DUESELA

Foto: Jorunn Breiteig

duesela3.jpg (33545 bytes)



Når ein går råsa frå Navestøylen til Dua, vil ein frå Duevatnet sjå eit hus bygd av stein.

Dette er ikkje eitt sel, men tre sel i eitt. Nederste delen tilhøyrer Nortunane, i midten dei i Holene og øvste delen Nogane. Sela var i bruk ein periode kvar sommar til ca. 1890.
Dørene til sela er svært lave fordi bjørnen ikkje skulle kome inn.
Frå Nogane var Malena Leita den siste budeia.
Graset i området var så saftig at det vart tjukk rømme på rømmekolla. Mjølka vart kløvja heim med hest dvs. at trehylkja hang på salen.

1998 - Kirsten Kjøllesdal