KKUL logo

IT Prosjektet


 


itmodellmini.jpg (7571 bytes)
It modell




orgmodellmini.gif (891 bytes)
Organnisajonsmodell






"Informasjonsteknologi som verktøy i bygdeutvikling"


Visjon "Vise at bygdene (utkantane) ved hjelp av IT kan bli ein integrert og aktiv del av kommune / fylke"


Målsetting med prosjektet Etablere ein lokal IT-sentral og etablere og prøve ut kommunikasjons- og samarbeidsmetodar mellom lokale brukarar og ulike sentrale ressursar.


Bakgrunn
9.juli 1996 sende KKUL saman med Kjølsdalen skule den første søknaden til fylkesmannen: «SØKNAD OM MIDLAR TIL IT-PROSJEKT - ELEVAR OG IT SOM RESSURS I BYGDEUTVIKLNG». Etter tilbakemelding frå Fylkesmannen vart denne felles søknaden omarbeidd og erstatta med separate søknader frå Kjølsdalen skule og KKUL, siste versjon i juni-97, med tittelen: "Informasjonsteknologi som verktøy i bygdeutvikling". Dette resulterte i eit oppstarttilskot til KKUL på kr. 148.000 for 1997. Kjølsdalen skule fekk tidlegare eit tilskot på ca. 37.000 til sin del av prosjektet.

It modell
Vi meiner at denne modellen er sjølve nøkkelen til moderne bygdeutvikling. I sentrum står den lokale IT-sentralen og formidlar kontakt mellom brukarane og ressursane. Her er det snakk om eit to-sidig behov. Brukarane har behov for å få kontakt med ressursane, men dei som sit på ressursane har og behov for å nå ut til brukarane. Di sterkare desse koplingane vert, di betre vert resultatet.

Einskildpersonar, bedrifter, firma og organisasjonar er alle saman avhengige av datateknologien. Datakommunikasjon er sjølve livsnerven i eit moderne samfunn. Den lokale sentralen vil såleis bli eit stort «nervesenter» der kunnskapsformidling vert eit sentralt begrep. Det er store mengder informasjon som «flyt» rundt omkring, og denne mengda aukar stadig. Ikkje alt er tilrettelagt for formidling, så her ligg det store utfordringar. Det er vel eit faktum at dei personar og bedrifter som kan innhente aktuell informasjon til rett tid, har dei største sjansane til å «overleve». Som ein to-vegs «kanal» vil difor ein slik IT-sentral vere svært viktig.




KKUL©1998