KARSTEIN HUMBORSTAD SKINN OG
LÆRVAREFABRIKK
Vi som er innflyttarar til bygda eller som er unge i dag kjenner det kvite store mursteinsbygget i sentrum av Kjølsdalen som Skofabrikken. Huset har flatt tak og merkjer seg ut ved å vere annaleis enn dei andre bygningane, og eg har alltid hatt lyst å vite meir om historia. Eg nytta difor høve til å spørje mannen bak, Karstein Humborstad, om dette.
Karstein Humborstad dreiv under
krigen, frå 1943, med reparasjon av sko i gamlestova heime på garden på Humborstad. Han hadde skomaskin og tok imot sko for
reparasjon. Under krigen var det ikkje enkelt
å få seg sko på grunn av rasjonering og at folk måtte søke om kjøpe-løyve. Det var ikkje alltid like lett. Difor var det mange av dei som hadde gard, som
gøymde unna skinn frå slakt som dei garva. Dei
kom til Karstein med dei heimegarva hudene som han laga sko av. Dei fekk anvisning på lær til halvsoling som
vart nytta til heilsoling av skorne. Sidan
det var så stort behov for å få laga nye sko, fekk Karstein interesse for faget. Det gjekk med mykje tid til å studere på
beksaumar-modellar, pluggasko og damesko med tre-botnar.
I tillegg vart det laga vesker av skinn.
Han tilsette snart folk til å handsy
sko, på det meste ein 10 12 personar. Notlinga
stod han for sjølv ei tid, før 3 4 var damer tok til å sy overlær og andre
produkt med maskin.

Krigen dreiv meg til å byrje
med eitkvart sjølv! Det var ikkje anna
arbeid å få enn arbeid for tyskarane. Dessutan
hadde eine bestefar min vore skomakar så det låg vel i blodet på meg, fortel
Karstein. Men det var ikkje enkelt: Ein måtte ha kjøpekvotar og løyve til alt under
og etter krigen. Eg søkte sjølv om kvote
på skinn og lær, men fekk avslag. Etter ei
reise til Oslo fekk eg til slutt kvote på 300 m2. Då
vart det kjøpt inn fleire maskiner og produksjonen vart utvida. Ein kunne selje alt ein klarte produsere! Det vart behov for å sjå seg om etter større
lokaler.
Karstein Humborstad kjøpte grunn av
Leif Leite i Kjølsdalsstranda (sentrum) og tok til med bygginga av
Skofabrikken som stod ferdig i 1947. Han
hugsa svært godt at han måtte skaffe tilstrekkeleg kvote på hollandsk murstein for å
kunne setje opp bygget.
Alle etasjane vart nytta. I kjellaren sat mannfolk å handsydde solane på
skona og pussa dei.
I første etasjen var det kontor,
pakkerom og lager. I andre etasjen vart det
notla overlær på sko, vesker og ryggsekkar
med maskin. Så var det lager i tredje
etasje. Ein planlagd heis vart aldri bygd
i staden vart det nytta talje. På
toppen av bygget i fjerde etasje var det matsal/kafe ei tid fordi ein del av dei tilsette
kom frå Stårheim.
Karstein Humborstad Skinn og
Lærvarefabrikk vart driven av Karstein Humborstad i perioden 1945 1954. Det kunne vere inntil 50 tilsette ved bedrifta på
det meste, med sal over heile landet. I 1951
vart modellane stilt ut på varemesse i Styn som gav mange lovord og tingingar.
Produkta kunne variere: Eg laga sjølv alle modellane, og var den
første som lanserte halvhøge støvlettar. Den
siste tida vart det produsert ordrar til
Forsvaret, mellom anna 10.000 ryggsekkar. Han
minnest og at ein serie fotballstøvlar ikkje vart heilt vellukka. Det var nærast uråd å få faglærde
arbeidsfolk. Berre nokre av dei som handsydde
sko hadde gått i skomakarkære, men elles måtte eg stå for all opplæring sjølv. Då det var aktuelt å auke arbeidsstyrken, måtte
eg få folk både frå Nordland og Bergen. Fleire
av desse busette seg i området for godt. To
sers kalde vintrar kring 1950 fekk Kraftlaget vanskar med å levere straum i
forsyningsområdet. Det var då sonevise
utkoplingar frå 4 til 6 timar midt på dagen. For
å få til normal arbeidsdag, vart det kjøpt inn eit større bensinagregat, men det var
kostbar straum. Ja, det var hardt å skulle
stå ansvarleg for alt. Eg kunne faget, men
sakna min eigen økonomi-medarbeidar, seier Karstein Humborstad.
I 1954 tok banken styringa og dei
tilsette tok over drifta ei tid. Det var så
tilsett disponent og fabrikken tok namnet Vesta Skofabrikk.
I 1957 vart all drift lagt ned.
Bygget vart ståande og Karstein
Humborstad fekk tilbod om å leige anlegget tilbake, men takka då nei. Davik kommune fekk tilbod om å kjøpe lokala frå
banken fordi det låg føre planer om plastfabrikk.
Eit svært godt tilbod om kjøp av
bygget til fysikalsk institutt kom på bordet. Leif
Myrvang fekk tilslaget, men fekk aldri løyve til etableringa. Bygget vart leigd ut til post og bibliotek med
privat bustad i dei øvste etasjane.
Karstein Humborstad dreiv sidan
garden og var instruktør og områdesjef i HV.
Han har vore aktiv og
samfunnsengasjert og hatt fleire politiske verv.
Eg takkar for at eg fekk spørje og
vite historia av Karstein Humborstad, ein skapande person i
Kjølsdalen, fødd 15.7.1923.
31.10.98
Karstein Humborstad og Rønnaug Leite