Einar Berstad:

 

Kraftverket i Jølet i Kjølsdalen

 

Spørsmålet om elektrisk straum

Fyrst på nittenhundretalet gjekk diskusjonen høgt i Nordfjordbygdene når det galdt utbygging av kraftverk. Eit storstilt føretak vart sett i gang i Ålfoten, det såkalla «Ålfoten-selskapet». Fleire Nordfjordkommunar hadde satsa nokså stort på det. Men før dei kom skikkeleg i gang, gjekk dei konkurs. Nokre ingeniørbustader og eit stort administrasjonsbygg i Ålfoten stod att som eit skremmande døme på feil prosjektering. Dei leiande i selskapet måtte tole hard medfart i avisspaltene: «Hadde overingeniør Hysing bodd i Russland, ville han ha fått ein hyssing rundt halsen.»

 

 

Lokalt initiativ

På same tid gjekk nokre framtøke, dugande karar på Humborstad og pønska på eit liknande føretak, men i langt mindre målestokk, i Storelva i Kjølsdalen. Birger Kjøllesdal (Hanse-Birger), som var utdanna elektrikar, var nok ei medverkande drivkraft. Det var og han som stod for montering og installering.

            Den fyrste plassen dei såg på, låg på austsida av elva, ein stad nedanfor Jølbruna. På ein kontrakt  av 5. mai 1917 er den kalla for «Øvre Hammerfoss». Der vart det teke ut ei tomt «ved den gamle vei på Jonas Humborstad sin eigedom (den gamle bygdavegen gjekk tidlegare langs elva). Det skulle leggjast rør frå «Hammerhøl» (uviss kvar den ligg).

            Av kontrakten ser det ut for at der førelåg planar om å byggje ei stor demning ved Jølbrua, eller lenger oppe i elva, for der var fleire som tok atterhald når det galdt følgjene av ei demning, då enkelte trudde at der ville bli ein dam som rakk heilt nord til bedehuset. Det heiter nemleg i papira at «Janike Stordal tok forbehold om at det vart sett opp gjerde langs dammen.» Pauline Bakke ville berge «vaskeplassen» sin, og «Severin Horn tar forbehold om adgang til kvernhuset sitt» som stod nordanfor bedehuset og vart teke av storflaumen på 1930-talet.

            Denne kontrakten er tinglesen den 23.05.1918, og underskriven av Anders A. Kjøllesdal (Per-Anders), Guttorm Humborstad (Bruvoll) og K. Rutledal.

            No vart det ikkje bygging av elektrisitetsverk på denne sida av Storelva. Grunnen til det var at det ville skape store problem for drifta av dei eksisterande kvernhusa, som det var fleire av. Men planane vart likevel ikkje lagde bort, for nokre år seinare vart kraftverket bygt på den andre sida av Storelva, på Anders A. Kjøllesdal sin eigedom i Jølet. Og her fekk det ikkje innverknad på kvernhusa, då det vart bygt så mykje lenger oppe. Tett nedanfor Jølbruna vart det bygt ein dam, og kraftverket låg ca. 15 meter nedanfor.

 

 

Elektrisitetsverket

Frå dammen var det oppmurt ei renne , ca 70 cm brei og litt djupare. I enden av den vart det mura ein kumme som var ca. 1 m i firkant, og ca. 6 m djup. I botnen av den låg då turbinen, ein såkalla «trykkturbin». Det var presset av tyngda på vatnet som dreiv turbinen. Frå turbinen var det reimdrift til generatoren. Denne hadde ein kapasitet på ca. 10 kilowatt, og den produserte likestraum, det vil seie at straumen går berre ein veg, i motsetning til vekselstraum som går fram og tilbake. Den var utan transformator, så straumen gjekk direkte inn på leidningsnettet.

            Straumen vart berre nytta til lys (Ein kunne ikkje bruke same lyspærene som til vekselstraum). Med vanleg køyring låg straumstyrken på rundt 220 volt. Men det var ofte mykje lågare når det t.d. var lite vatn, då var det berre såvidt det gløda i lampane.

 

Oversyn over dei som bygde og åtte verket:

 

 

Anders A. Kjøllesdal gbnr. 111.1
Berge Humborstad gbnr. 118.8/10/11
Kristoffer Rutledal  gbnr. 118/16
Guttorm Humborstad gbnr. 118.1
Jonas Humborstad gbnr. 118.3
Rasmus R. Humborstad gbnr  118.21
Ola M. Humborstad  gbnr. 118.7
Severin Horn gbnr. 117.1
Knut Horn gbnr. 117.2

 

Desse fekk leige straum:

 

P.O. Nortun gbnr. 111.7
Ola Nordbø gbnr. 111.2
Skulen (Davik kommune)

Kor mykje verket kosta i kroner, har vi ikkje greie på, men alt arbeidet vart gjort på dugnad. Det same galdt arbeidet med stolpar og leidningsnett.

            Generatoren vart innkøpt hjå firma PER KURE. Men kvar dei fekk tak i turbinen, kjenner vi ikkje til. Generatoren er framleis å finne hjå Karstein Humborstad (sjå bilete). Utgiftene vart likt fordelte på eigarane. Til årleg vedlikehald hadde dei ein kontingent på kr. 10,-. Dei som leigde straum, betalte noko meir, truleg kr. 15,- pr. år.
 

 


 

Tilsyn

Detn fyrste tida var det Guttorm Humborstad som hadde det daglege tilsyn med verket. Seinare var det Jonas Humborstad som tok seg av det. Betalinga var gratis straum. Verste problemet med tilsynet var når dammen fraus til i vinterkulden. Då var det ofte i mørke kveldar, med fjøslykt i handa, at Jonas måtte avstad og banke is, og då var det slett ikkje ufårleg, så ho Marthe hadde mang ein hjarteverk då, seier Karstein Humborstad, som er heimelsmann for det meste av det som her er skrive.

            Det er i alle fall sikkert at så lenge dei hadde trong for anna enn straum til lys, så var dei godt hjelpte i mange år. Og rimeleg drift var det og. Det er ikkje kjent at dei hadde noko uhell med det i desse åra.

            Verket vart nedlagt i 1945. Då gjekk dei over til Ytre Fjordane Kraftlag, som på eit tidleg tidspunkt hadde bygt ut leidningsnettet i Kjølsdalsområdet.

 
 

Ein liten kuriositet

Sidan dei ikkje hadde regulator for straumstyrken i sjølve verket, hadde dei strakt ei snor - streng eller tynn vaier - i ca 300 m lengd til stovehuset hans Jonas Humborstad (ei dobbel snor). Oppe på veggen inne i daglegstova var det eit hjul med to handtak på (eit sykkelkjede gjorde og teneste). Når ein snudde på dette hjulet, kunne dei regulere vasstilførsla til turbinen. Det gjorde dei om kvelden når det leid mot sengetid, for då minka straumforbruket, og sidan dei mangla regulator, så måtte han Jonas gjere dette med hand før han steig opp i senga og la seg - dei låg nemleg i daglegstova. Om morgonen var det på same måten: Det var å gje hjulet nokre omdreiingar, så kom straumen med full styrke når forbruket på ny auka.