
Einar Berstad:
KJØLSDALEN BEDEHUS
- ein
viktig samlingsstad
Litt historikk:
I 1909, den 3. januar, vart det halde eit møte hjå Ola O. Humborstad. Der møtte 10 av indremisjonen sine medlemmer: Hilmar J. Kjøllesdal, Karl Kjøllesdal (bror til Hilmar, som var utdanna teolog, men som døydde heilt ung), Jonas Humborstad, Ola O. Humborstad, Anna R. Humborstad, Helene Humborstad, Amanda Humborstad, Ane R. Lund og Rasmus Humborstad.
På det møtet vart det samrøystes vedteke å byggje bedehus. På same møtet vart det også sett ned ei nemnd som fekk i oppdrag å utarbeide lover for huset og ta saka opp på eit seinare møte. Det møtet vart ikkje halde før 13. mars 1910. Då møtte så få fram at arbeidet med planane om å byggje bedehus og utarbeide lover vart utsett til 2. påskedag same året og på same staden, nemleg hjå Ola O. Humborstad. På dette møtet vart det streka under at berre dei som hadde betalt årspengane hadde røysterett, og dei andre frammøtte skulle heller ikkje ha noko å seie når lovene skulle utarbeidast. Nestformann Hilmar J. Kjøllesdal leia møtet, då formannen, Rasmus Humborstad ikkje var til stades. Dei andre som var med i indremisjonsstyret var: Mathias B. Eikås, Ane Lund og Severin J. Horn.
Neste bokførte møte vart halde 3. mars 1912 hjå Søgni Kjøllesdal, og der var det vedteke at dei skulle gjere kva dei kunne for å få bedehuset opp det året (1911 vart det heller ikkje halde årsmøte). Hans J. Sundal vart vald til å krevje inn dei pengane som folk hadde teikna seg for til husbygginga. Dessutan skulle han få andre til å teikne seg, enten for arbeid eller pengar. Han fekk og i oppdrag å skrive til Stryn. Eit skulehus var til sals der, og ein ville ha greie på salsvilkåra (Det vart ikkje noko av det kjøpet).
Til stades på dette møtet var: Hilmar J. Kjøllesdal, Johan Kjøllesdal, Hans J. Sundal, Per M. Johnsen, Josefine J. Sundal, Kristine Humborstad, Johan Ervik, Pernille Sundal og Karoline Sundal.
Fire år gjekk så utan at det vart skrive noko i møteboka. Fyrst i 1917 vart det halde årsmøte i BEDEHUSET, den 29. april. Då var altså bedehuset bygt. Sidan det var så lenge sidan førre årsmøte, vart det halde val på heilt nytt styre, men det er truleg styret for indremisjonen. Likevel måtte der vere eit eige bedehusstyre, for i møteboka heiter det at det skulle veljast ein styremedlem for bedehuset. Ola Sundal stod for tur til å gå ut, men han vart samrøystes attvald.
Gjennom andre kjelder har eg kome fram til at bedehuset vart påbyrja i 1913 og fullført i 1914. Ola Sundal stod for arbeidet med grunnmuren, som er murt opp av tilhoggen gråstein. Tømringa var det Johan Kjøllesdal (Halstein-Johan) som stod for. Kven han elles hadde med seg, er ikkje kjent.
Sjølve huset
Huset er bygt i tømmer i vanleg stil: Storsal, småsal, gang og galleri, men utan kjellar. På taket vart lagt sementpanner. Eit lite tilbygg på øvste sida gjorde teneste som vedahus og do. Inne var alt umåla. Oppvarminga av storsalen stod ein stor, rund vedomn for (ca 2 m høg), så når den fekk nok brennfang, var det alvorleg kva varme den gav frå seg. Småsalen gjorde teneste som kjøken, og ein komfyr vart brukt til oppvarming og kaffikoking på basarar og festar. Elles var det umåla trebenkar, somme med ryggstø, men og ein del utan. På galleriet var alle benkar utan ryggstø, og det var ikkje sjeldan dei ramla over, med det levenet som då fylgde.
Talarstolen som framleis er i bruk, er eit kapittel for seg og litt av eit klenodium. Han stod på ein sokkel med to trappetrin opp. Han er truleg komen frå Davik gamle kyrkje, men Peder D. Berstad føretok ei oppattnying, som gjer at han er spesiell og vakker. Framande som kjem inn isalen, legg alltid fyrst merke til talarstolen. Han er brunbeisa med svarte innfellingar.
Utvendig har heile huset vore kvitmåla. Kva det kosta å føre opp dette huset, kjenner
vi ikkje til, og heller ikkje når og kven som innvigde huset.
I 1924 vart det kjøpt inn eit godt orgel (harmonium) frå Haugen orgelfabrikk i Volda for kr. 975,-. Det var eit 4-stemt orgel med 5 oktavar, og det vart brukt i om lag 50 år. No er det erstatta av eit godt elektronisk instrument.
Huset stod i si opphavelege form like til 1963. Då vart det utført ymse fornyings- og utvidingsarbeid: Nytt tak, kledd med plater innvendig, utviding av kjøken og garderobe, og ein fekk toalett. Likeeins bygde ein tilbygg for podiet. Dette arbeidet vart fullført i 1964.
I 1993 vart det på nytt sett i gang ei ny utviding. Eit tidhøveleg stort kjøken med godt utstyr, utvida garderobe, bod og hobbyrom på loftet vart resultatet. Huset er såleis i dag godt tenleg til sitt bruk.
Aktivitet
Namnet på huset er «Betania». Det har opp gjennom alle år vore ein fast samlingsstad når det gjeld møte ved tilreisande forkynnarar, basarar og julefestar, søndagsskule, fråhaldslagsmøte, ungdomslagsarbeid og hobbyklubb. Ja, før vi fekk kyrkja i 1940 vart det også nytta til gudstenester ved soknepresten i Davik, som Kjølsdalen då høyrde inn under. Soknepresten føretok samstundes jordpåkasting for dei som var gravlagde sidan sist han var i bygda (Det var heilt uvanleg at presten var med i gravferder då).
Eitt år heldt framhaldsskulen til i bedehuset, og lektor Henrik Eikås hadde engelskkurs der under krigen.
Aktivitet i dag:
Faste bønesamlingar kvar 14. dag, yngresmøte, ungdomsgruppa «Seinfredag», konfirmantsamlingar, møte ved tilreisande forkynnarar og ymse andre samlingar. Huset vert og leigt ut til konfirmasjonar og andre tilskipingar.
Bedehuset fyller ein viktig del av den åndeleg verksemda i bygda, og ikkje reint så reint sjeldan får vi gjester frå grannebygdene også.