Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane fekk i 1999 eigen logo.
Våpenskjoldet si form er nytta. Den er enkel og
stilistisk.
Logoen viser eit typisk bygdebilete frå Sogn og Fjordene med fjord og fjell.
Logoen gir rom for ulike tolkingar.
Bokstaven B samansett av fleire enkeltbitar kan symbolisere både bygd og
by, bygdeutvikling og Bygdeutviklingsprogrammet.
Dei enkelte bitane symboliserer at utvikling i bygdene er avhengig av mange
delelement der kvart enkelt er viktig for heilskapen.
Den lause biten kan stå både for trugsmål om oppløysing og fråflytting,
eller som det mål vi arbeider mot; at folket oppdagar det gode liv i bygdene
og vender tilbake til distrikta.
Rutenettet som kjem fram mellom bitane viser nettverket som trengs for å
fremje utvikling og knyte delelementa saman.