HEIMEVERNSHYTTA

02.04.99 - Bengt og Trygve Leite besøker restane av Heimevernshytta på Sjønakken.
Foto: Rønnaug Leite
Det er søndagsettermiddag den 23. august 1998. Eg har fått gleda av å vitje Karstein
Humborstad
i det trivelege selet på Navestøylen. Regnet trugar i fjella slik har gjort heile denne
sommaren.
Det norske flagget vaiar likevel på hytteveggen og legg ramma for ei høgtidssam stund.
Karstein Humborstad fortel slik om bakgrunnen for Heimevernshytta og i korte trekk korleis
den vart nytta.
"Det var i 1943, eg hadde dagen før fått overlevert ein radio som eg var i ferd
med å gøyme under
golvet i verkstaden min, at det kom ein motorsykkel med to tyske offiserar opp vegen til
skulehuset like ved.
Eg tenkte at no visste dei om radioen og gøymde den i all hast som best eg kunne.
Men det skulle vise seg at det dei var på jakt etter var eit eigna observasjonspunkt, og
det var då Sjønakken
eller Åsen som vi sa, dei hadde merka seg ut.
Det kom 2 lag, 15 20 soldatar, frå den tyske hæren som tok tilhaldsstad i
skulehus-kjellaren. Derifrå la dei
kommunikasjonsline på marka fram til observasjonsstillinga. Ei maskingeværstilling
skulle sikre
observasjonsposten, og ein kan sjå merke etter dette i dag.
Tyskarane var dyktige å finne fram til strategisk viktige plasseringar med lett
tilkomst. Sjønakken var godt
utsiktspunkt for observasjon og melding av skip og fly. Der var soldatar på post, til
eikvar tid 4 5 mann,
til nokre dagar etter at krigen var slutt.
Heimevernet vart skipa 6. desember i 1946 og vart etablert her i distriktet våren
1947. I 1949/50 skulle
Det norske Luftforsvaret gjenreisast og det skulle byggjast ut eit varslingssystem for fly
over heile landet.
Radarane gjekk kun i horisontale liner og gav difor ikkje god nok tryggleik. Spørsmålet
som då vart stillt var
då kvar tyskarane hadde etablert sine observasjonspostar under krigen, for det var den
same oppgåva som no
stod føre.
Sjønakken i Kjølsdalen var svært godt eigna, men punktet vart flytta lenger aust".
Karstein Humborstad vart kontakta for å administrere oppbygging av observasjonsposten
som vi i dag kallar
Heimevernshytta. Han hugsar det var Alfred Humborstad som køyrde på plass materialar med
hest frå Rabben.
Ole Kvien var grunneigar på staden. Det gjekk telefonline ned til rikslina med samband
til meldestasjonen i Førde.
Observasjonsposten i Kjøde og Breim (Utvikfjellet) var i det same sambandet, men dei
hadde kvar sitt kallenamn.
Då hytta stod ferdig vart det utteke eit lag på 8 mann der Georg Bruvoll var sjef og
Karstein Humborstad
nestkommanderande.
Hytta var avlang med flatt tak og med rekkverk på taket der ein stod og observerte.
Det var som regel 2 mann
nede i hytta og to på taket. Uansett skulle det vere ein person på taket med telefon.
Rapportane skulle gjevast i visse typar setningar som skulle innehalde flytype, retning og
hastigheit.
I Førde sat frivillege damer med høyretelefon og tok imot meldingane. Dei
sat i ein sirkel og plasserte tegn
på eit kart på bordet alt etter kva melding som kom.
På eit nivå høgare sat andre som såg markeringane og sende melding vidare til
Stavanger.
På Sjønakken var det HV øving eit par goner i året. Øvingane kunne vare 5 6
timar, eit døgn eller fleire døgn.
Øvingane gjekk utan fly eller det kunne kome chesna- og jagarfly.
Av og til vart det gjeve varsel om å vere ekstra på vakt, men som regel ikkje.
Glaskuppelen eller tårnet på taket vart bygd for at vaktene skulle sleppe å stå ute på vakt i allslags ver.
Karstein Humborstad var ikkje på vakt ved hytta etter 1953, men aktiviteten heldt fram
til forsvaret fekk betre utstyr
i 1955/1956.
Luftforsvaret ville snarast mogeleg avskrive observasjonsposten i papira. Grunneigar
fekk då førsteretten til å
overta hytta vederlagsfritt.
31.10.98
Karstein Humborstad