KJØLSDALEN BONDEKVINNELAG 50 ÅR

 

Samfunnshuset var fint pynta, då Dianne Eikaas helsa dei 75 innbedne gjestane velkomne til jubileumsfest laurdag 10.2.2001, nokre dagar på forskot for sjølve skipingsdagen 14.2.1951.

Saniteten tok kjøkkenvakta denne dagen, og bondekvinnene sat til bords og vart oppvarta i lag med gjestane. 

Trekløveret 4H stillte og medhjelparar, og maten var tradisjonskost; sosekjøt og fruktdessert.

 

Bondekvinnesong og Kjølsdalssong av Hjørdis Gilleshammer vart sunge, den siste med tonefylgje av Kjølsdalen Musikklag som underheldt ved bordseta.

Hildegunn Hus helsa frå Sogn og Fjordane Bondekvinnelag.

Astrid Gilleshammer hadde attersyn K.B.L. i 5o år.

           

Sætreboka til Kjølsdalen Bondekvinnelag var ferdig denne dagen og vart presentert på festen.  Jorunn Sundal, Aslaug Heggheim og Annlaug Eikås var med og skipa laget, og fekk blomar og takk for det.

 

Kakebord og kaffi mangla heller ikkje.  Kvelden vart avslutta med ”No ser eg atter slike fjell og dalar” av Herborg Kråkevik, og bilete på skjerm frå nærmiljøet. 

 

Ei stor takk frå bondekvinnelaget, for all hjelp og fine gåver og gode ord, og ein vellukka kveld.

 

Leiar i jubileumsåret Liv Sundal Bugjerde.

Meldar Astrid Gilleshammer.