MIDTHJELL-KROSSEN

 

Ålandsboka av 1939
fortel at i Korsstrandi stod det i gamal tid eit kors som dei gamle meinte var ein gamal bønestad.  Korset vart etter segna ein gong flytta til Davik av ein fut som budde der, men då det vart så mykje spøkeri, flytte han korset nord om fjorden att; dei velte det ut av båten og opp i fjæra.  Sidan vart det flytta til museumet i Bergen.








Foto:
Jorunn Breiteig

 

Kjelde:  Årbok for Nordfjord 1951 s. 18

Steinkorset på Midthjell i Davik

av Hans Eirik Endal

 

På Midthjell i Davik stod det før eit stort steinkors, men det vart i 1831 etter påbod frå biskop Neumann gjeve til Bergens museum, der det no er å finna.  Det stod i sjøen nedanfor garden, og var berre synleg i fjøre sjø, då steig det opp av sjøen tildekt med tang og tare.  Etter segna stod det før høgare opp i bakken, og der hadde det stått i uminnelege tider.  Men så vart det fortalt at det eingong budde ein fut på garden Vesle-Davik, der det no heiter Frimannslund, på den andre sida av fjorden.  Han sette seg føre at han ville ha dette minnesmerket heime hjå seg.  Midthjellsfolket og grannane deira ville ikkje gå med på at det vart flutt , og trudde at det ville føra ulukke med seg.  Men futane rådde i den tida med stor makt, slik var det med denne og, han fekk det sistpå slik han ville. 

Korset vart oppteke og ført over fjorden utan at båten sokk, slik som dei hadde tenkt.  Og med mykje strev fekk han korset fram og oppsett på futegarden.  Men futen fekk lita glede av dette.  Alt første natta høyrde han hundar gøy og ville ulvar yla og mange andre underlege læte.  Dette tok seg oppatt natt etter natt, og vart verre og ikkje betre.  Det vart ikkje fred  å få, og sist på gav futen opp og tok korset og rodde det attende til Midthjell.  Men han såg seg ikkje syn med å få det opp der det hadde stått før, og såleis vart det ståande nedi sjøen til Kristian Pedersen gav det til Bergens museum.  Det er to alner og to tommar høgt og vel ei og ei halv aln breitt over armane.

Eg er viss  på at dette er det eldste kyrkjelege minnesmerke der i bygda, og det var vel eit tungt sakn då det vart flutt der ifrå.

 

Kjelde: Jul i Nordfjord 1995

Steinkrossar i Nordfjord frå tidleg mellomalder

Av Olaf Sig. Gundersen

 

Krossen som stod på Kross(a)stranda fram til 1831, då han vart send til Bergen Museum, hadde ei av dei merkelegaste plasseringane vi kjenner til for ein kross.  Etter biskop Neumann si skildring stod krossen ”et stykke fra Strandbredden ude i Søen, således stillet at det i Flodtiden var aldeles skjult og kun i Ebbetiden synligt, men heller ikke da kjendeligt, fordi det var aldeles overgroet av Tang”.

Jacob Aaland refererer ganske kort ei segn som vil gje forklaring på denne merkelege plasseringa.  Krossen stod lenger inne på land og der var det ein bønestad.  Ein fut tok og flytte han over til Ytre Davik.  Men då det vart så leit med spøkeri, flytte han krossen over fjorden igjen.  Der sette han den ikkje på plass, men velta han i sjøen.

Krossen er svært grovt tilhoggen, og det verkar som om han ikkje er blitt gjort heilt ferdig.  Men var den opphavelege plasseringa tenkt under vatn, slik at krossen berre skulle vere synleg ved fjøre sjø, kan der forklare det lite føre-seg-gjorde arbeidet.

Frå Island har vi ei forteljing i Jarteinabok om ein kross som vart plassert på ein stad der ei ånd ”for vidr”, og der skulle han stå ”medan nøkkurt tre væri heilt i ok menn skylde dyrka hann med lysing on boenahaldi gudi til dyrdar ok inum helga krossi”.

Vi kjenner også til at det kunne bli kasta opp haug for ein som var komen vekk langt heimanfrå.  Det kan vere mogeleg å tolke krossplasseringa, om ho er opphaveleg ute på sjøen, slik at krossen er reist for nokon som har kome bort på havet.  Det vil gje forklaring til det uferdige preget krossen har og spøkeriet som er knytta til krossen.  Men sjølvsagt kan det vere andre forklaringar.  Krossen kan vere flytta, dumpa eller mislukka, eller ha vore eit sjømerke.

I 1995 vart det reist ein god kopi av krossen på Krossastranda – på ein rasteplass mellom Midthjell og Lefdal.  Kanskje kan dette også bli ein bøneplass?

 

I desember 2000 fekk eg låne den originale prosjektmappa

KORSET I KORSSTRANDA (LEFDAL – MIDTHJELL)

 av Geir Lefdal. 

 

Her kjem det fram følgjande:

 

 

30.08.1979

skreiv Universitetet i Bergen, Historisk Museum, eit brev til Hans Lefdal, Ørsta:
”Takk for sist på møtet i Molde.  Etter avtale sender jeg en kopi av boken til Fridtjov Birkeli:  Norske steinkors i tidlig middelalder, s. 199 – 200.  Dessuten registreringsheftet for Davik prestegjeld, der korset står omtalt side ?.  Beste hilsen Bjørn Myhre.”

NORSKE STEINKORS I TIDLIG MIDDELALDER s. 199 - 200

36. Steinkors fra Davik, Nordfjord.  Er på Historisk Museum, Bergen.

 

På Historisk Museum i Bergen står et steinkors som er kommet fra Davik prestegjeld i Nordfjord.  Den middelalderske Davik kirke ligger på sørsiden av fjorden.  Det er på nordsiden på Midgjeld at steinkorset har stått før det ble flyttet til Bergen.  Neumann er den første som omtaler det i skriftlige kilder. 

(Neumann 1826 sp. 129-30 og 1842 s. 133).

 

Med grunnlag i hans fremstilling har Christie følgende om dette kors:

”Paa Gaarden Midtgjelde, i Davigens Præstegjeld, eller efter en anden Beretning, paa Gaarden Lefsdal sammesteds, har fra gammel Tid af staaet et Steenkors, som er 2 Alen 2 T. høit, 1 Alen 12 ½ T. bredt over Armene, men i Toppen 22 og i Roden 14 Tom. bredt”.

(Christie 1842 s. 161.  Se også Nicolaysen 1862 – 66 s. 500).

 

I Bergen er korset registrert i fotokatalogen som nr. 345 og i hovedkatalogen som nr. 389.  Korset har følgende mål:  største høyde 1,26 m, største bredde 89 cm.  Toppstykket er 57 cm på det bredeste oppe, 24 cm nede ved armhulene og 47 cm høyt.  Begge sidearmene er mutilert.  Det som er igjen av stammen, er ca. 50 cm.  Tykkelsen varierer mellom 14 – 19 cm.

 

Per Fett sier at korset ”stod om lag midt på Kross-stranda, som er stupbratt heile vegen. 

(Fett 1960 Davik s. 5). 

 

For øvrig er det ikke gjort oldfunn her.  Korsets plassering var noe umotivert.  Det er det samme Neumann kommer inn på i den beretning som Christie refererer.  Neumann sier at korset ”stod et stykke fra Strandbredden ude i Søen, saaledes stillet, at det i Flodtiden var aldeles skjult, og kun i Ebbetiden synligt, men heller ikke da kjendeligt, fordi det var aldeles overgroet med Tang”.
(Christie 1842 s. 161)

 

Samme sted forteller Neumann at det i bygden går det sagn at man forsøkte å flytte korset over fjorden.  Opprinnelig hadde stått ”temmelig høit oppe på den bratte Strandbred”.  Men en antikvarisk interessert embetsmann ønsket det satt opp på sin eiendom på den andre siden av fjorden, ikke langt fra der kirken står.  Transporten lyktes.  Men så begynte det hver natt et så forferdelig leven at hele nabolaget var forstyrret.  For at det igjen skulle bli fred, forlangte folket at mannen skulle frakte korset tilbake det det hørte hjemme.  Men da man kom tilbake med korset, greide man ikke å få det opp den steile bredden.  I stedet ble korset veltet ut i sjøen. 

Korset har en markert tung form.  Den ene "armhulen" er ikke ferdighugget.  Det synes på sett og vis å være til dels mislykket eller beskadiget.  Man er fristet til å spørre om det er oppgitt før det er ferdighugget.  Steinsorten vil her være av adskillig betydning for å få bestemt.  Bendixen kaller den ”graa skifrig sten”, uten å antyde om denne steinsort finnes i nærheten der det stod.

 

 

29.03.1981

skriv Hans Lefdal til Eid kulturstyre:

”Med dette vil eg be Eid kulturstyre taka opp spørsmålet om oppattreising av ein kors i ”Korsstranda”.

 

Dei som hugsar nokre år attende vei at det stod ein trekors  ved riksvegen mellom Lefdal og Midthjell.  Dette var eit merkje som mange stansa ved, og som eg meiner bør oppatsettast.  Trekorset vart laga i samband med vegbygginga i 1936 – 38 då ein fann steinkorset.  Steinkorset er frå tidleg middelalder og er nå oppbevart på historisk museum i Bergen.

 

Etter samtale med konservator Bjørn Myre ved museumet i Bergen er dette tiltak som vert sett sers positivt på i dag.  Myre meiner at det bør lagast ein kopi av korset i stein som så kan settast opp på funnstaden, det bør også lagast ei informasjonstavle til steinkorset.”

 

Han søkjer om at det vert sett av på eigen konto kr 10.000,- til tiltaket av årets kulturmidlar i Eid.  Og han bad vidare kulturstyret utnemna ei nemd på 3 eller 5 medlemar til å stå føre arbeidet med reisinga.  Saka vart lagt ”på is” i 1981.

 

 

19. mars 1985

skriv Statens Vegvesen, Hermansverk, v/Bjørn Andresen eit brev til Geir Lefdal, Levdalsbygda, Bryggja:

RV 15 HP 07 PARSELL:  X MIDTHJELL – LEFDALSNES

PLASSERING AV RASTEPLASS – GJENREISING AV KORSET I ”KORSSTRANDA”.

Utdrag: 
”I framtidig detaljplan vil vi gå inn for å plassere ein rasteplass i eit høveleg område her;  dette i samsvar med godkjent plan.  Detaljplassering vert då nærare vurdert og tilpassa andre framtidige planer i område.”

 

 

08.10.1986

brev til Universitetet i Bergen, Historisk Museum, v/1. konservator Bente Magnus: 

Utdrag: 

”Opptakt til gjenreising av korset vart gjort i 1979.  Saka var til handsaming i Eid Kulturstyre både i 1981 og 1982.  På møte 29. nov. 1983 vart Geir Lefdal og Kristen Einar Midthjell oppnemt til å arbeide vidare med saka.

 

Arbeidsutvalet har nytta tida hitil til kontakt med Vegkontoret i Sogn og Fjordane.  Dette ut frå at gjenreisinga av korset må skje i nært samarbeid med dei.  Til orientering kan nemnast at korset stod der vegen vart bygd.  Dette førte til at vegarbeidarane sette opp eit kors av tre.  Dette stod fram til slutten av 50-talet, då det datt ned grunna rote.  Vi ser det som ei moralsk plikt for vegvesenet å ta del i gjenreisinga”.

 

Dei uttrykker også skuffelse over at det er små sjangsar til å få det opprinneleg korset tilbake på plass og at Historisk Museum må ta kostnadane med hogging av ny kopi av korset.

 

 

04.12.1986

svarer Bente Magnus i brev til Geir Lefdal og argumenterer for Historisk Museum si rolle i kulturminnevern. 

Utdrag:

”Krossen frå Midtgjeld vart gjeven til Bergens Museum truleg i 1831.  Han stod den gongen i fjæra nedanfor Midgjeld og så langt ute at han var tilvakse med tang og overfløymd  ved flo sjø.  Truleg er det biskop Neumann som har sørgd for at krossen fekk ein verdigare lagnad.”
Utdrag:

”Skal det hoggast ein kopi av kan, må utgiftane berast av prosjektgruppa eller kommunen.  Som sagt i telefonen er det ingen dum ide at eit steinhoggeri i Bergen eventuelt får oppdraget.  Historisk museum vil stå til teneste med faglig ekspertise i prosjektet.”                                                       

 

Fortalt av Jenny Midthjell 1999

Korsen

Alf Midthjell laga ein trekors som stod der korsen står i dag.

Den var laga av tre, måla brun, strødd på olivin, som glitra når sola skin.  Den var laga i slutten 1940-åra og stod fram til 1960-åra.

 

Kjelde:  Fjordabladet 11. august 1994

Krossen på plass

Ein kopi av steinkrossen som stod i flomålet mellom Midthjell og Lefdalsbygda er no komen på plass.  Eit lokalt initiativ for å få tilbake den gamle krossen som er på Historisk museum i Bergen førde ikkje fram, men ein god kopi av krossen var reist i går. (10.08.1994)

Krossen skriv seg truleg frå vikingtida, -950 til 1050.

Vikingkross på plass ved riksveg 15

Kulturseksjonen i fylkeskommunen har saman med vegkontoret samarbeidd om å reise kopien av den gamle steinkrossen som stod mellom Midthjell og Lefdal.  Bygdefolket tok opp saka midt på 80-talet. No er den på plass til glede for bygdefolket og andre vegfarande.

Av Per Alsaker

Historiene rundt krossen er mange, det kan nemnast at futen i Davik tok med seg steinen for å ha den som pynt i hagen sin.  Dette var truleg ein gong i dansketida.  Etter at den kom til Davik vart der så mykje spøkjeri at davikarane tok ned krossen.  Den vart då frakta over fjorden att og dumpa i fjøresteinane.  Der låg den fram til 1831 då den vart frakta til Historisk museum i Bergen.  Originalen bar preg av å ikkje vere heilt ferdig, og gjev oss difor kunnskap om korleis desse krossa vart laga, seier Berit Gjerland ved kulturseksjonen hjå Fylkesmannen.

Kopien har fått den lengde som dei meiner er riktig, eller som den hadde då den vart laga.  Kopien er laga ved Eikner Naturstein A/S i Bergen.  Det er ikkje så ofte dei har slike oppdrag, men marknaden ser ut til å vere aukande, seier Sigurd Eikner ved bedrifta.

Mykje skryt

Vegvesentet får mykje skryt av Gjerland for fint arbeid, og god opparbeiding av staden der krossen no er komen på plass.  Åge Sørland ved Vegkontoret kan fortelje at det kostar litt å  lage til slike stader,  men at det meste er omtanke.  Geir Lefdal som var ein av dei som tok initiativet til  å få på plass krossen, er og godt høgd med resultatet.  Det var ikkje så mykje folk tilstades utanom dei som var ansvarleg for arbeidet, når krossen vart montert.  På spørsmål frå Fjordabladet om når det vert innviing av krossen får vi ikkje noko skikkeleg svar.  Men kjenner vi bygdefolket rett, vil det sikkert verte ei verdig markering.

 

KKUL v/underteikna fekk i november/desember 2000 godkjenning både av redaktøren i Fjordabladet Anne- Mari Aalberg og journalist Per Alsaker til å nytte avskrift av avisa og legge dette ut på websida for krinsen:
”Det er berre hyggjeleg at du kan bruke noko av det som har stått i Fjordabladet. For vår del er dette heilt OK - når du i tillegg krediterer
avisa for opplysningane.  Lukke til og god jul. Helsing Anne-Mari Aalberg”

(18.12.2000)

 

 

Inskripsjon på kross-tavla:

MIDTHJELL-KROSSEN


Steinkross frå Vikingtid/Mellomalder

Krossen er ein kopi av ein steinkross som no står i dei kulturhistoriske samlingane ved Bergen museum.  Originalen vart gjeven til museet i 1831.

Krossen er omtala skriftleg i 1826 av biskop Neumann etter ei reise i Nordfjord og på Sunnmøre.  Han skildra plasseringa av krossen på garden Midthjell der den;  ”stod et stykke fra Strandbredden ude i Søen, saaledes stillet, at det i Flodtiden var aldeles skjult, og kun i Ebbetiden synlig, men heller ikke da kjendeligt, fordi den var aldeles overgroet med Tang”.

Krossen er skada og har ei markert tung form.  Den eine armhola er ikkje ferdighogd, og krossfoten er avslegen om lag midt på.  Krossen kan ha blitt øydelagd eller skada under framstillinga og difor ikkje blitt hogd ferdig.

 

Sagn

Neumann fortalde også sagnet som er knytt til krossen.  Sagnet kan forklara den uvanlege plasseringa.  Opphavleg stod krossen høgt oppe på den bratte stranda som heiter Kross-stranda.  Fogden i Davik flytte krossen til eigedommen sin på andre sida av fjorden, ikkje langt frå Davik kyrkje.  Etter dette vart det kvar natt eit slikt leven at alle naboane vart forstyrra.  Folk kravde då at krossen skulle førast attende over fjorden slik at det blei fred.  Det vart gjort, men dei makta ikkje å få den opp den bratte stranda, og krossen vart velta ut i fjøra der Neumann fekk sjå den.

 

Steinkrossar på Vestlandet

Steinkrossar er sett i samband med kristninga av landet vårt.  Dei er tidfesta til vikingtid og tidleg mellomalder.  Skikken med å reise steinkrossar er her i landet avgrensa til Vestlandet og viser til kontakt med England og Irland.

 

Kopi av krossen er sett opp i 1994 i samarbeid mellom Kulturseksjonen, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen Sogn og Fjordane.  Krossen står no på staden der den skal ha stått opprinneleg.

 

25.12.2000

Rønnaug Leite