KJØLSDALEN KRINS UTVIKLINGSLAG

 

ÅRSMELDING for 2000

 

 

Styret har vore sammensatt av følgande representantar frå dei ulike bygdene i krinsen:

 

                                    Medlem                                             Varamedlem

Lefdal/Midthjell            Cato Albrigtsen                                  Ståle Lefdal 

Haus/Ervik                   Eldar Lien                                          Anne Brattheim 

Kjølsdalen                    Jostein Gilleshammer (kasserer)          Rønnaug Leite 

Kjølsdalen                   Anne Marie Sundal                             Jan Eide   

Reksnes                       Kolbein Ytrehus (leder)                      Asle Nesbø

 

 

Laget har i 2000 hatt 53 medlemmer. Det har vært et aktivt år, der følgande ting bør nemnast spesielt:

 

·         Det har vore avholdt 9 styremøter og arbeidsmøter ved behov, i tillegg til prosjektmøter.

·         Vi var vertskap for, og informerte om bygdeutvikling til ein delegasjon frå Mbala, Zambia, i forbindelse med at dei var på besøk hos Eid kommune.

·         Vi har også i år vore invitert til andre bygdelag for å fortelje om vårt arbeid.

·         Jan Eide presenterte planarbeid i KKUL på konferanse om Lokal Agenda 21 i Førde.

·         Det vart avholdt et bygdemøte om butikken vår. Det var ca 70 farmmøtte, det må seiast å vere veldig bra og viser litt av innteressa for å ha en butikk i nærmiljøet. Denne saka vart det ei veldig god løysing på, då Jan Sæthre overtok butikkdrifta.

·         Vi hadde et positivt møte med North Cape Minerals der vi fekk presentert KKUL og krinsen. Og fekk et innblikk i drifta deira.

·         Bygdedagane 2000 i krinsen var et flott arrangement under tema ”Natur og Kultur”.

·         Uteområdegruppa for Kjølsdalen Skole har igjen vore gjennom et nytt aktivt dugnadsår. Undergang under RV15 vart opparbeidd av denne gruppa.

·         Områdetiltak har det vore jobba mykje med i 2000. Vi har fått STILK-midlar til rydding langs Kjølsdalselva og rydding av turstiar i/mellom dei forskjellige bygdelaga. Det blir og jobba med Vassmiljø, Rivefabrikken og Neset/moloen.

·         Laget har lagt ned store ressursar på IT-prosjektet. Informasjon om laget og aktivitetar i krinsen blir kontinuerlig lagt ut på vår internettside http://www.kkul.no .  IT-gruppa jobbar godt, og nye ressurspersonar dukkar opp. Vi har no kome til fase IV av IT-prosjektet vårt og fekk tildelt 100.000 i BU-midlar.

·         Paul Rune Leite har vore engasjert i 10% stilling på IT-prosjektet.

·         Bygdekontoret har i år vore mest brukt av lag og organisasjoner til møtelokale og rekneskap.

·         Det har vore arrangert temakvelder på skolen/biblioteket/bygdekontoret jamleg. Dette har vore svært vellykka, og er åpent for interesserte i frå hele kommunen.

·         Vanessa Halhead frå Bygdeutviklingsprogrammet i Skottland har vore på besøk ang. skiping av Forum Synergies (EU-parlament for utkantbygder).

·         Avslag frå SND på søknad om støtte til næringsarbeid. 

·         KKUL har vært pådrivar for å styrke samarbeidet mellom utviklingslaga i Nordfjord.

KKUL har leia IT-gruppa i Levande Bygder i Eid og prosjektet Det gode liv i bygdene.

 

 

 

Arbeidet i styret er lagt opp med sjølvstendige prosjektledarar for de ulike prosjekt, som rapporterer til styret. Prosjekta blir ofte bemanna med folk utanfor styre, gjerne sammensatt frå ulike  lag/organisasjonar. Prosjektoversikt med status finnes vedlagt.

 

 

Laget har pr. i dag god økonomi som følgje av tilskot frå Bygdeutviklingsprogrammet og det faktum at det utføres mye dugnadsarbeid. Styret ser det viktig å ha pengar ståande som grunnkapital til framtidige prosjekt. Ei stor takk til alle i krinsen for velvilje til dugnadsinnsats gjennom året. 

 

Styret for Kjølsdalen Krins Utviklingslag har som vanlig lagt ned betydelig med frivillige arbeidstimer i de ulike prosjekt. Vi håper at innbyggarane sitter igjen med et inntrykk av at arbeidet som blir gjort har verdi for framtida i krinsen.  Vi ber om at det blir tatt direkte kontakt med styremedlemmene frå eiga bygd eller leiar om synspunkt, eller om man har spørsmål til arbeidet.

 

 

Kjølsdalen 18.02.01

 

 

Styret

 

 

 

 

 

KJØLSDALEN KRINS UTVIKLINGSLAG

PROSJEKTOVERSIKT PR. 17.02.00

Vedlegg til årsmelding for 1999

 

 

PROSJEKT                                                   PROSJEKTANSVARLEG

 

 

P.02.95  Ressurs- og Behovsregistering      Rønnaug Leite

Eit omfattande intervju- og registreringsarbeid blei utført  i 1995 og 1996, for å kartlegge ressursane i krinsen. Dataane vert til eikvar tid nytta innanfor dei ulike oppgåvene laget arbeider med.

 

P.04.95  Finansiering                                     Styret

Finansieringsoversikt vert oppdatert årleg og ligg tilgjengeleg på Internett under www.kkul.no, KKUL-Info, Finansiering.

 

P.07.95  Vegkrysset i Kjølsdalen                  Eldar Lien

Eid kommune har fått utsett fristen for å nytte tilskot frå Statens Vegvesen til 2001 p.g.a. lang saksgang og ekspropriasjonsvedtak.

 

P.02.96  Oppslagstavler i bygdene                Rønnaug Leite

Eid kommune har kosta karttavler som vart sett opp sentralt i alle bygdene til Bygdedagane 2000.  Det vil i 2001 bli kjøpt inn haldbare kart til tavlene.  Plastglaset blir delt i to slik at den øverste del av tavla kan brukast til oppslag.  Det skal lagast skilt med bygdenamnet i mønet på tavlene.

 

P.04.96  Næringsliv og nærbutikk                 Eldar Lien/Rønnaug Leite

Etter møte med Eid kommune, SND, FMLA 10.12.1999, vart det sendt søknad om støtte til næringsutvikling i Kjølsdalen krins, men søknaden fekk avslag.  Avslaget vart anka til dept. utan resultat.  Det vart sendt søknad om støtte til etablering av Næringsdrivhus i ”Skofabrikken” som fekk eit eingongsbeløp på kr 10.000.  Rønnaug Leite gjekk så etablerarkurs i regi av Etablerarkompaniet i Nordfjord. 
Kjølsdalen Daglegvare avvikla drifta våren 2000.  KKUL skipa til bygdemøte, og signala var klare; det skal fortsatt vere butikk i bygda.  Jan Kåre Sætre slutta som trygdesjef i Vågsøy og tok over butikken.  Han utviklar no Landhandelen til ”meir enn mjølk og brød”.  Eiga webside, e-handel og slektsgransking er nye satsingsområder, støtta av IT-prosjektet.

 

P.06.96  Omsorgsbustadar                              Eldar Lien
Stiftinga Kirsebærhagen er i innspurten på bygging av 4 omsorgsbustadar med fellesareal i sentrum av Kjølsdalen.  Dette er ei stor satsing og eit framtidsretta tiltak for krinsen!

 

P.07.96  IT som verktøy i bygdeutvikling      Rønnaug Leite/IT-gruppa
Det vart tildelt 100.000 i BU-tilskot til fase IV av prosjektet som hovudsakleg omfattar prosjektmedarbeidar, webside, kompetanse, næring og digital slekt- og bygdebok.

 

P.01.97  Telemuseum                                       Margun Ervik
Kåre Leite er i gang med å registrere opplysningar om televerksarbeidarane, historie og foto.

P.03.97  Samarbeidsavtale skule/bygdekontor og bibliotek/bygdekontor                      

Det arbeidast framleis med dette innanfor Levende Bygder, for å få til ein felles avtale for Eid Kommune.

 

P.06.97  Uteområdet ved skulen                     Rønnaug Leite/Uteområdegruppa
Ein ny sesong med stor aktivitet og mykje dugnadsarbeid.  Eit mindre område gjenstår.  Uteområdegruppa tok på seg å administrere opparbeiding av undergangen under RV15.  Nokre lag/organisasjonar tok på seg arbeidet som gav inntekt til klubbkassa.  Det gamle nettinggjerdet rundt skulen vart skifta ut med tregjerde.  Kåre Gilleshammer har gjort ein spesielt prisverdig innsats både med arbeidsleiing og rekneskap.  Det er søkt om nærmiljømidlar til klatretårn. Elevar og lærarar kunne i haust reise sjølvlaga kulturtotempælar ved hjelp av erfarne telefonarbeidarar frå krinsen.

 

P.07.97  Natur og Kultur                                Rønnaug Leite
Det er pr. i dag selt ca. 300 turkart.  Dei fleste stiar er rydda og merka, men ein del tilrettelegging gjenstår.  Lag/org. i heile krinsen står for arbeidet.  Kåre Aardal leiar arbeidet.
Reidun Kjøllesdal skreiv historia om Kjølsdalen  kyrkje i Sogeskrift for Eid 2000.
Lokalhistorie og kulturminner vert presentert på websida.

P.01.98  Drift av bygdekontoret                      Paul-Rune Leite

Paul-Rune Leite har kontortid kva tirsdag kl. 18.00 – 21.00 for IT-prosjektet.  Det vert no satsa på opplæring av lag/org. i bruk av datamaskiner, arkiv, agrosat og aktivitetskalender.

 

P.02.98  Friluftsplanen                                     Styret

KKUL har gjeve omfattande innspel til rullering av kommuneplanen.  Det er beklageleg at Eid kommune ikkje prioriterer friluftstiltak.  KKUL har fått Kjølsdalen på kartet i Nordfjordguiden, samt informasjon om turkart og bygdedagar.

 

P.03.98  Bibliotek                                            Anne Marie Sundal/Rønnaug Leite

Lånesituasjonen er nokenlunde stabil. Svingingane er at ungane låner fleire bøker, medan dei vaksne låner færre. Bokbudsjettet for år 2000 var ca. kr 20-25.000,- i Kjølsdalen. I år vert det ei nedskjering på kr. 50.000,- til saman på filialane. For å halde filialane opne seier det seg sjølv at dette dessverre må gå ut over bokbudsjettet. Når det gjeld å få tilgang på låneutvalet på Internett, er dette ei forholdsvis kostbar sak. Liv Vedvik har prøvd å få dette med på budsjettet, utan hell. For lånarane er bruk av Internett i opningstida gratis, ein halv time pr. person.

Levande Bygder har skissert søknad om prosjektmidlar til utvikling av biblioteket i Eid som base for digital slekt- og bygdebok, men søknaden vert ikkje sendt før neste år.

 

P.05.98  Levande bygder                                  Kolbein Ytrehus/Rønnaug Leite

Prosjektet skal synleggjere korleis bygd og tettstad kan vere til gjensidig styrke for kvarandre.

Dag Starheim er leiar for Levande Bygder, Astrid Grete Torheim ved Frivillighetssentralen koordinator.  KKUL leiar IT-gruppa i LB og har arrangert felleskurs i webdesign og produksjon av websider.  Bygdedagar er eit av våre tiltak i prosjektet.  Digital slekt- og bygdebok er ei anna satsing der bygd og tettstad kan vere til gjensidig nytte t.d. hovudbibliotek og bibliotekfilial.

 

P.06.98 Områdetiltak.                                      Jan Eide.

Mattisbakken, Rivefabrikken og Neset i Kjølsdalen er blinka ut som satsingsområde. I næraste framtid vil grunneigarane rundt Mattisbakken bli kalla inn til eit møte. Det er utarbeidd forslag til avtale mellom KKUL og Stig Are Furudal om restaurering av rivefabrikken. Nordplan held på med skisse over Neset og området rundt moloen til Arne Kjøllesdal. Ein vil også prøve med konsulenthjelp på dei to andre områda. Det er teke vassprøver av Kjølsdalselva i eit samarbeidsprosjekt Eid kommune, 4-H og KKUL. Det er lagt ned betydeleg arbeid, pengar og energi i å få til ei vidare samarbeid med eid kommune. Nokre ungdomar hadde sumaren 2000 arbeid med å tynne skog langs elva. Ein fekk støtte frå Fylkeskommunen til dette. Ein vil etter kvart sjå på mogelegheiter for nytt hytteområde i Kjølsdalen – kanskje ”Nysætra” kunne bli namnet på området?

 

P.01.99  2000-års markering                            Rønnaug Leite/Tusenårsnemnda
Markering av tusenårsskiftet, turkartet, bygdedagane, slektsgransking  og bygdebok synleggjer bygdekulturen.  Innbyggjarane må dele kunnskapen og  formidle den ved hjelp av ny teknologi i det nye årtusen.

 

P.02.99 Samarbeid med Hyen og Oppstryn    Jan Eide.

KKUL ved Jan Eide,  har hatt fleire framstøt for å få til eit vidare samarbeid om prosjekt innan  IKT. Ein har fått positiv tilbakemelding frå både Oppstryn og Hyen, men det har blitt med det. Forrige søknad var skreven av KKUL i samarbeid med Hyen. Då fekk vi 150 000.-

Det står att å skrive ny søknad.

 

P.03.99 Livslang Læring                                   Styret

Det har vore halde temakveldar og kurs jamleg gjennom heile året, sjå oversikt på websida.


P.01.00 Bygdedagar 2000                                 Rønnaug Leite/Nemnda for bygdedagane
Ei spennande veke under tema ”Natur og Kultur” med ulike arrangement i heile krinsen.
Bygdeprisen vart delt ut som ei symbolsk takk for innsatsen til prosjektgruppene i KKUL.


P.02.00  Digital slekt- og bygdebok                 Jan Kåre Sæthre/IT-gruppa

Landhandelen er i dag base for arbeidet.  Det er etablert samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og EMBLA Familie og slekt. Ein del pensjonistar er i gang med å identifisere gamle flyfoto.

 

P.03.00  Engasjerande Lokaldemokrati           Styret

KKUL er pådrivar for å etablere sterkare band mellom bygdene i Nordfjord både på Internett, fysisk møteplass og samkøyring av felles interesser.

Rønnaug Leite har vore med på etablering av bygdeutviklingslag i Berle og på Bryggja.

Ho har halde innlegg på fleire BU-samlingar i regi av FMLA, samt motivert Oppstryn til bygdeutviklingsarbeid.  Jan Eide heldt innlegg på LA21 konferanse i Førde om planarbeid i KKUL.