KKUL logo

Kjølsdalen Krins Utviklingslag



Behovs - og ressurskartlegging

Basis for det framtidige arbeidet i Kjølsdalen Krins Utviklingslag

Kjølsdalen - Februar 1998 Innhald

Forord

PRESENTASJON AV KJØLSDALEN KRINS UTVIKLINGSLAG OG BYGDEUTVIKLINGSARBEIDET I KJØLSDALEN KRINS

Kjølsdalen krins utviklingslag vart skipa 6.3.95.

Laget skal være eit fellesorgan for næringsdrivande, organisasjonar og lokalbefolkning i Kjølsdalen krins, som dekkjer bygdene Lefdal, Midthjell, Haus, Ervik, Kjølsdalen og Reksnes.

Laget skal arbeide for sunn utvikling av lokalsamfunnet og gjere distriktet til ein attraktiv og triveleg plass å bu.

Dette vonar vi å oppnå ved

Laget består av 5 styremedlemar og 5 personlege varamedlemar der alle møter på styremøta.

Arbeidet vert organisert i prosjekt med ansvarleg prosjektleiar som rapporterer til styret på dei

månadlege styremøta. Eldar Lien har vore leiar sidan laget vart skipa.

Laget vart skipa for å berge biblioteket og for å få til ei framtidsretta skuleutbygging der KKUL gjekk inn med dugnad for kr 165.000,- for å få til eit bygdekontor for krinsen.

Eit av dei første prosjekta var Behovs- og Ressurskartlegginga som hermed vert presentert.

I 1996 kom Kjølsdalen krins med i det treårige Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane som medførte at vi får kr 60.000,- frå Fylkesmannen, Landbruksavdelinga, og

kr 20.000,- frå Eid kommune i 3 år til bygdeutviklingsarbeid. Desse midlane ynskjer vi skal nyttast som "såkornkapital" som igjen skal gje inntekter og ringverknader.

Dessutan har vi arbeidd med arealdelen av Kommuneplanen for Eid 1997 - 2008 der informasjonen frå spørjeundersøkinga er nytta i kombinasjon med folkemøter.

Pilotprosjektet "IT og Bygdeutvikling" kom i gang i 1997 og har som mål å teste ut korleis ei bygd kan gjere seg nytte av moderne datateknologi som eigentleg er distriktsvennleg.

Prosjektet "Natur og Kultur i Kjølsdalen krins" der turkart er ein del har stor interesse og oppslutnad blant innbyggjarane. I tillegg har laget forhandla fram ei gunstig avtale om kjøp av elektrisk kraft som har medført at mange husstandar har skifta kraftleverandør.

For fleire opplysningar viser vi til Kjølsdalen krins på Internet:

http://www.westweb.no/kkul

Som ansvarlege for Behovs- og ressurskartlegginga vil underteikna rette ei stor takk til alle som stillte seg velviljuge overfor prosjektet. Eid kommune, Næringsfondet, løyvde kr 16.000,- til prosjektet som vart utført på dugnad. Styremedlemane nytta mykje tid til utforming og utprøving av undersøkinga.

Ei stor takk til dykk utanfor styret som var positive til å setje dykk inn i granskinga og ta intervjuarbeid. Mange timar har gått med til samtale med innbyggjarane. Dette har gjeve oss som står ansvarlege god kjennskap og sterkare band overfor eiga bygd. Oppbygging av databasen og registrering av data har vore ei personleg utfordring. Når no rapporten står ferdig etter ein lang pause i arbeidet, ser vi tydeleg at svara er representative og at vi har mykje å arbeide for i fellesskap. Vi vonar at innbyggjarane, politikarar, kommune, fylke og andre bygdelag fattar interesse for arbeidet.

 

Kjølsdalen, 19.2.98

 

 

Rønnaug Leite&Jan Sæthre

Innhald

1. Innleiing