PROSJEKT GAMLE FERDSLEVEGAR OG TILRETTELEGGING FOR FRILUFTSLIV
Sogn og Fjordane fylkeskommune starta 01.01.01 opp eit prosjekt med
tittel ”Gamle ferdslevegar og tilrettelegging for friluftsliv. Det er eit
samarbeidsprosjekt mellom Kulturavdelinga, Fylkesmannen si landbruksavdeling og
Planavdelinga i Fylkeskommunen.
Samarbeidspartnerar er Sogn og Fjordane turlag og bondeorganisasjonane.
Dei gamle driftevegane gjennom fylket er plukka ut som satsingsområde -
eldgamle ferdslevegar som vart nytta til transport av husdyr frå Vestlandet til
Austlandet fram til ca. 1900. Kor gamal driftehandelen er veit ein ikkje, men
han går langt attende i tid. Målet med prosjektet er å få fram den spanande
historia kring driftehandelen og å gjera ferdslevegane kjende, freistande og
lett tilgjengeleg for folk flest. Prosjektet vert avslutta i 2002 frå
Kulturavdelinga si side.
For at prosjektet skal verta vellukka er det naudsynt at kommunar,
grunneigarar, frivillige lag og organisasjonar lokalt, tek tak i prosjektet og
gjer ein innsats i eige område. Med gjennomgåande og trygg drifteveg gjennom
fylket, utstyrt med informasjonstavler og marknadsført med til dømes brosjyre,
turkart og eins logo, kan dette verta eit bidrag til næringsutvikling i kommunane
og fine naturopplevingar for lokalbefolkninga.

Kva var bakgrunnen for ei så
storstila verksemd over mange hundre år?
Det lønte seg for austlandsbonden å få fe og hestar over fjellet frå
Vestlandet framfor å ala opp sjølve. Milde, korte vintrar, rikeleg med nedbør
og rikare grasvekst, gjorde at vestlandsbygdene kunne halde ei større femengde
om vinteren enn austlandsbygdene. Austpå hadde dei ofte lite vinterfor. Dei
gode og store beiteområda på Vestlandet gjorde det mogeleg å opparbeide eit
overskot av fe. Fjellbeita mellom vest
og aust, gjorde den lange transporten av dyra mogeleg. På fjellbeita kunne
driftene beita fritt heile sommaren.
På Austlandet var det stor etterspurnad etter hestar til skogsdrifta,
mjølkekyr til storgardane og store mengder slaktefe. Bergverksdrift og vekst i
byane i det 17. hundreår skapte stor trong for trekkdyr og kjøt, og
driftehandelen var godt utbreidt allereie då. Truleg
er den langt eldre, men omfanget svinga i takt med etterspurnaden.
Målet
var, på enklast mogeleg vis, å komma til dei gode sommarbeita i høgfjellet, for
seinare å omsetta dyra austpå.
Nokre forskare meiner at driftehandelen går attende til mellomalderen, mens andre
trur handelsforma kan ha røter heilt
tilbake i vikingtida.
Hovuddriftevegar gjennom
fylket.
Frå Nordfjord, tok turen til sommarbeita i austfjella fire - fem veker.
Det kan sjå ut som om det var tre hovudtraséar gjennom Sogn og
Fjordane.
Den vestlegaste driftevegen starta på Sunnmøre. Frå Vanylven på
Sunnmøre (mellom anna Åheim og Steinsvik), dreiv dei dyra til Kjølsdalen,
Stårheim og Nordfjordeid, via Lote med båt til Anda, vidare til Sandane og
Byrkjelo. Frå Byrkjelo gjekk dei Våtedalen til Klakegg og Kjøsnes. Der bar det
over Kjøsnesfjorden og vidare over fjellet til Haukedalen; deretter ny
fjellovergang til Mjell i Viksdalen. I Mjellslia kunne dyra kvile seg ut før
dei tok til på langturen over Gaularfjellet og ned Sværeskaret til Sværen i
Sogn.

Kart over Sogn og Fjordane. Den kraftige lina syner om lag kvar driftevegane
gjekk. Det er karakteristisk at vegane delte seg når driftene var komen sør for
Sognefjorden. Då var det ikkje lengre snakk om ei rein
transportetappe med dyra. Då nærma dei seg sommarbeita og driftene spreidde seg
ut over fjellområda. Nord for Nordfjord var det mange vegar som førte til
Nordfjordeid. Tettstaden
fungerte som ein trakt inn mot ferjestaden på Lote. Langs
hovudtraséane var det fleire tilførslevegar som ikkje er teikna inn på kartet.
Det vert fortalt at dyr heilt frå Naustdal og Eikefjord i Flora slutta seg til
driftene på fjellovergangen mellom Haukedalen i Førde og Mjell i Gaular.
Frå Sværen måtte dei i båt att, anten til Vik, Aurland, Flåm eller
Lærdal. Gjennom heile fylket var det tilførslevegar til hovudtraséane.
Fehandlarar som hadde samla dyr andre stader i fylket slutta seg til fylgjet etter
kvart. Nye dyr kom til og andre vart seld unna.
Dyr frå Sunnmøre og Nordfjord vart også driven rett austover gjennom
Stryn i retning Gudbrandsdalen.
Tredje hovudtrasé gjekk over Jostedalsbreen. Dette var truleg den mest
krevjande ruta og det var dei mest røynde karane som tok ut her. Ved Greidung i Stryn var
det ein stad der dei kunne få dyra opp på breen. Dei gjekk helst om natta. Då
bar snøen betre. Vel 10 timar måtte dei rekne på turen
opp Erdalsbreen og ned att Lodalsbreen til Fåbergstølen i Jostedalen. Dei heldt
ikkje nokon ”latmannsfart” desse karane. Fehandlar Andreas Berdal frå Feios
skal ha sagt at ei dags ferd med drifta var ca. 5 mil.
Nokre
fylgde Jostedalen til Marifjøra og tok båt over fjorden til Kroken eller
Lærdal. Andre la vegen til Skjolden og Fortun.
Når
dei nådde Sognefjorden tok dei altså ulike vegval. Kva veg dei valde å ta var grunna ut i frå fleire omsyn. Ver og føre var
sjølvsagt med å
bestemma, men og slektskap, vennskap og kjennskap til områda.
Det var helst yngre bondesøner som dreiv denne handelen, slike som
ikkje kunne venta å få garden. Det var rekna som skam å vera heimføding. I Telemark
skulle alle sønene ut ein tur, også odelsgutane. Driftekarane var ofte ungdomar då dei starta opp. Dei var fyrst
gjetargutar ein sommar eller to saman med eldre karar oppe i fjellet for å
lærast opp. Seinare fekk dei vera med på alle delar av driftehandelen.
Dei kom seg mykje rundt, og fekk opplevde spanande dagar. Dei fekk vita nytt
som dei bar med seg kringom på gardane dei vitja. Dei lærde mykje og vart
gjennom driftehandelen kulturberarar i si tid. Alle passte sjølvsagt ikkje like
godt til å vera driftehandlar. Somme prøvde seg gjerne nokre år og fann ut at
dette livet var for hardt. Alle var ikkje like flinke forretningsmenn og gav
seg av økonomiske årsaker Andre var som skapt for yrkje og heldt på til helsa
svikta i alderdomen. Mange vart velstandsfolk.
Driftehandel og skreppehandel hang i hop. Om vinteren dreiv karane
rundt i fylket med skreppa si. Samstundes gjorde dei avtalar om seinare kjøp av
dyr til driftene. Skreppekarane på våre kantar kom difor som regel frå bygdene
som grensa mot Hardangervidda; Voss, Sogn, Hardanger, Hallingdal, Telemark og
Numedal. Skreppekarane si lærskreppe vart kalla for ”en numedøl”, noko som
seier mykje om omfanget der. På
slutten av 1800-talet drog
80-90 unge karar berre frå Uvdal på skreppehandel. Det var ei tid at mest kvar einaste karmannskryp
dreiv med handel, skriv Knut Lie
frå Aurland.
Skreppehandel var vanleg allereie i mellomalderen. Det veit me med
visse då Kong Håkon Håkonsson i 1200-åra sette strengt forbod mot omflakkande
handelsfolk. I ei kongeleg forordning heiter det: Alle vil fare i kjøpferd, så landet ødes… .
Det blir snart ikke arbeidsfolk igjen i bygdene. (Frå Fønnebø:
Nordmannsslepa).
I
skreppa hadde dei med seg tøy, lerret, plagg av ymse slag, halsklutar, knappar,
silkeklutar, band, finare garn, sylvsaker, tråd, kammar, sakser og andre
småvarer. Skreppa kunne vega meir enn 60 kilo. Sumt var laga heime, elles
kjøpte dei inn på
Lærdalsøyri og i Bergen. Dei gjekk gjerne rutene sine to, tre gonger om året.
«Då eg fór nordover fyrste gongen og skulde ta til med
skreppehandel, fekk eg låne ein dalar av mor», sa Sjugurd Lauverud, som handla
mest på Vestlandet, «og då eg slutta, hadde eg lagt meg upp 5-600 dalar.(Etter Knut Lie frå Aurland)
Det hende ofte at drifte- og skreppekarane slo
seg ned i dei deler av landet der dei fór, anten som handelsmann, fiskar eller
bonde. Fleire av dei fyrste som utvandra frå Numedal til Amerika hadde bakgrunn
som skreppe- og driftekarar. Av dei som vart buande heime var det fleire som
kjøpte seg gard.

Fagmannen.
Storleiken på fortenesta synte kor flink hestehandlar ein var. Det var
mykje å ta omsyn til, kor gamal var hesten, var han tindleskyr eller godlynt. Ein god heste-handlar måtte kunna vurdera kring 30 tilhøve ved ein hest.
Dei såg det på augo om ein hest var snill eller vill.
Driftekarane ville helst kjøpa hestane utan sko, men sko skulle følgje
med, så skodde dei hestane når dei kom til fjells. På vegen opp frå Stryn var
det fleire stygge sva, der hestane kunne gli. Her plukka dei alltid skorne av,
for så å setja dei på att når dei var vel oppe på fjellet. ”På Vestlandet var
hestane ute frå havkanten oftast uten sko; men lenger inne i fjorden, der
hestane gikk i skogsarbeid om vinteren, ofte på hardt føre, var det nødvendig å
ha sko.” (Fridtjov Isachsen)
Ei ku vart mælt og handfari
på alle kantar og endar. Storleiken vart mælt med eit stolpeband, og ein god
fekar kunne seia kor mykje ei ku kom til å vega når ho var så og så mange
"stolpar over alnene". Og så måtte han sjå beinbygnaden, kjenna på
"mjølkemerki" og juret, ha greie på alder, kor mange kalvar ho hadde
bore, om ho var "tidd" (hadde teke kalv) og kva tid ho skulle bera.
Gav ikkje seljaren rette opplysningar om dette, kunne det koma attende på han
sjølv. Oskar Nesse)
Nokre av dei mest røynde hestehandlarane meinte
at dei ikkje hadde trong for noko målband for å veta kva hesten stod for.
Hestehandlaren Lars Laum på Nannestad sa det slik, då ein ville måle hesten: Du ser nå vel hå stor den er?( Årbok for
Nordfjord 1997: Driftehandlar Rasmus Hole. Av Torleiv Rimstad.)
Velfylt
hestehandlarpung.
Det var ikkje så lite av eit
lotteri å vera handelskar. Han hadde ikkje få utlegg: Fyrst innkjøp, så utlegg
til frakter, jagarar, leige av hamn kanskje, gjetarar, og så måtte han bera
risikoen, "obørgsla" som dei sa. Det hende
nok at han miste eitt eller fleire dyr, og det vart reint tap før det vart høve
til å assurera dyri, men det vart det ikkje før i den seinaste tidi (Oskar
Nesse).
Rovdyr kunne sjølvsagt òg vera ein trussel for driftene som for
buskapen på gardane. Det var lite ulv på Vestlandet på 1600-talet, men i fyrste
helvta på 1700-talet auka talet på ulv monaleg. Dette verka inn på driftene med
omsyn til kva dyr dei hadde med seg. På Vestlandet vart det truleg omsett mindre småfe, mens talet
på storfe auka.
Ei tid etter jul gjekk oppkjøparane frå gard til gard i bygdene i
Nordfjord og kjøpte dyr. Seljaren skulle levera når kjøparen sanka fyrst i
juni. Driftehandlaren
betalte "handpengar" for dyra. Resten vart som regel
betalt når dyra vart leverte. Kjøpekontrakt er ikkje nemnd, handpengane og
kjøpskålen var kjøpekontrakt god nok i dei tider.
I dei ytre Sunnmørsbygdene, var det ikkje vaksne mannfolk heime på
gardane på den tid av året, dei var ute på fiske. Det var difor konene som
måtte stå for hestesalet. Men dei hadde god greie på hest, og visste kva dei skulle
forlanga.
Når det så leid til
sanketid, fekk seljaren bod om stad og tid han skulle møta med dyra, då vanka
det fullt oppgjer med frådrag av handpengane, og gjerne ein dram som kjøpskål.
Dei var ikkje gode å lura desse handelskarane, så eg høyrde ikkje nokon prøvde
seg med det. ( Frå Oskar Nesse)
Det er fortalt ei historie om Eilev-Knut (Knut Eilevson
Veum, 1833 – 1915), ein
driftekar frå Aurland. Eit år han var på handel i Sunnfjord var
prisane låge og det var mykje dyr å få kjøpa. Men karen slapp opp for pengar.
Han hadde uteståande pengar i Hallingdal og då var det berre ein ting å gjera.
Han tok i veg over Gaularfjellet, kom ned i Vetlefjorden, fekk låna seg båt og
rodde til Fretheim i Flåm. Herifrå fór han over fjellet om Geisme og Brimtvora,
over Geiteryggen og ned til Strandavatn og vidare til Hol og Ål. Der fekk han inn
pengane han hadde til gode. Så fór han same vegen attende og heldt fram med
innkjøpa i Sunnfjord. (Cappelens turhåndbøker, 1994)
Når driftekarane var på ”sanken”, det vil seia
at dei skulle sanka dei dyra dei hadde tinga på seinvinteren, var det fram med
den velfylte hestehandlarpungen og gjera opp for seg etterkvart som
flokken vaks. På ferda sørover i fylket kom stadig fleire dyr til, og nokre
selde dei vel og, på dei marknadene dei passerte. Dei betalte alltid kontant, så det var ikkje
lite pengar dei bar på.


”På den
tidi var det lite pengar mellom folk og ofte vanskeleg å selja hestane. Stundom
fekk hestehandlaren litt av salssummen og resten vart betalt seinare. Det kunne
og henda at ein aldri fekk pengane. Då måtte far reisa attende og henta att
hestane,” fortel Konrad Valsvik om far sin, Anders O. Valsvik, ein ung
hestehandlar frå Arnafjord.
Fleire bønder austpå, i Hallingdal til dømes, stod ofte i gjeld til
vestlendingane. Det var ikkje uvanleg at dei fekk kreditt, til inntektene kom om hausten
og vinteren. Driftekarane måtte då ut på ”kravet” som dei kalla det. Dei skulle
rundt og henta uteståande.
Når dette var gjort og setleboka var fylt opp, var
det å fylla skreppa att og reisa på ny tingingsferd.
Ei historie fortel om Olav Avdal frå Årdal som var
ute på ”kravet” ein gong. Han hadde selt noko fe til ein slaktar i
Kristiania. Han kravde og kravde og venta oppgjer, men ingenting fekk han.
Avdalen drog då til slaktaren, og slaktaren tok vel mot han. Dei gjekk inn
gjennom tre dører, og for kvar dei gjekk gjennom, snudde slaktaren seg og låste
att. Han saug seg no på Avdalen og ville ta livet av han, men det skulle han
nok ikkje ha gjort, for han Olav la slaktaren i golvet, drog opp setleboka
hans og talde opp dei pengane han skulle ha. Ut att or dette «syndens hus»
sprang Avdalen gjennom dei låste dørene. (Frå Bygdebok for Årdal)
Maten.
Når somme driftekarar klarte å leggja seg opp pengar, kom det vel av at
dei levde eit enkelt liv. Her i fjellet kjende karane kokekunsten til
steinalderfolket. Var gryta reist med farande fantar, koka dei velling og
graut i vide lagga trekoppar. Dei vaska og varma opp småsteinar og kasta dei
opp i mjølrøra. Avkjølte vart dei oppattfiska og utskifte med nye oppvarma. Dei
kunne og kunsten å kinna smør utan kinne. Når
gjetarane eller drifteeigarane om morgonen skulle ut på dei lange fjellturane
sine, hadde dei rømme opp i lagga vætekollar med berereimar. Desse bar dei med
seg på ryggen heile dagen, og då dei om kvelden kom attende til steinbua, var
rømmen vorten til smør og saup.(Bygdabok for Årdal.)
Flatbrød, spekemat og flesk var og vanleg kost. I kløvkassar hadde dei
gjerne mjøl, salt, turrsild og salta og tørka kjøt. Som regel var det nokre kyr
i drifta som mjølka, og graut var vanleg kost. På sommarbeita hende det at dei
kokte seg mylsa og rjomegraut. Kunne dei fiske i eit fjellvatn
undervegs, spedde dei på med eit fiskemåltid no og då..
Om hest og fe hadde gode tider på sommarbeita,
var det nok ikkje slik for gjetarane og drifteeigarane. Å vera driftekar
kunne vera eit hardt liv på fleire måtar. Dei sette
ikkje store krav og overnatta der det høvde,
i steinbuer, under hellerar, i uthus og i høyløer. I sure netter var den turre skinnfellen deira
beste trøyst.
Det er skrive ned og fortalt soger der både
driftekarar og dyr fraus i hel undervegs. Kom uveret på hadde gjetarane ofte berre eit murhol å krypa inn i.
Hestane sette bakendane inn mot store steinar og
tuar, og kyr og stutar kraup saman der det fanst ein krok.
Klesdrakta til driftekarane skifte lite. Dei
gjekk i vadmålsdress, helst grå eller svart, ullundertrøye og skjorte, skinnhuve
og tesesko. Mot slutten av
driftehandelperioden gjekk fjellkarane over til beksaumsko, puttis, leggings og
vindjakke. Driftekarane vart godt herda og spræke karar. Men nordadriv i
fjellet, gjennomvåte klede, blåfrosne hender og føter og einaste ly under
skrentar og hellerar sette sine merke. Det fekk dei att for i alderdomen.
Nei, livet var ikkje enkelt for desse karane, men likevel kom dei att
år etter år for å handla. Det var nok og eit spanande
og fritt liv med mange fine naturopplevingar.
Røvarar.
Uver var ikkje det einaste driftekarane hadde å
kjempa med i fjella. Det var ikkje ufarleg med omsyn til røvarar heller. Bode
dyra og hestehandlarpungen må ha vore lokkande på enkelte og nokre gonger gjekk
det diverre heilt gale.
Å vera ute på «kravet» kunne vera livsfarlege turar for mange. Setlabøkene var
tjukke og ein stygg lokkemat for tjuvar og kjeltringar. Fehandlarane Olav
Avdal, Hermann Ve og Knut Lægreid frå Årdal fekk røyna dette i 1830-åra. Dei
kom ridande hit att mot Valdres, heim att frå «kravet». Då oppdaga kjempekaren
Olav Avdal at det rørde seg noko under bruladet dei skulle rida over. «Lat meg
få ri føre, karar, » sa han. Fram kom det farande tre fæle illgjerningsmenn.
Stakkars travalakane, dei visste nok ikkje at dei her gjekk mot ein av dei
beste kjempekarane Årdal har fostra. Etter ein blodig kamp tok to av skarvane
til rømings, og den tredje låg tilsynelatande livlaus att på vollen. Det skulle
vera uksepeisen til Avdalen som tok knekken på røvarane, og etter den turen
skulle uksepeisen aldri hanga still på stabbursvegen På resten vart dette så
nifst, at ei kone på Avdalsgarden kasta uksepeisen ut over eit høgt gjel.
(Bygdebok for Årdal)
Driftevegar gjennom Eid kommune.

Kartet syner mogelege driftevegar frå Sunnmøre inn mot og ut frå Nordfjordeid.
Kva veg driftekarane valde var grunna ut i frå fleire
omsyn. Ein faktor var vegbygginga. Etterkvart som det vart bygd nye vegar tok
driftekarane desse og dei gamle ferdslevegane vart valde
vekk. Samstundes er det frå slutten av driftehandelen at me har skriftleg
dokumentasjon på kva veg driftene tok. Difor er det fort at dei eldste vegane
vert gløymde.
Som nemnd var Nordfjordeid som ein trakt inn mot Roti. Fleire
tilførslevegar samla seg her då Rotiråsa var den vanlegaste vegen i retning sommarbeita
på høgfjellet mellom aust og vest.
Ein som reiste mykje i Eid både som skreppekar og driftehandlar var
Erik Fønstelien. Han var ein kjend
driftekar frå Uvdal i Nummedal rundt forrige århundreskifte. Han busette seg seinare i Måløy der han vart handelsmann. Me
veit mykje om dei turane han tok av di han skreiv dagbok. Onkelen hans budde på
Vambaset i Sandane, og difor vart dette som ein base for han.
Eit
driftelag frå Nordfjord våren 1898.
Her er eit utdrag frå dagboka hans om ein tur han
var med på i 1898:
Laget
blev dannet paa Vambeset i Paasken med Os og Sven Løvstuen, vi skulde være sammen. Lars Oslien, som ogsaa var i Nordfjord
blev tilbudt driverlag paa visse betingelser, blandt annet at han skulde ligge paa Hardangervidden hele sommeren........... .
.... Endelig kom Sven Løvstuen til
sanken. Jeg møtte ham paa bryggen i Sandane kl 6 om morgenen. Hans bror Stein
var ikke med. Broder Hans og jeg hadde da ligget paa Vambeset lavet os meiser
og gjort istand kløvgreierne vi skulde bruke paa turen.
Da Løvstuen kom blev det lit mere liv i os. Sanken av
driften blev bestemt, og vi skulde paa hver vor kant i
fjorden for at varsle bønderne om aa møte op med de kjøpte kuer. Jeg skulde
innover til Utvik, Indvik over til Blakset innover til Faleide og over til
Horninndal. Vi skulde møtes paa Storheim (Stårheim).
Jeg begynte turen innover fredag og kom til Storheim
tirsdag, havde brukt a
Sven Løfstuen og min bror bavde tilsakt alle i
Eidsfjorden. Om natten kom der folk fra Lefdal, de benyttet væstenvinden i
fjorden som bestandig blaaser om kvelden naar veiret er godt, det er
solgangsvind den kalles, utover formiddagen gaar vinden utover fjorden. Paa
Storheim blev sanket nogle og firti kuer og to hopper; disse var kjøpt paa
Isane, Davik, Dombesten, Lefdal, Erdal, Kjøllesdal og Storheim, hesterne var 1
kjøbt i Davik og en i Kjøllesdal.
Ved kl 1 var vi færdig til opbrud, vi leiet 2 smaagutter
med til at jage og drev innover til Haugen paa Naustdal, der stoppet vi, kjøpte
en ko og tok imot endel kjøpte (kuer) og et par hester. Vi havde meget stræv
med en kvige som vilde tilbake og jeg maatte springe omkap med den et par
ganger.
Saa kom soldatene fra Eid og lagde seg i skytterlinje
langs elven og de begynte at leke krig med fienden borti aasen ovenfor
Sorenskrivergaarden, der blev en skyting saa hester og kuer sprang vetskræmte
frem og tilbake i hagen.
Mot kvellen drev vi derfra innover igjennem Nordfjordeid
og op til gaarden Roti, der blev ophold om natten. Det var en travel tur jeg var
aldeles utkjørt da vi kom til Roti.
Om kvellen reiste broder op til Anders Kvien og kom ikke
igjen før næste dag, da vi var klar til at drive. Det var deiligt at faa lægge
sig den kvelden og Sven og jeg sov godt den natten, vi leiet voktere til
driften med natten.
Torsdag l6de Juni drev vi fra Roti opover lien, vi havde 3 leiede karer
med, det var travelt op i skaugen at faa alt med, vi svedet ordentlig og det
tok Os flere timer før vi kom op i Loteskaret.
Hvi hvilte Os en stund paa
sydsiden av fjellet, kogte kaffe, melket og fik Os lidt mat og da kl. var 4
Efm. drev vi videre nedover til Lothe, der rigget de ut med sine største
førselsbaater forat føre kuer og hester bort til Anda over fjorden. Disse
Lotskarer var vant med aa føre beist over fjorden, det var gammel driftevei,
naar baaten var lastet, satte 5-6 mand sig ved aarene og paa 3/4 time var
baaten over med sin farm og baatene gjorde flere turer.
I 1900 fortel Fønstelien om ein ”lang spasertur” han hadde under
”sanken” i Nordfjord. Han fekk ruten i Ytre Nordfjord denne gongen. Frå
Hjelmeset i Gloppen fekk han skyss til Kviteneset, vidare til Hestenesøren,
Hundvik, Torheimnes og Isane. Frå Isane gjekk han utover langs stranden til
Dombestein og vidare til Davik og Endal. Der fekk han båtskyss til Midthjell og
gjekk til Lefdalshjellen der han hadde si andre overnatting. Neste dag
fortsette han til Bryggja. Der tok han alle hestane og kyrne han hadde samla på
turen med dampbåten til Sandane for som han skriv: ... for at spare den slitsomme drivingen over Lotheskaret og innover Anda
til Sandane. På denne turen utover fjorden var jeg da innom paa alle gaarde
hvor vi tidligere paa vinteren havde kjøpt kreaturer. Vi kjøpte kreaturer hele
Fjorden fra Vadmelsvik (Vemolsvik) og indover til Olden-Loen. Det var enkelte
gaarde hvor vi ikke maatte kjøpe, for kuer fra disse
gaarde var mere utsatt for sykdom, Rausot. Vi havde navnene paa disse notert
efter opplysninger fra gamle driftebønder i Numedal.
Ein annan kjend driftekar var Rasmus Hole frå Bryggja, l839 –1925. Notisbøkene hans frå 1896 til 1904 gjev oss verdfull informasjon om
driftehandelen. Han dreiv med handel i ein mykje større periode enn dette, ja,
frå før 1870 og fram til 1914.
Han dreiv med hestehandel og skreppehandel over store delar av
Sør-Norge. Rasmus kjøpte opp hest over
heile Nordfjord og frå Sunnmøre.

Rasmus
var på farten mesteparten av året så det fall mykje ansvar på kona Karianne f.
Ødegård frå Berle. Dei hadde åtte born. Driftene austover og til Trondheim tok
vekevis. Store delar av området var høgfjellutmark. Det skulle nøyaktig
planlegging til for at drifta var gjennomførleg. Det var husmora som hadde
ansvaret for at mann og bom hadde tenlege kle, vadmelskle og ullkle laga av
råstoff frå eigne dyr. Mannen hadde ansvaret for skorne. Overleret var garva av
eigne dyr. Sålelæret kjøpte dei. Mange laga sine eigne skor. Karianne Hole
hadde altså ansvaret for utrustning til sine eigne og til dei unggutane som var
leigde til å vere med i drifta.
Hestane på 1800-talet var
mindre enn i dag. Hole har skrive lite om storleiken. Han skriv at ei toårs
merr var fire stolpar (=133,5 cm) mankehøgde. Kor stor femårs «Storehesten»
var, veit me ikkje, men han kjøpte han i Ålfoten for kr 250 og selde han på
Dovre, for kr 330, i år 1900.
Det kunne oppstå pussige situasjonar, fortel
Torleif Rimstad. Far handla ikkje med
andre enn sine eigne hestar. Det var ein hest på garden. Dei fleste var der i
årevis, så det vart sjeldan byte. Ein gong hadde han vore uheldig og fått ein
krubbebitar. Treverket vart fort oppete og han hadde laga til krubbe av
steinheller. Reiel kom på besøk. Han dreiv litt med hestehandel, og var klar
over situasjonen. Då vi kom inn i stallen, sa Reiel: «Du har solid krubbe, ser
eg.»
Ragnvald Humborstad fortel at prisane på krubbebitarane var nokså greie.
Dei skulle seljast for halvparten av det dei elles vart takserte til etter
alder og andre kvalitetar.
Ein av driftene Rasmus Hole var med på, i ca.
1890, skriv Rimstad slik om:
Eg har sikre opplysningar om at desse hestekarane var med i drifta: Ola
Solibakk (bror til bestemor mi), Berge Humborstad, Sivert Bugjerd og Johan
Tømmerstøl (frå Kjølsdal) og så Martin Kopparnes og Hans Almklov frå Sunnmøre.
Men eg veit ikkje om det var ein eller fleire av desse som var med på kvar
drift. Sannsynlegvis fordelte dei seg på fleire år.
Drifta starta på Maurstad. Dit kom dei med hestane frå sørsida av ytre
Nordfjord med båt. Frå Selje kom dei over Berstadeidet og til Rimstaddalen og
frå Sunnmøre over Maurstadeidet.
Del gjekk opp med Naveosen over Dua og til Kjølsdal og dei gamle
ferdselsvegane langs nordsida av Nordfjord....... .
......Då del kom til Oppstryn, måtte
dei ta eit vegval. Dei kunne ta opp Hjelledalen til Videseter, Tystigen og
austover der. Eller dei kunne ta opp Sunndalen, gjennom Romsdalen eller frå
Greidung i Erdalen og over Jostedalsbreen til Ottadalen. Dette var den stuttaste vegen, men del var også avhengig av at det var
framkomeleg over breen. Som den dyktige hestekar Holen var, hadde han nok
orientert seg om det........ .
..... Det er sikre utsegner om at Holen
reiste med hestedrift frå Greidung og over til Fåbergstøylen til Jostedal og
vidare til Lærdalsmarken, men eg har ikkje treft nokon som kunne gi detaljar
om turen til Lærdal. (Lærdalsmarken var 14. juni)........
.
......Matias Hole f. 12.11.1879 var
med far sin austover 14 år gammal, altså i 1894. Når du var 14 år, var du
rekna som vaksen, og det vart stilt krav til innsats deretter. Og enda
viktigare, dei sjølve ville vere vaksne. For eigen del kan eg seie at eg aldri
seinare har kjent meg så vaksen som då.
Det var truleg at Matias måtte mase ein del med mor Karianne før han fekk
lov å vere med på ein så slitsam tur som dette var.......
. ........ I 1894 veit vi at ruta gjekk opp Hjelledalen,
Videseter og Tystigen. Dette var året før Strynefjellsvegen vart opna.
Matias vart med til Otta. Der vende han og gjekk
heile vegen heim att til Hole. Etter Norsk vegbok er det 275 kilometer. Det er
vel truleg at vegen hans var noko stuttare, for dei gamle rekslevegane tok like
over fjella. Men det var nok ein sliten kar som syntest at det var godt å kome
heim att til ho mor.
Vi synest at det vart stilt urimelege krav til desse unggutane. Men livet
var slik, og grunnen til at dei var med denne delen av drifta, synest å vere
klar. Hestane måtte få tid til å beite på turen. Rolege og sikre dyr kunne dei
berre sleppe i terrenget i utmarka og kople dei inn att i drifta når dei skulle
vidare. Men det har aldri vore berre rolege hestar. Nokre av dei var
”takskjerre”, som dei sa. Dei som dei kjende seg usikre på, måtte dei sikre på
andre måtar. Dei batt saman framføtene deira (hopphelle), eller dei rett og slett
måtte halde i taumen medan beitinga stod på..........
.
Frå Otta kunne du ta vegen nedover Gudbrandsdalen eller nordover mot
Trøndelag. Dette vegvalet var sjølvsagt gjort før drifta starta. I 1900 gjekk
drifta mot Austlandet. Det veit vi at Tobias Solberg, Tretten i Gudbrandsdalen,
kjøpte to hestar. Det var Årøhesten (frå Vanylven på Sunnmøre) og
Kråkeneshesten (frå Vågsøy i ytre Nordfjord). Den første var kjøpt for 320
kroner; den siste for 360 kroner. Tobias betalte 760 kroner for begge. Holen tente
altså 80 kroner på desse to hestane. Dette var god
forteneste. I år 1900 selde han 18 hestar og han tente
gjennomsnittleg 17 kroner og 22 øre pr. hest.
Når dei kom til Lillehammer, gjekk dei Totensida av
Mjøsa. I Biristranda fekk dei klunder med nokre fulle karar som køyrde att og
fram gjennom drifta. Berge Homborstad og Sivert Bugjerde ropte til Holen: «Kva
skal vi gjere med desse galningane?» Han svara: «Slå dei i hel! Det gjorde dei
ikkje, men den kjempesterke Berge slo kloa i karane og kasta dei nedover
vegskråningen........... .
........Krøter- og hestehandlarar har fått ord på seg for å ha ei fuktig
livsførsle. Det er nok ei myte. Den som skulle drive
dette, måtte ha vurderingsevna i orden. Det nytta ikkje å setje vett og
forstand ut av funksjon. Alle krøterhandlarar eg kjenner er nøkterne folk, og
for dei to som eg har fått grundigare opplysningar om, Rasmus Hole og Ragnvald
Humborstad, veit eg at det er tilfelle. Den siste har vore avhaldsmann all sin
dag. (Årbok for Nordfjord 1997: Driftehandlar Rasmus Hole. Av Torleiv
Rimstad, s.160-174.)
I driftekarene sine fotspor
frå Duestøylen i Åheimsdalen på Sunnmøre, via Kjølsdalen til Stårheim og
Nordfjordeid.
Eg ville sjå korleis vegane låg i dag der driftekarane drog med dyra
sine før i tida. Det virka fornuftig å starta opp
lengst nord i fylket vårt. Eg tok nokre telefonar og fekk ei avtale på Eid.
Måndag 24.09.01 kl. 13.30 gjekk eg frå garden Duestøylen på Sunnmøre i
eit strålande og varmt haustver. Med på turen var Rønnaug Leite,
Sonen til Amund og Jofrid, Johan, driv no garden som ligg om lag 180 m
over havet i dalføret som går frå Åheim og austover, forbi dei store
olivinforekomstane, mot Almklovsetra. Garden var stasjon for byte av hest,
fortel Amund. Oftast hadde dei med seg 2-3 dyr. Han fortel at ein hest for 60
år sidan kosta 600 kroner. Skulle dei byte han i ein yngre måtte dei
betala om lag 150 kroner i mellomlegg.




Ikkje langt frå Brautane og berre ca. 50 m frå driftevegen syner Amund
oss ei godt bevart jakthytte som er uråd å sjå, dersom ein ikkje veit om ho.
Jakthytta ligg på nordvestsida av myra om lag rett aust for Frendesteinen.
Steinen har namnet sitt
etter ei ung jente, Maria Frende, som søkte ly for veret under steinen. Ho
fraus i hel under steinen. Dei fann ho der då uveret hadde lagd seg. I
bakgrunnen ser me Åheimsdalen med dei store Olivin-brudda.
Amund fortalde at på myra aust for jakthytta grov dei fleire dyregraver
og hadde kvist over. Den siste grava dei grov, vart for grunn og dermed for
bjørnen ut or grava att.
I 1890 såg dei bjørn i Stårheimsdalen. Ein gut på 9 år skulle over
fjellet frå Stårheim til far sin i Almklovdalen med mat. På vegen såg han at
bjørnen nyss hadde vore der. Ein sau låg halvveges nedgreven, men beina stakk
opp. Guten fekk fart på seg, men såg heldigvis ikkje noko til bjørnen. Han kom
seg vel over fjellet den lange vegen til far sin.
Siste bjørnen som blei skoten på fjellet her, var i Dueskaret, meiner
Amund. Det var han Krokemattis som vart hovudpersonen. Jaktlaget trudde bjørnen
var daud etter skotet dei gav han. Krokemattis gjekk bort til bjørnen, men då
beit han seg fast i låret til Krokemattis. Samstundes anda bjørnen ut. Det
seiest at dei måtte fram med brekkjarn for å opne kjeften på bjørnen og løysa
Krokemattis frå bjørnekjeften. Stien fram mot Dueskaret er lett å fylgje og er
merka med steinvarder som Kjølsdalen 4H har sett opp. Amund følgjer oss eit
stykke oppover og fortel om gode fiskevatn.
Me passerar Fossevatnet og Småvardane og går inn Dueskaret, rett under
fjellet Dua.
No har bygdefolket på kvar side av fjellet teke opp att den gamle
årvisse tradisjonen med Duestemnet. Kjølsdalen Ungdomslag og innbyggjarane på
Åheim har annankvart år ansvar for å skipa til stemnet på Dua første helga i
august. Då vert det ”Duesongen”, kaffikoking, tautrekking m.m.
Fleire kjenner difor historia om skatten som skal vera nedgraven der på
Dua.
I ”Gamle minder og soger ”, boka til Peder O. Kjøllesdal står det: Paa Duva seier soga at der uppe ved
Duvevatnet er nedgraven ein konge og han fik med seg Norges skat i 7 års tid
til gravfylgje. Den Kongen som soga seie
ligg der, slokna der uppe da kongen fraa Møre og kongen fraa Nordfjord heldt
slag deruppe.
Mange har sidan leita etter skatten. Ståle fortel at nokre unggutar ein
gong tok med seg dynamitt og ville sprengje for å finna han. Som alle andre,
mislukkast dei. Ei anna soge fortel om ein mann som ein gong fann skatten. Då
fekk han plutseleg bod om at garden heime brann, og han skunda seg ned frå
fjellet. Garden sto der like heil. Då bonden kom opp på fjellet att for å henta skatten, var han sjølvsagt borte.
Me var ved Duevatnet om lag kl. 17.30 og sette oss i ein hyttevegg og
åt resten av nista vår. Her i frå fekk me eit prektig utsyn over øvste
Kjølsdalen og fjellrekkja Navestøylseggjene, Mannen, Hjelleskarnakken,
Kvanndalseggja, Ljådalseggja, Høgegga, Foten, Blåfjellet, Tinden og
Sollikollen. I ”Gamle minder og
soger ” kan me lesa: I gamle dagar slog Kjølsdalingane høi uppe i Dueeggen og Navestøleggen,
bar høiet ned paa setrane for so få køire det heim paa vinterføre. I
Navestøleggen er ein stad som heiter Næpejære.
Vonleg hev der i gamle dagar vore næpe-aakra.
I Ljaadalen aust for
Navestøylen var i gamle dagar ein Ljaasmed boande, vonleg brende han det kol
han trong, likeso utvann han vonleg sjølv det jarn han trong til ljaaene. Ved
Ljådalsvatnet inst i Kjølsdalsbotnen kan me sjå rester etter hustufter.
Frå utsiktspunktet vårt i hytteveggen såg me ein av vegane driftekarane
truleg tok opp i frå Kjølsdalen via Lidahalsen og Rindane. Me anar sadelen
mellom Ljådalsfjellet og Høgegga der dei tok seg fram langs nordsida av
Langedalsvatnet og derifrå ned til Ytre Fannstøylen. Dei kan og
ha teke vegen om Myrsetra, Melkarhaugen , Blåfjellskaret og rett ned lia til
Ytre Fannstøylen.
Amund Duestøylen nemnde at i 1930-åra hugsa han store drifter på
fjellvegen mellom Kjølsdalen og Stårheimsdalen. Fjellvegen vart dessutan mykje
nytta under siste krigen då dei ikkje ynska tyskarane si merksemd.
Amund fortalde ei historie om tippoldefaren som ville kjøpa seg garden
Berget i Stårheimsdalen. Han gjekk i lag med to andre, på rad og rekke. På
vegen trefte dei på ein røvar som slo ned den fyrste av dei. Jacob som gjekk i
midten tok røvaren om livet og klemte til så ryggen brakk og ”er han ikkje vekk teken så finn de han der
enno” sa Hans i Kråen , f. 1830, når han skulle
fortelja om denne hendinga.

Anders og Olav Lefdal frå Eid dreiv mykje med hestehandel etter 1900. Det gjorde også Humborstad-slekta frå Kjølsdalen.

Vidare frå øvste Kjølsdalen til Stårheimsdalen hadde eg triveleg lag
med Anne Marit Starheim. Vegen opp Lidahalsen og Rindane var tung og skodda
hang tungt over dalen.


Mykje kan tyda på at driftene gjekk opp ved Mystølen og Myrane og fór
vidare over Blåfjellet ved Storevassætra til Fannstøylen, i staden for å gå opp
Rindane som me gjorde. Vegen om Blåfjellet vart sett på som ein av dei verste
stadane på heile turen, då det var så ulendt.
Ein stad over Fannstøylane, nedom Blåfjellet ved Kvanndalsegga, heiter
det Villebotnen. Ein gong såg ein kar ein bjørn som jaga sauen utfor stupet,
men berre dei sauene som hadde sterke bjøller. Amund Duestøylen hadde ei
forklaring på dette: Bjørnen tok alltid
dei med sterke bjøller. Bjørnen likte ikkje sterke skramlelyder.
På Fannstøylen slo bjørnen
ein gong ned taket på fjøset og drap ei kvige. Ein anna gong slo han inn ei
dør, men då tok han ikkje liv. Beste måten å skremma bjørnen på var å ta ein
neverkrull på ein lang staur, og så tenne på. Då tok han beina fatt.
Ved Ytre Fannstøylen var det
trim


Driftevegen frå Roti til
Lote.
Driftene frå Sunnmøre gjorde
ein stogg i Nordfjordeid. Der samla dei opp fe både frå Eid, Hornindal og
Stryn. Frå Roti gjekk hovuddriftevegen vidare over til Lote gjennom Ytre
Lotsskaret. Det var sjeldan at dei tok vegen rett austover langs Honndalsvatnet
eller på nordsida av fjorden. Berge Humborstad og brørne Anders og Simon Lefdal
var av dei som likevel gjorde dette. Om vinteren reiste dei kring på bygdene og
kjøpte opp hestar. Når sommaren kom, vart desse samla i store drifter. Driftene
gjekk gjennom Stryn og vidare over Strynefjellet. Dei selde hestane sine på den
såkalla "Purkeskinnmarknaden” som vart halden ved jonsoktider anten i Lom
eller Vågå.
Seinare starta karar som Olav Lefdal, Rasmus
Vedvik og Alf og Ragnvald Humborstad med hestehandel. Frå nyare tid er Anders
Lefdal ein kjend hestehandlar i Nordfjord.
Hestehandel var viktig for Nordfjord som hadde
overskot av hest. Nordfjordbygdene leverte år om
annet 600 stk. storfe til driving sydover (1860-1890). I tillegg kommer et
mindre tall hester. Feet var bestemt for Hallingdal, Nummedal og Valdres. I
tillegg ble det drevet fe og hester over til Gudbrandsdalen frå Stryn, skriv
Fridtjov Isachsen i ”Fra Hallingdal til Nordfjord i driftekarenes fotefar”.
Dei fleste driftene fylgde likevel hovuddriftevegen mot Gloppen,
spesielt drifter med kyr og sau. Dei skulle til gode sommarbeite i fjella, over
mot Austlandet, for å feita seg opp. Det same var
ikkje tilfelle for hestedriftene. Hest nytta ein som arbeidskraft om vinteren
og dei vart difor ikkje sveltefora i same grad som andre husdyr. Hestane var
difor i relativt ra form etter vinteren og kunne lettare omsetjast direkte.
Vegen mot Ytre Lotskaret.
Driftene skal ha teke opp frå Roti. Det var ikkje lett å finna stien i starten,
men vel oppe på ryggen var stien tydeleg og god. Lettare er det å ta opp frå
Bjørlo. Der har ungdomsskuleelevar merka stien, men driftene gjekk truleg ikkje
om Bjørlo.
Stien frå Bjørlo og Roti
møtest ved Bjørlovatnet. Kjem ein over Ytre Lotskaret finn ein skilt langs
stien, som her til Blokkebærbakken. Stien er lett å fylgje og passerar
Navestøylen med murar etter eit stort stølshus. Ikkje langt her i frå har
Anders Lote funne gamle tufter som han trur må vera etter særs gamal
busetjing. Vegen frå Roti til Lote tek opp omlag ved tunnelinnslaget. Eg fann
ikkje rette inngangen då eg var på synfaring der. Etter Navestøylen er det
fleire gode stiar. Ein av dei var teikna
inn på kartet.
Problemet var å finna den rette. Eg kom ned ved Årskogen.


Tre stader måtte driftene i båt. Det var ved Lote, ved Kjøsnes på Skei og ved
Sværen ved Sognefjorden.
I ”Soga om Lothe” i Bygdabok
for Nordfjord fortel
Anders A. Lothe:
Dei
hadde skjussplikt i heile Nordbygdi. Til skjussgrendi høyrde 16 bruk. Det må ha
vore desse: - Årskog 2, Lothe 8, Lotsberg 5 og Ytre Åse 1 bruk. Men
skjussplikti var utoleleg tung, tykte dei,og i
1725 sende dei klage til stiftsbefalingsmannen og bad um at Hyen måtte leggjast
inn att under Lothe skjuss-skafferi, so som Hyen fyrr hadde gjort. Det gjekk
stiftamtmannen med på, og Hyebøndene måtte no anten vera med å skjussa eller
betala «vedbørleg».
Kor lenge denne skjussplikti stod ved lag, veit eg
ikkje, og då var det so då eg voks upp, at ein kjende det som ei plikt å hjelpa
framandfolk, so dei kom seg av garde og slapp å stå landtrolla, og skjuss vart
det alltid ei råd med, so sant fjorden var farande. For smågutane kom desse
skjusspengane sakte vel med.
I 1858 tok fylkesbåtane til å gå; men so sjeldan som dei
gjekk, verka det lite og inkje på ferdsla yver fjellet. Etter kvart vart det
fleire rutor, men båtane gjekk inn i alle krokar (i Ålfoten og Hyen), so vegen
inn fjorden vart lang; folk valde då gjerne heller å taka snarvegen gjenom
Lotsskaret enn å fylgja dampbåten. Men etter kvart det vart sett inn fleire
båtar. Med snøggare rutor minka ferdsla etter kvart. Og kring
hundrad-årsskiftet var det berre eit hend det kom ferdafolk over fjellet.
I dei tider eg voks upp gjekk umlag all ferdsla gjenom
Lotsskaret (Ytre skaret); sjeldan gjenom Indre skaret, og inn i Haneholmen.
Drifte-ferdsla heldt seg stort set lenger enn folkeferdsla.
Det var serleg numedøler som kom med krøterdrifter. Um
vintrane for dei kring i bygdom som skreppekarar og selde ty-varor og anna, og
um vårane, i vårknipa, for dei kring på Sunnmøre og i Nordfjord, - frå Selje og
innyver, og
kjøpte upp øykjer, kyr, sauer og ,geiter, og med jonsoke tider, når Lotsskaret
var farande, kom dei store krøterdriftene, - hestednfter, kyradrifter,
sauedrifter, geitedrifter (minst av dei siste), kvar drift gjerne på eit
hundrad livande eller meir. Det kom mange drifter kvar einaste vår.
Det var vel ei glede på oss bornom når me såg driftene
koma. Me såg dei alltid fyrst upp i Bakkom utan i Navestøylen. So kom dei ned den
gamle smalevegen: - Ned Skaret, ned yver Einsteinflatene, ned Geitavegen, fram
Årskogsanden og fram i Geilane. Her var samlingsstaden og kvilestaden for
driftene, - for Lotskrøteri og.
Geilane var den vide trikanten utan i Teina og
Teineledet. Her budde ein plassemann, Geilane. Han hadde stove og lade, eit
romslegt tun og ei kvie. Men likevel var her rømd nok, det same kor store
driftene var. Og her var lettvint å gjæta dei; det var berre tvo stader krøteri
kunde stikka seg vekk: - ut yver Sabruna og upp utan i Uppigards-ytstehagen.
Driften var ikkje fyrr komne fram i Geilane fyrr me
borni var komne ut åt Teineledet. Var det kyr, sauer eller geiter, ja då var
det ikkje så fårlegt; då var det berre å gå ut i Geilane og sjå på alle desse
framande krøteri. Hestedriftene og var sakte fine; men hestane var me rædde. Då
torde me ikkje gå ut um Teineledet uten me hadde vaksne med oss. Mest moro
tykte me det var med kyradriftene. Me kunde gå der og sjå på alle desse pene og
kjekke kyrne og klappa dei og snakka med dei. Og so mjølka me dei og heldt
gjestebod med søtmjølk og hadde det so grumt.
På timen driftene var komne, samlast ein mann frå kvart
bruk seg, 10
mann, - ved kyrkjebåtsnaustet, fekk ut storekyrkjebåten, og so tok førsla til.
Dei førde krøteri yver fjorden burt på Anda bøen straks innan i Andatongen. Her
var samlingsstaden burtan i fjorden. Her låg driftene og venta til alle var
komne yver. Her var det lett å gjæta dei, - sjø på tri kantar, og austanfor var
det ein bratt hamar med herre ein stad det var råd til å gå inn i marki.
Det tok ein times tid eller so med kvar farm; og var
driftene store, tok det lang tid fyrr alle var yver komne.
På storekyrkjebåten var kvar farm 6 øykjer eller 10 kyr,
og i 1890 åri var takstane for føring: - 60 øre kvar øyk og 40 øre kvar kyr.
For kvar farm fekk dei soleis:
6 øykjer a 60 øre = kr.3,60- 36 øre på mannen.
10 kyr a 40 øre = kr.4,00, - 40 øre på mannen.
Slitet på båten ikkje teke ifrå.
Dei fekk litt meir for kyrafarmane, men so var kyrne og
meir styrdvorne og brysame til å få inn på båten og ut av båten.
(Desse upplysningane er frå Per Å. Lothe).
Pengane kom sakte vel med; men so var det og eit
slitsamt arbeid
Næste kvilestaden for driftene var Slagstad-hagen inn på
Nord-stranda i Gloppen.
Eg var ein gong leigd til å vera med å jaga ei stor
kyradrift frå Andabøen og inn i Slagstad-hagen. Det var vel eit slit og eit
tjåk å få alle kyrne med inn Hjelmesete-marki. Stakars kyrne! Alt so framandt
for dei, - skogen, marki, dei andre kyrne, og so desse stygge menneskji. Aldri
fred, lite mat og alltid fara frå eine staden til hin. Å, so dei lengdest
heimatt til dei andre kyrne, til fjøsen og båsen og dei gode budeione! Der
kjende dei alt og alle, og der hadde dei det so gildt. Der fekk dei liggja i
båsen og kvila og jorta og drøyma. Men her var det aldri fred å få for desse
stygge mannfolki. Å, so dei lengdest heimatt! Men det var visst langt heim no.
Og so visste dei ikkje vegen. Det var ikkje rart dei var tverre og seinvorne og
lure til stikka seg vekk og gøyma seg. Det yar eit slit og eit strev å få alle
med. Ein måtte ha augo med seg so ikkje ei einaste kyr fekk gøyma seg vekk og
leggja seg yver.
Men då me nådde Nordstrand-vegen, gjekk det fint.
So tok det til å minka med driftene og, og ut yver i åri
etter 1900 vart det heilt slutt med drifter gjenom Lotsskaret. Det kom nok av
at driftekarane tok meir og meir til å taka driftene inn på rutebåtane, og
seinare, avdi umsetnaden av krøteri etter kvart vart lagd um; - kroteri vart
istaden sende til slaktehusi i Bergen og andre stadar..
Vegen om Sværen
Lote – Anda var ein av båtetappane driftene måtte ta. Driftene frå
Nordfjord, som ikkje var reine hestedrifter, la oftast vegen om Sværen ved
Sognefjorden. Då måtte dei i båt ved Kjøsnesfjorden ved Skei og seinare over
Sognefjorden. Kjøsnesfjorden var ikkje noko stor utfordring med omsyn til
lengda og verforholda. Verre kunne det vera over Sognefjorden.
Før dampbåtene vart vanleg transportmiddel for dyr var Sværen den mest
kjende oppsamlingsstad for driftene. Derifrå vart dei ført med storbåtar til Vik,
Salthella i Aurland, Flåm eller Lærdal.
Til Sværen kom ofte driftene ved 5-6 tida om morgonen. Dei gjekk helst
ned skaret om natta, då var snøen fastare. Det låg alltid snø i sjølve skaret
på den tid driftene tok seg ned her, så dei fekk ofte med seg kjentfolk frå
Sværen. Det var om å gjera å vita kor snøen låg trygg, utan rennande vatn
under. Vegen var ulendt, med mykje ur og blanke sva. Ein hest fór utfor ein
gong. ”Hadde eg berre ikkje mist skreppene mine”, sa driftekaren, han hadde nok
verdfulle ting der.
Dei fyrste driftene kom gjerne ved jonsoktider,
og ferdsla varte 2-3 veker kvart år. Det hende det samla seg så mykje
driftebeist i Sværen at nye drifter vart liggjande og venta på Mjellshaugen, Langestølen
eller Torsnesstølen.
Heimebeitet i Sværen er særs avgrensa. Samstundes var det her
driftetrafikken var størst. Over Sværeskaret kom ikkje berre dei som skulle til
Vik og Voss, men og dei som skulle til Aurland og Lærdal.
Utpå kvelden begynte lastinga. Driftekarane
lova gjerne ungane skillingar om dei ville hjelpa dei å gjeta og jaga dyra så
dei fekk dei vel om bord i båten. Det var ikkje alle som heldt det dei lova,
vert det sagt. Numedølane og ”vessene” var greiast fortel Tor Sværen,
dei gav 25 øre natta, mens aurlendingene som regel berre gav 5 øre.
Når folk forlet Sværen på veg mot skaret, fekk
dei fylgjande helsing med på ferda frå folk der:
Vårherre vara dykk for svartantran og trippeltir og skjerranvipp og kastanrus og for alt vondt som går att og fram i Sværaskaret. Han vara dykk og for gaupe, ulv, bjørn, oter og rev. Og dei visste kva dei snakka om, bygdafolket.


Då vegsambandet over til Vadheim kom, og seinare
over Gaularfjellet, minka ferdsla
over Sværaskaret. Den gamle vegen vart til
nedfalls. Sommaren 1976 skipa bygdefolket i Sværen og på Torsnes, til dugnad
for å få den gamle vegen sett i stand og i dag er stien merka og relativt god å
ta seg fram på. Gjennom blokkfelta er det rydda ein sti, men verforholda med
mykje snø og ras, gjer at stien stadig må takast att..
Over Jostedalsbreen med dyra
på kjelke,
Eit alternativ til driftevegen om Sværen var vegen over Jostedalsbreen.
Dei gjekk då til Greidung øvst i Erdalen i Opp-Stryn, opp Erdalsbreeen, og ned
Lodalskåpa til Fåbergstølen. Derifrå dreiv dei dyra austover til Ottadalen
eller sørover ned gjennom den 5 mil lange
Jostedalen til Gaupne, Marifjæra og Solvorn. Der bar det anten i båt
over til Lærdal og vidare over Fillefjell eller til Kroken og over til Årdal.
Andre tok vegen til Skjolden og Turtagrø til Tyin. Ei rute gjekk nordafor breen
gjennom Sunndalen/Raudalen og over Strynefjellet. .
I 1858 tok dampskipstrafikken til i Sogn og
Fjordane, og då var det desse båtane som fekk «jobben» med å frakte driftene
over til Lærdal og Flåm.
Driftekarane var ved brekanten i 8-9-tida om
kvelden for å bruka natta til sjølve breovergangen.
Då bar snøen best. Sjølve breturen tok om lag 10-12 timar. Kom det uvér, kunne
det ofte gå på livet laus for dei eldste dyra. Toppen av breen, «Høgda», ligg
på om lag 1500 m o. h. For dyra var det sjølvsagt ei hard påkjenning, utan mat
så lenge og oppskrapa føter av den harde snøen.
Det hende dei nekta å gå lenger Det vert fortald at nokre driftekarar fann på å
sigla dei medtekne dyra ned på sida. Dei band føtene saman og sende dei utfor
Lodalsbrekka. Litt medfart fekk sjølvsagt dyra, men det vert sagt at det gjekk
bra.
Øvst i Jostedalen fekk dyra henta seg inn att
nokre dagar før dei gjekk vidare.
Ei gong ville ikkje storoksen gå lenger. Det enda
opp med at driftekarane måtte henta oksen med hest og slede oppe på Høgda. Dei
fekk han ned or breen, men oksen gav seg igjen, lenger nede i Fåbergsgrandane.
Der laut eigaren lata oksen vera att. Han fann han om hausten. Då var han i
betre hold.
Grunna styggever låg ei drift ein gong heile 8
dagar på Erdal seter og venta på å koma over
breen. Men véret betra seg
ikkje. Driftekarane snudde då ned att gjennom Erdalen med drifta og tok vegen
over Videdalen til Grotli og Polfoss. Tidlegare breførar Rasmus T. Greidung i
Oppstryn har fortalt om ei drift på på 18 hestar og 168 naut som fór over
breen. Ein gong hadde far hans, Tor Greidung, 380 sauer til overnatting i den
store løa si. Greidung har fortalt om ei anna drift i 1886, driven av 4
driftekarar. Den var på 7 hestar og 147 storfe. Andre fortel om driftar på over
20 hestar og om lag 200 storfe. Hestar hadde dei vanlegvis med i alle driftar.
Dei var gode å ha til kløv og andre oppgåver.

Buføring over Snøfonn. (Foto:Fylkesarkivet)
Ruta over Jostedalsbreen var kan henda kortaste vegen mellom aust og
vest, men og den som kravde mest erfaring. Å legge ut på ei kryssing over breen
med mange dyr var ikkje noko som ein kvar driftekar gav seg utpå.
Den siste drifta over breen var i juni 1920. Det vart gjort eit forsøk på å gå over breen
med drifter i 1923, men då hadde breen smelta slik at det var uråd å komme inn
på han. Driftekarane og dei 50-60 dyra
dei hadde med seg måtte snu og ta vegen nordom breen i staden.
6.juli 2002 vart ”Fjellet sitt år” markert av
bygdelaga i Oppstryn og Jostedalen. Då gjekk 36 personar i driftekarane sine fotspor over Jostedalsbreen,
frå Vetledalssetra kl. 7.00 om morgonen. Erdalsbreen og Brehøgda er passert og
taulaga er på veg ned Lodalsbreen. Biletet er teken frå Lodalsbrekka og to taulag
går aust om sprekk-området, mens dei to andre går på vestsida. Turen frå
Vetledalssetra til Fåbergstølen tok 12 ½ time. Spesielt vart siste stykke ned
dalen drygt. Me hadde valet mellom å ”krypa” gjennom krokute seljekratt eller
vada fram og attende over elvane i Fåbergsgrandane.
(Foto: Linda Vibeke Holstad)
Båttransport over Sognefjorden.
Frå Sværen skulle beista fraktast til Vik,
Aurland eller Lærdal. Karane tinga seg driftebåtar. Lars Dale (Margreta-Lars)
hadde båt som tok om lag 35-40 beist. Endre Torsnes sin båt kunne lasta 40
beist og Skåsheimsbåten 35.
Rett etter midnatt drog
dei av garde ut fjorden. Dei fekk då nytta bretrekken, frålandsvinden, utover.
Ut på dagen kom
havgula med pålandsvind på tilbaketuren. Det regelmessige skiftet av vind nytta
fehandlerane seg av. Det vart eit slit med jektene om børen ikkje var god. Storebåten
hadde råsegl og årar. Var det trong for årar, måtte ein mann ro framføre i
”skibåten” og slepe.
Ein kar sto bak på vengen, og rodde med ei svær åre, 7-8 alner lang,
samstundes som han førte roret. Denne
måten å ta seg fram på kalles i Sogn å ”båts-ro”, skriv Fridtjov Isachsen i
boka si ”Frå Hallingskeid til Nordfjord i Driftekarenes fotefar”. Storabåten
hadde ein veng akterut med liggjeplass for 2 mann.
Etter at amtsbåtane kom i drift, (Fylkesbåtane i
1858) vart fleire av driftene frakta med dei. Særleg skulle «Vetle-Lærdal» vera mykje brukt. Ei oppgåve frå 1893
syner at det med desse båtane var ført 716 storfe til Gudvangen, Lærdal og
Årdal. Storparten var fe som driftekarane skulle austover med.


Ofte kom det skøyter frå andre bygder til.
«Lærdal» (FSF) kunne ta opp til 7 båtar på slep. Like før århundreskiftet var frakta
frå Sværen til Aurland ei krone for kvart beist. Fekk dei motvind, vart dyra
trøytte og svoltne. Då hende det at dei stogga og sette dyra på land.
Oskar Nesse fortel:
Det vart lagt luker over opningi til nedste
lasterommet på båten, og så vart øvste lasterommet nytta til "fjøs".
Der var det ringar til å binda dyri i. Dei vart heiste om bord i ein sterk sele
av seglduk som vart lagt under magen på dyret og gjekk oppatt på sidene og fest
med tau framme og bak. Så vart dyret heist om bord med vinsjen. Dette var ikkje
alltid spøk når det var rebelske uksar og nervøse hestar som skulle om bord.
Nede i "fjøsen"
var det ofte lurveleven, med rauting og beljing og skiting av dyri som fekk
"laust liv"
av ei slik uvan framferd. Eigaren måtte då freista å roa dei, men
det var ikkje alltid så endebeint. Passasjerane om bord fekk eit gratis
skodespel av ei slik lasting og lossing, men teven frå "fjøsen" kunne
kanskje riva litt i nasen hjå finfiffen om bord. For det kunne vera tev
frå "fjøsen" når han var full med kyr.
Oppe på "bakken"
på båten vart det sett opp grinder som ei kvi der sauene stod. Ei slik drift
kunne vere på 200-300 stykke.
Eg hugsar ein gong eg kom
med båten frå Bergen ved jonsokbel. Det var under fyrste verdskrigen, og båt
frå Bergen til Sogn gjekk
det berre to gonger i veka. Ein tur frå Bergen til Lærdal tok
over to døger, for båten var innom alle "fjordakjeftar" som fanst
etter den lange Sognefjorden. Det var fullt med folk om bord, og då me kom inn
etter fjorden, vart "fjøsen" full av krøter. Det var steikjande
varmt. Me passasjerane kunne vera på dekk, men feet måtte halda seg under
dekk. Båtfolki heiste då opp i masti ei stor trakt av seglduk med den største
opningi mot fartsretningi og den andre opningi ned i lasterommet så det kom
frisk luft ned til dyri. Men den lufti som då kom oppatt frå lasterommet, er
det uråd å skildre. Tett ved nedgangen til "fjøsen" var døri inn til
"bondestova", og ho vart fyllt med denne lufti frå
"fjøsen". Der på "bondestova" måtte me som reiste på
2.plass, for kr. 6,50 Bergen - Lærdal, liggja og sova om natti, på nokre harde
benkar med ei hard pute under hovudet, dersom me i det heile fekk liggja.
Markus Sjurson Hove, Haoa-Markus, (1809-1897) ætta frå Vik. Markus var
ein kjend kyr- og
hestehandlar før han busette seg på Ulvestad i Balestrand. Ein gong lasta Markus storbåten sin med 13 kyr og ein hest og skulle gå
Aurlandsfjella med dei. Dette var om sommaren. Ved indre Borlaug-landet,
(Feios), kolsiglde dei og alle kyrne drukna. Men hesten fekk dei skore laus, og
han sumde i land og vart berga. Pridlao nr.2/2000)

Prospektkort frå Lærdal. Liv og røre når
dampen legg til kai. (Foto: Fylkesarkivet)
Driftevegen via Vik over
Vikafjell.
Driftene kom vart sett i land på Vikjabukti rundt midten av
juni. Dette var før vikjene buførde til fjellstølane. Det vert sagt at dei vippa dyra over ripa med
ein stokk under vombi. Dyra sumde eller gjekk i land etter beste evne. Dette
kan synast som ein hard medfart i vår tid, men noko skikkeleg landgang for
krøttera hadde dei ikkje den gongen. Då Fylkesbåtane tok over dyretransporten
vart
sjølvsagt lasting og lossing gjort på anna vis.

Driftevegen over Vikafjell
gjekk forbi stølshusa i Vetle Grungen..
Sommaren 1853 skulle ei fedrift over Vikafjellet til Myrkdalen, den
vanligste leii. Dei for forbi Fosse der det var full stølsdrift. Då drifti var
faren, sakna budeiene der ei kvige. To av dei la i veg etter drifti. Den eine
budeia heitte Ingeborg. Dei to budeiene nådde ikkje att drifti før dei kom til
Vetle-Grungen, og då var dei heilt daudsprengde. Det var og svært varmt den
dagen, den 19. juli 1853.
Kviga fann dei, men
driftekarane heldt på at dei hadde kjøpt kviga i Sunnfjord. Det laut dei
likevel gje seg på, og
budeiene fekk kviga med seg.
På Frileinene, der vegane
til Grungen, Finnbuene og Grøndalen skiljest, er det ei liti tjørn på austsida
av vegen. På turen heim til Fosse stupte Ingeborg der og var død med det same.
Ho vart berre 20 år gamal. I kyrkjeboki for Vik har presten ført inn at
Ingeborg ”døde plutselig paa Stølen”. (Etter Olav Hoprekstad.)(Foto: Torstein
Hønsi)
Driftekarane hadde faste plassar, hamnehagar, der dei kunne kvila og
beita feet. Dette ser ut til å vera ein sedvanerett brukt så lenge at dei fekk
hevd.
Frå Armot fór driftene austover, gjennom Skjolsetdalen til Haugsvik ved
austenden av Oppheimsvatn. Haugshagen var beite- og kvileplass før dei tok inn
Brandsetdalen til Prinsabotnen som var statsalmenning. Der fekk dyra beite og
folk og fe ta seg inn att før dei fór vidare sør-austover til øvre Raundalen.
Lokale drifter slutta seg til undervegs. Kyr og hestar som var kjøpt opp på
Voss og i Hordaland vart drivne opp Raundalen og fortsette på hovuddriftevegen
austover.
Vegen gjekk over Vossaskavlen, Vossaskaret til Grønndalane og
Hallingskeid. Her var gode beite og fleire la seg til her for sommaren med
dyra. Her var marknadsplass og her møttest sogningar, vesser og hardingar med
austlendingar.
Turen over Vossaskavlen kunne vera hard, særleg dersom dei fekk snøkave
på seg. Ein som reiste med fedrift over breen, såg 7 naut liggje att etter
forrige drift. Det var sprekker i breen og stundom for det beist ned i. Ein
gong for det ein mann ned i ein sprekk. Mannen landa i isvatn nede i sprekken
og slo seg difor ikkje i hel då han landa. Dei andre driftekarane slo i hel den
dårlegaste hesten og reiv opp huda til reip. Slik greidde dei å dra mannen opp
att til livet.
Vossaskavlen var det vanskelegaste partiet på denne vegen. Her var det
driftekarane frykta veret mest. Når teknologi og vegbygging gjorde det enklare
å fara andre vegar, til dømes via Indre Sogn var det fleire som endra
reiserute.
Brødrene Fønstelien tok vegen via Armot, Hauge og Brandsetstølen til
Raundalen og vidare mot Hallingskeid og Finse.
Alle tok ikkje over til Brandsetdalen og Vossaskavlen. Nokre tok vegen vidare ned Myrkdalen til Voss
og Granvin og over Sørfjorden til Espe og Sekse. Siste drifta over
Hardangervidda gjekk i 1897.
Sommarbeita.
Nokre av
driftekarane hadde kjerringane med seg til fjells.. Oskar Nesse fortel: Men best
hugsar eg han Halvor Eraker. Han leigde fehamn i Bjordalen inst inne i
Nesdalen, på austsida. Kona var med han, og ho mjølka og yste og kinna, og han
Halvor kløvja osten og smøret fram fjellet til Breistølen, til køyreveg. Men
lauskarane kunne ikkje gjera seg slik nytte av mjølki. Dei mjølka til eige
bruk, og elles "gjeldmjølka dei kyrne, i allefall dei som skulle bera
tidleg. Uksane var skilde frå kyrne i fjellet og heldt seg mest for seg sjølv,
borte frå lægret.
I Stemmerdalen var rikeleg beite for 800-1000 kyr
og hestar, slik at det var mange karar som heldt til her oppe med kvar si
drift. Dei budde i steinbuer som var bygde gjennom generasjonar. Ei bu gjekk i arv
frå far til son.
Stien
gjennom Såtedalen er del av den gamle driftevegen frå Voss til Hallingdal.
Driftekarar frå Aurland og Voss hadde felæger ved Bakkahelleren på veg frå Flåm
og Voss mot Strandavatn og Austlandet.
Gullik Støbet fortel at dei flytta seg mellom Skaupsjølæger,
Hestestauren og søndre Sesjondalen gjennom sommaren. Slik fekk beita kvila til
dei kom attende neste gong. Fønstelien
fortel om den same syklusen: Havnestrækningen
Selstjørndalen og Skaupsjøen leiet vi alle aar jeg var med som driftekar for
kr.40,00 pr sommer. For dei
hamnene som var i det offentlege sitt eiga tilfalt leigeinntektene fattigfolk i
Uvdal. Vi flyttet efter en bestemt rute
efter som det var godt beite for kuerne, ruten var først søndre Selskjøndalen,
Mitselskjøndalen, Skytterboden, Kølven, Skaupsjønuten, Halnekjønholle,
Sandvaslægeren, Trættelægeret, Skaupsjøen, Skaupsjøungen, Halneboden,
Sleipeosen og tilbake til søndre Selskjørndalen, derfra reiste vi hjem til
Uvdal siste dage i august og drev saa nedover Numedal til Kongsberg hvor vi
altid beregnet at være ved Krosmes 10 September.
Det kunne nok vera krangel
om beiteplassane sjølv om hamnene var bestilt på førehand. Kan henda namnet
Trættelæger seier noko om det?
Mot salsområda.
Siste helga i august kom det store oppbrotet frå
sommarbeita. Dei kalla det for "fekarhelgi". Den helga var det alltid
ruskevær, sa folk. Ei vekes tid før
fekarshelga kom driftekarane saman til Fekarsfest og budeiene i området vart
sjølvsagt bedt. Det vart dans og spel og mang ei slags tevling fann stad.
Kan henda var det same helga som hardingane kom
opp for å kjøpa hestar av driftene som låg der. For å sikre seg at det var gode
dyr, hadde dei tråvprøve på ei slette der, og ei slik prøve vart kalla «skeid»
der av Hallingskeid. (Oskar Nesse.)
Vegen var lang, og feet vart
ofte sårføtt Dei måtte gå roleg slik at ikkje dyra mista vekt, og dei måtte ha gode
hamner å kvila
i.
Goe Solheim fra Uvdal reiste fleire gonger, saman med sogningane Anders
Steine og Torstein Hauglum. I Stemmerdalen, eller Steinbergdalen,som
mange seier i dag, hadde dei sommarbeita sine.
I byrjinga av september drog dei mot Geilo. Dei handla på gardar i
Nore, Veggli, og Rollag, ja, heilt ned til Hokksund. Seinare fortsette dei til Drammen. Her selde
dei resten av hestane., og var som regel ikkje ferdige til å dra heimover før
bortimot jul.
Dei fekarane som hadde lege på grensa mot Hallingdal, jaga stundom like
til Modum og Eiker. Dei som hadde lege på Fillefjellet, jaga mot Valdres og til
Ringerike.

Bilete frå 1915:Her ser vi
driftehandlar Anfinn Vetti (3. frå venstre) på farten i Gjøvik. Kven som eig
bilen og kven som er med han i bilen, veit ein ikkje. På denne tida dreiv han
fehandel.(Foto: Fylkesarkivet)
Etter
kvart som dei jaga kom kjøparane.
Driftekarane frå Borgund gjekk til Drammen til eit slaktarfirma som
heitte Stablum & Andersen. Sauen vart seld "med hud og hår",
d.v.s. at han vart slakta, skrotten vegen og so vart det betalt ein viss pris
for kvart kilo kjøt. Med i prisen var både ull, skinn og innmat. Derav
uttrykket "med hud og hår".(Oskar Nesse)
Hovudmålet for dei fleste driftene var likevel sylvverksbyen Kongsberg.
Der kom dei i slutten av september.
Konflikt om beita.
På
vegen austover hadde driftene frihamner der dyra kunne beite ein dag eller to
utan betaling. Driftekarane hadde og hevdvunnen rett til fritt å føre dyra over
annan manns eigedom, så sant dei ikkje gjorde skade. Driftetrafikken var i
bøndene si interesse og dei ynskte ikkje å setje unødige stengsler for denne
trafikken. Likevel kunne det stundom kome til konflikt mellom bønder og
driftekarar.
I 1600- og 1700-åra varte driftetrafikken så stor at den vart til eit
problem for gardbrukerne langs dei viktigaste ferdslevegane. Tegner og
kartograf Carpelan, dro i 1820 ein tur til Morgedal: ”Det besværligste var at komme forbi de mangfoldige hjorde av Heste,
Oxer, Koer, Geder og Faar som nu vandrede tilbake fra Fjeldene.
……… for alle de gårde, hvilke disse store Drifter
færdes forbi, er deres Nærværelse høist besværlig og ødeleggende; ofte utbrede
de sig paa Engene og nedtrampe den forut svage Græsrod.” (Carpelan 1824).
Det er truleg dei store driftene som gjekk mot Telemark Carpelan
meiner. I Nummedal kom
dei to sørlegaste Nordmannsslepene saman og same problemet hadde
dei truleg der.
Det var ikkje berre mottaksområda som hadde problem med alle dyra som
skulle passera. Ved Mjell i Viksdalen kunne det komme opptil 8 drifter om
våren. Med eit gjennomsnitt på ca.120 dyr i kvar drift vert dette nær på 1000
dyr. Var det mogeleg, la driftene vegen over fjellet og gjennom utmark, langt
frå gard og grend. Over fjellet kunne driftene beite fritt.
Beitet var og fritt i stølsmarka sjølv om stølen kunne liggje kloss
opptil bøen på ein gard. Sela blei nytta av driftekarane utan vederlag. Mange
stader la eigaren jamvel opp godt med ved til driftekarane før han drog heim om
hausten.
Driftetrafikken tidleg om våren kunne vera ei hard belastning for
stølsbeita - og for eigaren, som like etter skulle buføre egne dyr. I 1859
gjorde nokre grunneigarar i Raundalen forsøk på å setje ein stoppar for dette
og ville gå til sak. Eit vitne hadde sett ei drift på ca. 100 fe og 10-20
hestar på stølsbøen og graset var heilt nedbeita. Men motargumenta var sterke
og stølseigarane vann ikkje fram. Driftehandlarane kunne ikkje reise i all
slags ver. ”Får driftene uvær på seg må
de undertiden vende
tilbake til stølsbeitene. Nogen omlegging av ruten kan ikke gjennomføres, ti de
har ingen annen vei å reise”. (Fridtjov Isachsen)
Hevd sto sterkt i den tida. Ved sal av ein støl i øvre Raundalen i 1745
var det i skøyte
teken atterhald om at ”hallingdølene, nu
som tilforn og fra arrilds tid været haver, skal have deris fri drift og
gresning for deres fedrifter
Nokre stader måtte driftene nytta heimebeita i sjølve bygda – det var
ikkje mogeleg å fara
utom eller vidare, som til dømes i Sværen. Driftene hadde difor fri
passasje og fri hamn i heimemarka ved bestemte gardar langs driftevegen.
På
Staupet i Uvdal fekk grunneigaren betaling for kvart dyr som overnatta. På Hauge
ved Opheimsvatnet overnatta driftene i ein inngjerda heimehage som også vart
nytta til beite for feet på garden. Folket på Hauge ynskte difor at driftene
skulle reise igjen så snart som mogeleg. Dei fekk ikkje betaling. Numedølene
var godt omtykte, for dei låg berre ein natt, men andre kunne komme med mange
hestar og verta liggjande i fleire døger. Mønsteret er at austafjells måtte
driftene betala, mens vestafjells hadde dei hevd på fritt beite utom innmark.
Dette var truleg naudsynt dersom handelen skulle svara seg. Vestlandsbøndene
hadde interesse av handelen og driftene for dessutan fort fram der. Dei fylgde
få og bestemte vegar. På austlandet derimot, i salsområda, tok driftene
forskjellige vegar, og når dei kom fram vart dei liggjande lenge. Oppkjøparar
skulle ta seg fram til driftene og dyra skulle vurderast før noko handel kom på
tale. Frihamn for driftene var difor ikkje mogeleg her. Driftekarane hadde
faste avtalar med grunneigarane på førehand og dei kom som regel att, år etter år.
Ny tid- nye vegar.
Driftevegane endra seg i takt med vegutbygging, utvikling av dampbåten
og bygging av Bergensbana. Nye vegar gjorde det tryggare og enklare å ta seg
fram, sjølv om det i kilometer kanskje vart lenger. Frå slutten av 1800-talet
tok mange driftekarar dyra om bord i dampbåtar til Aurland eller Lærdal framfor
å ta dei over til Vik. Då vart vegen vidare mot høgfjellsbeita lettare og
mindre tidkrevjande. Frå Vik, Aurland og Flåm vart det etterkvart vanleg å
senda dyra til byane med Bergensbana som opna i 1909.
I dagboka til Erik Fønstelien er det nemnd ein annan grunn til at
driftetrafikken gjekk attende.
Ӂrsaken til at denne handel
ophørte var at indkjøpsprisene for kuer gik betydelig op, da der i alle bygder
i Nordfjord blev opprettet smørmeierier og bønderne av den grund mere lagde seg
efter melkeproduktion. …… ”melkeproduktionen ble mer
lønsom enn oppal av kreaturer som man havde drevet med i lange tider (Fønstelien
1998: 91 f)”.
Siste gang det kom fedrift til Mjell i Gaular over fjellet frå
Haukedalen var i 1903. Det hadde vore triveleg når driftekarane kom til gards,
med fulle skrepper og liv og røre, men 1000 dyr gjennom beita på garden kvar
vår, hadde også hatt sin pris.

”Det var bra det tok slutt med driftetrafikken”, hevda bonden på Mjell.
Det hende ikkje ratt sjeldan at driftene smitta buskapen på garden, særleg
”hagesykja”, ein blodsjukdom (piroplasmose). Seinare vart dei heilt fri for
denne sjukdomen på Mjell i Viksdalen.
Utover i 1920 og 30-åri vart det slutt med den gamle formen for driftehandel.
Sal av husdyr, til liv eller slakt, tok andre vegar, oftast til Bergen.
Sauehandelen heldt seg nok like til slutten av trettiåri, og nokre hestar kunne
av og til fara austover, men etter siste krigen var det heilt slutt.

Då den
”nye tida” kom hadde driftetrafikken sett sine spor i fjella våre. Bokstaveleg tala
som djupe renner i terrenget etter dyra som tok seg fram på rad og rekkje.
Diverre er spora mange stader i ferd med å forsvinna. Stiane gror att og minna
døyr ut med dei eldste blant oss. Langs ruta finn me mange namn på kartet som
spelar hen på tida då driftene for over fjellet. Døme er Øykjafonn, Sauafjellet
og Geitavatnet aust for Uppsete og Dyrhaugane, Bukkeskinnsbotn, Uksebotn, Sauabotn,
Hestebotn og Hestfossnuten i området
kring Finse.
Kjelder:
Bach, Tron / Gjerdåker,
Johannes.
Aurlandsdalen – ei kulturhistorisk vandring frå fjell til fjære.
Cappelens turhåndbøker, 1994.
J.W. Cappelens forlag.
Ohnstad, Anders J.
Glimt frå Aurlandssoga. Bind II. Samling av artiklar frå Aurland.
Aurland Sogelag. 1997
Bjørnestad, Magne.
På historisk vandring. Ei samling av avisartikler.
Aurland kommune. Kulturkontoret. 1998
Skoug, Stein Erik.
Kongeveien over Fillefjell, Vindhella og Galdane.
Grøndahl & Søn forlag A.s,
Oslo 1975.
Ryvarden, Leif / Wold, Bjørn.
Norges isbreer.
Universitetsforlaget AS 1991
Standal, Ragnar.
Vegar før vegar var.
Bd. I og II.
Oppedal, Harald.
Over fjell og finne.
Med driftekarar i eldre tid.
1980.
Kristian Berge.
Driftevegar og fedrifter frå Oppstryn i framfarne tider. Artikkel i:
Årbok for Nordfjord 1961
Ingebrikt Beinnes.
Sandnes-oksen.
Artikkel i: Årbok for Nordfjord 1961
s.110-115.
Fønnebø., Reidar.
Langs Nordmannsslepene over Hardangervidda.
Universitetsforlaget, 1998.
Fønnebø, Reidar.
Nordmannsslepene,
Store Nordmannsslepa, den eldgamle
ferdselsåren mellom Østlandet og Vestlandet.
Harald Lyche & co. A.s.
Drammen 1968.
Steen., Sverre.
Ferd og fest,
Reiseliv i norsk sagatid og middelalder.
H. Aschehoug & co. 1929.
Steen, Sverre.
Det gamle samfunn.
Det frie Norge, bind 4.,
Cappelens forlag, Oslo 1957.
Tveite, Stein.
Jord og gjerning
Trekk av norsk landbruk i 150 år.
A.S. Bøndenes forlag, 1959.
Bygdebok for Årdal
Band I,
Febr. 1971.
s.341-354.
Peder O. Kjøllesdal
Gamle minder og soger.
Varden Kron.
Skjussplikt og drifteførsle.
Anders A. Lothe.
Soga om Lothe.
Bygdebok for Nordfjord.
s.33-35.
Fønstelien, Erik.
Årbok for Nordfjord.
1998 & 1999.
Kleiven, Ivar:
Årbok for Nordfjord.
2001.
Rimstad Torleiv:
Driftehandlar Rasmus Hole.
Årbok for Nordfjord,
1997.
Pridlao, nr. 1, 2002.
Pridlao, nr. 1, 1993.