NÆRBUTIKK
I
KJØLSDALEN KRINS!
Eigar
av Landhandelen, Jan Kåre Sæthre, har informer om at han vel å legge ned drifta
av Landhandelen frå 1.oktober i år.
På
bakgrunn av dette blei det halde eit møte i Kjølsdalen Samfunnshus 18.juli, der Jan Kåre orienterte litt om
Landhandelen og kvifor han vel å slutte med butikken. Her blei også
planer om framtidig butikkdrift drøfta. Alle var einige om at det er
svært viktig for Kjølsdalen krins å ha
ein Nærbutikk også i framtida. Det er viktig med kontinuitet i butikkdrifta
både for handelen og med tanke på å behalde dei tenester og tilbod som er knytt
til butikken i dag. Med dette tenkjer ein på medisinutsal, posttenestar, høve
for uttak av kontantar, mottak/levering av varer med vareruta, utstilling for
lag/organisasjonar/enkelt personar, oppslagtavle, sosial møteplass og så
vidare.
Ein
ser for seg at ei ny butikk bør kunne utviklast vidare i lag med bygdefolket i
heile krinsen.
Det
vert då viktig flest muleg i krinsen nyttar seg av dei tenestene som ein slik
nærbutikk har. Haldningane og handlingane som bygdefolk viser til butikken vert
avgjerande for om det er grunnlag for vidare drift.
På
møte blei det sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå muligheita for ny drift av
ein nærbutikk.
I
arbeidsgruppa er Ove Kjøllesdal (som leiar), Jorunn Breiteig, Dianne Eikås og
Jan Eide som representerar KKUL.
Arbeidsgruppa
har alt hatt to møter der ein har gått gjennom målsettinga, ansvaret som gruppa
har teke på seg, organisering, framdrifta fram til 1.oktober, dagens drift og kva
som må til for ny drift. Ein har kome fram til eit forslag til organisering av
eit bygdeaksjeselskap og vil gå rundt med ein spørjeundersøking for å kartlegge
om der er ønskje og vilje i krinsen til å stå bak ei vidare drift av butikken.
Målsettinga
er at det skal vere butikk i krinsen også etter 1.oktober i år!
Kartlegginga
vert det gjennomført i dei komande vekene. Der vil då kome ein person til
alle husstandar i krinsen for å stille nokre spørsmål. På grunnlag av
denne kartlegginga vil arbeidsgruppa
avgjere om der er grunnlag for vidare satsing på nærbutikk i
Kjølsdalen. Kartlegginga vil vere med på
å få til ein dialog med folket i krinsen og sjekka om her er ynskje og vilje
til å vere med på etablering av ny drift av ein butikk.
Spørsmåla
er knytt til to hovudemne:
a)
om
lag kor mykje av daglegvarene handlar du på nærbutikken i dag, og kan/vil
du kunne auke handelen i framtida?
b)
Vi
du gå inn med aksjekapital og eventuelt
kor mykje, i ein nystarta nærbutikk?
Vi
håpar at alle tek vel i mot dei som kjem rundt slik at enn kan få ei så god
kartlegging som mogleg.
Parallelt
med kartlegginga vil gruppa arbeide med opplegget for den nye drifta med
oppgåver som finansiering,
husleigeavtale, avtale med kjøpmannsgruppa og Jan Kåre Sæthre, budsjett, organisering,
osv.
Vi
håpar at kartlegginga vil vise at enn
kan vere rimeleg sikre på at handelen skal auke med 20% til om lag 3 millionar.
Som kapitalgrunnlag treng ein kr. 500.000,- der mest mulig bør vere
aksjekapital. Di mindre lån ein har i utgangspunktet, di sterkare er grunnlaget
for vellukka drift vidare.
Går
alt etter planen ser ein for seg
stiftingsmøte måndag 26.august i Samfunnshuset.
Nokre tankar om kva som trengst for at ny drift av ein Nærbutikk skal
lykkast.
v
Ein
må få til ei solidarisk satsing på butikken og eit engasjement som gjer at alle
i krinsen får eit forhold til butikken og at butikken får ein identitet i
krinsen.
v
Vi
må synleggjere at totalt sett er det ikkje så dyrt å handle på ein Nærbutikk i
forhold til kva det vil koste å måtte reise ut av krinsen kvar gong du må
handle eller treng nokon av dei andre
tenestene som butikken kan tilby.
Hugs, det er for seint å finne ut dette når butikken er nedlagt!!
v
Organiseringa
er viktig og ein ser for seg at i styret bør der vere 3-5 kompetente personar
med erfaring innan økonomi og drift av selskap. I tillegg så bør enn ha ei
idégruppe på 8-10 personar og ei arbeidsgruppe på 8-10 personar.
v
Idégruppa
bør ha god kontakt og kommunikasjon med folket i dei forskjellige bygdelaga og
skal vere støttespillarar for både styret og dagleg leiar i arbeidet med drifta
og vidare utvikling av butikken.
v
Arbeidsgruppa
skal vere disponibel for dagleg leiar og må kunne delta på t.d. vareteljing,
nedvask, rydding, osv.
Med ei
slik organisering bør enn sikre vidare drift og at alle i krinsen får muligheit
til å delta på vidare utvikling av butikken.
Dersom
du ikkje har fått svart på spørjeundersøkinga, hatt besøk på døra eller ynskjer
å svare meir konfidensielt så ta kontakt med Ove på mobil 911 39572 eller
e-post ove@eidelektro.no
. Du kan også gå inn på KKUL si heimeside, der vert skjemaet lagt ut.
Det er
svært viktig at flest mulig svarar på skjema, både unge og eldre. Fleire frå
same husstand må gjerne svare.
Dersom
nokon ynskjer å delta på det vidare arbeid, har idear om den vidare satsing
eller ynskjer meir informasjon så ta kontakt med Ove eller ein av dei andre i
gruppa.
Vi
håpar og satsar på at vi alle kan få oppleve ei nyopning med festivitas
1.oktober, og at vi saman kan vere med og sikre drifta og utvikle butikken
vidare!
Med helsing
Arbeidsgruppa