FORRETNINGSPLAN FOR KJØLSDALEN HANDEL AS
(selskap under stifting)
- Kortversjon
Sidan folkemøte den 18.07.02 så har det vore arbeid med å få kartlagt muligheit og vilje for å få etablere ny drifta av butikken etter at Landhandelen vert avvikla.
Dette arbeidet har vore positivt og viser at her er grunnlag for å satse på ny drift.
Enn ynskjer no å få intensjonsavtale på teikning av aksjar før stiftingsmøtet.
Forretningsideen
er at vi skal ha ein butikk med utvida tenestetilbod og som skal tene
bygdefolket i Kjølsdalen Krins og i tillegg skal enn kunne tilby tenester til
forbi farande som stoppar. Butikken skal vere det naturlege val for bygdefolket
når dei skal handle eller skal ha utført tenester som den kan tilby.
Målsettinga
er at butikken skal ha lokale eigarar, eit aktivt styre og tilsette som tek
ansvar for sitt arbeid, skal auke handelen, vidareutvikling i lag med
bygdefolket og ha god eigenkapital.
I
tillegg så skal enn støtte lag og organisasjonar i krinsen så langt det er
mulig.
For
å kunne nå målsettinga skal enn tilby eit brett varetilbod innan dagleg varer
og i tillegg ha eit spennande tilbod innan andre vareslag, alle personar, lag
og organisasjonar i krinsen skal få muligheit til å kjøpe aksjar, opplæring av
tilsette og styremedlemar, skal ha god kontakt med bygdefolket og brukarane, ha
lyse og trivlege lokale, muligheit å lage til aktivitetar, lage til for ein
sosial møteplass, betre parkeringa for både køyretøy og dyr.
For
å kunne lykkast må enn auke satsinga på sal, sette fokus på kvalitet og service
og ha ein fleksibel og effektiv organisasjon som vert tilpassa den vidare
satsinga.
Selskapet
skal ha eit styre på 3-5 medlemmar, ein dagleg leiar og ein butikkmedarbeidar i
deltidsstilling. I tillegg kan enn ha ide-gruppe og
arbeidsgruppe.
Butikken
skal alltid ha i hyllene eit grunnsortiment og i tillegg ha tilpassingar i lag
med det bygdefolket ynskjer å handle. I tillegg skal
enn ha tenester som i dag og med målsetting om å utvide tilbodet. Marknaden for
små lokale butikkar har vorte vanskeligare i dei siste åra og det er viktig at
enn får folket i heile krinsen til å handle og att enn i tillegg får tak i dei
som reiser forbi eller er i nærleiken på ferie, besøk osv.
Når
det gjeld konkurranse så er den sterkast frå dei forskjellige lavpriskjedane og det at folket arbeidar andre plassar og
handlar på veg heim. Denne konkurransen bør enn ta som utfordring og bruke som
drivkraft til at enn sjølv skal bli betre.
Når
det gjeld kva som er viktig sett i forhold til pris så er det tilgjengligheit, vareutval, at varene er å finne i hyllen,
lokala, opningstid, parkering, tilsette, aktivitetar, osv.
Dei
sterke sider med selskapet er at enn
har organisert det som eit bygdeaksjeselskap med god aksjekapital og at fleire
personar i frå krinsen er engasjert i styret, ide-/arbeidsgruppe
osv.
Ei svak side ved selskapet er at det er nystarta, at
omsetnadsgrunnlaget er i minste laget og enn manglar erfaring med butikkdrift.
Finansieringa til selskapet vert på kr. 500.000,- der det meste er
aksjekapital. Alle personar i krinsen, lag og organisasjonar, utflytta
personar, bedrifter osv kan kjøpe aksjar om dei ynskjer.
Det er utarbeid driftsbudsjettet for oppstarten i år
og for neste år som viser at marginane er små, men at enn bør klare å gå i
balanse.
I tillegg så har enn i finansieringa teke høgde for
at det kan kome uforutsette kostnadar.