BYGDEUTVIKLING I INTERNASJONALT PERSPEKTIV.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sidan våren 1996 utvikla eit samarbeid med The Highlands & Islands i Skottland omkring det 3-årige programmet "Area Sustainability Strategies" som blir finansiert gjennom EU-programmet LIFE. Studieturen 4. Til 10. Juni var ein gjenvisitt etter besøk hausten 1996.

Deltakarar på turen var prosjektgruppa i fylkesmannsembetet og inviterte representantar frå fylkeskommune,kommune og bygde-nivå.

Bak frå venstre: Roar Werner Vangsnes (FMLA), Jeff Watseon og Vanessa Halhead (Scottish Natural Heritage), Anders Anderssen (FMLA), Jenny Crawford (Highland Council), Eli-Grete Høyvik (næringssjef i Balestrand), Fylkesjordsjef Egil Nestande, Trond Sundby (Sogn og Fjordane Fylkeskommune), Rønnaug Leite og Anne Osland (Bygdeutviklingsprogr).

Vertskap for oss i Skottland var Scottish Natural Heritage som har til hovudoppgåve å sikre naturarven gjennom langsiktig stategisk planlegging for å nå visjonen om ei berekraftig utvikling. Organisjasjonen vart etablert av parlamentet i 1992 og legg stor vekt på partnerskap med lokalsamfunna, styresmakter, privat næringsliv og utviklingslag. Største utfordringa er å skape forståing for kor viktig biologisk mangfald og økologisk kunnskap er. Programmet var lagt opp omkring bygdeutvikling, naturvern og reiseliv.

Ein lengre tur tok oss til distrikta Gaithness & Sutherland lengst mot nord og vest på det skotske fastland. Det er mange likskapar mellom Sogn og Fjordane og The Highlands & Islands. Problema er nedgang i folketalet, kvinneunderskot og forgubbing. Utfordringa ligg i å utvikle alternativ sysselsetjing i tillegg til dei tradisjonelle naturbaserte næringane. Highlands and Islands dekkjer 39 000 kvkm som er tilnærma halvparten av landarealet i Skottland.

Folketalet er 373 000 og av desse bur 208 000 på fastlandet. Utvandring og flytting til dei største byane har vore trenden i lang tid, men på 1960-talet stabiliserte folketalet seg og dei siste 30 år har det vore vekst. Grunnen kan vere stor arbeidsløyse i byane, etablering av oljeindustri i distrikta og etablering av teknologibaserte verksemder som ikkje er avhengige av geografisk plassering.

Det første møtet med dei ulike aktørane var å få ei oversikt over den politiske og administrative organiseringa.Som i Norge er det både ein fylkeskommune og eit regionalt statleg administrasjonsnivå, men kommunane manglar både som politisk og administrativ eining. Det vart peika på behov for ein meir samordna strategi og samhandling mellom etatar og nivå. Eigedomstilhøva er dessutan ulike der land- og naturressursar er eigd av store landeigarar eller selskap i inn- og utland. Dette gjer bygdeutviklingsarbeid svært vanskeleg.

Det vert arbeidd for at småbrukarane får kjøpe tilbake land og utvide bruksrettar til utmark, samt at det skal bli kortare veg til pengar og makt. Dette er ein tankevekkjar for oss som ser kommunesamanslåing og større einingar som eit alternativ. Då kan samarbeid vere løysinga.

Highland and Islands Enterprise er eit netttverk av lokale utviklingsverksemder som får stønad til administrasjon og finansiering av ulike program/prosjekt. Miljø og kultur ligg i botnen for arbeidet for utdanning, næringsutvikling og styrking av lokalsamfunna. I dag er tenesteyting som turisme største kjelda til økonomisk vekst og sysselset 13 % av arbeidsstyrken i dette området. Naturen vert sterkt profilert i marknadsføring og bygdeturismeprodukt er ei vekstnæring der kultur vert sett i fokus.

Vi besøkte mellom anna eit rekreasjonsområde for ålmenta med eit informasjonssenter om sel og delfinar der dyra kunne observerast frå år til år. Dette var nært knytt til universitet og dyrevernsorganisasjonar.

Turen gjekk også til eit område der kystsona og våtmarkene langs fjorden var svært viktig for biologisk produksjon, men i området rundt låg oljeindustrien som ein mogeleg trussel. Berekraftig utvikling er ein viktig strategi i områder der auka økonomisk aktivitet lett kan føre til skader på samspelet i naturen.

Vi var også på tur til eit nasjonalt naturreservat der målet var å få tilbake det naturlege mangfaldet.Området var tilrettelagt med merking av stiar og informasjonstavler og var eit populært område for rekreasjon både sommar og vinter.

Skottland er kjend for sine store menger sau, men stordrifta medfører at vegetasjon ikkje veks opp. Det forhold at småbrukarane ikkje eig jorda eller har rett til utmarksressursane medfører at store menger hjort også hindrar skog å vekse. I Skottland kjempar innbyggjarane for å få lokal eigedomsrett til ressursane. Vi får ikkje tilfredsstillande lønsemd av å nytte dei ressursane vi eig. Dette er eit stort tankekors for framtida til distrika og ei sak for sentrale styresmakter!

Skottland er også kjend for sine mange slott. Adverike Logde er i dag eit aksjeselskap med ein forvaltar som tek seg av ressursane på vegne av ei slekt som er busette i dei store byar.

Det mest spennande var å vitje dei små bygdesamfunna og møte folket. I Laggan budde det 1 550 personar i 1798 - no var det 190 personar att. I 1974 hadde grenda skipa eit utviklingslag for å redde butikken og gjennom eit EU-program hadde dei fått midlar til ei deltidsstilling i utviklingsarbeid. Målet er at dei unge skal kunne skape seg eit innteksgrunnlag i bygda. I Nethybrigde hadde innbyggjarane starta eit mobiliserings- prosjekt med kartlegging av ressursar og mogelegheiter gjennom aktiv deltaking frå bygdefolket.

Dette vart nytta til utarbeiding av ein "Local interpretive Plan" der tiltaka er meint å skulle gje framtidig vekst, men problemet er å få politisk merksemd og finansiering. Dette kan samanliknast med bygdene i Norge si rolle i kommuneplanarbeidet. Kjølsdalen krins utviklingslag har gjennomført ei Behovs- og Ressurskartlegging i krinsen og nytta deler av denne som innspel til kommuneplanen. Prosessen er svært nyttig. Alle bygder treng eigne visjonar og mål å arbeide mot. Dette er ei viktig oppgåve for eit bygdeutviklingslag/grendalag.

I Assynts var IT ei satsing både i skulen og næringslivet. Dette er ei bygd prosjektet "IT og Bygdeutvikling" i Kjølsdalen kan ha kontakt med vidare.

Studieturen gav meg eit større perspektiv på det program og prosjektbaserte samfunn vi lever i. Dersom ein er aktive er det mogeleg å få finansiering, men problemet er ofte at pengar utanfrå krev kommunal medverknad i tillegg til lokalt dugnadsarbeid. Desse pengane er vanskeleg å finne i Eid kommune i dag, men eg vonar på politisk vilje til å setje av midlar til "såkapital". Bygdeutviklingsprogrammet er eit viktig tiltak for å setje i gang ein kontinuerleg bygdeutviklingsprosess. Men det arbeid som blir lagt ned lokalt må bli teke på alvor både politisk og administrativt for at flammen ikkje skal slokne.

 

Kjølsdalen, 20.9.97

Rønnaug Leite (tlf. 57 86 08 33 arb.)


Tilbake




KKUL©1998