logo2.gif (2420 bytes)

Leiar: Kolbein Ytrehus: 57 86 32 17
Telefon bygdekontoret: 57 86 18 70
Telefaks: 57 86 18 71
E-post: kkul@westweb.no
Internet: http://www.westweb.no/kkul/
Bankkonto: 3790.10.78166
Org.nummer: 979 582 110

5.3.2000

 

FMLA
Postboks 14
6801 FØRDE

 

SØKNAD OM TILSKOT TIL IT-PROSJEKTET FASE IV

KKUL har dei siste 3 åra gjennomført IT-prosjektet: IT som verktøy i Bygdeutvikling,

for ytterlegare informasjon sjå westweb.no/kkul/.

Fase I

I denne fasen gjorde vi oss erfaring med tanke på kjøp av utstyr, montering av utstyr i nettverk og drift av utstyret. It-bedrifter starta opp. Websida for krinsen vart etablert.

Fase II

Utfordringa var å ta Bygdekontoret og datautstyret i bruk både av laget, andre lag/organisasjonar og bygdefolk. Det vart kjøpt inn programvare og gjennomført grunnopplæring.

BU-modellen (livslang læring) vart etablert og websida vidareutvikla.

Fase III

Det har blitt kjøpt inn ytterlegare utstyr og programvare. Bygdebutikken og skulen har blitt ein del av prosjektet. Titan har vorte testa ut. Websida for krinsen er komen for å bli.

Svært mange husstandar har no PC. KKUL brukar e-post som kommunikasjon + bygdeavisa.

Det har vore ein del prøving og feiling når det gjeld ungdom og bruk av kontoret.

KKUL har kjøpt Adobe-programpakken og databasen for Natur- og Kulturkartet slik at det kan vidareutviklast lokalt. Dette har blitt ein ekstrakostnad i fase III.

Kartet kan bestillast via websida både i papirformat og CD-rom. Det blir spennande å sjå om folk med tilknyting til Kjølsdalen krins nyttar seg av dette. Det kan også nemnast at Eid kommune yter KKUL 5.000,- for å marknadsføre/selje tomter på billegsal i Kjølsdalen bustadfelt via websida.

KKUL har gjennom heile prosjektet prøvd å byggje nettverk gjennom Bygdeutviklingsprogrammet og Levande Bygder i Nordfjord, fortelje om Bygdekontoret og BU-modellen. Mange bygdelag er i ferd med å etablere slike funksjonar pr. i dag.

Det er viktig å ha miljø som tek ny teknologi i bruk og banar veg også på bygdenivå.

 

Konklusjon: Ting tar tid.

KKUL har behov for å gjennomføre fase IV av prosjektet fordi vi no ynskjer

å konsentrere innsatsen om næringsutvikling og bygdekultur. Dette vil bli ei av dei viktigaste oppgåvene for å nå målsetjinga om å synleggjere "Det gode liv i bygdene".

Dessutan har vi laga eit arbeidsprogram for år 2000 med fokus på engasjerande lokaldemokrati. Her vil IT også kunne bli eit nyttig verktøy.

 

 

IT og næringsutvikling

Bygdekontor

Det er viktig å kunne halde fram med prosjektmedarbeidarstillinga ved kontoret/IT-prosjektet enno ei tid for at det vi har gjort til no skal slå faste røter. Lag/org. er i ferd med å ta kontoret i bruk til rekneskap, nettbank, lagsarkiv, aktivitetskalendar – det har blitt eit ressurssenter. I ein del høve vert Bygdekontoret for Kjølsdalen krins nytta til samlingar med deltakarar frå heile Eid, Nordfjord og fylket på grunn av den kompetanse og det utstyr som er bygd opp dei siste åra.

Ung entreprenørskap

KKUL er fadder for Haus Data & Web. Fleire slik bedrifter bør kunne etablerast i samarbeid med skule og næringsliv. KKUL vil delta aktivt i dette arbeidet ved å låne ut utstyret og la dei unge få vere med på kurs mot å få utført enkle oppdrag. Bedrifta har også utført betalte tenester til nytte for lokalsamfunnet i regi av prosjekt innanfor utviklingslaget.

Datatenester

Fylkessjukehuset i Sogn og Fjordane har teke kontakt med KKUL for å få utført datatenester, spesielt teikningar ved hjelp av AutoCad. Dette vil bety grunnlag for både læring og næring. Det er planlagt temakveld i samarbeid med Sykehuset i slutten av mars der alle som vil kan delta.

Næringshagesatelitt/Kompetansestove

KKUL ynskjer å etablere eit slikt miljø. Dette vil bli ein del av satsinga på Næring og Nyskaping i Kjølsdalen krins. Det står mange ledige bygg i Kjølsdalen sentrum som vi ynskjer å kunne ta i bruk til ny verdiskaping og ei vitalisering av Kjølsdalen sentrum. Ei omlegging av vegkrysset er på gang, det blir bygd omsorgsbustadar i sentrum og prosjektet områdetiltak satsar på å ruste opp elva og neset med gangveg under RV15 til skule, bibliotek og bygdekontor.

KKUL vonar prosjektet Kompetansestover vert lyst ut og signaliserer at vi er svært interessert i å søkje. Det har vore tema å etablere ein satelittnæringshage i tilknyting til næringshagen på Nordfjordeid, men Siva har så langt ikkje vore interessert.

Det er og vil bli endå større behov for datatenester i distrikta i tida framover.

Bygdebutikk

Det står føre eigarskifte på butikken i Kjølsdalen. KKUL ynskjer å medverke til at IT skal bli eit verktøy som kan brukast for å gje bygdebutikkane eit fortrinn. Det er kome fram mange idear omkring dette som vi ynskjer å prøve ut, til dømes varebestilling over internett, tilbod til innbyggjarane på e-post, gardsmat og husflid/handverk via bygdebutikken. Datamaskina på Nærbutikken er starten på denne satsinga.

 

Bygdekultur

KKUL har som sagt kjøpt databasen for kartet Natur og Kultur i Kjølsdalen krins.

Det er etablert kontakt mellom KKUL, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og slektsprogrammet

Embla om å lage ei digital bygdebok, gardssoge og slektssoge. Dette er nybrottsarbeid!

Alt som vert samla inn av lokalhistorisk stoff i Kjølsdalen krins vert registrert for bruk opp mot

basane og kartet som Fylkesarkivet har på internett. KKUL vil også nytte stoffet på websida og

knytt opp mot det lokale kartet på CD-rom. Her skal heile folket i arbeid og bruke IT som verktøy. Det vil bli sett i gang kursing i bruk av slektsprogrammet til hausten. Dette vil kunne gje dei eldre ein grunn til å ta data i bruk. Ei datamaskin ved dei nye omsorgsbustadane kan bli eit samlingspunkt omkring slektsgransking og lokalhistorie der dei eldre er med på å utføre eit arbeid til nytte for lokalsamfunnet.

 

Engasjerande lokaldemokrati

KKUL har meint at alle lokalsamfunn må ha sitt eige planverk. Behovs- og ressurskartlegginga la grunnlag for dette i Kjølsdalen krins. I tillegg har det vore arrangert Bygdemøter for å gje uttale til dei mange kommunale planar. Dette ligg tilgjengeleg for alle på websida for krinsen.

Det er viktig at bygd, kommune og politikarar samarbeider om å skape utvikling. KKUL ynskjer i fase IV å arbeide vidare med denne utfordringa, gjerne i samarbeid med Eid kommune.

Det er også mogeleg å kontakte folkevalde sentralt via e-post og kome med innspel, men det må etablerast ein kultur for å gje innspel, gjerne gjennom utviklingslaga for at distrikta skal få større tyngde. Eit viktig tema framover blir organisering i større einingar. Her kan distrikta gjere seg nytte av kontakter med Skottland og synspunkt frå utkantar i andre land. Til dette er IT eit glimrande verktøy, men først no er KKUL komne så langt i prosessen at det er naturleg for oss å arbeide på denne måten.

 

KKUL meiner at den støtta vi har fått gjennom fase 1 - 3 har gjeve ringverknader både i bygda og i fylket. IT-referansegruppa er motivert for vidare arbeid. Det er ikkje feil å seie at dei utfordringane vi no ser, vil løfte bygdene endå eit nivå om vi lukkast.

 

Budsjett Fase IV

  Inntekter Kostnader
Arbeidsinnsats (1 årsverk)  

300.000

Næring

10.000

50.000

Bygdekultur  

40.000

Livslang Læring

20.000

30.000

Lokaldemokrati  

10.000

Ungdom

30.000

10.000

Utstyr og programvare  

20.000

Kontorkostnader (tlf./rekv.)

30.000

50.000

Husleige  

30.000

Møter, konferansar, reiser  

10.000

     
Eigenkapital

60.000

 
Eigeninnsats

150.000

 
FMLA

250.000

 
Totalt

550.000

550.000

Det kan seiast at KKUL har fått den støtte som trengs for å klare seg vidare ved eiga hjelp, og det er rett dersom krinsen meiner å ha nådd målet og ikkje vil vidare.

Men det er heilt klart slik at det som har vore gjort til no har opna for nye mogelegheiter innanfor IT som verktøy i Bygdeutvikling.

Dette er ein omstillingsprosess av bygdesamfunn til å ruste seg for å klare raske endringar i globaliseringa. Dette krev ressursar i ein overgangsperiode.

Bygda som bumiljø har så mange kvalitetar som vi menneske ikkje må tape. Dei mange dugnadstimar som blir lagde ned av svært mange er viktige for storsamfunnet.

Vi ber med dette om støtte til gjennomføring av fase IV.
Dersom noko er uklart så ber vi om at det vert teke kontakt for å drøfte søknaden.

Med helsing
KKUL

Kolbein Ytrehus
leiar