KJØLSDALEN KRINS

femner om bygdene, frå vest; Lefdal, Midthjell, Haus, Ervik, Kjølsdalen og Reksnes.
Det er 185 husstandar i krinsen som tilsaman utgjer 518 personar.

Lefdal og Midthjell har eit nært og godt samarbeid. Desse bygdene har tilknyting vestover
mot Bryggja. Haus og Ervik har også nært samarbeid med kvarandre. Ervik er no knytt nærare til Kjølsdalen
med gang- og sykkelveg gjennom Erviktunnelen.
Kjølsdalen er hovudbygda i krinsen med skule/bibliotek/bygdekontor/nærmiljøanlegg, kyrkje, bedehus,
nærbutikk og kommunalt bustadfelt. Folket på Reksnes har tilknyting både til Stårheim og Kjølsdalen.

Utbetring av RV15 har medført betydeleg betre kommunikasjonar, slik at både Eid, Stryn, Vågsøy,
Vanylven og Selje er arbeidsområde for innbyggjarane. Dette gjev tru på framtidig busetnad.

Jordbruk er den største næringa i krinsen, men mange har etterkvart anna arbeid ved sida av gardsdrifta.
Olivingruva North Cape Minerals er den største og viktigaste arbeidsplassen.
IT-bedrifter er etablert siste åra, og Kjølsdalen vert omtala som IT-bygd i fylket.

Det er i alt over 20 ulike, frivillege lag/organisasjonar i dei seks bygdene.
Kjølsdalen Krins Utviklingslag (KKUL) vart skipa i 1995 som eit fellesorgan for innbyggjarane i krinsen.
Bygdekontoret ved Kjølsdalen skule er base for utviklingslaget og kontor for lag/organisasjonar,
privatpersonar og næringsliv i heile krinsen.

Krinsen har vore med i Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane 1996 - 1999, og kom med i
fylkesplanprogrammet Levedyktige Bygder i 1998. Utviklingslaget har opparbeidd eit viktig kontaktnett i fylket både med tanke på prosessar og finansiering. Sidan 1995 er det tilført krinsen over 2 mill kroner.
Pilotprosjektet "IT som verktøy i bygdeutvikling" har som mål at bygdene må ta i bruk datateknologi
som eit fortrinn for distrikta.
Kurs og månadlege temamøter på skulen er med på å fremje Reform -97, livslang læring og
kompetansebyggjing. KKUL, Hyen og Hjelle krins i Oppstryn er no i gang med eit samarbeids
-prosjekt retta mot ungdom og IT, støtta av BU-fondet med 150.000.

Dugnadsånda står sterkt i heile krinsen. Med fråflytting frå distrikta som trend i tida, er det viktig at bygdene
er aktivt med og tek ansvar for eiga utvikling.
Behovs- og Ressurskartlegginga i krinsen viser at folket meiner fin natur og gode muligheiter for friluftsliv
er styrken til krinsen. Eit natur- og kulturkart er under utarbeiding der 19 fine turar er avmerka og omtala.
Tildeling av STILK-midlar til ferdselstiltak skal nyttast til rydding, merking og skilting i heile krinsen.
Dei gamle ferdavegane mellom bygdene er no tekne i bruk att som heilårsturstiar.
Kjølsdalen Sanitetsforening arrangerer i sommarmånadane onsdagsturar med turmål i alle bygdene.
Interessa for hest har vore aukande i alle bygdene dei seinare åra, dessutan folkemusikk og restaurering
og bruk av gamle båtar.

Kjølsdalen Sanitetsforening startar i desse dagar bygging av omsorgsbustadane "Kirsebærhagen" rett over
vegen for nærbutikken i Kjølsdalen sentrum. Den årlege Julemessa i Kjølsdalen Samfunnshus med husflids-
og handverksprodukt, samt tradisjonsbakst gjev inntekter til dette store løftet, som vil gje dei eldre høve
til å bli buande i krinsen.

Omlegging av det farlege vegkrysset i Kjølsdalen er likevel den aller viktigaste oppgåva for å sikre
tryggleiken til skuleborna og folket. RV15 deler sentrum, og det er eit mål å knyte dette saman med
vegforbindelse under riksvegen.

Gode bustadtomtar og gjennomgangsbustadar må heile tida vere tilgjengeleg for å halde oppe folketalet og
skulen i framtida. Næringsareal er også av største betydning i bygdene.

Det gode liv i bygdene må synleggjerast og marknadsførast i mykje større grad enn det som er tilfelle i dag.
Barn, unge, vaksne og eldre må samarbeide for å ta vare på bygdetradisjonar og dei naturgjevne fortrinn,
på same tid som folk i bygdene held seg oppdatert nye på trendar i tida for å ligge i førekant av eit samfunn
i rask endring. Bygdeutvikling skal vere ein kontinuerleg prosess i Kjølsdalen krins.

Juli 1999
Rønnaug Leite