KJØLSDALEN
Om lag halvparten av befolkninga i Kjølsdalen krins bur i Kjølsdalen, dvs. ca. 300 personar.
I Kjølsdalen ligg grunnskulen med rundt 80 elevar. Eit nytt tilbygg til skulen stod
ferdig i 1998 med
kombinasjonsbibliotek og bygdekontor. Kjølsdalen Krins Utviklingslag utførte dugnad til
bygging
av kontoret for 165.000. Uteområdegruppa står ansvarleg for å opparbeide uteområdet
ved
skulen til eit kombinert uteområde, nærmiljøanlegg og bygdetun.
Snarleg regulering og utbetring av det farlege vegkrysset i Kjølsdalen vil knyte
skuleområdet til Neset
og Kjølsdalen sentrum med Nærbutikk og "Kirsebærhagen", som er namnet på
omsorgsbustadane
som Kjølsdalen Sanitetsforening skal bygge.
Ved sida av skulen ligg Kjølsdalen kyrkje som er restaurert etter herjinga under
orkanen nyttårsnatta
1992.
Midt i dalen ligg Kjølsdalen Samfunnshus som er godt eigna til teater, møteverksemd,
konferansar
og liknande. Kjølsdalen Ungdomslag har vore aktivt med i innkjøp av lydanlegg og lys til
scena.
Ungdomslaget støttar også opp om Bygdekinoen som har framsyning kvar 14. dag. Eit par
hundre
meter lenger oppe i dalen ligg Kjølsdalen Bedehus som er nyopppussa og mykje brukt av
både
eldre og yngre.
Hovudnæringa i Kjølsdalen er jordbruk, men mange har arbeid i andre yrke ved sida av
gardsbruket.
Anna næringsverksemd er bilverkstad, transport og kjøtproduksjon/sal.
Det er kartlagt olivinforekomst av stor verdi i dalen.
Det kommunale bustadfeltet ligg plassert i Kjølsdalsstranda. Det trengs ein snarleg
gjennomgang av
tomtetilbodet for å sikre attraktive tomtar for framtida. Det er gledelg å sjå at det
jamleg vert bygd nye
hus på gardane i bygda.
Kjølsdalen er rik på natur. Kjølsdalselva som deler bygda i to må kunne kallast ei
perle.
Områdetiltak-midlar med andel øyremerka vasskvaliteten i elva, skal nyttast til
planlegging.
Ved elveosen ligg det fleire naust. Lenger oppover fins restar av demmestokk og gammalt
kraftverk,
kvernhus, sagbruk drive med skovlhjul. I elva og i alle fjellvatna går det fisk.
Bygda får vatnet frå Ljådasvatnet heilt nord i dalen.
Frå gammalt av gjekk ferdavegen gjennom Kjølsdalen og over fjellet til Møre, ein fin
tur på 2 - 3 timar.
Første søndagen i august byter folket på Åheim og folket i Kjølsdalen på å
arrangere stemne på Dua.
På setrane vert gamle sel restaurerte, og det er bygde mange nye hytter i dalen dei
siste åra.
Det skal no utarbeidast reguleringsplan for hyttebygginga. Eid O-lag har laga
orienteringskart i området.
Utmarka blir nytta til beite for sau og kyr. Ein del barskog er hogstmogen. Vilkåra for
hjortejakt er gode.
Ved Dalsetra ligg ein danseflake som ungdomslaget har halde i hevd. Her vert det kvar
sommar arrangert
3 - 4 offentlege dansar som er ei av inntektskjeldene til laget og dermed også
Samfunnshuset.
Bygda er stolte av og flinke til å ta vare på bygdekulturen. Korpsmusikken står sterkt
med Kjølsdalen
skulemusikk og vidkjende Kjølsdalen Musikklag, skipa i 1926.
Kjølsdalen er kjend som televerksbygd i Sogn og Fjordane og no som IT-bygd.
Kjølsdalen hadde tidlegare fast tilknyting via Fylkesbåtane. I dag blir kaia nytta til
fiskeplass for tilfeldige
turistar. Det same vert Neset der det er oppført nye naust. Postkontoret er lagd ned. Det
står dermed ledige
lokaler i den tidlegare "Skofabrikken". Andre tidlegare butikklokaler står
også ledige.
Samfunnshuset har rom som ikkje er sett i stand.
Bygdevegen på begge sider av Kjølsdalselva er etterkvart i dårleg forfatning.
Eid kommune står her framfor eit stort løft.
1999
Jan Eide
Rønnaug Leite