Kjølsdalen Handel AS
6776  KJØLSDALEN

Tlf. 57 86 31 91
Fax 57 86 16 13

handel1@frisurf.no


Opningstider:
Mandag - torsdag 10.00 - 17.30
Laurdag  10.00 - 14.00

Fase II
Bygdekjøken
27.09.2003



Med driftige kvinner bak!


Frukost laurdag 27. sept. 2003
m/heimelaga brød og pålegg.

Anna og Jens
anbefaler
Duabrød
Steinamannbrød
Lundavardebrød
m.m.


Status april/mai 2003:

Det er no seks månadar sidan vi overtok drifta av butikken og vi må seie oss godt nøgd med både oppstarten og drifta av Butikken Vår. Dei tilsette, styret, aksjonærar og frivillige har lagt ned mykje arbeid for å skape ein svært god bygdebutikk for folket i krinsen og at vi skal klare å få til ei positiv drift i Kjølsdalen Handel. Vi får mange positive tilbakemeldingar frå kundar, folket i krinsen og personar som stikk innom på det vi alt har klart å få til i Butikken Vår og dei planar vi har vidare med bygdekjøkkenet. Når det gjeld informasjon om Bygdekjøkkenet så sjå side ….. Vi synes at mange er svært flinke til å støtte opp med både handel og etterkvart ha aktivitetar i kaffikrå`a slik som vi håpte det skulle gå å få til. Det ligg framleis mykje arbeid i å nå målet om at vi skal lage ein god og levedyktig bygdebutikk for krinsen.

For å få opplæring i drift av butikk og for å bli betre så deltek vi i Merkur, eit landsdekkande statleg program for distriktsbutikkar. Merkur har som mål at nærbutikkar skal kunne gje eit endå betre servicetilbod i framtida. I den forbinding så har vi delt ut i alle postkassar i krinsen ein konvolutt frå Merkur som inneheld ein kundeundersøking og ein ferdig frankert konvolutt. Kundeundersøking gjeld Kjølsdalen Handel og vi håpar at Du/De alt har svart på skjema og returnert dette. Har Du/De ikkje svart på skjema og sendt det enno så håpar vi at Du/De kan gjere det straks. Denne kundeundersøkinga er anonym og det er svært viktig at vi får flest mulig svar tilbake positive som negative. Skulle nokon har behov for fleire skjema eller at de ikkje har fått skjema så ta kontakt med Haldis eller Kirsten på Butikken Vår.

Ved stifting av selskapet så vart det lagt opp til at vi i løpet av kort tid skulle ta ei aksjeutviding slik at lag og organisasjonar og dei som ynskte meir tid skulle få det før dei teikna seg for kjøp av aksjar. I forbinding med generalforsamling den 26.mai så vil vi i tillegg til ordinære saker   gjennomføre ei aksjeutviding. Vi vil i tida fram til den 26.mai ta ei runde rundt i krinsen for å teikne dei nye aksjane. Vi håpar at i tillegg til at eksisterande aksjonærar vil kjøpe fleire aksjar så vil både personar i krinsen, personar som er utflytta, lag, organisasjonar og firma kjøpe aksjar slik at dei kan få vere med på utvikling av selskapet.

I generalforsamlinga så vil vi gje ei brei orientering om selskapet, dei planar vi har gjennomført og vi ynskjer å drøfte idear som er kome til styret. Dersom nokon ynskjer å teikne seg før vi kjem rundt eller har spørsmål så ta kontakt med styreleiar Ove Kjøllesdal på mobil 911 39572 eller e-mail ove@eidelektro.no.

Med helsing
Styret i Kjølsdalen Handel

 

 

 


Forretningsplan

 

Leikekroken


Barna kan styre seg i leikekroken medan mor og far tek seg
ein kaffikopp i kaffikroken.
 

Haldis og Kirsten helsar velkomne!


Dagleg leiar Haldis Humborstad og medarbeidar Kirsten Kjøllesdal ser fram
til god handel og vonar kundane vil bruke Butikken Vår som møteplass!

13.12.2002
Offisiell opning

Styreleiar Ove Kjøllesdal viser fram den nye logoen for Butikken Vår
- teikna av Kristine Johnsen.

06.11.2002
Opning for handel


Feiring med kaffi og festkake!


 

Butikk eller ikkje butikk?