"IT SOM VERKTØY I BYGDEUTVIKLING"

PROSJEKTSTATUS PR. MAI 1998

Ref. søknad om BU-midlar til IT-prosjekt datert 9.6.97 og tilsagn om tilskot datert 00.00.00.

Bakgrunn

Bygdene må ikkje falle utanfor IT-satsinga.

Distrikta må få høve til å opparbeide seg kompetanse innanfor IT.

 

Kjølsdalen skule/Eid Folkebibliotek, Kjølsdalen filial/Bygdekontor for Kjølsdalen krins

1.1.97 stod Kjølsdalen skule ferdig utbygd med kombinasjonsbibliotek, samt bygdekontor bygd på dugnad. Samarbeidsavtaler regulerer sambruk og felles bruk av ressursar.

 

Kjølsdalen Dataklubb/"Tavla"/Trykktenester

Kjølsdalen Dataklubb har medverka til å byggje opp kompetanse innanfor IT. Kjølsdalen Ungdomslag skaffa PC til bruk for bygda og gjev ut bygdeavis. Elevbedrifta ved skulen kopierer og sender ut avisa.

 

Pilotprosjekt

IT som verktøy i Bygdeutvikling

Prosjektet starta i august 1997 og har som mål å teste ut korleis ulike bygdeaktørar kan gjere seg nytte av informasjonsteknologi.

Organisasjonsmodell

Prosjektet vart organisert under Kjølsdalen Krins Utviklingslag med Jan Sæthre som prosjektansvarleg. Modellen vart endra slik at pr. i dag har styret prosjektansvaret der Eldar Lien og Rønnaug Leite er drivkrefter. Ressurs- og referansegrupper er ikkje formelt etablert, men dei andre grupperingar er i hovudsak etablert og arbeider sjølvstendig.

 

 

Westweb Internett og Martas Datahjelp

To nye databedrifter er etablert. Ole Morten Erviksæter baserer seg på produksjon av heimesider, medan Marta Elvebakke tilbyr konsulenttenester. Desse bedriftene har vore sterkt involvert i prosjektet som leverandør av utstyr, montering, programvare og opparbeiding av webside.

 

FRAMDRIFT OG STATUS UNDERGRUPPER

 

Kjøp av utstyr /Installasjon/Drift/Vedlikehald

Utstyrsgruppa vart førtst etablert. Den skulle definere behov og innhente pristilbod.

Styret la vekt på å kjøpe maskiner, utstyr og programvare av lokal leverandør sidan dette først og fremst er eit prøveprosjekt innan bygdeutvikling. Pr. november 1997 var 2 data-arbeidsplassar på bygdekontoret og 2 på biblioteket knytt saman i nettverk og klar til bruk.

Viser elles til vedleggsrapport frå denne arbeidsgruppa.

 

Kurs/Opplæring

Neste arbeidsgruppe som vart etablert skulle ha ansvar for introduskjonskurs og opplæring.

Prosjektmidlar vart sett av til eit introduksjonskurs for innbyggjarane. Pr. i dag er nye kurs lyst ut, men det er også behov for individuell opplæring.

Eige oppsett frå denne gruppa ligg også ved.

 

Webside

Eit viktig tiltak innanfor IT-prosjektet er å synleggjere arbeidet og få størst mogeleg nytteeffekt.

Styret prioriterte difor å presentere Kjølsdalen Krins Utviklinglag, Kjølsdalen krins og det arbeidet som vert gjort både innanfor data og på andre områder for omverda ved hjelp av Internet.

Pr. i dag er grunnmodellen for sida etablert: http//: westweb.no/kkul

 

Lag og organisasjonar

Det er over 20 ulike lag og organisasjonar i Kjølsdalen krins. Bygdekontor og utstyr står til disposisjon. Pr. i dag er det 5 lag som har eigen nøkkel til kontoret.

Ei eiga arbeidsgruppe har teke initiativ overfor Eid kommune og Frivillegsentralen i Eid for å få oppretta ei felles database for lag og organisasjonar. Pr. i dag har utviklingslaget innhenta informasjon som Frivillegsentralen registrerer i databasen "Fridtjof" for transportering til bruk på internet-sida. Lag og organisasjonar samarbeider no om ein Kulturkalender for krinsen som vert trykt i bygdeavisa "Tavla" og kontinuerleg oppdatert på internet.

 

Privatpersonar

Vi ser allereie i dag auka bruk av utstyret på bygdekontoret spesielt blant dei unge. Personar som arbeider med IT-prosjektet nyttar E-post og Internet som ein naturleg arbeidsreiskap. Det er ikkje tvil om at IT-prosjektet har stor nytte for utvikling av personleg kompetanse.

 

Skule

Rektor ved Kjølsdalen skule har vore med i utstyrsgruppa slik at behov for utstyr og programvare vert samordna. Pr. i dag er det lite samarbeid med skulen utover dette.

 

Bibliotek

Det er etablert ei lita arbeidsgruppe som skal ha kontakt med filialstyrar og bibliotekstyrar med

tanke på å få registrert bøkene i ein database og nytte datamaskinene i biblioteket til å søke i sentrale bibliotekbasar. Det er arbeid på gang for å få dette til.

Gratis bruk av internet for innbyggjarane i biblioteket si opningstid er også eit mål.

 

Eid kommune

Det er sendt oppmodingar til Eid kommune om deltaking etablering av formell kontakt, deltaking i ressursgruppe, samarbeid om programvare og liknande, men her har det vore lite framdrift.

 

Nærbutikk

Styret har gjort seg tankar om samarbeid som vi bli sett i verk om prosjektet vert vidareført.

 

Næringar

Produsentane bak Husflidsutsalet ved Nærbutikken er interessert i å profilere seg på Internet i første omgang på websida for krinsen. Pr. i dag er to produsentar lagt ut med svært enkel informasjon. Det er også viktig å byggje linkar til produsentar i andre bygdelag.

Dette er også eit tiltak som vi vil arbeide vidare med i neste fase.

 

Post- og Banktenester

Ei lita arbeidsgruppe beståande av banktilsette som bur i krinsen held seg orientert med utviklinga innanfor betalingstenester i dei ulike bankane. Det vil bli etablert tilbod om betaling via Internet

på Bygdekontoret og Nærbutikken.

 

Nettverksbygging

Pr. i dag vert det arbeidd med å lage linkar til andre bygdelag, offentlege instansar, media og liknande som kan vere til nytte i bygdeutviklingsarbeidet. Dette er eit av dei viktigaste punkta for

framtidig effekt av det kvar enkelt gjer lokalt.

 

Internasjonale kontakter

Det er eit mål å opparbeide kontakter i utlandet t.d. Skottland og kome med i Titan-prosjektet.

 

Som ei oppsummering hittil kan ein seie at prosjektet har hatt ei sakte, men sikker framdrift.

Prosjektet er tungt å drive på frivilleg basis. Det er hårfin balansegang mellom dugnad og

betalte oppdrag som kan medføre konflikter.

Prosjektet har svært mange positive ringverknader. Dei involverte er så langt samstemde i å arbeide vidare mot konklusjonar og konkrete resultat.

Det er lagt eit godt grunnlag for vidare arbeid, men vi har mykje å lære.

Vi trur også at vi har noko å tilføre andre av erfaringar.


KKUL©1998