19.02.03
Årsmelding for KKUL 2002
Laget har 72
medlemar og av desse er det
3 lag/selskap.
Det har vore halde
7 styremøte.
Styret har vore
samansett slik:
|
Medlem
|
Verv
|
Representant for
|
Pers.varamedlem
|
Representant for
|
|
|
|
|
|
|
|
Cato Albrigtsen
|
Styremedlem
|
Lefdal/Midthjell
|
Ståle Lefdal
|
Lefdal/Midthjell
|
|
Reidar
Erviksæter
|
Styremedlem
Nestleiar
|
Ervik
|
Klas Idar Moe
Kasserar
|
Haus
|
|
Ole Telvik
|
Styremedlem
|
Kjølsdalen
|
Johanne Thue Gilleshammer
|
Kjølsdalen
|
|
Terje Johnsen
|
Styremedlem
|
Reksnes
|
Odd Grov
|
Reksnes
|
|
Jan Eide
|
Styremedlem
Leiar
|
Kjølsdalen
|
Arne
Kjøllesdal
|
Kjølsdalen
|
Websida
vår er brukt av mange, og vi har fått mykje positiv omtale frå andre som nyttar den. Sida
er og god å ha når ein skal skrive årsmelding då www.kkul.no
er som ei dagbok over det som hender i krinsen.
Saker
som KKUL har arbeidd med :
1.
Biblioteket.
Dette er ei varm potet. Dårleg økonomi i kommunen
og ein biblioteksjef som ynskjer nedlegging av filialen gjer mange frustrerte.
Det har vore fleire møte rundt denne saka. Rønnaug Leite var med på
møte for eit år sidan, sist no i februar 2003 representerte
Eldar Lien
KKUL. Han legg fram notat frå siste møtet som eiga melding.
2.
Skuleskyss.
Økonomien i Eid gjorde og at KKUL engasjerte seg i dette med skuleskyss. Saman med private og andre
lag resulterte dette i ei positiv løysing for krinsen.
3.
Kommuneplanen.
Det har vore halde fleire møte rundt kommuneplanen. Løken stilte i april og
orienterte. Den 14/11 var Kjølsdalen fyrst ute med dei tradisjonelle bygdemøta.
KKUL stod for det praktiske med innkalling etc.
4.
Reguleringsplan i Kjølsdalsstranda.
KKUL har lenge arbeidd opp mot kommunen for å få fortgang i arbeidet
med ein reguleringsplan. Etter møtet i april skein det tydleg gjennom at Eid
kommune ynskte privat reguleringsplan. Dette sette KKUL seg i mot og fekk høve til å møte teknisk styre i Eid for å leggje
fram saka. Resultatet er no at det er Eid kommune som gjer arbeidet med
reguleringsplanen, og at KKUL kan vere med
som innspelar og medhjelpar. Vi reknar med at det
blir gjort vedtak i år.
5.
Områdetiltak.
KKUL har gjort ferdig fase I. Rapport er levert Fylkesmannen si
landbruksavdeling 1/10 –2002 og er godkjent. Tilskotet
på 75 000.- er fullt
utbetalt. Prosjektansvarleg har vore Jan
Eide. Fase II er no i gang med
tilsegn på kr 75000.- Reidar Erviksæter er prosjektansvarleg og var med på
infokurs på Skei 13/2-2003.
6.
Rivefabrikken.
KKUL har rekna dette som ein del av områdetiltak og vassmiljø sjølv om
vi har fått merka midlar til rivefabrikken. Kåre Årdal har her saman med andre
gjort vøling på bygningen, og den skal no vere tett. Rønnaug har sendt ein
fyldig søknad om støtte til Fylkesmannen si kulturavdeling i Førde der ho m.a.
har lagt ved 4-H oppgåva til Kristian Årdal som dokumentasjon. Dette viser at
ulike generasjonar og tidsepokar kan samarbeidast i eit felles mål: Å ta
vare på ein spesiell bygning med maskiner og utstyr. Neste fase må vere å søkje
om meir STILK-midlar.
7.
Levande bygder.
Dette er ein samskipnad av utviklingslaga i Eid
kommune. Ein søkte om ein ny periode med bygdeutviklingsarbeid og dermed
tilskot, men vi kom ikkje med. Astrid Torheim hadde her lagt ned mykje arbeid i
søknaden og Eid kommune stilte seg bak. Reidar Erviksæter er
KKUL sin representant med Rønnaug
Leite som vara.
8.
KKUL og krinsen på kartet.
Kjølsdalen krins og KKUL er blitt lagt merke til langt utanom Eid kommune. Søkjer ein på
KKUL på Internett ser ein at ein får inn 313
treff. Kjølsdalen gjev 1030 treff. 15 juni hadde vi vitjing av folk frå
Høgskulen i Stavanger med studentar frå Møre som var på studietur. Reidar
Erviksæter representerte KKUL..
9.
Slektsforskardagen – digital bygdebok.
9 nov var om lag 100 personar samla til slektsforskardag i samfunnshuset. Rønnaug Leite var
ansvarleg for opplegget som vart gjennomført på ein professionell
måte for KKUL. Dette var eit samarbeid med DIS (Data i Slektsforsking) som gav
kr 5000.- i støtte til opplegget. Omtale ligg på vår heimeside og på Embla si
heimeside.
10.
Breiband – ISDN.
Det er gjort fleire framstøyt for å få breiband
til krinsen. ISDN vart lagt inn til Samfunnshuset i høve slektsforskardagen.
9 nov. Her vart det køyrt
med videokanon og 2 ISDN-liner mot Stein Inge Håland i
Stavanger i samband med slektsprogrammet Embla. Ungdomen med Klas Idar Moe i
spissen fekk dette til å fungere på ein fin måte.
11.
BU – midlar.
FMLA har gjeve kr 50.000,- i tilskot til samarbeidsprosjektet
"Den lærande bygda": Stårheim og Kjølsdalen vil gå saman og vere
pådrivar for å ta i bruk/teste ut/samarbeide om - bruk av webkamera og
NetMeeting - bruk av videokonferanse – fjernundervisning - breiband med tanke
på NordfjordNett og ABM
reforma i biblioteka. Trinn 1: Ta i bruk webkamera mellom bygdekontora på
Stårheim og i Kjølsdalen for å lære teknologien og sjå kva nytte bygdene kan ha
av denne arbeidsmåten. Trinn 2: Etablere videokonferanse med Rogaland
Kunnskapspark og Stein Inge Haaland om opplæring i slektsprogrammet ”Embla Familie og Slekt”. Trinn
3: Kontakt med høgskular og universitet for å bevisstgjere innbyggjarane på
tilbod innan fjernundervisning og få sett i gang elevgrupper, gjerne utdanning
retta mot bygdeutvikling. Trinn 4: Dele erfaringa med dei andre i
Levande Bygder i Eid, Kompetansebygder i Nordfjord og andre bygder i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
12. Næringsutvikling.
KKUL har hatt fleire møte med SND. I
kjølvatnet av desse møta har
Kjølsdalen Krins Næringsnettverk (KKNN) blitt skipa. Dei har jamlege møte og har ei positiv utvikling.
KKUL er den største aksjonæren i Kjølsdalen Handel A/S (Butikken vår)
Laget har gått inn med kr 100 000.- i aksjar og eit rentefritt lån på kr 100
000.- Spanande
ting er på gang når det gjeld utviklinga ved butikken. KKUl
har teke
initiativ ovanfor Fiskevegn og ”Pølsefabrikken”, men lite er kome ut av dette.
Vi har bede om pris på bygningen og har vist rundt folk som har sagt seg
interessert i å starte opp med noko.
13. Medlemstal og
kampanje.
Eit av satsingsområda for 2002 var å auke
medlemstalet. Marie Stølen gjorde ei undersøkjing for
KKUL hausten 2002. Det kom tydeleg fram at folk i krinsen meinte
KKUL måtte fortsetje å eksistere. Få var
negative. Resultatet ligg ute på internett. Diverre
har ikkje styret greidd å fylgt opp med purring på lag og organisasjonar i
tide. Ein reknar med at fleire vil melde seg inn etter sein purring denne veka.
Ser ein på medlemstalet i dag så har personlege medlemar auka frå 40 til 69,
ein auke på 72.5%. Lag og organisasjonar vil kome
etter. I fjor utgjorde desse 13 medlemar.
14. Deltaking/utsendingar.
KKUL har vore med på samling på Aleksandra i Loen 12-13 nov 2002.
5.samling i Forum for bærekraftig utvikling. Leiaren representerte laget. 1/9 var KKUL med på samlinga Bygdeutviklingskonferansen 2002 på Ytre
Stadlandet. Leiar og nestleiar møtte for KKUL. Leiaren var med på Fylkeslandbrukssjefen si samling på Nordfjordeid ang. fylkesdelplanen for landbruk. Denne delplanen er ferdig og
KKUL har fått tilsendt rapporten. Leiaren har vore med på møte om
reguleringsplanen for Kjølsdalsstranda. Han har og vore med i møte om
slakting og foredling av kjøtt på kommunehuset i Eid saman med SND, kommunen, fylkesmannen og dei tilsette ved Gilde.
Rønnaug Leite og
Jan Eide stilte på møte
om gamle driftevegar
gjennom Sogn og Fjordane fylke på Eid Rådhus.
15. Stiar og Driftevegar.
Det er samla inn ein god del stoff om stiar og
driftevegar dei siste åra. I Sogeskrift for Eid er det ca 35 sider om dette
temaet.
Jan Eide (leiar)