![]() |
NATUR OG KULTUR I KJØLSDALEN KRINS Bygdedagar 1. - 9. juli 2000 |
"Den store styrkeprøva" Dagstur over dei
seks fjell gjennom Kjølsdalen krins frå Reksnes til Lefdal:
|
| Dato: | Søndag 9. juli 2000 |
| Turtid: | 9 - 10 timar
|
| Turstart: | Frammøte ved Reksnes Barnehage kl. 09.00. (Ta av frå RV15 - skilt Årdal)
|
| Løype: | Turen går over Høynesvarden, Blåfjellet, Kvanndalseggja,
Hjelleskarnakken, Dua og Staurdaleggja med endepunkt på Lefdalshelle, sjå kart. Det er
høve til å gå på og av turen undervegs etter nærare avtale med Kåre Aardal (57 86 32
06). Skyssordning tilbake til parkeringsplassen ved Reksnes Barnehage.
|
| Vanskegrad: | Den første halvdelen av turen er mest krevjande. Om nokon
ikkje fullfører heile turen, er det fleire mogelegheiter for å gå ned til bygdene
Kjølsdalen, Ervik, Haus eller Midthjell.
|
| Utstyr: | Det er svært viktig med gode sko!
|
| Mat: | Det blir middags-servering på Navestøylseggjene, kr 50,-
pr. person. På grunn av dette ynskjer vi påmelding, seinast 6. juli 2000. Ta med godt med tørrmat og drikke.
|
| Ver: | Turen blir avlyst dersom det er regn.
|
| Turkart: | Det blir høve til å kjøpe turkart ved Reksnes Barnehage
før turen startar. Pris pr. kart kr 100,-.
|
| Påmelding: | Kåre Aardal, tlf. 57 86 32 06 |
| Kjølsdalen krins helsar alle turgåarar velkomne! |