KKUL logo
Vedtekter


§ 1: Formål.

Kjølsdalen Krins Utviklingslag er eit fellesorgan for dei næringsdrivande, organisasjoner og lokalbefolkninga, som har interesse knytta til lokalsamfunnet innan laget sitt geografiske virkeområde ( frå og med Lund til og med Lefdal). Kjølsdalen Krins Utviklingslag skal gjennom samling og koordinering av krefter og interesser arbeide for ei sunn utvikling av lokalsamfunnet, samt framheve lokalbefolkninga si rolle og verdi andsynes samfunn og styresmakter.

§ 2: Virkeområde.

1. Opptre som lokalsamfunnet sin felles interesseorganisasjon og talerøyr
2. Vere rådgjevande organ.
3. Arbeide kontinuerlig for å påverke lokale styresmakter med tilrettelegging av lokalsamfunnet sine interesser.
4. Drive opplysningsarbeid med særleg vekt på å auke forståing og aksept for laget si rolle og verdi i lokalsamfunnet.
5. Stimulere til auka næringsutvikling i virkeområdet.

§ 3. Styret

Styret bør ha 5 medlemer og 5 personlige varamedlemer. Styret er vedtaksført når minst 3 av styremedlemane er til stades. Kvart av bygdelaga Lefdal/Midthjell, Haus/Ervik, Kjølsdalen og Reksnes, skal minst ha ein representant kvar. Ved likt stemmetal i styret, har leiaren dobbelstemme. Styret bør vere representert med begge kjønn. Møtereferat og vedtak skal offentleggjerast.

§ 4. Årsmøtet.

Årsmøtet er utviklingslaget sitt høgste organ, og skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Årsmøtet skal innkallast med minst 1 mnd. varsel. Innkallinga vert kunngjort i det presseorgan som styret finn høveleg. Framlegg til årsmøtet kan fremjast av alle i bygdene, og må vere styret i hende seinast 3 veker før årsmøtet. Seinast 1 veke før årsmøtet skal styret send ut framlegg til sakliste, innkomne framlegg med innstilling, samt øvrige årsmøtedokument. Årsmeldinga vert utdelt på årsmøtet. Det skal skrivast årsmøteprotokoll.

§ 5. Mynde og oppgåver til årsmøtet.

1. Årsmøteopning av leiar
2. Konstituering - val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteprotokoll.
3. Godkjenning av innkalling og sakliste.
4. Årsmelding.
5. Årsrekneskap.
6. Val av leiar for 1 år.
7. Val av 4 styremedlemer for 2 år, der 2 går ut kvart år. Styret konstituerer seg sjølv, og vel nestleiar, kasserar og sekretær.
8. Val av valnemd på 3 medlemer for 3 år, der ein går ut kvart år.
9. Val av 2 revisorar for 2 år, der ein går ut kvart år.
10. Innkomne saker.
11. Fastsetting av medlemskontingent.

§ 6. Stemmegjeving.

Alle vedtak og val i utviklingslaget sine organ skal avgjerast med alminneleg fleirtal. Alle personar, lag og næringsdrivande som har betalt medlemskontingent har 1 stemme. Dersom ingen ved val oppnår alminneleg fleirtal ved første avstemming, skal det haldast omval mellom dei to som har oppnådd flest stemmer. Ved likt stemmetal skal valet avgjerast ved loddtreking.

§ 7. Teieplikt

Den som i sitt arbeid for Kjølsdalen Krins Utvklingslag får innsyn i saker som krev konfidensiell behandlinga, pliktar å teie om dette.

§ 8. Vedtaksendringar.

Endringar av vedtektene kan vedtakast på ordinært årsmøte, og då med minst 2/3 av stemmene.

§ 9. Oppløysing.

Oppløysing av utviklingslaget må vedtakast på to ordinære årsmøter med minst 2/3 av dei frammøtte stemmeføre. Årsmøtet fordeler eit evt. økonomisk overskot.


Spørsmål?




KKUL©1998