ÅRSMELDING 2000.
Det har sidan siste årsmøte vore halde 3 styremøte og det har vore handsama 15 saker. Bruken av huset har vore om lag som før om åra; bryllaup, konfirmasjon, ulike åremålsdagar, basarar, bygdekino, musikkøvingar, diskotek, 17.mai arr., 4H-haustfest og klubbtreff, Saniteten si julemesse, juletrefest og ulike mindre møte og samankomstar. Det har vore halde 2 basarar til inntekt for drift av Samfunnshuset med ei samla innkome på om lag kr.33000.
Av stønader/tilskot har det kome kr.4000 frå Eid Ølutsal, Stilkmidlar
frå KKUL kr.5000 og kr.9000 frå Uteområdegruppa ved skulen.
Vedlikehald av huset utvendig gjekk ikkje heilt etter målsettinga.
Fyrste del av sommaren var det vått og surt ver, og seinare på året var det
mange andre gjeremål på gang i bygda. Dette må gjerast betre til neste år. Det
vart beisa ein del på baksida av bygget. Golvet i Storesalen vart lakka med 4
lag BOEN Ultra Sportslakk. Av fornyingar/nyinnkjøp kan nemnast nye moppestativ
og våt-og tørrmoppar, bosdunk, haldar for tørkepapir, såpedispenserar og div.
såpe og vaskemiddel.
Det har også siste året vore utført vedlikehald både på vegen til
parkeringsplassen og på vegen til Samfunnshuset med grusing og fylling av
holer. Vegen til parkeringsplassen er til dels vanskeleg å halde noko lunde fri
for holer.
Rydde-og vaskerutinane i huset fann styret å måtte gjere noko meir med.
Vi gjekk difor ut med ein førespurnad til Bondekvinnelaget om å ta på seg det
periodiske reinhaldet mot å sleppe å betale den faste husleiga. Bondekvinnelaget
tok på seg dette som ei prøveordning 1.halvår 2001.
Styret vil nytte høvet til å takke alle lag, organisasjonar,bygdefolk
og andre som på ulike måtar har støtta opp om drifta av Samfunnshuset siste
året.
Kjølsdalen,
21.03.01.
Steinar Bugjerde, leiar.