GEOLOGI
BERGGRUNN
Berggrunnskartet for Kjølsdalen krins viser i hovudtrekk gneisliknande bergartar med
ein dominerande
strøkretning aust - vest.
Hovudbergart i området er plagioklasrik gneis med tendensar til banda struktur.
Dessutan eit band med granittisk gneis, i vest ein meir markert augegneis og det fins ein
blandingsgneis
med mykje kvartsittar ved Eikås.
Det fins ultramafiske bergartar som opptrer i linser eller øyar og som kan innehalde
serpentinitt, dunitt,
olivin eller kleber. Verdien på olivin-førekomsten i Kjølsdalen er stipulert til 6
milliardar kroner.
Alder på gneisane i området er stipulert til ca. 950 mill. år eller eldre. Det fins
målingar på gneisar som
har alder opp til 1625 millionar år.
LAUSMASSER
Lausmassekartet viser for det meste bart fjell og morenejord. Tjukke avsetningar finn
ein i vesentleg grad
i forsenkningane i landskapet (dalområda).
Det fins skredmateriale i form av urar og skredvifter og innslag av torv og myr.Desse vil
i prinsippet alltid
ligge på oppsida av andre avsejingstypar.
1999
Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Fylkesgeologen