"IT OG BYGDEUTVIKLING" – FOREDRAG 15.11.97

Gode med-kvinner og menn!

Eg vil først seie meg glad for at Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag har teke imot "stafettpinnen" frå Kjølsdalen i fjor slik at den 2. Kvinnedagen Eid no er ein realitet.

Og eg vonar at vi kvinner har eit aktuelt tema å samle oss omkring også til neste år ein anna stad i Eid. Kommunen har mange fine Grendahus som er godt eigna.

Det er litt spennande dette å besøke kvarandre over bygdegrensene og byggje nettverk,

for det er dette IT dreiar seg om.

Så vil eg takke for den flotte tittelen "bygdeutviklar".

Den trur eg må vere heilt ny!

Eg er svært glad for å få bruke den, for eg har heilt klare tankar om alle bygder som vil bestå i dei sentraliserings-tider, må ta tak i eiga utvikling og arbeide konstruktivt og målretta for å halde oppe folketalet og dermed elevtalet. Bygdene må følgje med i tida, snu seg og ikkje sitje på gjerdet å vente på at kommuneleiing og politikarar vil syte for det gode liv.

Kompetansepersonar må helsast velkomne på same tid som bygdekulturen og tradisjonar vert tekne vare på.

Dugnadsånda i bygdene vil fortsatt vere nøkkelen til suksess, men vi treng å innføre Reform -97 tanken i heile samfunnet der ikkje berre ei gruppe dreg lasset åleine, men der ein samarbeider t.d. hjørnesteinsbedrifter, kommune og fylke, lag og organisasjonar, skule osv.

 

Og eg vil kome med ein påstand:

Informasjonsteknologi kan vere eit verktøy for å oppnå dette i bygde-utviklingsarbeid.

 

Som nestleiar i Kultur- og Næringsstyret var eg tilstades på Nærings-livskonferansen i Sogn og Fjordane 1996. Der var Fylkesmannen, repr. for fylkeskommune, kommune, næringsliv, Vestlandsforsking og alle desse vise menn, eg seier det slik, for dei fleste som stod fram var menn, tok fram IT som verktøy for å nå målet; Sogn og Fjordane som eit utviklingsorientert fylke. Det var då eg som Bygdeutviklar fekk det klart for meg at bygdene må ikkje falle utanfor denne satsinga! IT skal ikkje berre vere noko for byar og kommunesenter, men det kan lett bli slik i kampen for å få midlar til å strekke til i dei kommunale budsjett.

På kvinnedagen i fjor fortalde eg om KKUL og Bygdeutviklings-programmet. I år vart Hyen og Oldedalen tekne opp som nye bygder slik at det no er tre bygdelag i Nordfjord noko eg er svært glad for.

Som representant for bygdene i Programstyret tok eg opp som sak at bygdene måtte kome i gang med IT samstundes med desse andre samfunnsaktørar og eg fekk gehør.

 

Eg har og vore tilstades i Kvinnepolitisk fora i AP og fått sådd tanken om at Kvinner og IT må vere tema der, for dersom vi ikkje set den nye teknologien på dagsorden så lurer vi oss sjølve.

Men kva bakgrunn har eg for å stå fram og påstå at IT er så viktig både for bygder og kvinner.

Det har vel med at data har vore ein del av arbeidet mitt i mange år utan at eg har utdanning i det. Eg ser at data er eit nyttig verktøy for å utføre arbeidet mitt og det frivillige arbeidet eg engasjerer meg i.

Og det er ikkje vanskeleg! Faktisk blir programma berre meir og meir brukarvennlege. Men utviklinga går så raskt på dette området at kunnskap om å gjere seg nytte at verktøyet er viktig, og her kjem vi raskt inn på behovet for livslang læring.

Det er med andre ord kunnskapen som er styrken og ressursen. Maskiner og utstyr er berre skalet. Skulen spelar difor ei viktig rolle.

Distriktsaktiv skule skal utvikle skapande menneske der kreativitet og fantasi skal få rom.

Stikkord: Entreprenørskap.

 

Men er vi modne for dette?

Kva holdningar har bygdefolk generelt og kvinner til data?

Vi har alle ei viss redsel i oss for det nye og ukjende …

Poenget mitt er at bygdene treng alle, både dei som er nysgjerrige på alt nytt og dei som vil vidareføre det kjende. Det er viktig å skape eit bygdemiljø som gjev plass for dei høgt utdanna ungdomane våre.

Så mi oppfordring blir å arbeide med å rive skigardane vi har inne i oss i staden for å la sakte rotne ned.

Dataalderen er over oss uansett om vi vil eller ikkje!

IT er på mange måtar sentraliserande, vi likar å ha kontroll og overvake det som skjer og vi har lett for å framandgjere og isolere oss frå det vi ikkje forstår, men data opnar mogelegheiter for desentralisering, personleg fridom og initiativ og gjer det lettare og å kommunisere raskt over avstandar.

Det er difor viktig at vi ikkje blir slavar av IT, men at dei holdningar vi har kan bidra til å organisere arbeidet slik at vi oppnår dei resultat vi sjølve ynskjer. Eg har enno ikkje funne vold og liknande på Internett, men det er fordi eg ikkje har sett etter det.

Men det er ofte eg orienterer meg om det siste som har vore sagt av Fylkesmannen, statsminister og andre før eg skal delta på møter.

Det kjennest godt å vere godt oppdatert!

Det har nyleg vore ein IT-konferanse i Loen. Sogn og Fjordane og IT-forum der vår eigen Eli Førde Aarskog er med er i teten på landsplan.

Og kva kan vi vente oss:

  • Kulturnett Noreg - bibliotek
  • Kostra - rapportering kommune - fylke - stat
  • TV-PC
  • Internett m/handel og bank
  • Titan

Dette er verkeleg endå ein grunn til at bygdefolk ikkje må dra nissehua ned over øyre og auge, og kvinner må heller ikkje tenkje at dette er ikkje mi verd.

Kjølsdalen krins utviklingslag og Kjølsdalen skule har skissert eit pilotprosjekt støtta av Fylkesmannen, Landbruksavdelinga og som er delfinansiert av BU-fondet

1. Informasjonsteknologi som verktøy i bygdeutvikling

2. Visjon. Vise at bygdene ved hjelp av IT kan bli ein integrert og aktiv del av kommune/fylke

3.Målsetjing. Etablere ein lokal IT-sentral og etablere og prøve ut kommunikasjons- og samarbeidsmetodar mellom lokale brukarar og ulike sentrale ressursar. Resultatet vi håpar å oppnå er ein IT-modell som kan brukast at andre bygder.

 

Historikk

For 40 år sidan var ordet informasjonsteknologi ukjent i Kjølsdalen. Likevel har desse bygdene vore leiande på dette området fordi mange har hatt yrke som telefonarbeidarar ved sida av gardsdrifta og telebygget på Nordfjordeid hadde tilnamnet "Kjølsdalsheimen".

Det er difor svært interessant at bygda på nytt ligg i forkant når det gjeld moderne informasjonsteknologi. Historisk skulle tilhøva ligge godt til rette for ein moderne "telesentral".

5. IT-modellen

Skuleutbygginga som stod ferdig i år med reform-97 skule, kombinasjonsbibliotek og bygdekontor kan kallast eit "mini" ressurssenter eller ein lokal IT-sentral. Her har KKUL basen, men kontoret er i tillegg møteplass og arbeidsplass for alle.

Kjølsdalen Dataklubb vart starta for 3 år sidan og har bana veg for det som no er på gang i krinsen.

TRYKK-TENESTER

TAVLA

KKUL har eiga heimeside på Internett.

Målet er at heile prosjektet skal synleggjerast for omverda på Internett slik at innbyggjarane og andre kan følgje med i alt som skjer. Og det er mogeleg å ha ein engelsk versjon slik at ein når fram til bygder i andre land.

 

6. Prosjektorganisering

Eg var i vår på ein studietur til Skottland.

På denne turen lærte eg mykje omkring natur og miljø, det å lage lokale planar som styringsverktøy for bygder og der ein samarbeider på tvers.

Dette har no resultert i eit prosjekt "Natur og Kultur" i Kjølsdalen krins som tek utgangspunkt i turkart for alle bygdene, men at ein og legg til rette i naturen. På same tid er det viktig å skrive ned bygdehistoria, geologi, folkehumor, ta vare på kulturminner osv. osv.

Men i tillegg kan ein synleggjere kulturarven for etterkommarane på Internett.

Det betyr igjen at våre ungdomar som flyttar ut for å ta utdanning kan ha kontakt med heimbygda og halde seg oppdatert ved hjelp av Internett.

Fotoregistreringa som er på gang i Eid kommune gjer det mogeleg for etterkomarane å hente fram slektsfoto som elles aldri ville blitt henta fram.

Det som også har vore skikkeleg artig no er at lokale IT-bedrifter

Westweb Internett og Marta´s Datahjelp

kunne nå fram i konkurransen om levering av maskiner og utstyr, ikkje berre til dette prosjektet, men også til husstandane.

Databedriftene kan også stå for kursing av innbyggjarane ved hjelp av desse datamaskinene som er kopla saman i nett på skulen, men også tilby hjelp og kurs til private alt etter behov.

Bygdene treng nye attåtnæringar.

Det er viktig at bygdene har IT-bedrifter som tilpassar seg etterspørselen i distrikta.

Prøveprosjektet vil vise om det er mogeleg å opparbeide produsentnettverk for husflid, handverk og turisme.

Det som og har vore svært artig er at media utanfor eige fylke har fatta interesse for det som skjer i Kjølsdalen. Telecom-Revy har vore på besøk og snakka med utviklingslag, skule og databedriftene.

For meg er det viktig at bygdene vil tenkje sjølv, ta ansvar,

marknadsføre ideane.

Bygdene er like viktige som tettstaden.

Kvinner er like vitige som menn.

Vektskåla må vere i balanse.

Eg har snakka mykje om Kjølsdalen og det som skjer der, men IT er kommunikasjon, kommunikasjon er mellom fleire partar (sjølvsagt er det mogeleg å snakke med seg sjølv, då får ein dei svar ein vil, men ein kjem ikkje lenger) og difor håpar eg på at mange bygder sluttar seg til.

Eg ser føre med eit utviklingslag i kvar skulekrins - eller der det er naturleg i den enkelte bygd - som har si Internettside der ein kan hente impulsar frå kvarandre, der ein kan sende meldingar til kvarandre, lese bygdeavisa til kvarandre, ja, det er berre fantasien som set grenser.

Bygdene blir dermed synlege. Eg er oppteken av bygde stoltheita, samarbeidstankegang både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Kanskje kan bygdene våre bli gode buplassar i framtida der ein i familien jobbar frå heimekontor, men reiser ut på jobb ei veke i månaden.

Det er viktig å ha føregangspersonar som Jørn og Eldar.

Men det som er viktig er då å leggje til rette for gode tomter i bygdene, gjennomgangsbustadar og trivsel i fritida.

Problemet for bygdene er som oftast å skaffe finansiering. Ein kan ha mange gode idear, men så var det pengane.

KKUL har fått 148.000,- i oppstartingstilskot, men vi vonar på støtte også i dei to neste åra. Skulen har fått ca. 40.000,-.

Men dersom andre bygder kan henge seg på datasatsinga i skulane, ca. 1,6 mill er avsett i Eid, skulle det vere mogeleg å gjere seg nytte av det same utstyret til bygdeutvikling.

Berre for å ha sagt det, så meiner er ikkje at datasatsing det rette for alle bygder. Det gjeld å kjenne si eiga bygd, kvar skoen trykker mest, kva er dei sterke sider og så jobbe med bygdeutvikling ut frå det.

 

Eg håpar at vi i samarbeid kan få til ein større konferanse om IT og Bygdeutvikling neste år, men sidan alt byggjer på frivillig arbeid så vil tida vise kor langt vi kjem…

Det var dette er hadde førebudd meg på å formidle, og kanskje er det nokon som har kommentarar eller spørsmål ..

Takk for meg!

Rønnaug Leite, 6766 KJØLSDALEN Tlf. 57 86 32 68




KKUL©1998