REKSNES
ligg ca. 1 km aust for Kjølsdalen sentrum.
Bygda består av gardane Ytre Reksnes, Indre Reksnes, Lund, Årdal og Tømmerstøl.
Lund ligg lengst aust mot Stårheim, og folket her soknar til Stårheim sokn.
I dei siste åra har Lund vorte rekna under Reksnes.
Bygda har 25 husstandar, 5 av 17 gardsbruk er i drift, men gardane er bebudde og vert
brukt som tilleggsjord
av andre bønder. Av næringslivet elles kan nemnast mobilsag og steinuttak.
På Reksnes og Lund ligg husa 50 - 100 m frå stranda, alle langs riksvegen og med god
utsikt innover fjorden til
Yksneelvane og Isefjorden.
Langs strandlina ligg det fleire naust. Der er fine tilhøve for bading og fisking.
På Indre Reksnes går vegen oppover dalen til Årdal og Tømmerstøl ca. 220 m.o.h. og
med flott utsikt ned på fjorden.
Nytilflytta og nystifta barnefamiliar har gjort at folketalet i bygda har teke seg opp
att.
Bygda Reksnes har vakna til liv igjen!
Ytre Reksnes
To gardsbruk som tidlegare dreiv fruktdyrking og husdyrhald. Seter i Langelihola.
Husmannsplass i Årdalsvika.
Fleire gravrøyser langs sjøkanten og fleire enkeltfunn, eit tilbake til år 5000 f. kr.
På garden til Hans Reksnes står det ei bud frå slutten av middelalderen (1030
1500).
Buda er freda og restaurert av Riksantikvaren i 1992.
Hans Reksnes er ein dyktig, men mindre kjend kunstmålar på Reksnes.
Indre Reksnes
Tre gardsbruk som dreiv husdyrhald. Seter på Reksnessetra, drift fram til 1944.
Harry Botn er ein av dei kjende kunstnarane på Reksnes.
Reksnesbrua (kvelvingsbru) vart bygd i 1911.
I Kleiva mellom Reksnes og Lund er den gamle kommunegrensa Eid/Davik. Denne gjaldt fram
til 1965.
Lund
Fire gardsbruk som dreiv husdyrhald og gartneri. Seter på Lundasetra fram til 1957.
To husmannsplassar på Lund og ein på Kvieneset.
Det er no få som har Lund-etternamnet. Difor blei det i 1996, reist bauta på Lund for at
namnet ikkje skulle bli borte.
Bautaen har innskrifta LUND 1996 og gardsmerket.
Tidlegare var det utstillingsplass i Lundastranda.
I Lundastranda var det utteke mykje fin stein til muring m.a. kyrkjemuren i Kjølsdalen.
Storeika på Lundahaugen var brukt som landemerke for båtar. No står det fyrlykt på
Kvieneset.
Årdal
Fire gardsbruk med husdyrhald. Eit av bruka har ein gammal rivefabrikk med eige
kraftverk.
Seter på Storevassetra med fiskevatn. Gardane Årdal har naustrettar i Årdalsvika.
Tømmerstøl
Tre gardsbruk med husdyrhald. Desse gardane ligg heile 220 m over havet.
Eit av bruka har setreområde på Flatehaugen. Alle bruka har naustrettar i Årdalsvika.
Fekk ny bygdeveg i 1980.
Reksnes har truleg hatt ein av siste omgangsskulane i landet.
Krinsen fekk skulehus i 1956, 2-delt skule. Johannes Hatlegjerde var lærar første
åra.
Skulen vart nedlagt i 1969. Deretter overtok bygda bygget til Grendahus.
Seinare overtok Eid kommune bygget, og det vert no brukt til barnehage.
Reksnes Barnehage er privat driven og har ope 2 dagar i veka. Den er og brukt som
onnebarnehage.
1999
Asle Nesbø
Kåre Aardal