KJØLSDALSSONGEN
Tekst:
Hjørdis Gilleshammer - 1999
Melodi: Alf Rosenlund -
"Bondekvinnemarsjen 1950"
Kjølsdal vår heimbygd med nut og med koll
gardar og grender med grasgrøne voll
arv i frå ætter som odla vår jord
i seklar mot to tusen år
Snøkvite fjella om dalen står vakt
fargerik fauna i sommarleg prakt
Ljådalsvatn dormar med solgull på fjell
der småfisken vakar mot kveld.
Eldgamle sætrar med fjøs og med sel
beitande bøling med kulokk om kveld
gjestebodshelgar i lysteleg lag
i sela kring rømekollfat.
Til Kvandalsegga i luftlette lag
ved stien det blømer ein høgsommardag
med ro i din tanke og glede i sinn
då høgfjellets fred den er din.
Song i frå lier og sus ifrå elv
brusande vårliv der kvitveisen skjelv
bivrande tonar frå framfarne år
til songen om heimbygda vår.