Samarbeidprosjekt: IT som hjelpemiddel i distriktsnoreg
Ein søknad frå Oppstryn Bygdeutviklingslag, Hyen Utviklingslag og Kjølsdalen Krins Utviklingslag.
Korleis halde på ungdomen og kvinnene i krinsen
Hyen, Oppstryn og Kjølsdalen er bygder som er typisk for andre i utkantane av landet. Vi registrerer i dag nedgang i folketal, - jenter flytter frå bygda og gjennomsnitts alder stig. Det er ofte eit problem å få ungdomen attende til bygda og bli verande her.
Utviklingslaga vil gjere noko med disse utfordringane.
Hyen Utviklingslag, Kjølsdalen Krins Utviklingslag og Oppstryn Bygdeutviklingslag har teke initiativet til å få til ei større IT-satsing som kan dra inn både skule og næringsliv i bygdene. Ikkje minst er vi interessert i å får til eit samarbeid med dei mange frivillige organisasjonane som eksisterer .
Teknologien grip stadig sterkare inn i alle deler av samfunnet. IT blir eit stadig viktigare VERKTØY som vi har bruk for både på fritida og i arbeidslivet.
I mindre bygder er det i dag heller dårleg med tilbod til opplæring og utdanning innan denne teknologien. Dette vil føre til at ein ikkje klarer å fylgje med på denne utviklinga. Det er difor viktig at ein prøver å vere med på det som skjer innan IT, og at ein ser korleis ein kan nytte dette til å trygge og utvikle kompetanse i dei enkelte bygdene.
Vi ser for oss eit miniklasserom med 6 undervisnings-stasjonar der vi kan drive med klasseromsundervisning, enkeltarbeid og søking på nettet. Maskinene bør vere i nettverk slik at vi sparer programvare.
Dei næraste stadene som i dag kan tilby opplæring er Sandane, Florø og Førde, Nordfjordeid, Måløy og Stryn. Kursa på desse stadene går vanlegvis på kveldstid, og det vil for mange være vanskeleg å kunne delta. I tillegg er dei lange avstandane ei klar avgrensing for å kunne delta på ei slik opplæring. Vi burde kunne nytte dei vidaregåande skulane i Nordfjordregionen til slike undervisningsopplegg. Det betyr mindre kva ein tek kompetansen frå, men ved eventuelle samlingar, ville det vere enklare å møtast når undervisninga kjem frå regionen. Skulane har ei viss erfaring med slik utdanning. Dessutan satsar universitet og høgskular ein del på å gje fjernundervisning over nettet.
Prosjektet vil også kunne nyttast som verktøy i opplæringsformer som Distriktaktiv Skule, elevbedrift og andre deler av utdanning.
Vi trur at med dei tilbod som vi her bygger opp, kan det bli meir interessant for ungdom å vere i eller kome tilbake til bygda. Vi ser også på dette prosjektet som ei spesiell
JENTESATSING for Krinsane.
Etablere årlege IT dagar for jenter i Hyen, Oppstryn og Kjølsdalen.
Vi let dagane alternere i dei tre bygdene.
Målformulering
Hovudmål og delmål:
Skape nye arbeidsplassar
Målgruppe.
Generelt.
Samarbeidsprosjektet skal være med å auke kompetanse innan IT for alle krinsane. I tillegg skal vi gi bygdefolk eit servicetilbod som dei i dag ikkje har. Vi vil satse på at det blir skapt eit miljø og ein samlingstad både for ungdom og eldre.
Vi vil likevel trekke fram desse gruppene som klare mål for satsinga:
All ungdom og ulike organisasjonar vil være ei klar målgruppe for prosjektet. Det kan være aktuelt å samarbeide med Kommunen og Fylkeskommunen om bruk som offentlege kontor dersom dette er ønskeleg.
Av aktivitetar som kan utførast vil vi trekke fram:
Prosjektet
Organisering
Prosjektet vil bli eit samarbeidsprosjekt med Hyen Utviklingslag, oppstryn utviklingslag og Kjølsdalen krins utviklingslag som pådrivarar. I prosjektorganisasjonen set det to personar frå kvart utviklingslag. Desse er ansvarlege ovanfor det enkelte utviklingslag. Dagleg drift blir gjort av ein koordinator i kvar bygd. Denne koordinatoren er løna i 40% stilling og er heilt nødvendig om prosjektet skal vere liv laga. Dersom ein vil noko med støtte til distriksnoreg, bør ein få denne biten på plass.
Det vil vere naturleg å legge aktiviteten i prosjektet til skulane i dei 3 krinsane og bygge opp eit bygdakontor som kan vere bindeledd mellom den tekniske sida og brukarane. Alle har eit naturleg forhold til skulen sin. Her finn ein frå før av kunnskap, og auka tilgang til informasjon og kompetanse vil berre auke tilknytinga til skulen.
Skulane skal koplast saman via ISDN-liner i fyrste omgang. Seinare bør ein sjå på mogelegheitene til å knyte seg på høghastighetsnettet enten via kabel eller over satellitt og parabol.
Vi ynskjer å ta i bruk alle fasilitetar som PC, fax, videokonferanse med tovegs lyd-bilde kommunikasjon. Via ein slik sentral kan ungdomane i dei ulike bygdene halde kontakt med kvarandre og utveksle idear og prosjekt som dei er med på.
Ein slik kommunikasjonskanal vil gjere at ein kan nytte dette i undervisning i grunnskulen. Klasser kan ha kontakt med kvarandre, og den enkelte skule kan hjelpe til med undervisning på ein annan skule om det er ynskjeleg. I dag er det mykje prosjektarbeid i skulen. Kommunikasjon er derfor svært viktig i slike prosessar.
Distriktaktiv skule er tidlegare nemnt og allereie på veg inn i skulen, ma. har Kjølsdalen slike prosjekt i gang. Vi ser mogelegheiter i vidareutvikling av dette. Elevane kan lage sine eigne bedrifter og samarbeide over nettet. På denne måten blir området større og ein får høve til nytte kvarandre i forretningsideen .
Sogn og Fjordane fylkeskommune har kontakt med bygder i Scottland. Dette bør kunne nyttast av ungdomen i desse tre bygdelaga til å knyte kontakter ut over landegrensene. Internasjonalisering og språkforståing er nøkkelord her. Utveksling av salgbare vareprodukt ville i denne samanheng vere endå meir spanande.
Når ungdom skal ta eit val om bustad, byggjer det ofte på lokal historie, tradisjon og identitet sett opp mot internasjonale og globale straumningar. Det er viktig at ungdom har høve til å finne ut av dette og då er IT-satsing eit av dei hjelpemiddel som gjer at dei kanskje kjem attende til heimbygda.
Men skal ein bu ute i distrikta må ein ha noko å leve av. Det er difor viktig at vi legg opp til entreprenørverksemd der ungdomen sjølv kan vere med å forme si framtid og sin arbeidsplass.
For å få ting til, er det viktig at vi på relativt lett måte kan kome i kontakt med fagfolk på fylkesnivå og på høgskule- universitetsnivå. Eit bygdekontor som er oppegåande vil vere til uvurderleg god hjelp til dette. Skal bygdakontoret vere den vitaminsprøyta som det kan bli, kjem ein ikkje utanom den sentrale personen som kan setje ting i gang eller hjelpe andre til å kome i gang. Lokal kunnskap er her viktig. Skal prosjektet lukkast, kjem ein ikkje utanom ei lønna stilling i kvar krins. Det offentlege kalkulerer ein nyoppstarta arbeidsplass til ca 500 000.- Derfor er det lite vi ber om for å gjere ein jobb i utkantnoreg for å skaffe arbeidsplassar og halde på busetnaden
Kostnadsoverslag 1999 2000
Dei tre bygdene er ikkje komne like langt i dette å ta i bruk ny teknologi. Utstyrsmengda er også ulik.
Vi går difor inn for at vi set opp eit felles budsjett for kommunikasjonsdelen og drift av samarbeidsprosjektet.
Det enkelte bygde- utviklingslag kan søkje om midlar etter eigne behov som går ut over dette. I denne søknaden er det ikkje teke med timar som enkeltpersonar og lag legg ned for å få dette til. Arbeidsmengda som frivillige lag og organisasjonar legg ned i utviklingsprosjekt er stor og blir alt for ofte gløymt i budsjetta. I vårt oppsett har vi ikkje teke med alle dei timar som er og blir lagt ned i dette prosjektet. Eigenfinansieringa er tenkt å inkludere utstyr som ein skyt inn i prosjektet og den "gratis-rettleiinga" som eldsjelene alltid bidrar med.
Vi forventar at om det offentlege vil at det skal satsast på utkantane, så vil ein også gje støtte til dette sjølv om summane kan bli store når ein skal inn med løn for å drive prosjektet.
Eigeninnsats til det enkelte bygdelag kan f eks leggast ned i det å ordne med fast møterom, eller skaffe inventar til møterommet. Kvadratmeterprisen på nybygg ligg i dag på ca 10 000.- pr m2. Er det eit tilbygg vil prisen sjølvsagt gå ned då ein del av grunninvesteringane er gjort tidlegare. I fyrste omgang prøver vi å få til ein base i eksisterande bygningar som bygdefolket nyttar.
Kostnadsoverslag 1999 2000
| Utgifter 1999-2000 | |||
| Kvar krins. | |||
| Utstyr | Antall |
Pris/eining |
Sum |
| PC med nødv. utstyr og tilkopling | 1 |
14 800 |
15000 |
| PC med nødv. utstyr og tilkopling | 1 |
11 900 |
12000 |
| Printer HP Laserjet 6L | 1 |
3 500 |
4000 |
| Fargeskriver Cannon | 1 |
2 800 |
2 800 |
| Scanner | 1 |
1 200 |
1 200 |
| ISDN Ruter | 1 |
6 000 |
6 000 |
| Internett tilkopling | 4 000 |
||
Sum |
35000 |
||
| Installasjon og opplæring | 30 000 |
||
| ISDN abonnement og telefonutgifter | 14 000 |
||
| Storskjerm el videokanon + videokamera og programvare | 60 000 |
||
| Årleg husleige | 30 000 |
||
| Koordinator på kvart bygdekontor 40% m. sosiale utgifter | 130 000 |
||
| Forsikring | 5000 |
||
| Utstyr på bygdekontoret,
stolar,reolar, bord etc Andre kostnader |
30 000 30 000 |
||
| Sum | 329000 |
||
| Sum totalkostnad. | 364 000 |
||
| Totalt i prosjektet | |||
| 3x 364 000= 1092000.- | |||
| Egenfinansiering | |||
| Kr 80 000x3=240000 | Vi ber om kr 852000.- |
||
Finansiering
Sidan prosjektet er vinkla mest mot ungdom, skule og jenter, er det naturleg at vi får ein del midlar som er sett av til tiltak for ungdom.
BU-midlar burde vere aktuelt då vi tenkjer entreprenørverksemd. Det å skape arbeidsplassar i distrikta er nødvendig om vi skal halde på ungdomen. Regjeringa har sett av 30 mill kroner til næringshagar. Gloppen kommune prøver å vere med på eit slikt tiltak.
Regjeringa har for 1999 øyremerka 15 mill av etablerarstipendet til ungdom i alderen 18-29 år. Formålet er å stimulere til auka etablerervirksomhet.
I 1999 er det sett av offentlege midlar til Profilering av lokalsamfunn. Målgruppa er ungdom i alderen 14-30 år. Målet er å synleggjere kvalitetane og mogelegheitene i lokalsamfunnet. Kommunal- og regionaldep handsamar søknader ettersom dei kjem inn.
Vi forventar at vi kan få litt av dei pengane som kvar kommune får til næringsutvikling gjennom næringsfond. Dette prosjektet er knytt over tre kommunegrenser: Stryn, Gloppen og Eid.
Vi vil be fylkeskommunen med sin kompetanse på dette felt hjelpe oss å finansiere dette prosjektet som kan ha stor overføringsverdi til andre bygdelag i same situasjon.
Kjølsdalen/Oppstryn/Hyen 29.04.1999
Lorentz Hjelle (s) Jan Eide (s)
Oppstryn Bygdeutviklingslag Kjølsdalen Krins Utviklingslag
Ole Matias Aa (s)
Hyen Utviklingslag.
Denne søknaden blir på grunn av tidspress sendt direkte til fylkeskommunen ved Hans Jakob Reite. Det blir sendt kopi til landbrukskontora i Eid, Stryn og Gloppen. BU-søknader frå det enkelte utviklingslag om eigne behov vil kome i ettertid til sine respektive landbrukskontor.