KLIMA

Oseanisk klima.

Klimaet i vårt distrikt vert i hovedsak påverka av plassering i høve breddegrad.
Dette får verknad for solinnstrålinga. Sola er drifkraft i det globale klimasystem og vertilhøve.

Krinsen ligg i vestavindsbeltet. Varme fuktige luftmassar vert ført over Atlanterhavet og kjem
inn over Vestlandet. Topografien i området vil ha stor innverknad på om dei fuktige luftmassane
vil gje frå seg nedbør. Lokalklima vert påverka av høgde over havet og nærleik til kysten
(innlandsklima eller kystklima). Topografien har også innverknad på soltilhøva.
Skråningar mot sør har meir varmekjær flora enn mot nord.

TEMPERATUR

Normalverdi 1961-1990
Middelverdiar i døgnet
Nordfjordeid 71 m.o.h.

Jan. Feb. Mars April Mai Juni Juli Aug. Sept. Okt. Nov. Des.
-0,8 -0,9 1,4 4,0 9,3 12,5 13,8 13,4 10,1 6,9 2,2 -0,1

Gjennomsnitt 6,0 grader C. 

NEDBØR

Normalverdi 1961-1990
Nordfjordeid 34 m.o.h.

Jan. Feb. Mars April Mai Juni Juli Aug. Sept. Okt. Nov. Des.
193 146 158 87 73 85 101 118 239 234 233 248

Gjennomsnitt 1915 millimeter pr. år.