Dreiing og rosemaling

Produkt

 

Produkta vi stiller ut er dreia mest av bjørk.

Reidar har tidlegare gått fleire dreiekurs og dreier fat, skåler og bollar.

Dei vert laga på frihand. Difor vert ingen produkt heilt like.

Dette er for å nytte ut materialane mest mogeleg. På denne måten får ein fram strukturane som er i materialet. Mange av produkta eignar seg difor godt umala.

Oddrun har gått fleire rosemalingskurs hos Tore Nord.

Difor er og ein del av produkta prega av hans malarstil.

Ho malar ein del av produkta - helst fat.

Vi tek mot bestilling på produkt etter ynskje og avtale. På grunn av at produksjonen er på hobbybasis må det bestillast i god tid - særleg dersom dei og skal rosemalast.

 

Oddrun og Reidar Erviksæter

6766 Kjølsdalen

Tlf.nr. 57 86 32 11