Hei kjære aksjonærar og bygdefolk, no nærmar det seg datoen då
Kjølsdalen Handel AS skal overta drifta av butikken i Kjølsdalen.
Fyrst av alt vil vi presentere at vi har tilsett Haldis Humborstad som
dagleg leiar. Haldis har lang røynsle med sal og service å har dei siste åra
hatt ansvar for Tine sitt butikkutsal på Nordfjordeid. Med seg vil Haldis få
deltidshjelp som vi har annonsert og skal tilsette så snart som mulig.
” BUTIKKEN VÅR”. Vi vil at butikken igjen skal bli eit
samlingspunkt for bygda og at alle skal få ei god oppleving med å stikke innom
å handle, slå av ein prat eller delta på aktivitetar som vi skal ha.
For å få til dette må det gjerast mange endringar både med oppussing,
ombygging, kjølesystemet, vareutval, eigne nisjevarer, eigen
profil/marknadsføring, lage til sosialkrok, mat servering, vrimleareal,
barneplass, osv.
Du skjønnar sikkert at alt dette ikkje kan gjerast i ein omgang og vi
har valt å dele det opp i fleire omgangar.
I fyrste omgang vil vi ta oppussing av butikken, tillaging av kjølerom
for sal av kjølevarer, ny kassadisk, snu på butikken, få nokre nye reolar og
utsmykke lokalet.
I andre omgang så vil vi bygge opp sosialkroken med sals disk og lage
til ein leikekrok for barn, osv.
I tredje omgang vil vi bygge eit godkjent kjøkken der vi kan lage eigne
produkt å selje i butikken, sosialkroken eller på bestilling. I tillegg så skal
vi samarbeide med Torgets Møteplass og etterkvart byrje med catering
I fjerde omgang kan det vere at vi leiger kjellaren og startar med
aktivitet i lag med andre for å få laga våre eigne nisjevarer i lokalet.
For å kunne gjennomføre fyrste omgang må vi dessverre halde stengt
nokre dagar, men vi håpar at alle har forståing for det. Vi håper at alle ser
positiv på at vi ringer å vil ha Dykk med på dugnad for butikken vår. Du kan
sjølv ta kontakt med Heidi Berstad på telefon 57 86 31 81 eller stikk innom
mellom fredag og onsdag.
VI OPNAR ”BUTIKKEN VÅR” DEN
06.NOVEMBER 2002 KL. 14.00
OG YNSKJER DÅ ALLE HJERTELEG
VELKOMNE.
NB! Opningstidene vert som i tidlegare.
Med Helsing
Styret