HAUS
ligg ca. 2 km vest for Kjølsdalen skule. Eit markert dalføre med ei elv dannar ramma
om bygda.
Gardane Gillesdal, Ramnefjell, Storesetra og Etterdal ligg høgt og fritt og omkransar
bygda der dei
fleste gardane har namnet Haus. 19 hus har heiltidsbusetnad. 5 sommar-/feriehus er i bruk.
Ein gard er ubebudd. 2 av 13 gardar er heiltidsbruk. Dei andre vert drivne med delvis
arbeid utanfor. Driftsforma er mjølkeproduksjon, uksar og sauer. Eit bruk står ubebudd,
men jorda
vert driven. Bygda er inne i eit generasjonsskifte og opplever ein periode med
nyetableringar.
Det har kome familiar utanbygdes frå og busett seg i bygda, noko som er svært positivt.
Haus har eit fint naustmiljø ved sjøen og lita, fin badestrand. Det vart bygd felles
molo for Haus og
Ervik i Hamna i forbindelse med vegutbygginga i 1991.
Den gamle ferdavegen over Vindfylla er ein flott tursti med fin utsikt. Den gamle
riksvegen forbi
Vindfylleneset ligg no som eit kulturminne og som ein fin tursti med gode fiskeplassar.
Setrane ligg fritt og fint ved Hausvatnet. Mange fine fiskevatn ligg i fjella mot
Sunnmøre.
Dette er eit svært attraktivt turområde og gode fjellbeiter for husdyr.
Haus har registrert kulturlandskap med einerhage. Sentralt i bygda ligg Haus og Ervik
Grendahus.
Gjennomsnittleg 2 - 3 gongar om året blir det aggangert dugnad i Grendahuset. Folke
stiller velvilleg
opp, og som regel blir det arrangert ei matykt i løpet av dugnaden, noko som er veldig
sosialt.
Sidan Grendahuset er felles for både Haus og Ervik stiller folket frå begge bygdene opp
på dugnad.
For 4 - 5 år sidan vart det starta opp ein dameklubb i bygda. Damene samlast ein gong i
månaden,
og alle byter på å ha klubben heime hos seg. Her blir det prata om "laust og fast,
og dei som vil har
med handarbeid. Dette er med på å styreke samhald og trivsel i bygda.
1999
Anne Brattheim