. Dei to i Lefdalsbygda var større og sterkare enn vi tre på Midthjell, so vi laut vere to for å knekkje den største av dei. Ein vinter det var mykje snø, var det ein dag «storslag» på sjølve skulen. Det var fint snø ballføre. Læraren og alle skuleungane hjeipte til å byggje opp ein svær snømur —«festning» med fleire skytehol i — på ein flat åker nedan for skulestova. Det gjekk eit par dagar før vi fekk den ferdig. Då delte læraren oss i to flokkar, både gutar og gjenter, og stelte oss opp, ein flokk på kvar side av festningen, til snøballkrig. Læraren hjelpte ei stund kvart parti. Når han trefte oss med ein snøball, sveid det godt, so vi prøvde å passe oss så godt vi kunne for honom. Føret og krigen varde i fleire dagar, men so var det ein dag det kokte over for oss fem store gutane. Då læraren plystra inn att etter middagstimen, heldt vi fram med krigen som best vi kunne, og gjekk til sist på einannan med knytnevane og handemakt, so sveitte og blod draup av oss frå både munn og nase. Det skulle vere song den timen, men song interesserte ikkje oss. Vi var heite i kamben og slost so vi korkje såg eller høyrde læraren som stod oppe i det opne skulestoveglaset og plystra og ropte på oss. Då vi ikkje kom, gjekk han til grannen som var tilsynsmann og bad honom hjelpe seg. Han kom då med ein diger togtamp og jagde oss inn att. Hine borna fekk då gå heimatt, men vi laut «sitje attpå» resten av dagen under vakt både av læraren og tilsynsmannen. Som vel var, var det både fyrste og siste krigen vår!
Mor mi kom i åtte års alderen som barne fostre til ein bonde. Der vart ho verande til ho i 1878 gifte seg med far og flytte til Hauen — sidan til Kviene. Då far nøyddest til å vere mykje på arbeid borte, laut mor på sin måte streve so mykje meir heime. Å kor dei sleit og slepa begge to for seg og sine: Stakkars foreldre! Berre godt 50 år, so var livet slutt for dei begge! Det hadde just ikkje vore best for mor. Bom var ho velsigna med annakvart og tredjekvart år, 7 gutar og 2 gjenter. Det kom fyrst 3 gutar før det kom gjente, so det vart lenge før ho fekk gjentehjelp. Det kom vel med at ho meste tida hadde ei sterk helse. Det meste av all slags arbeid, utandørs som innan dørs, laut ho gjere åleine til vi borna kom so langt at vi kunne ta ei hand i med henne. Det var formelig slaveliv både helg og yrka. Aldri fri, aldri kvile anna når ho låg sengelegene og dei stundene ho gav borna bryst. Fyrst opp, tidleg om morgonen, og sist i seng, seint om kvelden, og då sat ho ofte med nål i hand og vølte klærne våre til ho seig til kodden. På førsumaren var det på’an kl. 4—5 og gå 6—7 kilometer til heimestølen og mjølke kyrne. På framvegen spøta ho medan ho gjekk, men på heimvegen var det å finna seg ein brennevedsknagge på herda attåt mjølkehylket. Som før sagt, gjekk ho då for det meste berrføtt både i solskinn og regnver.
Til fjellsætra, Fosseberget, var det so lang veg at då laut vi leige ei av sætregjentene på hovudbruket til å mjølka åt oss ogso. Der hadde dei god steinfjøs og sel av tømmer. Kyrne våre var i same fjøsen som deira og mjølka og mjølkestellet i same selet. På same måten var det med dei på hin plassen og hovudbruk to. Begge budeiene låg på sætra om natta, men gjekk heimatt om morgonen.
I sju til ni års alderen laut eg det meste av sumaren gå i lag med dei til Fosseberget og hente heim skyret vårt. Eg gjekk då heimatt om kvelden åleine. Far hadde laga eit spesielt lett hylke åt meg til det bruk. Sætrehusa stod i bakken på hi sida av elva, men der var inga bru over. Ein dag hadde det regna nokso mykje, og elva hadde vokse opp so vi ikkje kom oss over på den vanlege staden. Gjentene fann snart ein annan og kom seg fint over. Dei ville då hjelpe meg ogso over der, men eg ville vere svær kar og greie meg åleine. Det greidde eg ikkje og datt i elva og drog utfor fossen og ned i Fosseberghølen. Der låg eg medvetlaus og flaut med hylket på ryggen. Gjentene sprang etter langs elva til hylen, der Søgni Kviene vassa ut i vatnet og berga meg på land. Etter noko arbeid med å rulle meg på marka so vatnet eg hadde drege i meg, kom oppatt, vakna eg til att. Då bar dei to gjentene meg imillom seg opp i selet. Der kledde dei av meg og la meg opp i senga. Sidan fyrte dei opp i omnane sine og turka kleda mine. Eg laut då liggje over den natta, men om morgonen fekk dei utan motstand hjelpe meg over.
I min oppvokster brukte vi å vaske sauene om hausten før vi klippte dci. Til vaskekar brukte vi storgryta. Ein gong hadde vi ein svært stor ver, og då den var komen or gryta og skulle skyljast, skulle far åleine halde honom medan mor skylde. Då han fekk fyrste vassbytta over seg, rende han hovudet millom beina på far, så han fall på magen bakover ryggen på honom og fekk seg ein heilt uventa ridetur eit godt stykke bort etter marka før han datt av. Eg sprang etter med staven. Til å byrja med såg det nokso spelegt ut, men til all lukke kom han seg smikkelaust frå leiken. Om vinteren hadde mor fjøsstellet og vaskinga, so bering av vatnet til stova og fjøsen frå ein open brunn eit godt stykke frå husa. Ofte var vassvegen attfoken med snø, so fyrste tørn om vintermorgonen var då å måke oppatt vegen. Ogso var det det idelege maset med å få heim brennefang til husbruket. År om anna kunne far klare å hogge og kaste saman vinterved i skogen før snøen kom, men vart ofte for sein med det. Då vart det for mor å tørne ut med øks og tau i all slag føre og finne seg ei vedbør på ryggen eller ei droge i hendene og streve seg heimatt med. Ofte silande våt av snødrev og regn, men alltid den salte sveitten attåt. Å kor ho sleit! Stak kars Mor!
Det hende stundom når snø og frost var på det verste, so gjorde dei på hovudbruket sælebot på oss med å køyre heim eit og anna snårlasset dei kvisste av famnevedstrongane sine. Ein vinter medan far var på fiske, kom ein morgon to mann av slekta vår frå hi sida av fjorden før det var ljost og drog til skogs og hogg og drog heim ved heile dagen til det vart mørkt att. Dei hadde jamvel med seg niste. Det var sælebotsarbeid. Fyrst når vi gutane kom so langt at vi kunne ta ei hand i, fekk ho etter kvart avløysing med det. Sameleis med vassberinga. Ho hadde meir enn nok å stå i likevel. I onnetidene fall i fleire år det meste arbeidet ute ogso på mor. I 1899 fekk ho siste barnet. Då fekk ho svull i eine brys tet. Og hausten 1904 døde ho — 52 år gamal.
Mor var sterkt religiøs. I barneåra når eg tykte ho vart lenge i fjøset, fann eg henne ofte på kne ved høystålet med folda hender i gråt og bøn til Gud. Dei siste leveåra bad ho kvar kveld heime i stova for oss bornå når ho la seg. Og hennar bøner veit eg visst har vore oss til velsigning sidan.
Det daglege omgjenge var både med dei på hovudbruket og hine på garden og i bygda, både i lyd og lag, til alle tider det aller beste. Til barnedåp, brudlaup og gravferd var mine foreldre bedne tilliks med dei andre på garden og i bygda. Høyde det med sko og klær, fekk vi borna ogso vere med. Eg hugsar godt to brudlaup eg i barneåra fekk vere med i. Det eine var då lærar og stortingsmann A. P. Rosenlund gifte seg. Det var med ei av døtrene på hovudbruket, Marie. Ho er no 85 år gamal, men mannen er død. Det var far som gjorde brurskorne deira. For brudgomen sine fekk han 2 kroner og for brura sine kr. 1.50 i arbeidsløn, kontant. Det andre var i Lefdal hos den huslyden der mor voks opp, og far — som før nemnt på same tid hadde mykje arbeid. Det førde til at det frå den tida var eit intimt venskap med det huset heile levetida sia. Brura og brudgomen skulle ha fine brursko, og då laut sjølvsagt far gjere dei. Både til slike lag og andre slag samkomer og møter laut mor tidast finne seg i å sitje heime, anten var det sko- eller klæløyse, krøterstell, småborn eller anna som sette slede i vegen for henne. Men i disse to brudlaup fekk då ho ogso vere med. Far var heller ofte med i slike lag, noko for det han var ein lettliva, humørfylt og flink skjemtegauk, men mest fordi han var ein god føresyngjar.
Til slike lag var det for husmennene som hine skikk og bruk — vissa til brudlaup å ha «sending» med seg. Det måtte då vere av den finaste og beste mat ein kunne oppdrive, og ein gjorde då alltid sitt beste. Brudlaups korga måtte vere «skamlaus»! Dei som då vanta mjølk til gumben og kvitosten til brudlaupskorga, laut «på bygda» og få tak i mjølk til det. Ein gong i skulealderen skulle eg vere med kona til den andre husmannen i Hauen for å hjelpe henne på ein slik mjølkeekspedi sjon. Då laut vi fyrst ro ei mil og so gå 6—7 kilometer opp frå sjøen til den fjellgarden ho fekk mjølka på, og same vegen heimatt. Mjølk fekk ho det ho ville ha, og heilt gratis. Eg vart beden til brudlaupet ogso, men då eg ikke hadde underbukse, kunne eg ikkje få reise.
Andre slag festlege samkomor var det i vår bygd svært lite av i min barndom. Det kunne vere ein dansefest i ei bondestove seint i julehelga og ein skytarlagsfest om hausten for vaksen ungdom, men slike fekk ikkje vi bornå vere med på. Dei åra eg gjekk i folkeskulen, skipa lærar Rosenlund til ein juletrefest for bornå i krinsen, og det var alt. Noko slag losje, avhaldslag eller ungdomslag som kunne halde festar, var det ikkje då i vår krins. Sundags kvelden fekk vi «Kviebornå» av og til lov å gå til hovudbrukbornå til leik saman med dei, og det tykte vi var svært gildt. Vi var då alltid velkomne. Då fall ikkje stunda lang. Etter slåttonna og skuronna var det vanlig brukvis å koke slåttegraut og skurdagraut. På hovudbruket var det som regel ein fest sundag med rjomegraut og anna godt for alle som hadde vore med på onnearbeidet, husmannen til liks med sjølve husbonden. Nokon stands- eller personsskilnad visste vi ikkje noko av i våre bygder. Husbondsfolk, tenarskap og andre arbeidsfolk arbeidde som regel i lag på alle slag førefallande arbeid, innhyses som ute. Dei åt og drakk på same tid av same slag mat og ved same bord. Men det kunne av og til vere i minste laget med mat for alle. Sko og klæ var av same slag og same fasong og heimelaga. Frakkar eller kåpor hadde ingen då.
På dei to hovudbruka laut vaksne folk og tenarar liggje i kufjøsen vinterstida, då det ikkje var omnar i andre rom enn i stova og koven, der husbondsfolket, gamlefolket og so mange av dei mindreårige borna som kunne rømme der, låg. Både vi og dei på den andre plassen låg alle i stova og koven. Dei to hovudbruka var av dei største og folket rekna millom dei mest velståande i gjeldet, so den økonomiske skilnaden millom oss plasse-folk og dei var nokso stor. I krinsen var då 3 plasse menn, no er der ingen. Kom det framand folk til oss — det hende av og til at faster og moster kom — og dei vart verande over ti! hin dagen, laut dei liggje i flatseng på stovegolvet vinterstider, men sumarstider låg dei i budasenga.
Mitt fulle namn er Johan Andreas Pederson Midthjell, fødd i Hauen i 1879. Mor sa eg kom noko for tidleg so dei rekna ikkje med at eg vart «livlage». Namnet har eg etter begge bestefarane mine. I fyrste tida møddest mor med å få meg til å suge. For å få meg til å ta vortene betre smurde ho sirup på dei. Sirupen hadde ho i ei lita treskål. Skåla har eg ståande med pennar, binders, knappar og anna småplukk i på skrivepulten den dag i dag. Eg var liten og seinvoksen og kraup lenge. Fyrst etter halvtanna år slepte eg meg og gjekk. Men dagen etter stabba eg oppover ein åker åleine til grannen. Åtte år gamal byrja eg i folkeskulen. På timen eg kom so langt at eg kunne ta ei hand i, laut eg lære meg til å hjelpe både syskin og foreldre. Far laut eg hjelpe mest med sjøbruket og mor, som før er nemnt, mest i heimen med vasking, vass bering, koking, steiking, spøting, veving og bøting. Laut soleis heile mi ungdomstid sjølv stoppe og bøte klærne mine, og det gjekk fint. Og då vi gutungane kom so langt, so var det til alle tider av året å skaffe til tuns den daglege veden, hogge den opp og bere den inn til omnen. Når det var berr mark, bar vi den heim i bører på ryggen eller drog den i dro ger med hendene. Når det var snøføre, brukte vi ein stor kjelke som besten hadde laga til det bruk. I ti-tolvårsalderen var eg om vårane og føresumrane på hovudbruket og gjette sauene deira. Det var ofte både våtsamt og kaldt. Men eg fekk rikeleg mat då. Pengar fekk eg derimot ikkje. Det var bytearbeid og litt klær. Av og til var eg med bror til Bestefar, Reiel, på båtvøling og «heldt føre» åt honom. Då fekk eg attåt maten 25 øre dag i løn, og det tykte eg var gode greier.
Det var eg og ei gjente som det året, 1894, gjekk for presten frå vår skulekrins. Presten heitte S. A. Winger. Vi tykte det var ein «simpel» prest. Meg kalla han ofte Tusseladden og gjenta Tullesara og var ofte partisk og spydig både mot oss to og dei andre lesarborna. Vi les i kyrkjegangen 4 timer for dagen frå fyrst i mai til ut i oktober og fraus ofte meir enn vi hadde godt av. På føremiddagen var det bibelsoge og på ettermiddagen Pontoppidans forklåring og salmevers. Leksa hadde eg ingen vanskar med, men å svara fritt var eg for redd, nervøs og blyg til. Den dagen vi var «uttekne», sa han til meg fram med bordet so alle hine høyrde på: «Du har vel ikkje noko til presten du?» Men eg hadde 2 kroner. Det vanlege var 4 kroner. Eg var heller liten av vokster, so det passte godt, — attåt det at eg var einaste husmannsson, — at han sette meg nedst på kyrkjegolvet konfirmasjonssundagen.
For dei 10 kronene eg fekk i løn med strilen, kjøpte eg meg stivety og konfirmasjonshatt.
Bortsett frå skjorta var dei andre klærne heimelaga. Med ei gjente på hovudbruket som gjekk for presten året før, fekk eg eit fint, rosesauma strameibelte. Noko slikt som sel skap eller fest i høve av dagen var det ikkje tale om korkje heime eller ute. Men Bernt, andre bror min som tente som gjetargut i Ålfoten, fekk koma heim, so den dagen var alle syskin som til då var fødde, på ein gong samla hos far og mor i barneheimen. So vidt eg kan hugsa, lukkast ikkje det oftare.
Etter konfirmasjonen var eg fyrste åra del vis i lag med far og delvis åleine ute hos andre på ymse slag arbeid. Haustes tider føre fisket kunne det vere famnvedhogging på hovudbruket. Når fisket tok til, var det til Vågsvåg på sjauararbeid. Det var då fiskelemping, fiskesløying, fiskesalting, sildesalting og lineegning. Fyrste året vart eg fråstolen vottane mine. So om ikkje mange dagane var hendene so fulle av svullar at eg kunne ikkje ta i nokon ting og laut reise heimatt. Sia lærde eg å passe på tinga mine på fiskebudene. Etter fisket var det fiskevasking og fisketur king. Den vanlege arbeidstida var då 10 timar. Lønene var då kr. 2.00 pr. dag for vaksne, eg fekk kr. 1.80. Sløyging og sildesalting var mest akkordarbeid. Det meste av det eg tente, laut far få «låne» som han kalla det.
Kring konfirmasjonsalderen hadde eg om haustane ei heil lita vinne med å fange trast. Det var far og mykje interessert i. Prisen var berre 5 øre. I høgste sesongen kunne eg likevel sume dagar slumpe til å tene 5 kro ner. I den store tunrognen skaut eg mange traster med børsa hans far. Dei pengane far ikkje «lånte», brukte eg til å kjøpe klær og skulesaker for. Ein gong hadde eg kjøpt ein pennhaldar med penn i den eine enden og bly ant i hin som kosta 25 øre, men den laut eg levere tilbake. Far tykte den var alt for dyr.
Om vårane kunne det bli ein og annan dagen gardsarbeid i Lefdal, men det var mest som bytearbeid, men då og fekk eg nok mat. Då eg kom so langt at eg klarte å køyre, fekk vi alltid leige hesten på hovudbruket eller i Lefdal til å køyre ut kugjødsla med. Grisegarden køyrde vi ut i trillebåra der det ikkje var for bratt. Sauegardane laut vi bere ut i kiper på ryggen. Alt åkerarbeid gjorde vi med spade, grev og mylderive. Høyslåinga var berre med stuttorvijå. Før vi ungane kunne slå, laut høyvinna gjerast noko som bytearbeid. Far hadde vanskeleg for i det heile å gjere gards arbeid ute. Då fekk han liksom ikkje bruke krykkja, og sjukefoten rakk ikkje ned på marka so han kunne stå eller gå på den. Ryktinga og innberginga av høyet laut mor og vi ungane, so best vi kunne, greie med. Det var både travelt, og det gjekk seint, men det måtte gå, og det gjekk. Haustingsarbeidet elles greidde vi med vår eiga hjelp. Det hende nok at det vart so seint for oss at potetene fraus i jordskorpa før vi fekk dei opp.
Nitten år gamal rodde eg vinterfiske etter torsk og sild frå open båt, men det gav ikkje på nokon måte meirsmak. Tri månadar etter at minste bror min var fødd, i mars 1900, døydde far av lungetæring, men ingen andre av oss fekk sjukdomen, som det i bygdene våre var mykje av då. Det vart då barnedåp og grav ferd på same dagen. — Ein tung dag! — Kristnaåklædet fekk vi låne av faster. Då eg kom tilbake med det, fekk eg det med meg heim att til odel og eige. Det er sjeldsynt kunstvevnad og heng som stasplagg på eine veggen i stova mi.
Den våren fekk eg meg plass som læregut hjå ein målarmeister, som då skulle til Bergensbana og arbeide der. Vi dreiv der til jul. Sia på vinteren arbeidde eg på verkstaden hans heime, men læregutløna var lita so det vart ikkje nemnande pengar av det. Eg fekk som løn 80 kroner for eit halvt år. Målar meisteren hadde ein yngre bror som var lærar.
Honom tala eg ofte med om læraryrket som han likte svært godt. Det, og so det at ein av grannegutane mine hausten før var reist på lærarskulen, sette meg på tanken om sjølv å bli lærar. Hugen var kveikt, men kvar skulle eg hen? Det var liksom ikkje til å tenkje på, då eg ikkje kunne sjå meg utveg til pengar.
Sumaren 1901 dreiv eg målararbeid i heim bygda på eiga hand. Tridje bror min, Andreas, og eldste syster, Josefine, hjelpte no mor — stundom begge i lag og stundom ein åleine. Mor var no vorten sjuk. Bortsett frå yngste bror min, Sivert, var dei andre syskina etter kvart dei kom so langt at nokon ville ha
dei i sitt brød, spreidde for alle vindar. Då granneguten var heime i sumarferien, tala eg mykje med honom om korleis det var på «semenariet», og han let vel. Det gjekk godt. I folkeskulen hadd eg synt like god læregivnad og fått like gode karakterar som han, so for den skuld meinte eg å kunne greie «semenariet» ogso. Eksisen vart eg friteken for, for skuld «dårlige øyne».
Nå var eg 21 år, og dei åra som var farne, hadde til fullnads synt meg at å lite berre på tilfeldige arbeidsjobbar var ei svært usikker framtid. No var det «læraren» som tok opp tankane både seint og tidleg. No fekk det anten bogne eller breste, Om sumaren tente eg so mykje på målararbeidet at eg forutan å kjøpe meg nye sko og klær endå hadde att nokre kroner til rådvelde. Fyrst på hausten søkte eg om plass og stipendium som elev ved Fjordenes Amtskole på Nordfjordeid og fekk det. Vinteren 1901 til 02 gjekk eg då der og fekk «Mg» i hovudkarakter. Frå amtskulen reiste eg til Måløy og fekk der med ein gong jobb som kokk på fiskebåten Egil. Eg kom då i kjennskap med to lærarar som kunne fortelje at ved å ta livspoliser og stille som pant attåt kausjonistar kunne ein lettare få låne pengar i banken Då tenkte eg: «Det får eg og prøve!» Ut om sommaren tok eg livstrygding på kr. 2000.00, tinga meg kausjonistar og søkte om plass til opptakingsprøva som byrja 20. au gust på Volda Lærarskule. Eg fekk plass og greidde prøva.
Skuletida var frå den hausten auka til tre år. Til å byr ja med søkte eg Davik sparebank om eit lån, stort kr. 500.00 for fyrste året. Millom dei tre som hadde lova å skrive på obligasjonen var fastemannen. Avtala med honom var den at når dei to andre hadde skrive på, skulle obligasjonen sendast til honom som budde på Davik, og so skulle han gå i banken med den og skrive på der. Den sumaren tente eg så mykje at eg både kunne kjøpe attåt dei sko og klæ eg trengde, og det skuletarvende eg trengde fyrste året. Fyrst i oktober skulde lærarskulen ha ferietur til Lien i Nordfjord med dampbåten «Møringen», men då eg no ikkje hadde meir pengar, hadde eg ikkje meldt meg på der. Eg venta no til kvar dag pengar frå banken, men ingen ting kom.
Dagen før skuleturen skulle starte, fekk eg brev frå banken at fastemannen trekte seg, og då ville ikkje dei hine to heller stå ved sine underskrifter. No såg det mørkt ut. No var gode råd dyre. Nå laut eg setje alt inn på å koma meg heimatt. Eg gjekk sporenstreks til rektor Kårstad og klaga mi naud. Han kunne då trøyste meg med at eg i tilfelle ville få stipendium til skulepengar, men ikkje noko meir. Eg hadde nokre øre att i pungen so det rakk til frakt til Straumshamn. «Møringen» gjekk i rute frå Volda og dit utpå kvelden. So pakka eg sakene mine ned i kista mi, sette henne ut på loftet og bad husverten om å la henne få stå der til so lenge. Tok so farvel og fylgde «Møringen» om kvelden til Straumshamn.
Frå Straumshamn til Midthjell over Bjørkedalseidet er det godt 6 mil. Komen på land, tok eg straks til å gå, tenkte å nå fram til grenda Kile før folket la seg. Der visste eg det budde ein slektning av far som eg tenkte å ta inn til med natta. Det var eit heilt stykke å gå, so mørknet kom på meg før eg kom fram. Eg visste ikkje kvar huset deira stod, men då eg var komen like fram til det, kom tilfeldigvis ei dame mot meg, og so spurde eg henne. «Det er dette det,» sa ho. Folket hadde lagt seg og var somna, men eg banka på so dei vakna og slepte meg inn. Då eg om morgonen hadde klaga mi naud, sa mannen at kunne eg få ein god mann attåt, skulle han skrive på som fyrstemann for same lånesumen. Gild og glad tok eg på dagsmarsjen over fjellet og ut strendene, heimatt. Frå Straumshamn til Stårheim var det «postveg», men frå Stårheim og til Midthjell var det «bikkjeveg». Eg var frisk i føtene då so det naua kje på å gå. Ut på ettermiddagen kom eg til Høynes der mostemannen budde. Han var enkemann no att og kårmann og sat godt i det. Då eg hadde klaga mi naud so alle høyrde, ba han meg fylgje seg ut i nystova. Med halvveges kvisk ring baud han seg då til å kavere for kroner 500 saman med honom på Kile. Men eg måtte love å ikkje seie det til nokon av folket hans. Då var eg kisteglad. Eg meir sprang enn gjekk lange stykke ut gjennom den steinete stranda av glede.
Over elva i Kjølsdalen var ikkje bru då. Ein hoppa og sprang frå stein til stein. Det laut eg ôg, og datt i elva. Men eg kom meg på land att og gjekk silande våt dei 15 km som då var att. Då eg kom ut i stranda millom Haus og Midthjell, avdagdest det, men det var klårt fint ver. Då kom «Møringen» inn fjorden med blanke lys, song og musikk ombord på veg til Loen. Eg sette meg på ein stein og såg og høyrde på ei stund. «Glad laut eg gråte då.»
Det vart seint på kvelden før eg kom heim. Dei som var heime, mor og Josefine, var lagde og sov. Dei visste ingen ting og undra seg mykje på at eg kom no. Hin dagen laut eg liggje for gongsperre, men dagen etter kom eg meg på beina att og rodde til Davik for å greie opp med banken. Då fekk eg obligasjonen i lomma og kr. 100.00 i forskott. Tridje dagen skyssa Josefine meg til Kjølsdalen, og der i frå traska eg same vegen attende til Straumshamn og tok med «Møringen» til Volda. Både mostemannen og Kilemannen skreiv på papiret so no var den sorga slutt. Fyrste året gjekk det med godt kr. 400.00 av lånet. Det var då ikkje mykje att å gå på med andre året. Då ferien kom, tok eg straks til med målararbeid i Volda og dreiv det heile sumaren. Eg tente nokre kroner då attåt, men sjølvsagt for lite. Min tridje bror, Andreas, hadde no ei tid hatt fast arbeid i Måløy og lagt seg opp nokre kroner på det. Etter noko samråding oss i millom lovde han å låne meg det han hadde spara i hop til då, og det han kunne spare seinare ut over vineren. Eg rekna då med at eg kunne greie meg andre året ogso.
Det gjekk då fint ut over vinteren til april 1904. Men då fekk eg brev frå honom at han ville reise til Amerika so no kunne han ikkje hjelpe meg lenger. Husverten min i Volda som var forretningsmann, hadde før på vinteren orda frampå om eg kunne måla huset hans når skulen var slutt, og det drog eg honom von om. No brann tampen. Eg gjekk med ein gong og spurde om eg kunne få målarjobben mot å få dei matvarer eg trengde resten av skuleåret på forskot. Det var han stor nok til å gå med på. Ein av siste skuledagane kom sokneprest Barstad inn i skulen og spurde om det var nokon av elevane som kunne ta onnearbeid hos han ut over sumaren og hausten til dess skulen tok til att. Eg melde meg og fekk jobben. Då ferien kom, gjorde eg fyrst målararbeidet til forretningsmannen og to hus til. Sia barst det til prestegarden. Det eg då tente om sumaren, var ei god hjelp, men sjølvsagt for lite til tridje året. Eg skreiv derfor ut på sumaren heim til 3 vyrde menn, millom dei ordføraren i Davik, om dei kunne kavere for eit nytt lån i Davik Sparebank på kr. 350.00 og fekk brev frå ordføraren at dei gjekk med på 300 kroner, og glad var eg. No fekk det stå til på lukke og fromme tridje året også.
Som før fortalt, døydde mor hausten 1904, og barneheimen i Kviene var ikkje meir. Vi hadde heile tida utan noko slag offentleg studnad greidt oss so godt vi kunne med vår eiga hjelp. Men då ingen av syskina endå hadde fått seg eigen heim, laut dessverre fattigkassa no ta seg av Sivert. Den julafta-kvelden var eg av sokneprest Barstad beden som gjest til prestegarden og hadde det gildt. Det vart ut over vinteren smått både med pengar og mat. For å spare på smøret brukte eg ofte ansjos i staden og stakk då brødskiva ned i ansjos laken. Då lærarprøva tok til, midt i mai 1905, var eg so nedforkornen, at eg greidde ikkje å ta prøve i alle fag, men laut få lækjarvitnemål for framdryging av tri av dei til hausten.
Ein av siste skuledagane kom det ein mann på skulen det året ogso og spurde etter «vinne- mann». Det var skysskaffaren på Bjørkedalen. Han hadde begge sønene i militærteneste på Nordfjordeid og visste ikkje si arme råd kven han skulle få til hjelp. Det var ingen som melde seg so han laut gå frå skulen med negativt resultat. Eg hadde sakte lyst, men tykte eg ikkje kjende meg sterk nok til det. Nokon stad å fare til for å samle krefter hadde eg heller ikkje. Sia på dagen helsa eg på honom i gata og orda frampå om plassen. Då lo han og sa: «Du er sakte både tunn og bleik, men vi får no prøve!» Løn var ikkje omtala. Då tida kom, reiste eg til Bjørkedalen. Attåt skysstasjonen hadde han stor gard. Husbonden, «Store Svenn», var som namnet seier ein stor, sterk og godsieg mann. Kona, ho «Jakobs Magrete», var noko eldre og som enkje attgift med Svenn. Ho var ei særs hjartegod og skyn sam kone, mykje over det vanlege. Ho tok seg straks av meg som ei mor.
Fyrste slåttedagen skulle ei timoteiattlege ha det. Det var med langorv. Svenn la ned skåre for skåre som ein hest. Eg, min kryp, hogg på som best eg kunne. Svenn sa ingen ting, berre lo åt meg. Om kvelden var eg so stiv og sår at eg visste lite å gå opp troppa til sengrommet mitt. Eg la meg med ein gong. Verken var verst millom herdane, tykte eg. Ei lita stund etter eg var lagd, kom Magrete og spurde kor det stod til med meg. Eg let då om at eg var ikkje so bra, særleg millom herdane: «Å nei du er vel ikkje det. Men no skal eg gå etter noko å smørje deg med. Du må kje somne. Eg kjem straks att!» Snøggare enn snøgt kom ho att med ei flaske ho hadde noko smurning på og tok til å smørje og gni meg med. Eg tykte det gjorde svært vondt, men torde ikkje seie noko. Dette dreiv ho på med kvar kveld fyrste veka, og det hjelpte godt.
Attåt smurningen hadde ho ogso med seg ein ekstra godbit mat til meg på senga. Godbiter stakk ho forresten ofte til meg elles ogso i fyrste tida. Det eine kjøkenglaset stod mykje ope, og når eg over tunet gjekk framom det, ropte ho meg an og stakk godbitane ut derifrå. Elles åt eg som ein hest og sov som ein stein. Svenn slapp difor snart å le åt meg. Vi vart dei beste vener.
Den tida ekserte sunnmøringane til og med Ålesund på Eid. Ut etter sumaren og fyrst på hausten var det ei ideleg reiking av soldatar som søkte permisjon heim. Det var mest forretningsmenn fra Ålesund. Dei kom som regel over fjellet til Bjørkedalen ut på kvelden. Då skulde dei, etter tilseiing, ha skyss til Straumshamn same kvelden. Dei kveldane det trefte på stasjonen, var det som oftast eg som laut tørne ut. Eg kom ikkje heimatt før i 12—1 tida. Då synte Magrete atter det gode hjartelaget sitt mot meg. Ho fekk då Svenn til å gå med på det at dei kveldane eg skyssa, skulle han ikke vekkja meg om morgonen før klokka 7. Elles var det kl. 5 vyrkedagane.
Eg stod meg godt både med dei gamle og unge heile sumaren. Då eg sist i august skulle førebu meg til dei tri faga som stod att av lærarprøva, fekk eg fritt hus og opphald på sætra deira i fleira dagar. Dottera, som bar mat til meg, laut dei dagane dele rom med ei onnor sætergjente. Med lærarprøva gjekk det i det store og heile godt, men då det stod att nokre kroner av skulepengane som stipendiet ikkje rakk til, fekk eg ikkje avgangsvitnemålet før ut på hausten, då eg hadde tent so mykje at eg kunne betale det. Då var eg 26 år. Ferdig med prøva, fôr eg attende til Bjørkedalen og arbeidde på stasjonen til sønene kom heim att. Sia dreiv eg målararbeid til fyrst i november. Då fekk eg pr. brev spurnad frå Volda skulestyre om eg kunne ta vikararbeid for framhaldsskulelæraren deira som var sjuk. Det kunne eg, og den 11. november var min fyrste skuledag som sjølvstendig lærar. No var det høge målet nådd. «Livet letnar. Vollen turkar seg, og vegen sletnar.»
Heime i Kviene vart eignelutene våre selde på auksjon for lite og inkje. No fekk eg like vel heilt uventa pr. posten ti kroner i arv frå skifteretten.
Den sjuke læraren døde stutt tid etter eg tok til med skulen. Då posten ut på vinteren 1906 vart lyst ledig, søkte eg og fekk den.
[1] Å sloa eller sløa er å dra fram med slep.
[2]
Eit bidne er eit kar eller spann.
[3] Ei potartrode er ei fiskestong.
[4] Eit glip er ei garn. ruse med brei opning.
[5] Kamseball er kaker eller boller laga av fiskelever og mjøl.
[6] Soppe er flatbrødsoll.
[7]
Sveler er små pannekaker laga av mjølk, litt
vatn, sukker og mjøl. Dei vert servera
med smør og sukker på.
[8] Bandekrakk osv, er ymse slag reiskap som ein brukar når ein lagar tunneband.
[9] Å børte kola er å pusse og dra fram veken for å få den til å lysa betre. Ivar Aasen har forma byrta.
[10]
Tarren var ein liten jern over omnen. Han tente
som underlag for gråsteinspipa og vart dessutan brukt som turkeplass for klær,
korn og ymse slag trevyrke.
[11]
Ei neip er ei lang stong med kluftt i den eine
enden. Ho vart brukt som høygaffel.
[12]
Eit strykkje er eit stort lagga kjerald med ein
«øre stav» på kvar side til å festa loket i. Det var brukt til å ha flatbrød i.
Eit strokk er eit stort kjerald laga av ein ovstor rognebork. Borken vart tatt
i sevjetida. Botnen var satt fast med trepinnar. Den var mest brukt til å ha
ull i.
[13] Ivar Aasen fortel at om ein fiskar som kjem heim utan fangst, vert det sagt at han skal «lunna», d. e. han skal leggja ein ny stokk i lunnane i ‘båtstøa.
[14] Nekkja er feittlaget i sauevommen
[15] Griseilåt er eit slag blodpølse.
[16] Blæje er her talet på personar som på ein gong kunne få plass ved altarringen.