KJØLSDALEN KRINS UTVIKLINGSLAG

ÅRSMØTE  28.02.01.

 

Tid/Sted:  Haus Grendahus Kl. 20.00

 

Årsmøtereferat:

 

1.                 Åpning.
Leiar helsa velkomen til årsmøtet.
13 personar var tilstades, herav 5 utanom styret.

2.       Godkjenning av innkalling.
Annonse i Fjordabladet med 4 vekers varsel.  Annonse Tavla for februar.
Årsmøtepapir var ikkje lagt ut på førehand.
Godkjend uten merknad.

3.       Godkjenning av sakliste.
          Godkjend uten merknad.

4.       Valg av møteleder og sekretær.
          Møteleiar:  Leiar Kolbein Ytrehus
          Sekretær:    Rønnaug Leite

5.       Valg av 2 til å skrive under møteboka.
          Dianne Eikaas og Jan Eide vart samrøystes valde.

6.       Årsmelding.
          Tilføying prosjektliste:  P01.97 - Telemuseum.
          Samrøystes godkjend.

7.       Rekneskap.
          Samrøystes godkjend.

8.       Arbeidsprogram.
          Samrøystes godkjend.

9.                 Budsjett.

Endring:  Utgifter Bygdedagar 2001 endra frå kr 5.000 til kr 10.000.
Samrøystes godkjend.

10.             Valg.
Valnemnda hadde ikkje lukkast i å setje saman nytt styre.
Representant og vararepresentant frå Reksnes, vararepresentant for Kjølsdalen og ny leiar mangla.
Vedtak:  Styret kallar inn til ekstraordinært årsmøte i slutten av mars.  Samrøystes.

11.             Avslutning.
Leiar takka styret for godt samarbeid.  Styret gav leiar ros for god jobb. 

 

Haus, 28.02.2001


Dianne Eikaas                                                               Jan Eide